Då Noreg fekk eiga grunnlov i 1814, gjekk vi frå einevelde til demokrati.
Eidsvollsbygningen.
Meir enn 400 år under Danmark
Frå 1380 var Noreg i union med Danmark. Med innføringa av eineveldet i 1660 blei all makt samla hos den danske kongen. Kongelova frå 1665 var grunnlov for Noreg fram til 1814. Det var dermed ikkje snakk om vilkårleg styre, men all makt låg hos den danske kongen, og befolkninga hadde avgrensa høve til å påverke den politikken som blei ført.
Tapt krig gir moglegheiter
Den danske kongen blei trekt inn i Napoleonskrigane på den tapande sida. I januar 1814 måtte Danmark avstå Noreg til den svenske kongen som eitt av vilkåra i fredsavtalen i Kiel.
Den norske eliten med den danske regenten prins Christian Frederik i spissen var ikkje positive til fredsavtalen. Prinsen kalla inn til eit såkalla stormannsmøte på Eidsvoll 16. februar 1814 for å diskutere framtida til landet. På dette møtet blei dei einige om å ikkje godta fredsavtalen, men heller erklære Noreg som ein sjølvstendig stat.
Christian Frederik blei fråråda å gjennomføre den opphavlege planen om å hevde arveretten sin til den norske trona og la seg utrope til konge. Stormennene ønskte ei liberal grunnlov og at ein ny konge måtte veljast av folket. På møtet blei det bestemt at det skulle veljast ei forsamling som skulle gi landet ei grunnlov. Tanken om at folket har rett til å bestemme over seg sjølv (folkesuvereniteten), hadde sigra.
Den grunnlovgivande forsamlinga på Eidsvoll
Den grunnlovgivande forsamlinga er kjend som «Riksforsamlinga», og medlemmene blei valde i kyrkjelydane og militærforlegningane i landet. Av dei 112 mennene som møtte på Riksforsamlinga på Eidsvoll, kom
- 54 frå landdistrikta (amta)
- 33 frå hæren og flåten
- 25 frå byane
Etter yrke fordelte dei seg slik:
- 57 embetsmenn
- 37 bønder
- 13 kjøpmenn
- 5 bruks- eller godseigarar
På grunn av dei store avstandane og den knappe tida var Nord-Noreg ikkje representert. Det var ei ung forsamling som møtte på Eidsvoll, gjennomsnittsalderen var litt over 42 år.
Dei starta arbeidet 10. april og var ferdige 20. mai. Arbeidet gjekk føre seg under tidspress. Det var avgjerande å få grunnlov og kongeval på plass før den svenske hæren kunne rykkje nordover frå kontinentet og dermed setje makt bak avtalen frå Kiel.
Arbeidet med Grunnlova
Forsamlinga delte seg inn i komitear. Den viktigaste komiteen var konstitusjonskomiteen, som fekk i oppdrag å utarbeide eit endeleg utkast til grunnlov.
Det låg på førehand føre fleire utkast til grunnlov. Utkastet til Christian Magnus Falsen og Johan Gunder Adler blir rekna som det viktigaste. Ein hadde òg kjennskap til grunnlover i andre land og lét seg inspirere av desse. Det var særleg den franske grunnlova frå 1791 og den amerikanske sjølvstendefråsegna (1776) og konstitusjonen (1787) som var inspirasjonskjelder.
Konstitusjonskomiteen formulerte 11 «grunnsetningar» som blei debatterte i plenum og danna grunnlaget for det vidare arbeidet i komiteen:
- Noreg skal vere eit innskrenka og arveleg monarki; det skal vere eit fritt, uavhengig og udeleleg kongerike, og regenten skal ha tittelen konge.
- Folket bør utøve den lovgivande makta gjennom representantane sine.
- Folket bør eine ha rett til å skattleggje seg gjennom representantane sine.
- Krigs- og fredsretten bør liggje til regenten.
- Regenten bør ha rett til å benåde.
- Den dømmande makta bør vere fristilt frå den lovgivande og utøvande.
- Det bør vere trykkjefridom.
- Den evangelisk-lutherske religionen bør halde fram med å vere religionen til staten og regenten. Alle religionssekter får fri religionsøving; men jødar er framleis utelukka frå tilgang til riket.
- Nye innskrenkingar i næringsfridommen bør ikkje innførast.
- Ingen bør i framtida få personlege eller blanda arvelege forrettar.
- Statens borgarar er i alminnelegheit like forplikta til, i ei viss tid, å verne om fedrelandet, utan omsyn til stand, fødsel eller formue.
Konstitusjonskomiteen hadde utkastet sitt ferdig i løpet av åtte dagar. Utkastet blei deretter gjennomgått av forsamlinga i plenum. Den 16. mai blei Grunnlova endeleg samrøystes vedteken.
Usemje om sjølvstendet til Noreg
Forsamlinga delte seg i to «parti» i spørsmålet om det norske sjølvstendet.
«Sjølvstendepartiet» (også kalla «Prinsepartiet» eller «Danskepartiet») ønskte eit sjølvstendig Noreg med Christian Frederik som norsk konge.
«Unionspartiet» (også kalla «Svenskepartiet») hadde lita tru på at Noreg kunne bli sjølvstendig utan støtte frå stormaktene. Dei mente at ein laus union med Sverige då ville vere det beste og mest realistiske. Dei var òg skeptiske til å velje den danske prinsen Christian Frederik til konge fordi det ville kunne bringe Noreg under Danmark i framtida.
Sjølvstendepartiet utgjorde fleirtalet med om lag 80 representantar, mens Unionspartiet hadde rundt 30.
Sjølve spørsmålet om sjølvstende hadde lite å seie for utforminga av Grunnlova, og det var stort sett brei semje om dei andre viktige spørsmåla på Eidsvoll.
Kongevalet
Den 17. mai blei Grunnlova datert og underteikna av presidentskapet. Riksforsamlinga valde så Christian Frederik til Noregs konge.

Stortinget og regjeringa i Eidsvollsbygningen under markeringa av hundreårsjubileet for Grunnlova 17. mai 1914.
Ei «moderne» grunnlov
Hovudprinsippa i Grunnlova bygde stort sett på dei same ideane som låg til grunn for mellom anna den amerikanske sjølvstendefråsegna (1776) og konstitusjonen (1787) og dei franske forfatningane (1791, 1793, 1795): folkesuverenitetsprinsippet, maktfordelingsprinsippet og borgarrettane.
Folkesuverenitetsprinsippet
innebar at makta skulle liggje hos folket, som dermed hadde rett til å styre seg sjølve. Folket skulle sjølve velje representantane sine til ei folkeforsamling, som mellom anna skulle vedta dei lovene som skulle gjelde i samfunnet.
Maktfordelingsprinsippet
gjekk ut på at det var nødvendig å skilje den lovgivande (Stortinget), den utøvande (Kongen) og den dømmande (domstolane) statsmakta. Makta måtte delast mellom fleire maktorgan som var uavhengige av kvarandre og kunne kontrollere kvarandre. Føremålet var å hindre maktkonsentrasjon og maktmisbruk.
Borgarrettane
skulle sikre dei «medfødte og umistelige» rettane til borgarane. Grunnlova slo fast borgarane sin rett til ytringsfridom, næringsfridom og rettstryggleik. Også religionsfridom var vedteke som grunnsetning for grunnlovsarbeidet, men blei ikkje teke inn i nokon grunnlovsparagraf. Tvert imot blei jødar og jesuittar nekta tilgang til landet!
Krig med Sverige og «Mossekonvensjonen»
Noreg fekk sympati hos stormaktene, men dei stod samtidig urokkelege på støtta til Sveriges rett til Noreg i tråd med Kieltraktaten. Utan stormaktstøtte hadde Noreg i realiteten ingen sjanse mot Sverige. I slutten av juli rykte svenske troppar over grensa til Noreg. Svenskane var overlegne, og nordmennene blei den 14. august i Moss tvinga til å inngå ein avtale om våpenkvile. Avtalen, som er kjend som «Mossekonvensjonen», gjekk ut på:
- Avtalen blei inngått mellom det norske Stortinget og den svenske kronprinsen på vegner av den svenske kongen. (Svenskane godtok ikkje Christian Frederiks krav på den norske trona, så han var ikkje part i den offisielle avtalen.)
- Det norske Stortinget skulle samlast innan slutten av september eller i begynninga av oktober for å forhandle med svenskane om unionsspørsmålet.
- Den svenske kongen aksepterte den norske Grunnlova, med nødvendige endringar for å tilpasse lova til personalunionen med Sverige. Alle endringar skulle godtakast av Stortinget.
- I ein tilleggsartikkel gjekk Christian Frederik med på å offisielt seie frå seg alle krav til den norske trona og forlate Noreg. Denne siste delen av avtalen var hemmeleg.
Revidert grunnlov i november 1814
I tråd med Mossekonvensjonen blei det valt eit «overordentlig» storting som kom saman 7. oktober for å gjere dei tilpassingane i Grunnlova som var nødvendige på grunn av unionen med Sverige.
Endringane gav på fleire punkt kongen innskrenka makt i forhold til det som var bestemt i Grunnlova av 17. mai. Kongen fekk for eksempel avgrensa makta si når det gjaldt å disponere militære troppar og starte krig. Statsrådet (regjeringa) fekk ei meir sjølvstendig stilling. Den nye grunnlova blei underteikna 4. november, og Stortinget valde Karl den 13. til norsk konge.
Stortinget var i åra etter 1814 lite villig til å endre Grunnlova. I staden blei det utvikla praksis på ei rekkje punkt der Grunnlova ikkje gav konkrete reglar. Eit eksempel er behandlinga av statsbudsjettet. Grunnlova gav ingen bestemde reglar for det. Stortinget bestemde at det skulle behandlast i plenum, og ikkje som ei lovsak. Det gjorde at kongen ikkje hadde nokon vetorett som i lovsaker, og det gav dermed Stortinget større innverknad overfor kongen.
Sist oppdatert: 27.10.2008 14:00