Hopp til støttemeny
Hopp til hovudmeny
Hopp til søk
Hopp til lokalmeny
Hopp til hovudinnhald
Hopp til botntekst

Høyringar

Når fagkomiteane behandlar ei sak, kan dei ønskje å innhente informasjon gjennom ei høyring. Ei høyring er eit møte der inviterte organisasjonar legg fram sitt syn og svarer på spørsmål frå komiteen.

Komitéhøyring.
Komitéhøyring.

Kven

Komiteen står heilt fritt til å velje kven som skal høyrast. Det er ingen som har krav på å få vere med på ei høyring. Komiteen føreset at regjeringa har høyrt alle partane saka vedkjem, før ho blir lagd fram for Stortinget. Høyringa kjem i tillegg til den andre informasjonen komiteen har. Det kan derfor hende at komiteen vel å berre høyre éin organisasjon eller éi side av saka.
 
Som regel inviterer komiteen alle dei relevante organisasjonane som har bede om høyring. Organisasjonen bør vere landsomfattande. Komiteen set ofte pris på at organisasjonar med same syn samordnar seg og møter samla. 
 

Korleis be om høyring?

Når komiteane bestemmer seg for å halde høyring i ei sak, set dei ofte ein frist for interesserte til å melde ønske om få vere med. Organisasjonane må sende ein førespurnad der dei fortel kort kvifor dei bør vere med på høyringa. Komiteen vil så gå gjennom førespurnadene på eit møte og plukke ut dei organisasjonane som skal inviterast.
 
For å orientere seg om kva høyringar som er aktuelle, bør ein følgje med på sidene til komiteane.

 

Kva skjer under ei høyring?

Høyringane er målretta informasjonsinnhenting og ikkje noko debattforum. Dei blir leidde av komitéleiaren, som passar på at tidsramma blir halden, og forhindrar at det utviklar seg debatt mellom komitémedlemmene eller mellom komiteen og organisasjonen. Publikum har ikkje høve til å ta ordet.
 
Organisasjonane får ordet til eit kort innlegg for å gjere greie for sitt syn. Det er opp til komiteen å bestemme kor lang tid kvar organisasjon får, men vanlegvis er det snakk om ti minutt. Ein bør med andre ord ha førebudd seg godt med ein klar disposisjon. Komitémedlemmene stiller så spørsmål etter tur. Saksordføraren får som regel stille spørsmål først. Det er viktig at ein har sett av tid til å svare på spørsmåla innan tidsramma.
 
Komiteen set vanlegvis pris på å få overlevert ei kort skriftleg oppsummering av synspunkta til organisasjonen. Det blir vanlegvis ikkje skrive referat frå ordinære høyringar. Høyringar som har vore overførte på nett-TV, kan ein finne att på www.stortinget.no
 

Påverknadskanal

Ved sida av å vere ein reiskap for informasjonsinnhenting for komiteen er høyringane ei viktig moglegheit for interesseorganisasjonar til å prøve å påverke dei avgjerdene politikarane skal ta.  

 

Kontrollhøyringar

I nokre tilfelle der ein ønskjer å avdekkje kva som har skjedd i ei bestemd sak (ofte: «Kvifor gjekk noko gale?»), kan komiteane halde ei kontrollhøyring. Les meir om denne spesielle typen høyringar under kontrollverksemda.

 

Høyringar samstundes med stortingsmøte

Høyringar kan haldast samstundes med stortingsmøte. Kontrollhøyringar, derimot, kan ikkje haldast når det er møte i Stortinget, bortsedd frå under den ordinære spørjetimen.


Sist oppdatert: 14.02.2011 15:29 


Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonstjeneste
Telefon 23 31 35 96

 

Ansvarlig redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no