Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut   Meld feil Meld feil  
  

Stortingsval

I september kvart fjerde år skal det veljast 169 representantar frå 19 fylke til Stortinget.

Valurne.
Valurne.

Kven kan stemme?

Dei som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som er norske statsborgarar, kan stemme ved stortingsval. Det er ein føresetnad at ein står oppført i manntalet (liste over personar med stemmerett).
 

Kven kan ein stemme på?

Alle som har stemmerett ved stortingsvalet kan veljast som stortingsrepresentantar. Det finst likevel nokre få unntak – enkelte grupper kan ikkje stille til val. Det gjeld mellom anna tilsette i departementa og utanrikstenesta og dessutan dommarar i Høgsterett.
 
Ein stemmer på lister med kandidatar frå dei enkelte partia. Kven som skal stå på lista til dei ulike partia, er det deltakarane ved nominasjonsmøta i partia som avgjer. Sjølv om veljarane kan «rette på stemmesetlane» ved å endre rekkjefølgja på kandidatane og stryke kandidatar, er det i praksis små moglegheiter for å påverke personsamansetjinga. Den rekkjefølgja partia har sett opp, blir heilt avgjerande.
 

Korleis stemmer ein?

Sjølve valet skjer ved personleg oppmøte i eit vallokale på valdagen, eller ved at ein stemmer på førehand. Den enkelte står i dag fritt til å bestemme om ein ønskjer å førehandsstemme eller stemme på valdagen. Førehandsstemminga blir organisert av kommunane og kan skje frå 10. august til fredagen før valdagen.
 
Dei fleste vel å stemme på valdagen, som ifølgje lova skal vere ein måndag i september. Regjeringa bestemmer dato. Kommunestyret kan vedta at det på éin eller fleire stader i kommunen skal haldast val også søndagen før den offisielle valdagen.
 
Sjølve stemmegivinga skjer ved at ein først presenterer seg for ein valfunksjonær. Ein må ha med seg legitimasjon, slik at valfunksjonæren kan forsikre seg om identiteten til veljaren, og kan krysse av namnet i manntalslista (for å hindre at den same personen stemmer fleire gonger). Veljaren går så til eit avlukke der alle dei ulike vallistene ligg. Ein vel den lista ein ønskjer å stemme på, og brettar lista så ingen kan sjå kva liste ein har valt. Stemmesetelen blir stempla av valfunksjonæren før veljaren sjølv puttar setelen i den forsegla valurna. Denne framgangsmåten skal sikre prinsippet om hemmelege val.

 

Ved valet i 2013 skal 12 kommunar utføre forsøk på å stemme via Internett. Det er Bodø, Bremanger, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Sandnes, Tynset, Vefsn, Ålesund, Larvik og Fredrikstad. Dette er første gong e-val blir prøvd ut ved stortingsval, og det kjem etter at røynslene frå forsøket ved kommunevalet i 2011 blei oppsummerte som gode. Ein av fordelane med e-val er at veljarar med nedsett funksjonsevne på denne måten kan stemme åleine, utan hjelp. 

 

Valoppgjeret

I Noreg har vi forholdstalsval. Det vil seie at partia får valt inn representantar etter kor stor oppslutnad dei har blant veljarane.
 
Landet er delt inn i 19 valdistrikt som følgjer fylkesgrensene. Folketalet i kvart fylke er utgangspunkt for tildelinga av talet på stortingsplassar (mandat). For å sikre representasjon frå fylke med tynt befolkningsgrunnlag blir det brukt ei utrekning som kombinerer folketal med areal. Til saman blir det valt 169 stortingsrepresentantar.
 
Valordninga kan gi ei «skeiv» fordeling av stortingsplassane mellom partia, sidan valoppgjeret skjer i kvart enkelt fylke. Når for eksempel 4 mandat i eit valdistrikt skal fordelast på 7 parti, kan det ikkje bli ei mandatfordeling som svarer nøyaktig til stemmetalet. Fleire parti kan bli urepresenterte. Også sjølve utrekningsmåten forsterkar den skeive fordelinga ved at dei store partia gjerne blir «overrepresenterte» og dei små «underrepresenterte» i forhold til stemmetalet.
 
For å rette på det har vi ei ordning med utjamningsmandat. Desse mandata blir fordelte på dei partia som har fått for få representantar samanlikna med stemmedelen på landsbasis etter at dei første 150 plassane er fordelte. Det er totalt 19 utjamningsmandat (eitt i kvart fylke).
 
