Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut   Meld feil Meld feil  
  

Lovarbeidet

Stortinget vedtek, endrar og opphevar Norges lover. Etter at Stortinget har vedteke lover, utarbeider ofte regjeringa nærmare reglar i form av forskrifter.

Noregs lover.
Noregs lover.

1. oktober 2009 vart Odelstinget og Lagtinget avvikla, og lovgivingsprosessen vart endra.

 

Lovgivingsarbeidet består av følgjande ledd:

  • førebuande lovarbeid
  • lovforslag
  • komitébehandling
  • behandling i Stortinget i to omgangar
  • sanksjonering av Kongen i statsråd

Førebuande lovarbeid

Det førebuande lovarbeidet føregår i departementa. Det departementet som har fagansvar for lova, pliktar å greie ut saka grundig før ho vert lagd fram for Stortinget. Under utgreiinga blir saka send ut på høyring for å få innspel frå alle partar som dette vedkjem, og aktuelle faginstansar.

 

Dersom det gjeld ei omfattande lov, blir det gjerne sett ned eit utval sett saman av fagfolk med spesialkompetanse på lovområdet. Utvalet får i oppgåve å kome med ei tilråding til departementet. Tilrådinga blir ofte publisert i serien Noregs offentlege utgreiingar (NOU).

 

I visse tilfelle ønskjer regjeringa å orientere Stortinget eller å få Stortingets syn på enkelte problemstillingar, før ho fremjar eit lovforslag. Det gjeld særleg ved større lovendringar. Då oversender regjeringa ei stortingsmelding som gir Stortinget høve til å kome med kommentarar før eit konkret lovforslag blir utarbeidd.

 

Lovforslag

Det er i hovudsak regjeringa som fremjar lovforslag som ein proposisjon til Stortinget. Den samme proposisjonen kan innehalde både forslag til lovvedtak og andre vedtak.

 

Namna på lovforslaga frå regjeringa er: 

  • Prop.  L (Proposisjon til Stortinget (lovvedtak))
  • Prop.  LS (Proposisjon til Stortinget (lovvedtak og stortingsvedtak))

Alle stortingsrepresentantar kan fremje lovforslag. På same måte som med proposisjonar kan forslag frå representantane til lovvedtak og stortingsvedtak fremjast i same publikasjon.

 

Namna på lovforslag frå  representantane er:

  • Representantforslag L (Representantforslag (lovvedtak))
  • Representantforslag LS (Representantforslag (lovvedtak og stortingsvedtak))

Komitébehandling

Lovforslaget blir først lagt fram for Stortinget og deretter sendt til ein av dei faste fagkomiteane. Komiteen drøftar lovforslaget og gir si innstilling, med forslag til vedtak, til Stortinget. Viss proposisjonen frå regjeringa eller representantforslaget inneheld forslag til både lovvedtak og stortingsvedtak, skal komiteen gi to innstillingar. Unntaket er at komiteen kan gi ei innstilling som inneheld forslag til lovvedtak og oppmodingar til regjeringa. 

 

Namna på innstillingane er:

  • Innst. L (Innstilling til Stortinget (lovvedtak)) 
  • Innst. S (Innstilling til Stortinget (stortingsvedtak)) 

Behandling i to omgangar

Innstillinga til lovvedtak frå komiteen blir behandla i Stortinget i plenum. Hovudregelen er at lovsaka skal behandlast i to omgangar med minst tre dagars mellomrom. Tredje gongs behandling blir nødvendig viss lovvedtaket ikkje blir vedteke ved andre gongs behandling.

 

Første gongs lovbehandling

Ved første gangs behandling i Stortinget blir innstillinga frå komiteen diskutert og forslag tekne opp. I slutten av møtet blir det votert over forslaga. Behandlinga blir avslutta med ei votering over «overskrifta til lova og lova i det heile». Berre ved fleirtal i denne voteringa vil lovsaka gå til andre gongs behandling i Stortinget. Vedtaka som blir fatta, blir publiserte i eitt eller fleire lovvedtak. Lovvedtaket etter første gongs behandling er ikkje eit endeleg vedtak.

