Noreg er ikkje medlem av EU, men blir i stor grad påverka av EUs politikk, særleg som følgje av EØS-avtalen.
Norsk utanrikspolitikk er i utgangspunktet regjeringa sitt prerogativ, altså ansvarsområde, men Stortinget har over tid blitt ein sentral aktør i EU/EØS-arbeidet. Stortinget er involvert på to hovudmåtar:
- Gjennom Europautvalet er Stortinget rådgivande organ for regjeringa i aktuelle EU/EØS-spørsmål.
- Saker frå EU som er EØS-relevante, og som inneber norske lovendringar, framtidige budsjettkonsekvensar eller er særleg viktige, skal behandlast av Stortinget.
EØS-avtalen
Det formelle forholdet Noreg har til EU, blir primært regulert av EØS-avtalen. EØS-avtalen er ein avtale mellom medlemslanda i EU og EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein. Sveits er òg med i EFTA, men har valt å stå utanfor EØS. Føremålet med avtalen er å styrkje handelen og det økonomiske forholdet mellom EU og EØS-landa. Avtalen gir EØS-landa tilgang til den indre marknaden i EU, og byggjer på prinsippet om «dei fire fridommane». Nasjonale hinder skal ikkje stå i vegen for fri flyt av:
- varer
- arbeid
- tenester
- kapital
I tillegg inneheld avtalen reglar om mellom anna sosialpolitikk, forbrukarvern, miljøvern og likestilling. Eksempel på politikkområde som inngår i EU-samarbeidet, men som ikkje er tekne inn i EØS-avtalen, er utanriks-, finans-, landbruks- og fiskeripolitikk. EØS-avtalen blir likevel kalla ein dynamisk avtale fordi den blir oppdatert og utvida fortløpande.
EØS-avtalen er den viktigaste tilknytingsforma Noreg har til EU, men Noreg samarbeider med EU også innan politikkområde som ikkje er omfatta av avtalen. Formelt sett gjeld det særleg Schengen-avtalen (justis- og politisamarbeid) og samarbeid om utanriks- og tryggingspolitikk. I tillegg er det utstrekt uformell kontakt.
EØS-institusjonane
EØS-institusjonane administrerer EØS-avtalen. Institusjonane er organiserte i eit såkalla topilarsystem. Institusjonane i EU utgjer den eine pilaren, institusjonane i EFTA den andre.
Dei sentrale EU-institusjonane er Europarådet, Europakommisjonen, Europaparlamentet og EF-domstolen. EØS-avtalen gir ikkje Noreg stemmerett i dei avgjerande organa i EU, men Noreg er representert gjennom EFTA-pilaren. Under EFTA-pilaren er det dei to institusjonane ESA (EFTAs overvakingsorgan) og EFTA-domstolen som er dei mest sentrale.
I tillegg til dei to pilarane kjem fellesorgana EØS-rådet og EØS-komiteen. Dei er bindeledd mellom EU- og EFTA-pilarane, såkalla overbygningar. EØS-rådet er det øvste politiske organet for samarbeidet mellom EU og EØS-landa, og tek dei politiske avgjerdene om framdrifta av avtalen. EØS-komiteen er det sentrale utøvande organet og er ansvarleg for den løpande gjennomføringa av EØS-arbeidet.
Europautvalet
Europautvalet er Stortingets organ for konsultasjonar med regjeringa om aktuelle EU/EØS-spørsmål. Utvalet behandlar hovudsakleg EU-rettsakter (direktiv og forordningar) som skal opp til behandling i EØS-komiteen. Reglane for verksemda til utvalet er nedteikna i Stortingets forretningsorden § 13 a.
Frå Stortinget si side er Europautvalet samansett av representantane i utanrikskomiteen og dei som er medlemmer i Stortingets EFTA/EØS-delegasjon. Andre fagkomitear blir kalla inn i samband med aktuelle saker som gjeld deira arbeidsområde. Frå regjeringa si side deltek utanriksministeren og eventuelt andre ministrar ved behov. Leiaren av utanrikskomiteen leier Europautvalet.
