Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut   Meld feil Meld feil     

Skriftleg spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til finansministeren

Dokument nr. 15:1293 (2012-2013)

Innlevert: 08.05.2013

Sendt: 08.05.2013

Til behandling

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Fram til våren 2011 var det 4 tilsette ved Tollvesenet sin kontroll- og ekspedisjonseining i Måløy i Sogn og Fjordane. No er det 2 tilsette, og det blir berre 1 tilsett frå 1.juli. Kva skuldast denne ned-bemanninga, og kva vil skje med dette kontoret framover?

Grunngiving

I Sogn og Fjordane er det lange reiseavstandar og mange ferjer. Det gjer at det er utfordrande for Tollvesenet å gjennomføre kontrollar og god kontrollfrekvens. Eininga i Måløy har ansvaret for kontroll og ekspedisjon i Sogn og Fjordane, og dei næraste Tollstasjonane er i Bergen og i Ålesund.
Eininga i Måløy utfører kontroll av kjøretøy og fartøy i nært samarbeid med andre offentlige etatar. Hamna i Måløy er også Schengen-hamn med det ansvaret det medfører. Eininga i Måløy har også ansvaret for cruisetrafikken i Sogn og Fjordane nord for Sognefjorden. Det betyr blant anna at eininga har ansvaret for cruisetrafikken til og frå Olden, som er ein viktig destinasjon i Nordfjord. Reisetida mellom Bergen og Måløy er 5 timar og 30 minutt, og mellom Ålesund og Måløy er den 3 timar.
På grunn av redusert bemanning har det vore sterk reduksjon i talet på kontrollar, og det er ei svært uheldig utvikling.

Sigbjørn Johnsen (A)

Svar

Sigbjørn Johnsen: Svaret er enno ikkje tilgjengeleg

Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget