Stortinget trer saman og konstituerer seg første kvardag i oktober. Deretter gjennomfører kongen den høgtidlege opninga.
Kong Harald V og kronprins Haakon under opninga av Stortinget i 2007.
Når det er eit nyvalt storting som møter, har den første representanten frå kvart fylke med ei fullmakt frå valstyret i sitt fylke. Den fullmakta seier at dei valde representantane frå fylket kan møte på Stortinget. Alle fullmaktene blir kontrollerte av fullmaktskomiteen på Stortinget, slik at ein er sikker på at representantane er valde etter dei lovene og reglane som gjeld. Dersom det er gjort feil, kan det bli halde omval.
Etter at innstillinga frå fullmaktskomiteen er ferdigbehandla, blir det halde eit konstituerande møte der Stortinget vel presidentar og sekretærar til Stortinget. Presidentane blir valde for kvar sesjon, men i praksis blir dei sitjande i heile fireårsperioden. Presidenten erklærer Stortinget for lovleg konstituert, og gir melding til Kongen om det.
Høgtidleg opning
Kongen gjennomfører vanlegvis den høgtidlege opninga av Stortinget første kvardag etter at Stortinget har konstituert seg.
Under den høgtidlege opninga les kongen trontalen, som inneheld programerklæringa til regjeringa for det kommande året.
Etter at Kongen har lese trontalen, les den yngste statsråden meldinga om rikets tilstand – i tråd med tradisjonen, på nynorsk.
Statsbudsjettet
Forslaget til statsbudsjett skal leggjast fram innan seks dagar etter at Stortinget er opna. Då held finansministeren si utgreiing om budsjettforslaget, den såkalla finanstalen.
Saker frå den førre valperioden
Representantforslag, spørsmål og interpellasjonar og komitéinnstillingar som ikkje er behandla i den føregåande valperioden, fell vekk når eit nytt storting kjem saman. Proposisjonar og meldingar til Stortinget kan behandlast i det nye stortinget dersom presidentskapet fremmar forslag om det.
Sist oppdatert: 03.05.2013 09:38