Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut   Meld feil Meld feil     

Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte blir brukte innan politikk.

Vel bokstav

A

aksjonskanalen

blir ofte brukt som ei samlenemning for ulike måtar folk kan påverke politiske avgjerder på, gjennom aksjonar og demonstrasjonar.

Ap (A)

vanleg forkorting for Arbeidarpartiet (Det norske Arbeidarparti – DNA) (1887).

avgjerd

regel, ”beslutning”. Etter behandlinga av ei lovsak blei vedtaka frå Odelstinget skrivne i ei avgjerd (besl O.). Denne avgjerda blei deretter behandla i Lagtinget. Ordninga med odelsting og lagting blei avvikla 1. oktober 2009. Lovforslag må no behandlast to gonger av Stortinget i plenum for at lova skal bli vedteken.

avgjerd i Lagtinget (besl. L.) (historisk omgrep)

i dei tilfella der Lagtinget skreiv ei avgjerd, innebar det at Lagtinget ikkje slutta seg til avgjerda i Odelstinget, og at saka derfor blei send til Odelstinget for ny behandling der. Vanlegvis dreidde dette seg om nokre få tilfelle i sesjonen når det blei oppdaga små feil i lovtekstane som hadde snike seg inn tidlegare i lovbehandlinga. Ordninga med lagting og odelsting blei avvikla 1. oktober 2009. Dagens lovmerknad erstattar avgjerd i Lagtinget. Lovmerknader er Stortingets eventuelle merknader ved andre gongs behandling av lovsaka i Stortinget.

avgjerd i Odelstinget (besl. O.) (historisk omgrep)

lovvedtaka frå Odelstinget blei skrivne i ei avgjerd (besl. O.). Avgjerda blei deretter behandla i Lagtinget. Ordninga med lagting og odelsting blei avvikla 1. oktober 2009. Dagens lovvedtak erstattar avgjerd i Odelstinget. Lovvedtak inneheld vedtaket etter første gongs behandling av lovsaka i Stortinget.

avgjerdsførleik

ved votering i vanlege saker må over halvparten av representantane vere til stades, mens to tredelar må vere til stades ved votering over grunnlovsforslag.

B

budsjettavtale

i samband med forhandlinga om statsbudsjettet kan opposisjonspartia inngå avtalar for å sikre seg fleirtal for saker dei meiner er viktige.

budsjetthandsaming

arbeidet med statsbudsjettet. Dette er den viktigaste oppgåva Stortinget har, ved sida av lovgiving og kontroll med regjeringa og forvaltninga.

budsjettinnstilling (budsjett-innst.) (historisk begrep)

innstillingane som blei skrivne av komiteane når statsbudsjettet blei behandla om hausten. Budsjettinnstillinga heiter frå 1. oktober 2009 innstilling til Stortinget.

Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget