Når dei 169 representantane kjem til Stortinget, organiserer dei seg i partigrupper. Representantar som er valde frå det same politiske partiet, utgjer ei partigruppe.
I stortingsperioden 2005–2009 er sju politiske parti representerte på Stortinget:
Arbeidarpartiet (61)
Framstegspartiet (38)
Høgre (23)
Sosialistisk Venstreparti (15)
Kristeleg Folkeparti (11)
Senterpartiet (11)
Venstre (10)
Arbeidet i partigruppene
Partigruppene er leidde av eit gruppestyre. Leiaren for gruppestyret blir kalla for den parlamentariske leiaren i partiet. Gruppestyret tek politiske avgjerder og samordnar arbeidet i partigruppa.
Partigruppene har vanlegvis møte onsdag ettermiddag. På møtet blir viktige saker drøfta, og representantane orienterer om saker i sine komitear. Standpunkt og høve til forhandlingar i ei sak blir avklarte slik at medlemmene i komiteane kan ta dette med seg tilbake til komiteen. Slik går diskusjonen om sakene mellom komitémøte og gruppemøte i fleire rundar for om mogleg å få til fleirtal når innstillinga frå komiteen blir levert.
Partigruppene drøftar og tek standpunkt til alle viktige saker som skal behandlast i Stortinget, slik at medlemmene kan opptre mest mogleg samla. Dersom det er usemje innan ei partigruppe om ei sak, blir dette avklart i gruppa på førehand. Eit mindretal vil vanlegvis bøye seg for fleirtalet, og stemme saman med det når saka kjem opp i Stortinget. Men når det gjeld saker som er viktige for valdistriktet til enkeltrepresentantar, eller saker som gjeld samvitsspørsmål, er det ikkje uvanleg at representantane blir stilte fritt i forhold til fleirtalet i gruppa.
Det er i gruppene taktikken blir diskutert og lagd opp, og det er her dei politiske utspela til dei enkelte representantane blir godkjende. Møta i partigruppene er ikkje offentlege.
Sekretariatet for stortingsgruppene
Kvar stortingsgruppe har sitt eige sekretariat på Stortinget som hjelper representantane med politisk og praktisk arbeid. Talet på tilsette i gruppesekretariatet varierer med storleiken på gruppa i valperioden.
Gruppene har tilsett ein eigen leiar for sekretariatet og har knytt til seg rådgivarar. Dei fleste sekretariata har fordelt ansvaret for bestemde komitear på dei enkelte gruppesekretærane og rådgivarane. Oppgåvene til gruppesekretariata går mellom anna ut på å:
- hjelpe til i behandlinga av komitésaker
- skaffe materiell og opplysningar til saksbehandlinga
- førebu debattar
- utarbeide notat
- formidle kontakt utetter med organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar
- fungere som kontakt mellom gruppa og partiet
Hovudoppgåvene til partia
Dei politiske partia er ein sentral del av det norske demokratiet. Partia er ein samanslutnad (foreining) av personar som har ganske likt syn i politiske spørsmål. Partia ønskjer å øve innverknad i dei politiske avgjerdsprosessane i kommunane, fylka og på nasjonalt nivå. Å bli representert på Stortinget er eit viktig mål for partia på nasjonalt nivå.
Partia har fleire viktige oppgåver i det politiske systemet:
- Partia representerer politiske interesser i offentlege avgjerdsorgan.
- Partia er viktige for rekrutteringa til politisk aktivitet. Det er partia som nominerer kandidatar til val.
- Partia er viktige for opinionsdanning. Politiske haldningar og meiningar blir i stor grad danna og formidla av partia.
- Partia motiverer òg veljarane til å stemme ved kommune- og stortingsval.
Representantane skal vise lojalitet overfor veljarane sine og partiet sitt. Dei er valde på grunnlag av programmet til partiet sitt, men i tillegg kjem forventningane om å tale heimstaden si sak. Både partidisiplin og lojalitet pregar standpunkta og stemmegivinga til representantane, sjølv om dei i prinsippet står fritt til å stemme som dei vil.
Kort om historia til partia
I den første tida etter 1814 var det ingen faste gruppedanningar på Stortinget. I 1830-åra danna det seg ein bondeopposisjon, men først i 1859 kom det første tilløpet til organisert gruppesamarbeid på Stortinget. Då gjekk opposisjonen mot embetsmennene saman i den såkalla Reformforeningen.
Først i 1884 fekk vi parti slik vi kjenner dei i dag. Då blei dagens Venstre og Høgre danna. Arbeidarpartiet blei danna i 1887. Bondepartiet (Senterpartiet frå 1959) kom i 1920 og Kristeleg Folkeparti i 1933. Ei fløy braut ut av Arbeidarpartiet og danna Sosialistisk Folkeparti (SF) i 1961.
På begynninga av 1970-talet samarbeidde SF med andre delar av venstresida i norsk politikk, og blei deretter med i Sosialistisk Valgforbund (SV), som blei danna før valet i 1973. SV blei omdanna til Sosialistisk Venstreparti (SV) i 1975. SF gjekk opp i dette og blei lagt ned som eige parti i 1976.
På høgresida i norsk politikk blei Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep danna i 1973. Partiet skifta namn til Framstegspartiet i 1977.
Sist oppdatert: 12.09.2008 14:36