Ei av dei viktigaste oppgåvene Stortinget har, er å løyve pengar til statsbudsjettet. Kontrollen over løyvingane er eit viktig styringsmiddel for Stortinget.
Budsjettforslaget frå regjeringa
Det er regjeringa som kvar haust legg fram nasjonalbudsjettet og eit forslag til Stortinget om statsbudsjett for neste år. Arbeidet regjeringa gjer med budsjettet, startar om lag eit år før budsjettet blir lagt fram for Stortinget. Alle departementa legg fram til Finansdepartementet saker som kan få følgjer for statsbudsjettet eller norsk økonomi. Finansdepartementet samordnar budsjettarbeidet i regjeringa.
Finanstalen
Den første veka i oktober (eller veka etter i valår) legg finansministeren fram budsjettforslaget frå regjeringa og held finanstalen i Stortinget. Finanstalen er ei utgreiing om korleis regjeringa ønskjer å løyse viktige utfordringar gjennom prioriteringar og tiltak i statsbudsjettet.
Partigruppene sitt arbeid med budsjettet
Med utgangspunkt i forslaget frå regjeringa utarbeider partigruppene i opposisjon eigne alternative budsjett. Dei alternative budsjetta dannar grunnlag for budsjettforslaget frå partigruppene. Dei alternative budsjetta til opposisjonspartia blir ikkje publiserte som eigne dokument, men blir skrivne som merknader i budsjettinnstillingane frå stortingskomiteane.
Som ein del av førebuingane til budsjettforhandlingane stiller partia spørsmål til departementa om budsjettet. Før forhandlingane i finanskomiteen tek til, har alle partia klarlagt kva som er deira primærstandpunkt. I tida før forhandlingane har dei òg halde pressekonferansar og uttalt seg til media for å presentere sitt budsjettopplegg før tautrekkinga i finanskomiteen tek til.
Arbeidet i komiteane
Komiteane startar òg sitt arbeid med budsjettet så snart forslaget frå regjeringa er lagt fram for Stortinget. Komiteane innleier arbeidet med å sende spørsmål til departementa om budsjettet innanfor områda sine, og inviterer til opne høyringar. Alle høyringane er normalt avslutta innan midten av november. Då startar forhandlingane som til slutt resulterer i budsjettinnstillinga frå fagkomiteen.
Finansinnstillinga
Innan den 20. november leverer finanskomiteen finansinnstillinga, som handlar om nasjonalbudsjettet og forslaget til statsbudsjett. Innstillinga inneheld òg forslag til rammevedtak frå dei ulike partia. Samtidig leverer finanskomiteen ei innstilling om skatte-, avgifts- og tollvedtak og rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar.
Finanskomiteen leverer òg innstilling om nødvendige endringar av lovverket, for eksempel skatteopplegget.
Finansdebatten og rammevedtaka
Innan ei veke blir innstillingane frå finanskomiteen behandla i Stortinget. Då blir finansdebatten gjennomført, ein av dei viktigaste debattane gjennom året. Partia drøftar den økonomiske politikken til regjeringa og omfanget av dei statlege utgiftene og inntektene. I debatten gir dei signal om kvar regjeringa kan hente støtte i den vidare behandlinga av statsbudsjettet.
Etter behandlinga av finansinnstillinga er inntekter og utgifter fordelte på dei ulike rammeområda. Dei andre komiteane kan då berre gjere omdisponeringar innanfor den vedtekne ramma. Høgare utgifter må dekkjast inn med tilsvarande utgiftskutt eller eventuell auke i inntektene.
Budsjettvedtaka
Budsjettinnstillingane frå alle komiteane skal vere ferdig behandla i Stortinget seinast 15. desember. Budsjettinnstillingane blir behandla etter kvart i eit samla storting, og under voteringa blir det gjort endelege vedtak om løyvingane til alle utgiftene i budsjettet.
Endringar i budsjettet
Det blir gjort endringar i statsbudsjettet i løpet av det året budsjettet gjeld for. Dei største endringane skjer vanlegvis i samband med revidert nasjonalbudsjett om våren og ved nysalderinga av statsbudsjettet i desember. Når budsjettåret er over, utarbeider Finansdepartementet statsrekneskapen. Rekneskapen blir lagd fram til Stortinget om våren etter budsjettåret.
Budsjettkontroll
Stortinget er pålagt å kontrollere at regjeringa forvaltar pengane i statsbudsjettet slik det var føresett. Riksrevisjonen utfører denne kontrollen og leverer ein årleg rapport der dei undersøkjer om rekneskapane til staten er i samsvar med Stortingets vedtak og føresetnader (Dokument nr. 1). Denne rapporten blir behandla i kontroll- og konstitusjonskomiteen, som kjem med ei innstilling til Stortinget.
Lover og reglar om budsjettarbeidet
Grunnlova
Stortinget er gjennom § 75 i Grunnlova tillagt myndigheita til å påleggje skattar, avgifter, toll og andre offentlege byrder og løyve dei midlane som må til for å dekkje utgiftene til staten.
Stortingets forretningsorden
Stortingets forretningsorden inneheld reglar for korleis budsjettbehandlinga i Stortinget skal organiserast.
• I Stortingets forretningsorden § 19 er det nærmare reglar for behandlinga av nasjonalbudsjettet, statsbudsjettet og trygdebudsjettet.
• I Stortingets forretningsorden § 12 står det at budsjettforslaget frå regjeringa skal fordelast på dei faste komiteane etter ei spesifisering av kva saksområde som høyrer inn under dei ulike komiteane.
• I Stortingets forretningsorden § 21 er det gitt reglar om høyringar.
• Stortingets forretningsorden § 22 handlar om presidentskapet og fordelinga av budsjettkapitla.
Løyvingsreglementet
Løyvingsreglementet inneheld reglar for kva statsbudsjettet skal omfatte, og korleis det skal utformast innhaldsmessig.
Sist oppdatert: 15.10.2008 11:03