Fullmaktskomiteen kontrollerer om stortingsrepresentantane er valde på korrekt måte.
I siste samling i ein stortingsperiode vel Stortinget, etter innstilling frå valkomiteen, ein førebuande fullmaktskomité. Komiteen skal gjere ei mellombels prøving av fullmaktene for medlemmene og varamedlemmene i det nye stortinget – altså kontrollere at valet har gått rett for seg, og at alle representantane har rett til å møte på Stortinget.
Klagar og ankemål
Den førebuande fullmaktskomiteen går gjennom og gjer greie for alle klagar og ankemål som er sende inn i rett tid, og som har noko å seie for fullmaktsavgjerdene. Komiteen har på vegner av Stortinget fullmakt til å skaffe fram alle opplysningar som han meiner er nødvendige i denne samanhengen.
Før det nye stortinget trer saman, leverer den førebuande komiteen ei førebels innstilling om alle val- og fullmaktsspørsmåla som kan få innverknad på samansetjinga av det nye stortinget. Dagen før det nye stortinget trer saman, sluttar den førebuande komiteen å fungere. Den førebelse innstillinga med alle vedlegg skal leggjast fram for fullmaktskomiteen i det nye stortinget straks han trer saman.
Den endelege fullmaktskomiteen
Den endelege fullmaktskomiteen blir vald med det same etter at Stortinget opnar hausten etter valet. Partigruppene er forholdsmessig representerte i komiteen, og det er dei politiske partia sjølve som føreslår aktuelle representantar.
Når eit nyvalt storting trer saman, har den første representanten frå kvart fylke med seg ei fullmakt frå valstyret i sitt fylke. Fullmakta seier kva representantar som har mandat til å møte i Stortinget. Fullmaktskomiteen går gjennom fullmaktene og behandlar innstillinga frå den førebuande fullmaktskomiteen.
Dersom fullmaktskomiteen oppdagar feil eller regelbrot, kan det bli nødvendig med omval (det skjedde for eksempel i Buskerud og Troms i 1981).
Inntil fullmaktene er godkjende, har stortingsmedlemmene mellombels sete og stemme. Etter at innstillinga frå fullmaktskomiteen er ferdigbehandla, vel Stortinget presidentar og sekretærar.
Det nye stortinget godkjenner altså seg sjølv, men det er etter førearbeid av representantar frå det førre stortinget.
Sist oppdatert: 03.05.2013 10:50