fagkomité (komité)
nesten alle saker blir behandla av ein fagkomité før dei blir tekne opp i Stortinget. Alle stortingsrepresentantane unnateke Stortingets president sit i éin av desse tolv fagkomiteane. Alle partigrupper på Stortinget skal ha ein medlem i kontroll- og konstitusjonskomiteen, men grupper som elles ikkje er representerte i alle komitear, har rett til å krevje at denne medlemmen også kan vere medlem i ein av dei andre fagkomiteane.
finansdebatten
ein debatt om den økonomiske politikken til regjeringa. Grunnlaget for debatten er finanstalen, som finansministeren held om forslaget til statsbudsjett frå regjeringa. Dette er ein av dei viktigaste debattane i Stortinget.
finansinnstillinga (innst. S)
finanskomiteen si innstilling om forslaget til statsbudsjett med forslag til rammevedtak (grense for kor mykje pengar som kan nyttast innanfor eit bestemt område). Før 1. oktober 2009 var nemninga budsjettinnstilling S. I. Etter 1. oktober 2009 er nemninga innstilling til Stortinget (innst. S).
finanstalen
utgreiing frå finansministeren når regjeringa legg fram forslaget til nytt statsbudsjett.
fleirtal
vanlege saker (for eksempel lov- og budsjettvedtak) blir avgjorde i Stortinget ved alminneleg fleirtal (over halvparten av røystene, og halvparten av representantane må vere til stades ved røystinga). For å endre Grunnlova krevst det to tredels fleirtal, og dessutan må to tredelar av representantane vere til stades. Relativt fleirtal blir nytta i tilfelle med skriftlege røystingar ved personval, men ikkje ved val av president, visepresidentar, sekretær og visesekretær i Stortinget, der det krevst alminneleg fleirtal.
fleirtalsregjering
regjering som har støtte av fleirtalet i Stortinget.
folkerøysting (referendum)
den røysteføre delen av befolkninga tek stilling til ei einskildsak eller eit einskilt politisk spørsmål gjennom val.
folkestyre (demokrati)
representativt demokrati: folket vel representantar som handlar på vegner av folket og dermed sikrar interessene til veljarane og står til rette for veljarane ved neste val. Direkte demokrati: folket kan ta stilling til konkrete saker gjennom val, som i folkerøystingar.
folkesuverenitet
statens makt kjem frå folket. Folket (det vil seie den vaksne delen av befolkninga, veljarane, ved lik og allmenn røysterett) har gitt staten makt til å vedta lover som set grenser for fridommen til den einskilde borgaren. I vårt representative system blir folkesuvereniteten utøvd av Stortinget, som dermed styrer på vegner av folket. Regjeringa kan fjernast av stortingsfleirtalet.
forfatning (konstitusjon)
rettsleg ordning som dannar grunnlaget for korleis ein stat skal styrast. Grunnlova (nedskrivne konstitusjonelle reglar) er ein viktig del av forfatninga vår, men det er også rettsreglar som er blitt til gjennom politisk praksis over lengre tid (konstitusjonell sedvanerett).
forholdstalsval
valordning som går ut på at mandata (plassane) blir fordelte mellom partia (vallistene) i etter kor stor del av røystene dei har fått. Denne ordninga har vi hatt i Noreg sidan 1920.
forretningsorden
reglar for sakshandsaminga i Stortinget.
forslagsrett
forslag til Stortinget kan berre setjast fram av regjeringa i form av proposisjonar til Stortinget, eller av ein stortingsrepresentant i form av representantforslag (dokument nr. 8).
fraksjon
representantane frå det same partiet i ein fagkomité utgjer ein fraksjon.
fraksjonsleiar
den som leier representantane i ein fraksjon. Media omtaler ofte fraksjonsleiarane som talsmenn for sitt fagområde (for eksempel finanspolitisk talsmann).
FrP
vanleg forkorting for Framstegspartiet (i 1973 var det Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep, men det skifta namn 1977).
fullmaktslov
lov som inneber at Stortinget overlèt (delegerer) til regjeringa og forvaltninga å utforme nærmare detaljerte reglar og forskrifter innanfor lovområdet.