-
Spørretimespørsmål
Datert: 16.05.2024
Til behandling
«Kø og kaos» ser ut til å vere eit slagord i dagens regjering, der samferdselsministeren legg opp til å gjere dette skikkeleg gale for sentrale delar av Oslo og Østlandet.
Kan statsråden forklare tankegangen, strategien og kva ein ynskjer å oppnå som eit ledd i slagordet til regjeringa, «nå er det vanlige folks tur», ved å kaste elbilane ut av kollektivfelta, samtidig som vegar blir stengde og det blir planlagt ytterlegere stenging av vegar, fjerning av parkeringsplassar og nedsetting av fartsgrenser, der folket skal plagast mest mogleg?
-
Spørretimespørsmål
Datert: 30.04.2024
Besvart: 15.05.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Heilt sidan 2021 har dagens regjering hevda at det skulle settast inn såkalla «kraftfulle tiltak» for å bevege seg mot nullvisjonsmålet for drepne og hardt skadde i trafikken. I kvart år, 2021, 2022, 2023, og no i 2024, har det i debatt etter debatt blitt hevda frå regjeringspartia at dei såkalla «dødsvegane» i Noreg skulle prioriterast i ny NTP.
Kvifor er ikkje E39 Veibust–Blindheim–Moa med i ny NTP dei neste 12 åra, og kvifor er fellesprosjektet Ringeriksbanen og E16 splitta, noko som fører til stor usikkerheit kring prosjektet?
-
Muntlig spørsmål
Datert: 24.04.2024
Besvart: 24.04.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Spørsmålet mitt går til samferdselsministeren.
Folk brukar bil til kvardagstransport fordi det er vårt mest fleksible transportmiddel. Mange, særleg familiar, er avhengige av bilen for å kunne få kvardagen til å gå opp. Bilen står for meir enn 80 pst. av persontransporten. Også i byane har bilen stor betydning i transportsystemet. Trass i betydninga bilen har for transportfridom og varetransport i eit land med spreidd busetjing, har det alltid vore eit politisk og byråkratisk miljø som har jobba for å avgrense fridomen folk har til å velje bil. Eit skyhøgt avgiftsnivå på både kjøp, eige og bruk av bil har vore eit særmerke for Noreg.
Nullvekstmålet vart etablert for å avgrense moglegheita folk har til å velje bilen som transportmiddel i byane. Tidlegare var det utslepp som var grunngjevinga. Etter at dei fleste no kjøper elbil, er det areal som er grunnen til inngrep. Ifølgje Miljødirektoratet kjøper folk for store bilar. Store bilar er trygge bilar, men sjølv ikkje dette skal folk ha fridom til å bestemme sjølv.
Spørsmålet er rett og slett: Kvifor vil statsråden fortsetje med å innskrenke fridomen folk og næringsliv i byane har til å kunne bruke det mest fleksible transportmiddelet vi har? Det mest fleksible transportmiddelet er faktisk bilen.
-
Spørretimespørsmål
Datert: 17.04.2024
Besvart: 24.04.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Om regjeringens forslag til Nasjonal transportplan og hvordan folk og bedrifter både i bygd og by vil merke at regjeringen vil motarbeide den jevne veksten i mobilitet for befolkningen
-
Muntlig spørsmål
Datert: 17.04.2024
Besvart: 17.04.2024 av statsminister Jonas Gahr Støre
Om hva statsministeren faktisk har gjort som vil bedre kriminalitetsbekjempelsen i Norge
-
Muntlig spørsmål
Datert: 10.04.2024
Besvart: 10.04.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande
Om kva regjeringa vil gjera for å få på plass både krav og føreseieleg kompensasjon for meirkostnadene til fylkeskommunane når det gjeld utsleppskutt frå ferje- og båttrafikken
-
Spørretimespørsmål
Datert: 20.03.2024
Besvart: 17.04.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Om statsråden kan forklare korleis det er mogleg å skape ein såkalla «bu- og arbeidsmarknadsregion» med bompengenivå på ca. 2 500 kroner i veka, 10 000 kroner i månaden i prosjektet Møreaksen, og korleis Statens vegvesen har tenkt kring dette
-
Spørretimespørsmål
Datert: 06.03.2024
Besvart: 20.03.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande
Om statsråden meiner at statsforvaltaren praktiserer lokalt sjølvstyre i saka om plassering av ladestasjon i Stranda sentrum
-
Muntlig spørsmål
Datert: 28.02.2024
Besvart: 28.02.2024 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram
Om statsråden kan klargjøre om langtidsplanen som statsminister Støre nylig varslet vil bety at Norge når målet om å bruke 2 pst. av BNP på Forsvaret før 2026
-
Spørretimespørsmål
Datert: 23.02.2024
Besvart: 06.03.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Om statsråden meiner at dieselbussar er like hjelpelause som elbussar vinterstid
-
Spørretimespørsmål
Datert: 22.02.2024
Besvart: 28.02.2024 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol
Om statsråden er enig i at feilinformasjon overfor Helsetilsynet og Stortinget i Helse Midt-Norges brev til Statens helsetilsyn om Helseplattformen er svært alvorlig, og om hva statsråden nå vil foreta seg overfor Helse Midt-Norge
-
Spørretimespørsmål
Datert: 15.02.2024
Spørsmålet er trukket tilbake
Samferdselsministeren har hevda at elbussar ikkje fungerer dårlegare enn dieselbussar på vinterstid. Likevel har vi denne vinteren opplevd at over 1 000 bussavgangar har blitt kansellert i Oslo-området på ein dag fordi elbussane har stått i sju steinar. Det same har ein opplevd med elbilar til heimesjukepleie og heimehjelp i kommunane, som har stått i ladekø i staden for å hjelpe dei eldre.
Meiner statsråden at når det har vore 21 minus utanfor og 20 minus og skøytebane inne i bussen, at dieselbussar er like hjelpelause som elbussar?
-
Spørretimespørsmål
Datert: 07.02.2024
Besvart: 14.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Om statsråden kan lese opp den ulovlege låneavtalen som Statens vegvesen har inngått med Møreaksen AS og legge fram dokumentasjon på at avtalen er terminert
-
Spørretimespørsmål
Datert: 01.02.2024
Besvart: 07.02.2024 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol
Om statsråden mener at de økonomiske vurderingene som er gjort av Helse Midt-Norge når det gjelder å utsette innføring av Helseplattformen, holder mål som beslutningsgrunnlag i en sak som har et svært høyt risikonivå for liv og helse
-
Spørretimespørsmål
Datert: 30.01.2024
Besvart: 07.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Om statsråden kan forklare korleis Statens vegvesen kan sitte på mange ulike roller og på fleire sider av bordet og drive lobbyverksemd direkte mot sin eigen vegdirektør og Stortinget
-
Spørretimespørsmål
Datert: 25.01.2024
Besvart: 31.01.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl
Om kvifor statsråden ikkje har gitt UDI beskjed om at personar i Noreg kan levere inn dokument på vegner av familiemedlemmer i Gaza
-
Muntlig spørsmål
Datert: 10.01.2024
Besvart: 10.01.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Om statsråden meiner at dei nye elbussane har takla den norske vinteren på ein god måte
-
Spørretimespørsmål
Datert: 18.12.2023
Besvart: 10.01.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Om statsråden kan forklare logikken i at sløseriet på Møreasken fortset når ein nedprioriterer vegbygging elles
-
Spørretimespørsmål
Datert: 04.12.2023
Besvart: 13.12.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Om kvifor statsråden taper kampen i egen regjering om å få nødvendige budsjettmidler til trygge og sikre vegar og reduksjon av dødsulykker
-
Muntlig spørsmål
Datert: 29.11.2023
Besvart: 29.11.2023 av statsminister Jonas Gahr Støre
Om når statsministeren har tenkt å ta kriminaliteten i Sverige på alvor og om han mener at det nå er på tide at Stortinget begynner å interessere seg for den smitteeffekten som vi ser i Norge fra svenske kriminelle nettverk