Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut   Meld feil Meld feil  
  

Fagkomiteane

Mesteparten av saksbehandlinga i Stortinget skjer i komiteane. Når Stortinget gjer vedtak, er det basert på forslag frå ein av dei faste komiteane på Stortinget.

bilde av et komiterom
Alle komiteane har sitt eige møterom.

Alle representantane er medlem av éin av dei tretten fagkomiteane. Når eit nytt storting trer saman etter val, blir det oppretta ein valkomité som bestemmer korleis representantane skal fordelast på fagkomiteane.
 
Komiteane varierer i storleik, og har frå 8 til 18 medlemmer. Komiteen vel sjølv ein leiar og første og andre nestleiar. Alle komiteane har minst éin fast komitésekretær som er tilsett av Stortinget. Komitésekretærane har også eit støtteapparat i administrasjonen.
 
Komiteane i Stortinget er for tida:
 
Arbeids- og sosialkomiteen
Energi- og miljøkomiteen
Familie- og kulturkomiteen
Finanskomiteen
Helse- og omsorgskomiteen
Justiskomiteen
Kyrkje, utdannings- og forskingskomiteen
Kommunal- og forvaltningskomiteen
Kontroll- og konstitusjonskomiteen
Næringskomiteen
Transport- og kommunikasjonskomiteen
Utenriks- og forsvarskomiteen
 

Partifordeling

Partifordelinga innanfor kvar komité er mest mogleg lik partifordelinga i det samla stortinget. Derfor er det vanlegvis slik at vedtak Stortinget gjer i ei sak, er i tråd med innstillinga til komiteen.

 

I somme komitear vil det likevel kunne bli skeiv fordeling i forhold til partifordelinga i Stortinget. Enkelte mindre parti har ikkje nok representantar til å få ein medlem i kvar komité. Komiteane har også ulikt tal medlemmer. Det kan føre til at fleirtalet i komiteen ikkje er det same som fleirtalet i Stortinget i plenum.
 
Dei største partia har derimot fleire medlemmer i kvar komité. Medlemmer frå same parti i ein komité blir kalla ein fraksjon.
 
Komitémedlemmene er som regel også partia sine ekspertar på fagområdet komiteen arbeider med. Dei er sentrale i utforminga av haldningane og synet partiet har i saker innanfor området. 

Fordeling av saker

Komiteane blir tildelte saker på bakgrunn av kva fagområde saka gjeld. Fordelinga av saker blir vedteken i eit møte anten i Stortinget eller i Odelstinget. I Stortingets forretningsorden § 12 er det beskrive ein hovudregel for fordeling av saker mellom komiteane. Somme gonger kan ei sak bli behandla i fleire komitear.
 
Grunnlaget for sakene er meldingar eller proposisjonar frå regjeringa, eller forslag frå representantane. Komiteane kan innhente informasjon om EU/EØS-saker og gi ei fråsegn om ei sak som skal behandlast i Europautvalet. Kontroll- og konstitusjonskomiteen er den einaste komiteen som kan opprette saker på eige initiativ. 
 

Andre komitear

I tillegg til dei 13 komiteane som er nemnde over, har Stortinget desse komiteane:

  • fullmaktskomiteen
  • den utvida utanrikskomiteen
  • europautvalet
  • valkomiteen

Også presidentskapet på Stortinget kan behandle saker og levere innstilling. Det gjeld for eksempel saker om reglar for arbeidet i Stortinget.
 
Stortinget kan dessutan unntaksvis peike ut særskilde komitear for å behandle spesielle saker. Stortinget kan òg peike ut granskingskommisjonar for å kartleggje eller vurdere tidlegare hendingar.


Sist oppdatert: 12.09.2008 15:04 


Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget