Representantane er plasserte i stortingssalen etter kva valdistrikt dei representerer.
Representantane sit fylkesvis og har faste plassar.
Internasjonalt er det er vanleg at representantane i nasjonalforsamlinga er plasserte etter partitilhøyrsel, men slik er det ikkje i stortingssalen. I den store halvsirkelen sit representantane i vifteform i alfabetisk orden etter fylke, med Aust-Agder først. Representantane er innbyrdes plasserte etter stemmetal.
Statsrådane har plassar på første rad i stortingssalen, rett framfor stortingspresidenten. Stortingsrepresentant nummer 1 sit på rada bak på venstre side (sett frå stolen til stortingspresidenten). Representantnummera stig frå venstre til høgre på kvar rad – den siste representanten, nummer 169, sit følgjeleg heilt til høgre på bakarste rad. Sjølv om statsrådane sit på første rad, begynner nummereringa av desse på 170.
Då Grunnlova blei skrive på Eidsvoll i 1814, fanst det ikkje nokon politiske parti i Noreg, og stortingsrepresentantane kunne altså ikkje sitje partivis. Men i 1876 – åtte år før dei første partia Venstre og Høgre blei danna – føreslo stortingsrepresentanten Søren Jaabæk at representantane skulle plasserast «inden en af følgende Partigrupper: til Høire, i Midten eller til Venstre, regnet af Præsidentpladsen». «Han ville – later det til – hjelpe fram partidelingen i forsamlingen ved å tvinge representantene til å besinne hvor i salen de ville ta plass,» står det i boka Det Norske Storting gjennom 150 år, bind II (1964).
Forslaget blei avvist av konstitusjonskomiteen i 1881. Komiteen trudde ikkje at det var mogleg å tvinge fram partideling ved hjelp av ei regelendring, og hadde «derhos ikke bragt i Erfaring, at der i Storthinget har aabenbaret sig nogen Trang til en saadan ydre Ordning».

Etter 1884 har statsrådane fått lov til å vere med på stortingsmøta. Her sit statsministeren under besøka i Stortinget. © Stortinget / Foto: Lars H. Barstad
Då statsrådane i 1884 fekk høve til å vere med i forhandlingane på Stortinget, blei det bestemt at dei skulle få sitje framom representantplassane. Dette var ein framskoten plass i stortingssalen, men det blei presisert at gjestene skulle sitje på «Stole med Pulte af samme Udstyr som Repræsentanternes». Statsrådane har likevel ikkje høve til å votere.
Sist oppdatert: 12.09.2008 16:05