 

Andre gongs lovbehandling

Saka blir deretter behandla på ny i Stortinget i plenum etter minimum tre dagar. Det er ikkje innstillinga som blir behandla denne gongen, men lovvedtaket frå første gongs behandling som eventuelt blir diskutert.

 

Viss lovvedtaket frå første gongs behandling blir vedteke også ved andre gongs behandling, er behandlinga av lovsaka avslutta. Det normale vil vere at ei lov blir behandla to gonger i Stortinget før ho er endeleg vedteken. Når lovbehandlinga er avslutta, blir eit brev om vedtaket frå lovbehandlinga sendt til Kongen for sanksjonering.

 

Tredje gongs lovbehandling

Viss Stortinget ved andre gongs behandling skulle kome til eit anna resultat enn ved første gongs behandling, blir det vedteke ein merknad til lovvedtaket. Lovsaka blir i så fall behandla ein tredje gong i Stortinget. Ved tredje gongs behandling har Stortinget to alternativ:

  • Merknadene frå andre gongs behandling blir vedtekne, og lova er dermed vedteken med dei endringane som går fram av merknadene.
  • Lovsaka blir lagd bort.

Vedtak blir fatta med vanleg fleirtal, også ved tredje gongs behandling.

 

Lovvedtak og lovmerknader

Dei nye namna på vedtaka frå lovbehandlinga blir:

  • Lovvedtak (vedtak etter første gongs behandling)
  • Lovmerknad (vedtak etter andre gongs behandling i dei tilfelle der vedtaket frå andre gongs behandling ikkje samsvarer med vedtaket frå første gongs behandling)

Ved eventuell tredje gongs lovbehandling kjem vedtaket fram av referatet frå møtet.

 

Sanksjonering av Kongen i statsråd

Når Stortinget har behandla ferdig eit lovforslag, blir vedtaket sendt til Kongen i statsråd. Der skal lova sanksjonerast, det vil seie signerast av Kongen og kontrasignerast av statsministeren. Opphavleg skulle Kongen godkjenne Stortingets lovvedtak, men i dag har ikkje Kongen reell politisk makt, og sanksjoneringa er derfor ein rein formalitet.

 
Etter at ei lov er sanksjonert, blir ho send tilbake til departementet som har fagansvar for lova. Departementet har ansvar for å gjere lova gjeldande. Stortinget kan gi forskriftsheimel i lova. Då er det regjeringa sitt ansvar å utforme meir detaljerte reglar i form av forskrifter.

 
Gjeldande lovtekster med forskrifter finn du på Lovdata.no

 

Oppmodingar til regjeringa

I samband med lovbehandlinga kan det leggjast fram forslag om oppmodingar som skal oversendast til regjeringa. Dette er vedtak fatta i Stortinget som blir formulerte slik: «Stortinget ber regjeringa … »

 

Oppmodingsforslag skal skiljast ut frå lovbehandlinga og skal ikkje gå til andre gongs lovbehandling. Oppmodingsforslag går ofte ut frå at eit lovforslag blir vedteke. Dei blir derfor førde opp som eigne saker på dagsordenen etter at det er avklart kva lovforslag som blir endeleg vedtekne.

 

Behandling av grunnlovsforslag

I tillegg til vanlege lover har Stortinget rett til å endre Grunnlova, men etter eigne reglar. Grunnlovsforslag blir behandla av to ulike storting. Det skal vere eit val mellom forslag og behandling, for å gi veljarane høve til å uttale seg. Forslag må leggjast fram i løpet av dei tre første åra av eit storting og behandlast i løpet av dei tre første åra av neste storting. Det er Stortinget i plenum som behandlar grunnlovsforslag. 

 


Sist oppdatert: 12.09.2008 16:41 


Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget