Spørsmål er ein sentral del av kontrollverksemda til Stortinget, og bidreg dessutan til at Stortinget er ein viktig arena for politisk debatt.
Statsminister Jens Stoltenberg under munnleg spørjetime i Stortinget.
Spørsmål er på mange måtar eit verkemiddel for opposisjonen. Funksjonen til spørsmåla er å få informasjon frå regjeringa og klarleggje kva haldning regjeringa har til politiske problemstillingar. Spørsmål gir ikkje grunnlag for vedtak, men er eit viktig bidrag til å setje saker på dagsordenen.
Det finst ulike former for spørsmål. Dei tre hovudtypane er:
Reglementet for spørsmål er nedteikna i Stortingets forretningsorden, kapittel ni.
Spørjetimespørsmål
I spørjetimen kan stortingsrepresentantane ta opp konkrete saker, høyre kva statsråden meiner om saka, og finne ut om departementet har tenkt å gjere noko med saka. Spørjetimen er prega av korte replikkvekslingar, og er ikkje ein debatt i vanleg forstand. Det er to typar spørjetime:
- munnleg spørjetime
- ordinær spørjetime
I den munnlege spørjetimen tek representantane opp dagsaktuelle saker, gjerne henta frå media. Statsråden veit ikkje kva for spørsmål som kjem til å bli stilte, og er slik sett uførebudd. Statsråden har heller ikkje omtenkingstid, men må svare spontant. Regjeringa vel sjølv kva statsrådar ho ønskjer å sende til munnleg spørjetime. Statsministeren kjem om lag ein gong i månaden. Han eller ho stiller då aleine.
Statsministerkontoret informerer Stortinget innan måndag kl. 11.00 om kven som kjem. Den munnlege spørjetimen blir normalt halden kvar onsdag kl. 10.00 og tek rundt ein time. Mange oppfattar munnleg spørjetime som den mest publikumsvennlege debatten i Stortinget.
Også i den ordinære spørjetimen stiller representantane dagsaktuelle spørsmål, gjerne knytte til fylket dei er valde frå. Den ordinære spørjetimen skil seg frå den munnlege ved at statsråden får tilsendt spørsmåla på førehand. Statsråden har derfor høve til å førebu svaret.
Den ordinære spørjetimen blir òg normalt halden kvar onsdag, etter den munnlege spørjetimen. Kva statsrådar som møter, kjem an på kva spørsmål som blir stilte. Det er den statsråden som har fagansvar for saka, som skal svare på spørsmålet.
Skriftlege spørsmål
Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform. Skriftlege spørsmål blir ikkje debatterte i Stortinget. Statsråden som spørsmålet er retta til, skal gi eit skriftleg svar innan seks verkedagar til stortingsrepresentanten som har stilt spørsmålet. Skriftlege spørsmål bør ikkje overstige éi A4-side, mens svaret ikkje bør overstige to A4-sider. Bruken av skriftlege spørsmål har auka jamt sidan spørsmålstypen blei innført i sesjonen 1996/1997.
Interpellasjonar
Ein interpellasjon er eit meir omfattande spørsmål til regjeringa, og det blir debattert i Stortinget. Den som stiller spørsmålet, blir kalla interpellant. Spørsmålet skal svarast på så raskt som mogleg, seinast éin månad etter at det er stilt. Svaret blir lagt fram for Stortinget under ein såkalla interpellasjonsdebatt. Ein slik debatt skal ta maks éin time og tretti minutt.
Statistikk
Talet på spørsmål det er svart på:
| Sesjon |
Ordinær spørjetime |
Munnleg spørjetime |
Skriftlege spørsmål |
interpellasjonar |
| 2007/08 |
317 |
127 |
1607 |
72 |
| 2006/07 |
229 |
124 |
1415 |
70 |
| 2005/06 |
257 |
103 |
1243 |
55 |
| 2004/05 |
277 |
115 |
991 |
36 |
| 2003/04 |
369 |
131 |
974 |
46 |
| 2002/03 |
430 |
170 |
782 |
22 |
| 2001/02 |
467 |
170 |
590 |
32 |
Sist oppdatert: 15.10.2008 14:37