Europautvalet kjem saman før saker skal behandlast i EØS-komiteen. Regjeringa legg fram dei aktuelle sakene. Medlemmene av utvalet kjem med råd om kva standpunkt regjeringa bør ta, men det er opp til regjeringa å ta ei endeleg avgjerd på vegner av Noreg. Regjeringa er ikkje forplikta til å følgje råda frå utvalet, men er gjennom parlamentarismen avhengig av tillit i Stortinget.
Møta i Europautvalet er lukka, dersom ikkje anna er bestemt. Referat frå møta blir offentleggjorde etter at møta er ferdige, med unntak av dei delane som offentleg innsyn ikkje gjeld for. Eitt år etter møtet blir heile referatet offentleggjort.
Fagkomiteane
Dei seinare åra har dei 12 fagkomiteane på Stortinget fått ei viktigare rolle i EU/EØS-arbeidet. Komiteane har rett til å følgje EU/EØS-saker som fell innanfor deira arbeidsområde. Dei har høve til å stille skriftlege spørsmål om EU/EØS-saker til statsråden som har fagansvar for saka. Komiteane har dessutan høve til å uttale seg til Europautvalet dersom det er fleirtal for det i komiteen.
Avgjerdsprosessen
Når EU har vedteke ei rettsakt innanfor eit politikkområde som er omfatta av EØS-avtalen, blir saka send til EFTA-sekretariatet. Der vurderer dei mellom anna om saka er relevant i samsvar med EØS-avtalen. Saka går så vidare til EØS-komiteen, som tek stilling til om saka eventuelt skal bli ein del av EØS-avtalen. Dersom saka blir teken inn, er det opp til EØS-landa å implementere endringa nasjonalt.
Etter Grunnlova (§ 26 andre ledd om traktatsaker) må regjeringa få samtykke frå Stortinget til å godta avgjerda i EØS-komiteen dersom saka krev lovendringar, dersom ho vil få framtidige budsjettkonsekvensar, eller dersom ho er særleg viktig. Slike saker blir lagde fram for Stortinget i form av ein proposisjon, som blir behandla etter vanleg prosedyre. EØS-avtalen har ført til at talet på lovforslag som Stortinget behandlar, har gått opp.
Traktatsbrot
Gjennom EØS-avtalen er Noreg forplikta til å la ESA, og i siste instans EFTA-domstolen, sjå etter at norske myndigheiter og verksemder held avtalen. Noreg har ikkje høve til å leggje ned veto overfor EU, altså stoppe ei avgjerd i EU, men det er opp til Stortinget og regjeringa å avgjere om Noreg skal godta regelendringane som kjem. Dette blir kalla reservasjonsretten. Noreg har til no ikkje nytta seg av denne.
ESA passar på at Noreg følgjer dei reglane Noreg har godkjent. Noreg har ved fleire høve blitt klaga inn til ESA og fått dom mot seg i EFTA-domstolen, for eksempel når det gjeld differensiert arbeidsgivaravgift og heimfallsretten. Ein dom i EFTA-domstolen kan ikkje ankast. EFTA-domstolen har ingen sanksjonsmoglegheiter overfor EØS-landa, men ein eventuell dom set landa overfor desse alternativa:
- forhandle fram nye reglar i EØS-avtalen
- tilpasse nasjonalt lovverk etter dommen
- seie opp EØS-avtalen
Utgreiingar
Det er eit uttalt mål at regjeringa skal konsultere og orientere Stortinget om aktuelle EU/EØS-spørsmål på eit tidleg tidspunkt. Som eit ledd i dette held utanriksministeren halvårlege utgreiingar i Stortinget om europapolitikken. Det er ei munnleg orientering frå statsråden, og tek ikkje utgangspunkt i konkrete forslag. Etter utgreiinga kjem vanlegvis ein debatt der stortingsrepresentantane får høve til å uttale seg om europapolitikken til regjeringa.
Stortingets EU/EØS-delegasjonar
Dei fleste stortingsrepresentantane er medlem av éin eller fleire internasjonale delegasjonar. Når det gjeld EU/EØS-arbeidet, er Stortingets delegasjonar til desse institusjonane relevante:
Sist oppdatert: 16.10.2008 08:52