Sjølv om det tidvis kan vere få personar i stortingssalen, betyr ikkje det at stortingsrepresentantane ikkje jobbar. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte.
Mediekontakt er ein viktig del av stortingsrepresentantanes kvardag. Her blir Fremskrittspartiet sin formann Siv Jensen intervjua.
Å vere stortingsrepresentant er ingen vanleg jobb; mange ulike oppgåver og omsyn skal takast hand om. Det er umogleg å gi eit uttømmande oversyn over kvardagen til stortingsrepresentantane, men vi skal her sjå på nokre viktige oppgåver:
- Arbeid i komiteane
- Arbeid i partigruppene
- Debattar i stortingssalen
- Internasjonale delegasjonar
- Kontakt med lobbyistar
- Kontakt med veljarar
- Kontakt med media
Arbeidet i komiteane
Mesteparten av saksbehandlinga i Stortinget skjer i komiteane. Alle representantane – unnateke stortingspresidenten – er komitémedlemmer, og dei må dermed setje seg inn i ei rekkje ulike saker og ta stilling til desse. Representantane blir «spesialistar», og må lese mange dokument, skrive merknader og halde seg generelt oppdaterte på fagfeltet. Dersom det blir gjennomført høyringar i samband med saksbehandlinga, må representantane førebu desse. Komiteane kan òg dra på reiser for å innhente informasjon.
For kvar sak komiteen får til behandling, blir det valt ein saksordførar. Det er saksordføraren si oppgåve å leggje saka fram for komiteen, utforme innstillinga og gjere greie for saka i Stortinget eller Odelstinget.
Dei fleste representantane opplever at komitéarbeidet er den mest tidkrevjande delen av jobben.
Arbeidet i partigruppene
I samband med komitéarbeidet må stortingsrepresentantane stadig konsultere eigne partigrupper. Partigruppene har som regel møte kvar onsdag. Fraksjonsleiarane, som leier representantane frå same parti i ein fagkomité, har ansvar for å orientere partigruppene sine om sakene som blir behandla. På den måten får representantane frå same parti kjennskap til sakene i dei ulike komiteane. Sakene blir diskuterte, og standpunkta til partigruppene blir fastsette.
Debattar i stortingssalen
Når ein komité har ferdigbehandla ei sak og komme med ei innstilling, skal saka behandlast i Stortinget – eller i Odelstinget og Lagtinget dersom det er ei lovsak. Det er først og fremst medlemmene i komiteen som har behandla saka, som er til stades når ho blir debattert i stortingssalen. Mange av dei andre representantane følgjer debattane på intern-TV på eige kontor, og går inn i salen først når voteringa startar.
Under debattane fortel stortingsrepresentantane kva dei meiner om sakene som er til behandling. På førehand har dei brukt mykje tid på å planleggje og skrive innlegga sine. Det dei seier, skal vere i samsvar med standpunkta til partigruppa, og referata frå innlegga blir tekne vare på for ettertida. Det er derfor viktig å uttrykkje seg klart og presist.
Internasjonale delegasjonar
Dei fleste stortingsrepresentantane er medlemmer av éin eller fleire internasjonale delegasjonar. Desse delegasjonane deltek i til saman åtte internasjonale parlamentariske forsamlingar og éin samarbeidskomité. Som delegasjonsmedlemmer må representantane tidvis delta på møter og reiser.
Kontakt med lobbyistar
Det er mange som ønskjer å informere og påverke stortingsrepresentantane. Somme tek kontakt i samband med behandlinga av enkeltsaker, andre pleier jamleg kontakt over tid. Lobbyistar kan vere alt frå privatpersonar til profesjonelle kommunikasjonsrådgivarar.
Kontakt med veljarar
Stortingsrepresentantane har også ofte kontakt med veljarane sine. Mange reiser jamleg til sitt eige fylke for å treffe folk ansikt til ansikt, og dei får også mange førespurnader via brev, e-post og telefon. Mange spørsmål i spørjetimen har utspring i førespurnader frå veljarane.
Kontakt med media
Stortingsrepresentantane får jamleg førespurnader frå små og store massemedium. Media og politikarane er gjensidig avhengige av kvarandre – media for å kunne lage nyheitssaker, politikarane for å kunne spreie bodskapane sine og bli lagde merke til. Derfor kan mediekontakten vere tidkrevjande, anten det dreier seg om å vere med i debattprogram på TV eller å skrive lesarbrev i lokalavisa.
Sist oppdatert: 26.11.2012 11:59