Presidentskapet er ansvarleg for å planleggje og leggje til rette arbeidet på Stortinget i samsvar med føresetnadene i Grunnlova og Stortingets forretningsorden.
Presidentskapet på Stortinget blir valt ved konstitueringa av Stortinget kvart år, av og blant representantane. Presidentskapet består av seks personar: president og visepresident i Stortinget og i dei to avdelingane Odelstinget og Lagtinget. Direktøren på Stortinget er sekretær for presidentskapet.
Presidentskapet på Stortinget er leidd av stortingspresidenten, som for tida er Thorbjørn Jagland (A). Stortingspresidenten har det høgste offentlege vervet i Noreg etter Kongen.
Nokre av dei viktigaste oppgåvene til presidentskapet er:
- å sjå etter at konstitusjonelle reglar blir følgde
- å planleggje og styre arbeidet i Stortinget
- å representere Stortinget i offisielle samanhengar
Konstitusjonelle reglar
Presidentskapet skal, på vegner av Stortinget, sjå etter at konstitusjonelle reglar blir følgde, også under komitébehandlinga, og at alle saker får ei slik behandling som Grunnlova og andre konstitusjonelle reglar føreskriv. Presidentskapet har eit særleg ansvar for å sjå etter at dei konstitusjonelle reglane om forholdet mellom regjering og nasjonalforsamling blir følgde.
Presidentskapet har inga avgjerande myndigheit ut over dei fullmaktene som er gitt av Stortinget gjennom reglane i forretningsordenen eller ved spesielle vedtak for det enkelte tilfellet. Presidentskapet har likevel betydeleg innverknad på dei formelle og administrative sidene ved arbeidet på Stortinget.
Behandlinga av politiske saker
I nyare tid har Stortinget ved mange høve understreka funksjonen presidentskapet har som eit styre for Stortinget, utan rett til å ta politiske avgjerder. I dei tilfella der det kjem opp politiske saker eller saker som kan bli politisk kontroversielle, er det tradisjon for at stortingspresidenten føreslår å leggje saka fram for gruppeleiarane i dei ulike partia. Slike gruppeleiarmøte blir normalt haldne på initiativ frå stortingspresidenten. Etter drøftingane med gruppeleiarane tek presidentskapet avgjerd i sakene.
Arbeidsordninga
Hovudoppgåva til presidentskapet er å planleggje og styre arbeidet i Stortinget, Odelstinget og Lagtinget. Presidentskapet skal syte for at saksbehandlinga i Stortinget følgjer ein føremålstenleg tidsplan. Oppgåvene er først og fremst administrative, og særleg retta mot arbeidsordninga og møteverksemda på Stortinget.
Møta i Stortinget, Lagtinget og Odelstinget er leidde vekselvis kvar kalendermånad av president og visepresident. Sekretærane og visesekretærane i Stortinget og i avdelingane vekslar også kvar kalendermånad.
Representasjon og besøk
Presidentskapet tek seg vanlegvis også av parlamentarikardelegasjonar frå utlandet, og medlemmer av presidentskapet leier ofte norske delegasjonar som reiser på offisielt besøk til andre land. Presidentskapet har dessutan representasjonsoppgåver på vegner av Stortinget.
Sist oppdatert: 12.09.2008 14:31