Hopp til støttemeny
Hopp til hovudmeny
Hopp til søk
Hopp til lokalmeny
Hopp til hovudinnhald
Hopp til botntekst

Stortingsval

I september kvart fjerde år skal det veljast 169 representantar frå 19 fylke til Stortinget.

Valgurne.
Valgurne.

Kven kan stemme?

Dei som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som er norske statsborgarar, kan stemme ved stortingsval. Det er ein føresetnad at ein står oppført i manntalet (liste over personar med stemmerett).
 

Kven kan ein stemme på?

Alle som har stemmerett, og som har vore busette i Noreg i minst 10 år, kan veljast som stortingsrepresentantar. Det finst likevel nokre få unntak – enkelte grupper kan ikkje stille til val. Det gjeld mellom anna tilsette i departementa og utanrikstenesta og dessutan dommarar i Høgsterett.
 
Ein stemmer på lister med kandidatar frå dei enkelte partia. Kven som skal stå på lista til dei ulike partia, er det deltakarane ved nominasjonsmøta i partia som avgjer. Sjølv om veljarane kan «rette på stemmesetlane» ved å endre rekkjefølgja på kandidatane og stryke kandidatar, er det i praksis små moglegheiter for å påverke personsamansetjinga. Den rekkjefølgja partia har sett opp, blir heilt avgjerande.
 

Korleis stemmer ein?

Sjølve valet skjer ved personleg oppmøte i eit vallokale på valdagen, eller ved at ein stemmer på førehand. Den enkelte står i dag fritt til å bestemme om ein ønskjer å førehandsstemme eller stemme på valdagen. Førehandsstemminga blir organisert av kommunane og kan skje frå 10. august til fredagen før valdagen.
 
Dei fleste vel å stemme på valdagen, som ifølgje lova skal vere ein måndag i september. Regjeringa bestemmer dato. Kommunestyret kan vedta at det på éin eller fleire stader i kommunen skal haldast val også søndagen før den offisielle valdagen.
 
Sjølve stemmegivinga skjer ved at ein først presenterer seg for ein valfunksjonær, som etter å ha forsikra seg om identiteten til veljaren kryssar av namnet i manntalslista (for å hindre at den same personen stemmer fleire gonger). Veljaren går så til eit avlukke der alle dei ulike vallistene ligg. Ein vel den lista ein ønskjer å stemme på, og brettar lista så ingen kan sjå kva liste ein har valt. Stemmesetelen blir stempla av valfunksjonæren før veljaren sjølv puttar setelen i den forsegla valurna. Denne framgangsmåten skal sikre prinsippet om hemmelege val.

 

Valoppgjeret

I Noreg har vi forholdstalsval. Det vil seie at partia får valt inn representantar etter kor stor oppslutnad dei har blant veljarane.
 
Landet er delt inn i 19 valdistrikt som følgjer fylkesgrensene. Folketalet i kvart fylke er utgangspunkt for tildelinga av talet på stortingsplassar (mandat). For å sikre representasjon frå fylke med tynt befolkningsgrunnlag blir det brukt ei utrekning som kombinerer folketal med areal. Til saman blir det valt 169 stortingsrepresentantar.
 
Valordninga kan gi ei «skeiv» fordeling av stortingsplassane mellom partia, sidan valoppgjeret skjer i kvart enkelt fylke. Når for eksempel 4 mandat i eit valdistrikt skal fordelast på 7 parti, kan det ikkje bli ei mandatfordeling som svarer nøyaktig til stemmetalet. Fleire parti kan bli urepresenterte. Også sjølve utrekningsmåten forsterkar den skeive fordelinga ved at dei store partia gjerne blir «overrepresenterte» og dei små «underrepresenterte» i forhold til stemmetalet.
 
For å rette på det har vi ei ordning med utjamningsmandat. Desse mandata blir fordelte på dei partia som har fått for få representantar samanlikna med stemmedelen på landsbasis etter at dei første 150 plassane er fordelte. Det er totalt 19 utjamningsmandat (eitt i kvart fylke).
 
Partia får utjamningsmandat i dei fylka der dei var nærmast å vinne eit mandat. Dermed blir samansetjinga av Stortinget meir i samsvar med stemmetala til partia. Det er likevel berre partia som har komme over sperregrensa – 4 prosent oppslutnad på landsbasis – som kan vere med og kjempe om utjamningsmandata. Det finst inga sperregrense ved fordelinga av distriktsmandata.
 

Historiske valordningar

Indirekte fleirtalsval (1814–1905): Veljarane stemde på valmenn, og valmennene kom saman på valmannsting for å peike ut representantane frå distriktet. Dette systemet blei til i ei tid då det ikkje fanst politiske parti, og føremålet var å finne fram til dei rette personane. Bakgrunnen for den indirekte valmetoden var at valmennene skulle vere betre skikka enn vanlege veljarar til å vurdere kandidatane og gjere eit klokt val. Etter kvart blei denne metoden utsett for sterk kritikk og sedd på som ei «umyndiggjering» av veljarane.
 
Val på både valmenn og stortingsrepresentantar blei gjennomført som fleirtalsval – den eller dei som fekk flest stemmer, blei valde.
 
Valordninga i 1814 inneheldt to punkt som skulle få noko å seie for utviklinga av valsystemet:

  1. Utkantstrøk skulle ha sterkare representasjon enn meir sentrale område. Seinare er dette prinsippet alltid blitt følgt.
  2. Byane skulle ha éin tredjedel av mandata og landdistrikta to tredjedelar.

Det siste punktet er kjent som «bondeparagrafen». I mange år førte denne ordninga til at byane blei sterkt overrepresenterte i Stortinget, men etter kvart førte urbanisering og «flukt frå landsbygda» til at det endra seg. I 1952 blei «bondeparagrafen», etter mykje strid, oppheva ved ei grunnlovsendring. Dermed blei det valtekniske skiljet mellom by og land avskaffa, og fylka blei gjorde til valkrinsar.
 
Fleirtalsval i einmannskrinsar (1905–1919): Veljarane skulle no stemme direkte på stortingskandidatane, utan å gå via valmenn. Landet blei inndelt i mindre valkrinsar som kvar valde éin stortingsrepresentant. Veljarane stemde direkte på representantane, og valet blei organisert slik at den kandidaten som fekk over halvparten av stemmene, var vald. Dersom ingen fekk det, blei det halde omval, og då var det tilstrekkeleg med vanleg fleirtal.
 
Ordninga med einmannskrinsar favoriserte dei store partia og svekte moglegheitene for dei mindre partia.
 
Forholdstalsval i fleirmannskrinsar (frå 1920): Med unntak av enkelte justeringar er det denne valordninga vi framleis nyttar. Einmannskrinsane er igjen erstatta av fleirmannskrinsar, og mandata blir fordelte etter forholdstalsmetoden. Ordninga med utjamningsmandat blei innført før valet i 1989.


Sist oppdatert: 12.09.2008 11:27 


Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets informasjonshjørne
Telefon 23 31 35 96
Kontakt informasjonshjørnet

 

Ansvarlig redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no