Møta i Stortinget er vanlegvis opne, men i enkelte tilfelle kan Stortinget avgjere at heile eller delar av eit møte skal haldast for lukka dører.
Det blir skrive stenografiske referat frå dei lukka møta. Referata blir haldne hemmelege til dei blir avgraderte.
Saker om avgradering av hemmeleg materiale blir behandla i «Utvalget til å gjennomgå saker behandlet for lukkede møter i Stortinget». Utvalet består av leiar og nestleiar i den utvida utanrikskomiteen og ein representant frå Utanriksdepartementet. Stortingsarkivaren er sekretær for utvalet.
Referata frå dei hemmelege møta og tilhøyrande dokument skal avgraderast etter eit eige reglement. Etter 30 år vurderer Stortingsarkivet avgradering av hemmeleg materiale. Departementet som har behandla sakene det gjeld, blir kontakta for å stadfeste at dei går med på å avgradere dokumenta. Når det blir vedteke at ei sak skal avgraderast, blir referata frå behandlinga gjorde tilgjengelege.
Det kan òg søkjast om innsyn i saker som ikkje er avgraderte enno. I slike tilfelle skriv utvalet ei tilråding som deretter blir behandla av presidentskapet på Stortinget.
Sist oppdatert: 30.11.2012 14:36