Stortinget er den kontrollerande myndigheita og ser til at regjeringa følgjer opp det Stortinget vedtek. Regjeringa har informasjonsplikt overfor Stortinget – ho pliktar å gi Stortinget relevant og korrekt informasjon.
Kontrollhøyring i kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Den løpande kontrollen Stortinget utfører, kan vere eit resultat av innspel frå media, men Stortinget utfører kontroll på mange forskjellige måtar og gjennom ulike kontrollorgan.
Kontroll- og konstitusjonskomiteen
Kontroll- og konstitusjonskomiteen er éin av dei 12 fagkomiteane på Stortinget og eit sentralt kontrollorgan. Komiteen held løpande oppsyn med regjeringa og forvaltninga, og kan på eige initiativ granske saker og innkalle til opne kontrollhøyringar. Dei fleste kontrollsakene komiteen behandlar, har grunnlag i rapportar frå Riksrevisjonen. I kontroll- og konstitusjonskomiteen har mindretalet initiativrett, og 1/3 av komitémedlemmene kan saman fremme ei sak.
Opne kontrollhøyringar
Ved mistanke om kritikkverdige forhold, feil eller forsømming i regjeringa eller forvaltninga kan kontroll- og konstitusjonskomiteen halde open kontrollhøyring som eit ledd i saksbehandlinga si. Målet er å avdekkje kva som eigentleg har skjedd i ei sak. Andre fagkomitear kan òg halde opne kontrollhøyringar om saker dei behandlar, men dei fleste kontrollsaker blir behandla i kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Ofte er det offentlege tenestemenn komiteen ønskjer å høyre. Den ansvarlege statsråden har då rett til å møte. Det er naturleg at statsråden stiller fordi han eller ho til sjuande og sist er ansvarleg for fagfeltet sitt overfor Stortinget. Føremålet med kontrollhøyringar er ofte å kartleggje nettopp kva ansvar statsråden har i saka.
Det er fagkomiteen som plukkar ut dei som blir inviterte til høyring. Det er mogleg å be om å bli høyrd, men det er komiteen som avgjer kven som skal bli det. Komiteen kan ikkje tvinge nokon til å stille, og dei som blir høyrde, kan nekte å svare på spørsmål.
Det er ikkje debatt eller meiningsutveksling under ei kontrollhøyring, berre spørsmål og svar. Kontrollhøyringar skal skje for opne dører, med mindre anna er særskild bestemt. Det er ikkje åtgang til å holde open kontrollhøyring når det er møte i Stortinget, bortsedd frå under den ordinære spørjetimen. Det er eit eige reglement for opne kontrollhøyringar.
Spørsmål
Spørsmål er ein del av kontrollverksemda til Stortinget. Stortingsrepresentantane stiller spørsmål til statsrådane for å få informasjon om kva haldning regjeringa har til politiske problemstillingar. Denne kontrollforma er på mange måtar eit verkemiddel for opposisjonen. Spørsmål gir ikkje grunnlag for vedtak, men bidreg til å setje viktige saker på dagsordenen. Det finst fleire typar spørsmål:
- spørjetimespørsmål
- skriftlege spørsmål
- interpellasjonar
Riksrett
Riksretten er ein domstol som kan dømme medlemmer av regjeringa, Høgsterett og Stortinget for straffbare forhold i embetet. Kva forhold som er straffbare, er definert i ansvarslova (av 5. februar 1932). I Noreg er riksrett svært lite brukt, men Stortinget kan nytte riksrett som eit ledd i kontrollverksemda si.
I 2007 kom det ei ny riksrettsordning. I hovudtrekk går ordninga ut på at:
- Stortinget i plenum er påtalemyndigheit.
- Kontroll- og konstitusjonskomiteen er førebuande organ for Stortinget.
- Eit eige eksternt organ, Stortingets ansvarskommisjon, undersøkjer om det er grunnlag for å reise riksrett dersom Stortinget ber kommisjonen om å etterforske ei sak.
- Riksretten består av 5 høgsterettsdommarar og 6 lekdommarar.
- Høgsterettsjustitiarius er Riksrettens president.
Les meir om den nye riksrettsordninga og bakgrunnen for endringane i:
Eksterne kontrollorgan
Delar av kontrollverksemda på Stortinget er overlatne til eksterne kontrollorgan. Dei er ekspertar på sine fagfelt. Organa er underlagde Stortinget og rapporterer til Stortinget i form av dokument. Det er fem slike organ:
- Riksrevisjonen
- Sivilombodsmannen
- Ombodsmannen for Forsvaret
- Ombodsmannen for sivile vernepliktige
- EOS-utvalet
Parlamentariske granskingskommisjonar
Stortinget kan som ein del av kontrollverksemda si nedsetje parlamentariske granskingskommisjonar. Dei får i oppgåve å greie ut tidlegare hendingsforløp.
Eksempel på slike kommisjonar er:
Sist oppdatert: 14.02.2011 14:51