Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut   Meld feil Meld feil     

Munnleg spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om at stasministeren no vil opne for konsekvensutgreiing av oljeboring utanfor Lofoten, og kva for kunnskap det er Arbeiderpartiet sit med som dei miljøfaglege etatane, fiskarane eller miljøorganisasjonane ikkje har

Datert: 06.02.2013

Svart på: 06.02.2013 av statsminister Jens Stoltenberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Førre gongen statsministeren var i spontanspørjetimen, stilte Kristeleg Folkeparti spørsmål om Ola Borten Moes iver etter å starte oljeboring i Lofoten allereie i haust. Me syntes Ola Borten Moe gjekk for langt, og statsministeren gjorde eit heiderleg forsøk på å forsvare sin eigen minister. No, tre veker etterpå, er rollene snudd. No er det altså Noregs mest oljevennlege politikar, Ola Borten Moe, som meiner at statsministeren går for langt. Det er fordi statsministeren var ute i Dagsrevyen og sa at han ville opne for konsekvensutgreiing utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Statsministeren har òg sagt at det knapt er mogleg å ha meir kunnskap enn det vi no har om Lofoten og Vesterålen, utan å ta ei avgjerd. Det betyr i klårtekst at statsministeren planlegg å opne områda for oljeverksemd. Eg har lyst til å påpeike at alle regjeringa si eigne miljøfaglege etatar seier konsekvent nei til oljeverksemd i desse områda. Alle fiskeriorganisasjonane seier nei, og alle miljøorganisasjonane seier nei. Erik Olsen frå Havforskingsinstituttet sa på NRK måndag: Lofoten og Vesterålen er ein oase både i norsk samanheng, i nordatlantisk samanheng og i verdssamanheng. Dette er årestaden for den biologiske produksjonen i Barentshavet. Det er mogleg å sjå for seg den type utslepp som me såg i Mexicogolfen, utanfor Lofoten og Vesterålen. Mine spørsmål er – det er veldig enkelt: Kva for informasjon er det Arbeidarpartiet sit med? Kva for kunnskap er det Arbeiderpartiet sit med som dei miljøfaglege etatane, fiskarane eller miljøorganisasjonane ikkje har?

Les heile debatten

Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget