Medlemmer av Stortingets presselosje har fri tilgang til bygningane på Stortinget. Andre med pressekort må ha besøksavtale, unnateke når det er møte i Stortinget.
Sjå tilgangsreglement for Stortinget for utfyllande reglar om pressetilgang og fotografering/TV.
Spørsmål om pressetilgang kan rettast til tryggleiksseksjonen eller betjentseksjonen.
Kontaktinformasjon til Stortingets administrasjon
Pressesenter
Journalistane kan nytte eit pressesenter i stortingsbygningen. Der er det arbeidsplassar, telefon og trådlaust nettverk. Det er òg eit arbeidsrom for pressa i komitéhuset.
Stortinget tilbyr dessutan TV-studio og fjernstyrt radiostudio, og det er mogleg å sende frå vandrehallen. Stortinget eig TV-sendingane frå stortingssalen og høyringsromma, så dei kan fritt nyttast av alle medieverksemder som er interesserte.
Pressemeldingar
Pressemeldingar frå Stortingets administrasjon blir publiserte på denne sida.