Fagkomiteane er dei saksførebuande organa på Stortinget. Det er her den detaljerte saksbehandlinga skjer.
Komitéhuset.
Komiteane får oversendt saker til behandling frå Stortinget. Berre kontroll- og konstiusjonskomiteen kan behandle saker på eige initiativ.
Bak lukka dører
Møta i komiteen skjer bak lukka dører. Det er ikkje høve til å gi att utsegner som er gitt av andre komitémedlemmer i eit lukka komitémøte. Bakgrunnen for det er at ein ønskjer at komiteane skal vere «politiske verkstader» der medlemmene kan tale fritt, sende prøveballongar og arbeide seg fram til kompromiss ved å prøve og feile utan at dei skal kunne bli siterte i media.
Det blir skrive protokoll frå komitémøta. Protokollen inneheld ikkje eit fullstendig referat, men har opplysningar om kven som var til stades, kva saker som blei drøfta, og kva avgjerder som blei tekne. Protokollen er ikkje offentleg.
Komitéleiaren er ansvarleg for at det blir ført møteprotokoll, at saksdokument som er sende til komiteen, blir registrerte, og at viktige dokument og vedlegg blir lagde i arkiv.
Val av saksordførar
Det første komiteen gjer i saksbehandlinga, er å velje saksordførar. Saksordføraren har ansvar for å følgje opp saksbehandlinga i komiteen ved å:
- komme med forslag til framdriftsplan med fristar
- foreslå tiltak for informasjonsinnhenting: høyringar, synfaringar og eventuelle spørsmål til departementet
- utforme den skriftlege innstillinga frå komiteen og underteikne innstillinga saman med komitéleiaren
Saksordføraren vil kunne opptre som kontaktperson for komiteen i saka. Det er saksordføraren som bestemmer om innstillinga frå komiteen skal vere på bokmål eller nynorsk.
Komiteen prøver å fordele saksordførarskap jamt på komitémedlemmene. Som andre avgjerder i komiteen blir det avgjort ved simpelt fleirtal (minst tre femtedelar av medlemmene må vere med i avstemminga).
Det er ganske vanleg at dei andre partia i komiteen utnemner sine «skyggeordførarar». Desse er då ansvarlege for å følgje opp saka for partia sine.
Framdriftsplan
Komiteen vil vedta ein framdriftsplan for saksbehandling i komiteen etter forslag frå saksordføraren. Planen inneheld dato for levering, det vil seie kva tid komiteen skal ha innstillinga si ferdig til Stortinget. Komiteen set sjølv fristen, men presidentskapet i Stortinget kan overprøve fristen. For budsjettinnstillingar set presidentskapet fristane etter at komitéleiaren har hatt høve til å uttale seg. Bortsett frå ved budsjettinnstillingar er det ingen krav til kva tid ei innstilling skal leverast.
Planen kan òg innehalde tidspunkt for eventuelle høyringar og synfaringar og dessutan fristar for å levere merknader.
Informasjonsinnhenting
Komiteen kan ha behov for å innhente informasjon i samband med saksbehandlinga. Når saka kjem frå regjeringa, er det forventa at departementet har gjort ei grundig saksførebuing der alle sider er belyste, og der alle partane saka vedkjem, er høyrde. (Sjå utgreiingsinstruksen på www.regjeringen.no.)
Det er ikkje uvanleg at komiteen ønskjer å innhente fleire opplysningar. Det kan skje på fleire måtar:
- ved brev med spørsmål til departementet (skal svarast på av statsråden)
- ved høyring i komiteen
- ved synfaring: komiteen reiser ut for å sjå sjølv
Er saka eit representantforslag, blir dette normalt sendt over til regjeringa for å få deira syn på forslaget og få utgreidd eventuelle konsekvensar.
Arbeidet med innstillinga
Komitéinnstillinga er resultatet av komitébehandlinga. Ho inneheld desse elementa:
- ei oppsummering av saka slik ho er lagd fram for komiteen
- «merknader» frå dei ulike partia (synspunkt, kommentarar og vurderingar) til ulike delar av saka
- forslag frå mindretalet i komiteen
- forslag frå fleirtalet i komiteen, «innstillinga»
Utkastet til innstilling blir stadig revidert. Først inneheld det berre eit «teknisk» samandrag, dvs. ei oppsummering av fakta i saka. Komitémedlemmene skriv så sine merknader som blir redigerte inn i dokumentet. Desse merknadene blir klarerte med partigruppene til medlemmene og er eit uttrykk for politikken til partiet.
Komitémedlemmene kjem saman for å drøfte utkastet, og medlemmene gir tilbakemelding om partiet deira kan vere med på merknadene til andre parti, og kva som eventuelt må til av endringar for at det skal vere akseptabelt. Det er dette som blir kalla forhandlingar i komiteen. Målet er at flest mogleg av partia kan stille seg bak innstillinga komiteen kjem med til Stortinget.
Komitémedlemmene rapporterer tilbake til partigruppene sine og får støtte til nye eller endra merknader som blir redigerte inn i ein ny versjon av utkastet til innstilling. Så har komiteen eit nytt møte der den nye versjonen blir drøfta. Slik går det runde etter runde fram til datoen for levering. Då har komiteen eit siste møte der den endelege innstillinga blir godkjend og levert.
Ofte er det òg møte og forhandlingar utanfor komiteen der komitémedlemmer frå ulike parti prøver å forhandle seg fram til felles standpunkt. Somme gonger blir saka lyfta til eit høgare nivå, slik at det er leiarane for partigruppene som deltek i forhandlingane.
Det vil ofte vere kontakt med regjeringa under komitébehandlinga. Kontakten skjer ved at komiteen eller partia sender spørsmål til departementet. Statsråden kan bli invitert til høyring i komiteen. Det vil dessutan kunne vere uformell kontakt mellom statsråden og dei medlemmene regjeringspartia har i komiteen. Dersom ein skal inngå kompromiss med opposisjonen, må det som regel klarerast med regjeringa.
Debatt i salen
Komitémedlemmene blir i stor grad ekspertar på sitt fagfelt for partia sine. Det vil derfor hovudsakleg vere komitémedlemmene som deltek i debatten når innstillinga deira blir behandla.
Sist oppdatert: 15.10.2008 14:14