Partia får utjamningsmandat i dei fylka der dei var nærmast å vinne eit mandat. Dermed blir samansetjinga av Stortinget meir i samsvar med stemmetala til partia. Det er likevel berre partia som har komme over sperregrensa – 4 prosent oppslutnad på landsbasis – som kan vere med og kjempe om utjamningsmandata. Det finst inga sperregrense ved fordelinga av distriktsmandata.
 

Historiske valordningar

Indirekte fleirtalsval (1814–1905): Veljarane stemde på valmenn, og valmennene kom saman på valmannsting for å peike ut representantane frå distriktet. Dette systemet blei til i ei tid då det ikkje fanst politiske parti, og føremålet var å finne fram til dei rette personane. Bakgrunnen for den indirekte valmetoden var at valmennene skulle vere betre skikka enn vanlege veljarar til å vurdere kandidatane og gjere eit klokt val. Val på både valmenn og stortingsrepresentantar vart gjennomførte som fleirtalsval – den eller dei som fekk flest stemmer, blei valde.

 

Valordninga førte òg til at talet på stortingsrepresentantar ikkje var fast, det endra seg frå val til val i perioden 1814 til 1859. Talet på valmenn hang saman med talet på stemmeføre, til dømes skulle inntil 100 stemmeføre på landet velje éin valmann, medan i kjøpstader skulle det veljast éin valmann for 50 stemmeføre. Fem til 14 valmenn valde deretter éin representant, 15 til 24 valde to, 25 til 35 valde tre, og var det fleire enn 35 valmenn, valde dei fire. Auke i talet på stemmeføre og at folk flytta, gjorde at talet på representantar steig. Grunnlova av 1814 sa at det skulle vere minst 75, og ikkje over 100 representantar, men det talet blei overskride alt i 1845. Frå valet i 1862 blei det eit fast tal representantar, som sidan har auka frå 111 til 169.

 

Etter kvart blei metoden med valmannsval utsett for sterk kritikk og sedd på som ei «umyndiggjering» av veljarane.
 
Valordninga i 1814 inneheldt to punkt som skulle få noko å seie for utviklinga av valsystemet:

  1. Utkantstrøk skulle ha sterkare representasjon enn meir sentrale område. Seinare er dette prinsippet alltid blitt følgt.
  2. Byane skulle ha éin tredjedel av mandata og landdistrikta to tredjedelar.

Det siste punktet er kjent som «bondeparagrafen». I mange år førte denne ordninga til at byane blei sterkt overrepresenterte i Stortinget, men etter kvart førte urbanisering og «flukt frå landsbygda» til at det endra seg. I 1952 blei «bondeparagrafen», etter mykje strid, oppheva ved ei grunnlovsendring. Dermed blei det valtekniske skiljet mellom by og land avskaffa, og fylka blei gjorde til valkrinsar.

 
Fleirtalsval i einmannskrinsar (1905–1919): Veljarane skulle no stemme direkte på stortingskandidatane, utan å gå via valmenn. Landet blei inndelt i mindre valkrinsar som kvar valde éin stortingsrepresentant. Veljarane stemde direkte på representantane, og valet blei organisert slik at den kandidaten som fekk over halvparten av stemmene, var vald. Dersom ingen fekk det, blei det halde omval, og då var det tilstrekkeleg med vanleg fleirtal.
 
Ordninga med einmannskrinsar favoriserte dei store partia og svekte moglegheitene for dei mindre partia.
 
Forholdstalsval i fleirmannskrinsar (frå 1920): Med unntak av enkelte justeringar er det denne valordninga vi framleis nyttar. Einmannskrinsane er igjen erstatta av fleirmannskrinsar, og mandata blir fordelte etter forholdstalsmetoden. Ordninga med utjamningsmandat blei innført før valet i 1989.

 

Utviklinga i talet på representantar på Stortinget

1814 – Riksforsamlinga: 112
1814: 83
1815: 87
1818: 78
1821: 77
1827: 79
1830: 81
1833: 95
1836: 96
1839: 99
1842: 100
1845: 102
1848: 105
1851: 106
1854: 107
1857: 111
1859: 117
1862: 111
1878: 114
1903: 117
1906: 123
1918: 126
1921: 150
1973: 155
1985: 157
1989: 165 (157+8 utjamningsmandat)
2005: 169 (150+19 utjamningsmandat)

Valperioden endra frå tre til fire år i 1938.
Ordninga med utjamningsmandat blei innført ved valet i 1989.


Sist oppdatert: 03.05.2013 10:30 


Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget