Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut   Meld feil Meld feil  
  

Grunnlova

Grunnlova er den høgste rettskjelda i Noreg. Dersom andre lover er i strid med lova, må dei vike. 

Oscar A. Wergelands måleri «Eidsvold 1814». © Stortingsarkivet/Foto: Teigens fotoatelier as.
Oscar A. Wergelands måleri «Eidsvold 1814». © Stortingsarkivet/Foto: Teigens fotoatelier as.

Grunnlova inneheld mellom anna reglar om statsforma, om menneskerettar og om fordelinga av makt mellom Stortinget, regjeringa og domstolane. Ho er ein slags kontrakt mellom folket og dei som styrer, med prinsippet om folkesuverenitet som grunnlag.
 
Stortinget er det høgste folkevalde organet i landet. Grunnlova slår fast at det er folket som legitimerer makta, og at dei som styrer, må vere folkevalde. § 49 begynner slik: «Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget ...»

 

§§ 49–85 i Grunnlova inneheld reglar om den lovgivande makta. Paragrafane beskriv mellom anna lovbehandlinga og reglar for stortingsval og stemmerett. Dei viktigaste oppgåvene til Stortinget er definerte i § 75 i Grunnlova.
 

Grunnlovsendringar

Reglane for endring av Grunnlova er slått fast i § 112. Det er stortingsrepresentantane som legg fram forslag til grunnlovsendringar, men grunnlaget for forslaget kan komme frå andre. Forslaga må leggjast fram i eitt av dei tre første åra i ein stortingsperiode. Forslaga blir deretter behandla i første, andre eller tredje storting i neste periode. Endringar i Grunnlova skal behandlast i kontroll- og konstitusjonskomiteen og vedtakast i Stortinget i plenum. Grunnlovsendringane må vedtakast med eit 2/3 fleirtal, og 2/3 av representantane må vere til stades når vedtaket blir gjort. Grunnlovsforslaga blir lagde fram som eit dokument for Stortinget (Dokument nr. 12).
 
Den 20. februar 2007 blei det innført omfattande endringar av Grunnlova, dei mest omfattande endringane sidan Grunnlova blei laga. Parlamentarismen, som hadde vore ein sedvanerett i over 100 år, blei teken inn i Grunnlova, og ordninga med riksrett blei endra. Frå 1. oktober 2009 vart òg lovbehandlinga endra (inndelinga i odelsting og lagting vart oppheva).

 

Grunnlovskonservatisme

Språket og rettskrivinga i den gjeldande grunnlova stammar frå ei forsiktig normalisering som blei gjord i 1903. Det blir gjort gradvise endringar der nye grunnlovsendringar blir formulerte i same språkform som resten av Grunnlova. Enkelte meiner at heile Grunnlova bør reviderast, ikkje berre språkleg, men òg politisk. Andre ønskjer å ha lova i størst mogleg grad slik ho er. Konservatismen kjem i stor grad av ei frykt for at ein fullstendig revisjon vil føre til altfor mange vanskelege diskusjonar og problem med å bli samde.  
 

Grunnlova frå 1814

Den første grunnlova i Noreg blei vedteken av riksforsamlinga på Eidsvoll den 16. mai 1814 og datert og underskriven den 17. mai 1814. Lova var moderne og framsynt for si tid, og ho var inspirert av mellom anna sjølvstendefråsegna i USA i 1776 og den franske revolusjonen i 1789.
 
Dei viktigaste prinsippa i Grunnlova frå 1814 var:

  • Folkesuverenitet (folket sin rett til å styre gjennom folkevalde representantar)
  • Maktfordeling (maktbalanse mellom lovgivande, dømmande og utøvande makt)
  • Menneskerettar (rettstryggleik, tale- og ytringsfridom)

Noregs grunnlov av 4. november 1814:


 Bilde av Grunnloven av 4. november 1814
 
Grunnlova frå 1814 blei skriven av menn som ville lausrive Noreg frå det danske eineveldet. Storpolitikken ville det annleis, og Noreg blei tvinga i union med Sverige seinare det same året. Grunnlova blei behalden, men ho blei noko endra for å tilpasse henne til den nye unionen med Sverige. Dei viktigaste prinsippa i Grunnlova blei ståande og la grunnlaget for det norske sjølvstendet i 1905 og utviklinga av det norske demokratiet.


Sist oppdatert: 02.03.2011 12:55 


Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget