Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut   Meld feil Meld feil     

Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte blir brukte innan politikk.

Vel bokstav

G

grunnlov

skrivne reglar om korleis eit land skal styrast, og korleis makta skal fordelast. Grunnlova inneheld også bl.a. reglar om røysterett og menneskerettar. Noregs grunnlov blei underteikna på Eidsvoll den 17. mai 1814.

grunnlovsforslag

§ 112 i Grunnlova krev at forslag til endringar av Grunnlova må setjast fram i løpet av dei tre første stortinga i ein stortingsperiode, og at det må handsamast i første, andre eller tredje storting i neste periode. Dermed vil det alltid vere eit stortingsval mellom forslag og vedtak, slik at veljarane får høve til å uttale seg.

gruppestyre

eit gruppestyre leier kvar av partigruppene på Stortinget. Leiaren i gruppestyret er parlamentarisk leiar for partigruppa.

H

H

vanleg forkorting for Høgre (1884).

heimfallsrett

heimfall er eit juridisk omgrep som blir brukt om tilfelle der eigedom «fell tilbake» vederlagsfritt til den opphavlege eigar; normalt det offentlege i form av staten eller krona.

hemmeleg møte

presidenten kan foreslå forhandlingar for lukka dører. Det er forsamlinga sjølv som avgjer om møtet skal vere lukka. Dette skjer svært sjeldan.

høgtideleg opning (opning)

den høgtidelege opninga av Stortinget skjer vanlegvis dagen etter konstitueringa i byrjinga av oktober. Kongen les opp trontalen, som inneheld programerklæringa frå regjeringa for det kommande året, og ein statsråd les meldinga om tilstanden i riket.

høyring

møte der komiteen innhentar informasjon om ei sak frå departement, organisasjonar eller andre involverte partar. Alle høyringar er normalt opne for publikum. Komitéhøyring: høyring i ein fagkomité i samband med arbeidet med ei sak. Kontrollhøyring: høyring i samband med spesielle saker som blir granska.

høyringsbrev

eit brev til involverte partar der departementet ber om fråsegn om ei sak som er under arbeid.

I

innpiskar

den eller dei i kvar partigruppe som har ansvaret for å byte ut representantar som av ulike grunnar må vere borte frå Stortinget for ei kort tid. Slik held dei ved lag det politiske styrkeforholdet ved voteringar.

innstilling

når ein komité har drøfta ei sak, gir han ei skriftleg innstilling som gir uttrykk for synet til komiteen og forslag til vedtak. Innstillinga blir deretter behandla i Stortinget.

innstilling til Stortinget

komiteen si innstilling om alminnelege saker og budsjettsaker.

innstilling til Stortinget (lovvedtak)

komiteen si innstilling om lovvedtak.

interpellasjon

ei meir omfattande spørsmål til regjeringa eller ein statsråd enn eit spørjetimespørsmål. Det gjeld ofte større og politisk viktigare saker. Som oftast blir det halde ein debatt i Stortinget om interpellasjonen.

investitur

(tiltredingsvotering eller innsetjingsvotering) er ei form for tillitsvotum, i system med positiv parlamentarisme. Investitur inneber at parlamentet skal gi regjeringa, når ho tiltrer, uttrykkeleg tillit.

Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget