Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut   Meld feil Meld feil  
  

Politisk arena

Stortinget er ein viktig arena for politisk debatt. I Stortinget blir politiske spørsmål debatterte og ulike standpunkt markerte.

Finansminister Kristin Halvorsen held finanstalen i 2006.
Finansminister Kristin Halvorsen held finanstalen i 2006.

Saksbehandlinga i fagkomiteane og partigruppene skjer for lukka dører, men møta i Stortinget er opne. Gjennom debattane markerer partia standpunkta sine. Stortinget drøftar dessutan politiske saker med regjeringa, og kan stille kritiske spørsmål til politikken regjeringa fører.  


Debattane

I debattane diskuterer ein som oftast saker fagkomiteane har hatt til førebuande behandling. Innstillinga frå komiteen med forslag til vedtak er grunnlaget for debatten i stortingsmøtet, men også utgreiingar og interpellasjonar blir debatterte.
 

Debatt om utgreiingar

Ei utgreiing er ei munnleg framlegging frå ein statsråd. Utgreiingar tek ikkje utgangspunkt i konkrete forslag, men er ei orientering frå statsråden til Stortinget. Utanriksministeren kjem for eksempel til Stortinget og gjer greie for utanrikspolitiske problemstillingar. Utgreiinga blir vanlegvis etterfølgd av ein debatt. Unntaksvis kan ei utgreiing bli send til ein fagkomité for vidare behandling.
 
Trontaledebatten og finansdebatten er to viktige årlege debattar. Trontaledebatten innleier kvar stortingssesjon. Her blir trontalen til regjeringa debattert. Trontalen blir lagd fram når Stortinget opnar i begynninga av oktober. Det er politikken til regjeringa, særleg hovudprioriteringane og den politiske profilen, som blir debattert. Trontaledebatten blir òg kalla «opposisjonsdebatten».
 
Finansdebatten blir halden i slutten av november, etter at finanskomiteen har levert finansinnstillinga. Her blir den økonomiske politikken og prioriteringane til regjeringa debattert. Utgreiinga finansministeren held ved overleveringa av statsbudsjettet og finansinnstillinga dannar grunnlaget for debatten. Finansdebatten blir avslutta med votering over hovudlinjene i statsbudsjettet, såkalla rammevedtak. Rammene som blir fastsette, er bindande for den vidare budsjettbehandlinga der pengar skal fordelast på ulike kapittel og postar innan rammeområda.
 

Interpellasjonsdebattar

Ein interpellasjon er eit nærmare grunngitt spørsmål til regjeringa som blir debattert i Stortinget. Spørsmålsforma blir nytta for å kaste lys over sentrale problemstillingar overfor regjeringa og den aktuelle statsråden. Ofte dreier det seg om problemstillingar interpellanten meiner at regjeringa bør ta tak i.
 

Ope for publikum

Du kan vere til stades når politiske spørsmål blir debatterte, og få innsyn i kven som meiner kva, og kva som blir vedteke. Hovudregelen er at debattane i Stortinget skal vere opne. I spesielle tilfelle kan likevel Stortinget bestemme at eit møte skal haldast for lukka dører.
 
Ettersom diskusjonane i fagkomiteane og partigruppene er lukka, er det av demokratiske omsyn viktig at debattane er opne for publikum. Gjennom debattane får representantane høve til å forsvare politikken sin overfor veljarane sine. 
 
Ein av dei mest populære debattane er munnleg spørjetime. I den munnlege spørjetimen tek Stortinget opp aktuelle saker med regjeringa, gjerne henta frå mediebiletet, og replikkvekslingane er korte. 
 

Møtetider

Møter i Stortinget byrjar i regelen klokka 10, med unnatak av fredagar, da møtene i regelen byrjar klokka 9. Presidentskapet kan avgjere at møtet etter vanleg kunngjering skal avsluttast klokka 16, og setjast på ny klokka 18. Med Stortingets samtykke kan møtene vare ut over klokka 22.


Den tomme salen

Kvar stortingsrepresentant har sin eigen plass i stortingssalen, men det er sjeldan at alle er til stades under ein debatt. Det er fordi saksbehandlinga i Stortinget samtidig går føre seg i fagkomiteane og partigruppene. Gjennom arbeidet i komiteane får representantane særleg innsikt i enkelte fagområde som for eksempel helse, miljø eller utanriks.
 
Debattane i stortingssalen kan gå føre seg parallelt med komitémøte og anna politisk arbeid. Representantane kan dessutan følgje debattane via intern-TV på kontora sine. Når ei sak blir debattert i Stortinget, deltek derfor primært medlemmene av den ansvarlege fagkomiteen.
 
Under enkelte debattar er likevel stortingssalen relativt full. Det gjeld særleg trontaledebatten og finansdebatten. Desse debattane ønskjer dei fleste representantane å vere med på, fordi hovudprioriteringane til regjeringa blir debatterte.
 

Kven sit kvar?

I tillegg til stortingsrepresentantane frå den ansvarlege fagkomiteen og publikum er desse normalt til stades under debattane:

  • stortingspresidenten
  • ein tilsett frå det konstitusjonelle kontoret
  • referentar
  • statsråd(ar)
  • pressa
     

Stortingspresidenten leier møta og ser til at Stortingets forretningsorden blir følgd. Presidenten har ei administrativ rolle, men han eller ho har også høve til å uttale seg og votere.
 
Ein tilsett frå det konstitusjonelle kontoret hjelper presidenten. Han eller ho gir råd i samhøve med Stortingets forretningsorden, held orden på talet på talarar, ser til at voteringa går rett for seg, og så vidare.
 
Det er alltid to referentar til stades under debatten. Dei skriv stenografiske referat. Referata er ei fullstendig attgiving av kva som blir sagt, med dei tilpassingane som er nødvendige for å kunne gi att tale i skrifts form. Referata blir skrivne på målforma til den enkelte representanten.
 
I Noreg har regjeringa møterett, og i realiteten også møteplikt, i Stortinget. Dei har ei eiga rad fremst i salen, men benkene deira er utan stemmeknappar. Dei kan leggje fram synspunkta til regjeringa under debatten og må svare på spørsmål frå representantane, men har ikkje stemmerett når Stortinget voterer.
 
Pressa har ein eigen losje i stortingssalen, og kan vere til stades under debattane for å rapportere om kva som skjer i Stortinget.
 

Korleis går debattane føre seg?

Stortingets forretningsorden inneheld reglar for korleis Stortinget skal organisere seg, og korleis arbeidet skal ordnast. Det er presidenten som sørgjer for at regelverket blir følgt. Under debattane fungerer presidenten som møteleiar, og ingen kan ta ordet før presidenten har gitt ein det.
 
Korleis debattane går føre seg, kjem an på kva type sak som blir debattert. Kor mykje taletid eit parti får, kan avhenge av storleiken på partiet. Det er ofte den aktuelle fagkomiteen som kjem med innspel til fordelinga av taletid.
 
Det er vanleg at saksordføraren får ordet først. Deretter blir ordet gitt til ein representant frå kvar partigruppe. Presidenten regulerer rekkjefølgja på talarane. Det er ikkje vanleg å gi éin og same representant ordet meir enn to gonger, men ein kan opne for korte merknader. Avgrensinga gjeld ikkje for saksordføraren eller statsråden i det departementet saka tilhøyrer.
 
Debattforma i Stortinget er formell. All tale skal gå via presidenten. Representantane begynner derfor spørsmåla og innlegga sine med tiltaleforma «President», «Ærede President» eller «Herr President». Det er ikkje lov å bruke «uparlamentariske» ord og uttrykk, for eksempel ukvemsord, og det er heller ikkje lov til å gi støyande uttrykk for misnøye eller ros.   
 

Votering

Å votere betyr å stemme. For å avgjere utfallet av sakene som blir behandla i Stortinget, blir det votert over forslaga som er lagde fram. Det er voteringsknappar på plassen til kvar stortingsrepresentant. Det er to stemmeknappar, grøn for «for» og raud for «mot», og det er ikkje høve til å stemme blankt. Representantane må med andre ord ta standpunkt.
 
I vanlege saker er det krav om alminneleg fleirtal, altså over halvparten av stemmene. Med totalt 169 stortingsrepresentantar vil det seie at 85 representantar gir gjennomslag for ei sak. Det blir ikkje votert etter at kvar enkelt sak er debattert. Sakene blir som regel tekne opp til avstemming ved slutten av møtet, om ikkje anna er bestemt. 
 
Ikkje alle sakene dei debatterer over i Stortinget, gir grunnlag for votering. Det gjeld spørsmål og utgreiingar. I enkelte tilfelle lyder vedtaket «blir lagt ved protokollen» (bokmål: «vedlegges protokollen»). Kort sagt betyr det at Stortinget har gjort seg kjent med synspunkta i ei sak, men at det ikkje er gjort konkrete vedtak om gjennomføring eller vidare oppfølging.
 
I referatet frå debatten er det eit oversyn over kor mange representantar som stemde for og mot forslaget. Dersom du har behov for meir spesifikke voteringsresultat, som for eksempel kven som var til stades under voteringa, eller kva dei enkelte representantane stemde, kan du kontakte Stortingets informasjonshjørne på:


Sist oppdatert: 15.02.2011 14:27 


Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget