Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut   Meld feil Meld feil  
  

Folkestyret

Det norske folkestyret er eit representativt demokrati. Gjennom val peiker folket ut politikarar som deretter tek avgjerder på vegner av folket.

Politikarane får tildelt mandata sine av veljarane. Dersom veljarane ikkje er fornøgde med avgjerdene politikarane gjer, kan dei gi uttrykk for det på fleire måtar, mellom anna gjennom demonstrasjonar.
Politikarane får tildelt mandata sine av veljarane. Dersom veljarane ikkje er fornøgde med avgjerdene politikarane gjer, kan dei gi uttrykk for det på fleire måtar, mellom anna gjennom demonstrasjonar.

I § 49 i Grunnlova står dette: «Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget […]». Ideen om folkesuverenitet – at all legitim statsmakt stammar frå folket sjølv – er eit svært viktig prinsipp i det norske demokratiet.
 
Det norske politiske systemet er eit representativt demokrati: Folket stemmer direkte ved val, og dei representantane som blir valde inn i storting, fylkesting og kommunestyre, styrer på vegner av folket.
 

Geografisk representasjon

Vi har geografisk representasjon på Stortinget – representantane blir valde frå fylka, som utgjer valkrinsane, og dei blir òg plasserte fylkesvis i stortingssalen. Samtidig representerer dei ulike politiske parti. Stort sett vil nok omsynet til partipolitikken vege tyngst for representantane, men i somme saker, for eksempel dei som gjeld lokaliseringsspørsmål, kan politikarane på Stortinget bli fristilte. Det inneber at dei kan stemme utan å ta omsyn til kva fleirtalet i partigruppa meiner. Ofte vil dei då ta spesielt omsyn til veljarane i sitt eige heimfylke.

Direkte demokrati

I somme land, for eksempel Sveits, blir det halde mange folkeavstemmingar. Det er ei form for direkte demokrati – avstemmingane er bindande, og folket kan derfor få stor innverknad på enkeltsaker.
 
Den norske grunnlova nemner ikkje folkeavstemmingar. Det er likevel blitt halde seks folkeavstemmingar sidan 1905, men desse har berre vore rådgivande. I alle tilfella har Stortinget akseptert resultatet, men folket har ingen garanti for at det vil skje neste gong. Så lenge folkeavstemmingar berre er rådgivande, kan stortingsrepresentantane sjølve velje om dei vil følgje rådet frå folket.

Kven er «folket»?

I dag har alle norske borgarar som har fylt 18 år, eller som fyller 18 år i valåret, stemmerett. Det er likevel mogleg å miste stemmeretten, men det er svært sjeldan at det skjer. Berre brotsverk som landsforræderi, forsøk på statsomveltingar og lovkrenkingar i samband med val kan føre til tap av stemmeretten – i maksimum 10 år.

I 1814, derimot, var ikkje stemmeretten like jamt fordelt. Sjølv om folkesuverenitetsideen stod sentralt då Grunnlova blei skriven, var definisjonen av «folket» relativt snever. Kort sagt var det tre grupper av menn i befolkninga som fekk stemmerett: embetsmenn, bønder og byborgarar. Stemmerettsalderen var 25 år.
 
Fram til den første utvidinga av stemmeretten i 1884 hadde om lag 7,5 prosent av befolkninga stemmerett. Det kan verke lite, men samanlikna med andre europeiske land på same tid var Noreg svært demokratisk. På denne tida var det uvanleg at bøndene hadde stemmerett uavhengig av kor stor eigedommen deira var.

Allmenn stemmerett for menn blei innført i 1898, for kvinner i 1913. Stemmerettsalderen blei sett ned til

  • 23 år i 1920
  • 21 år i 1946
  • 20 år i 1967
  • 18 år i 1978

Tanken om folkesuverenitet

Tanken om folkesuverenitet er først og fremst knytt til Rousseau og boka hans om samfunnskontrakten («Contrat social») frå 1762, men hovudtanken var allereie framstilt av John Locke i 1690. Begge filosofane førestelte seg at det hadde eksistert ein kaotisk «naturtilstand», eit samfunn utan lov og rett, før noko ordna samfunn var skapt. Her var alle individ opphavleg frie og like, og dei blei samde om å danne ein stat ved å lage ein «samfunnskontrakt» som grunnlag for all utøving av statsmakt.
 
Tanken om at makta skulle liggje hos folket, stod i kontrast til ideen om fyrstesuvereniteten – at fyrsten hadde makta si frå Gud aleine og berre stod til ansvar for Gud.
 


Sist oppdatert: 11.09.2008 15:48 


Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget