I eit demokrati speler media ei heilt sentral rolle. Stortinget er ein viktig arbeidsplass for mange journalistar, og Presselosjen på Stortinget har medlemmer frå over 50 mediebedrifter.
Carl I. Hagen blir intervjua av journalistar i vandrehallen.
For journalistane er det viktig å kunne tilby publikum nyheiter frå Stortinget, og for politikarane er det viktig å informere veljarane om kva dei meiner. Derfor er alle interesserte i at journalistar får gode arbeidsforhold på Stortinget.
Det journalistiske arbeidet på Stortinget går føre seg på mange måtar. Somme journalistar dukkar opp berre når bestemde saker er til behandling; andre er dagleg til stades i Stortinget. Dei sistnemnde blir godt kjende med personar og rutinar, og har både formell og uformell kontakt med politikarane.
Vandrehallen ligg rett utanfor stortingssalen. Når mykje omtalte saker er til behandling, bevegar dei fleste journalistane seg dit for å få intervju med stortingsrepresentantar og statsrådar på veg til eller frå debattane.
Fri tilgang for Presselosjen
Alle medlemmer av Presselosjen på Stortinget har fri tilgang til fellesareala i Stortinget, og dei har høve til å ta med seg medarbeidarar. Journalistar og fotografar som ikkje er medlemmer av Presselosjen, men som har gyldig pressekort, har fri tilgang til stortingsbygningen når det er møte. Ikkje-medlemmer kan òg få tilgang i samband med aktivitetar som ein reknar med har stor allmenn interesse. Elles må ikkje-medlemmer ha ein besøksavtale for å sleppe inn.
Statsminister Stoltenberg i vandrehallen. © Stortinget / Foto: Lars H. Barstad
I stortingssalen har Presselosjen eigne sitjeplassar. Journalistar og fotografar kan òg følgje stortingsmøta frå galleriet.
TV- og radiostudio
Journalistane kan nytte eit pressesenter i stortingsbygningen, der dei får tilbod om arbeidsplassar, telefon og trådlaust nettverk. Det finst òg eit arbeidsrom for pressa i komitéhuset.
Stortinget tilbyr dessutan TV-studio, eit fjernstyrt radiostudio og sendingsmoglegheiter i vandrehallen. Stortinget eig TV-sendingane frå stortingssalen og høyringsromma, og dei kan fritt nyttast av alle medieaktørar som er interesserte.
Pressa og Stortinget – historisk tilbakeblikk
Det første stortingsreferatet i norsk presse blei trykt i Morgenbladet i 1821. Frå 1824 fekk redaktøren i Morgenbladet lov til å gå gjennom stortingsprotokollane og trykkje utdrag. Nokre år seinare fekk også bladet Patrouillen lov til det. Frå slutten av 1830-åra blei bladet Skillingsmagazinet betalt av Stortinget for å trykkje og distribuere korte referat frå debattane. Dei første åra måtte avisene følgje debattane frå galleriet, og det var politiet som organiserte dette. Seinare blei det Stortinget som tok over ansvaret for å gi pressa tilgangsbillettar.
Då stortingsbygningen var ferdig i 1866, fekk pressa – som i dag – nytte ein eigen losje til venstre for presidentplassen (sett frå talarstolen). Journalistane kom inn i losjen via salen, og kunne dermed ferdast fritt blant politikarane. Forholdet mellom politikarane og pressa var godt; alle som søkte om å få referere frå debattane, fekk løyve til det.
I 1880 blei forholdet forverra fordi det skulle ha oppstått konfliktar, til og med slagsmål, mellom journalistar og stortingsrepresentantar. I tillegg hadde det innverknad at høgresida hadde dei største avisene – venstrefleirtalet på Stortinget var svært misfornøgd med reportasjane.
Eigen inngang
Presidentskapet føreslo at journalistane skulle flyttast til ein annan losje ein etasje høgare opp, der dei måtte nytte eigen inngang. Det ville føre til at journalistane fekk vanskar med å høyre det som blei sagt i salen, og dei ville òg bli utestengde frå fri ferdsel i stortingsbygningen. Presidentskapet føreslo dessutan at det skulle lagast offisielle referat frå forhandlingane som avisene kunne nytte. Pressa oppfatta det som eit forsøk på sensur.
Forslaga blei vedtekne, og journalistane var svært misfornøgde. I 1881 fekk dei tilbake den opphavlege losjen sin, men dei fekk framleis ikkje lov til å omgåast representantane. Det blei sett opp ein lås på presselosjen, og journalistane måtte nytte ei vindeltrapp frå tredje etasje for å komme seg dit. I 1883 søkte pressa om å få tilbake dei gamle rettane sine, men søknaden blei avslått. I 1886 søkte Den norske Journalistforening på nytt, og dei lova å sørgje for at ingen stortingsrepresentantar skulle bli sjenerte eller forulempa av pressefolk. Denne gongen fekk journalistane gjennomslag for ønsket, og forholdet mellom pressa og Stortinget betra seg.
Ifølgje Sigurd Allerns bok Flokkdyr på Løvebakken? (Pax Forlag, 2001) er det vanskeleg å fastslå nøyaktig kva tid Presselosjen på Stortinget blei konstituert som formell foreining. Mykje tyder likevel på at det skjedde i 1921.
Partipressa
Striden om statsrådane og deira tilgang til Stortinget i 1870- og 1880-åra, som etter riksrettsdommen i 1884 opna opp for parlamentarisme i Noreg, vekte stor merksemd. Mange aviser engasjerte seg, og dette engasjementet heldt fram då dei første partia blei danna på 1880-talet. Systemet med partipresse – at dei fleste aviser støtta eit bestemt parti – var etablert.
Partipressa levde lenge. I 1965 hevda Arve Solstad (seinare sjefredaktør i Dagbladet) i ein kronikk at dei fleste norske avisene var «permanente talerør for sine respektive partier». Det var vanleg at journalistane deltok på gruppemøta til partiet dei støtta. Oppløysinga av partipressa begynte på 1970-talet, og i dag er dei aller fleste aviser politisk uavhengige. I NRK har objektivitet alltid vore eit viktig mål, både på radio og på TV.
Sist oppdatert: 15.10.2008 15:37