Hovudoppgåva til valkomiteen er å velje medlemmer til dei 12 fagkomiteane.
Dei 37 medlemene i valkomiteen blir valde med det same etter at Stortinget har konstituert seg. Det er eit mål at partigruppene er forholdsmessig representerte, og det skal også takast omsyn til fordeling etter valdistrikt.
Valkomiteen førebur og gir innstilling om alle val Stortinget måtte ønskje, inkludert val til ei rekkje utval, komitear og representantskap. Komiteen avgjer sjølv nokre saker, men dei fleste blir behandla av Stortinget i plenum.
Hovudoppgåva er å fordele stortingsrepresentantane på dei 12 faste komiteane. I tillegg nemner valkomiteen opp dei særskilde komiteane fullmaktskomiteen, den utvida utanriks- og forsvarskomiteen og arbeidsordningskomiteen.
Det er i partigruppene det reelle valet av representantar til fagkomiteane skjer. Representantane gir beskjed om kva komité dei ønskjer å sitje i, og partigruppa prøver deretter å lage ei fordeling som flest mogleg er fornøgde med. Valet av medlemmer er derfor allereie utført når valkomiteen kjem saman.
Det er tradisjon for at komitéfordelinga skal skje etter forholdstalsprinsippet, men parti med få representantar kan sjølvsagt ikkje vere representerte i alle komitear. Regelen er at alle parti skal med i kontroll- og konstitusjonskomiteen. Det er òg vanleg at alle parti er representerte i finanskomiteen. Det er valkomiteen som justerer talet på medlemmer i ein komité. Når komiteane er oppnemnde, vel den enkelte komiteen ein eigen leiar og ein første og ein andre nestleiar.
Stortingspresidenten er ikkje medlem av nokon fagkomité (men av den utvida utanriks- og forsvarskomiteen), medan andre representantar kan sitje i kontrollkomiteen pluss éin komité til.
Sist oppdatert: 03.05.2013 10:46