Hopp til støttemeny
Hopp til hovudmeny
Hopp til søk
Hopp til lokalmeny
Hopp til hovudinnhald
Hopp til botntekst

Valkomiteen

Hovudoppgåva til valkomiteen er å velje medlemmer til dei 12 fagkomiteane.

Valkomiteen blir vald med det same etter at Stortinget har konstituert seg. Det er eit mål at partigruppene er forholdsmessig representerte, og det skal også takast omsyn til fordeling etter valdistrikt.
 
Valkomiteen førebur og gir innstilling om alle val Stortinget måtte ønskje, inkludert val til ei rekkje utval, komitear og representantskap. Komiteen avgjer sjølv nokre saker, men dei fleste blir behandla av Stortinget i plenum.
 
Hovudoppgåva er å fordele dei 169 stortingsrepresentantane på dei 12 faste komiteane. I tillegg nemner valkomiteen opp dei særskilde komiteane fullmaktskomiteen, den utvida utanriks- og forsvarskomiteen og arbeidsordningskomiteen.
 
Det er i partigruppene den reelle valprosessen skjer. Representantane gir beskjed om kva komité dei ønskjer å sitje i, og partigruppa prøver deretter å lage ei fordeling som flest mogleg er fornøgde med. Valet av medlemmer er derfor allereie utført når valkomiteen kjem saman.
 
Det er ei norm at komitéfordelinga skal skje etter forholdstalsprinsippet, men parti med få representantar kan sjølvsagt ikkje vere representerte i alle komitear. Regelen er at alle parti kjem med i finanskomiteen. Det er valkomiteen som justerer talet på medlemmer i ein komité. Når komiteane er oppnemnde, vel den enkelte komiteen ein eigen leiar og ein første og ein andre nestleiar.


Sist oppdatert: 12.09.2008 14:23 


Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonstjeneste
Telefon 23 31 35 96

 

Ansvarlig redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no