Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut   Meld feil Meld feil     

Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte blir brukte innan politikk.

Vel bokstav

K

kabinettsspørsmål

når ei regjering stiller kabinettsspørsmål på ei sak, inneber det at ho vil gå av dersom stortingsvedtaket går imot regjeringa.

koalisjonsregjering

regjering som er samansett av medlemmer frå to eller fleire parti.

konstituering

Stortinget trer saman (har sitt første møte) den første kvardagen i oktober. I valår skjer konstitueringa om lag ei veke seinare. Når Stortinget har valt ein president og fem visepresidentar, erklærer presidenten Stortinget for lovleg konstituert.

konstitusjon (forfatning)

rettsleg ordning som dannar grunnlaget for korleis ein stat skal styrast. Grunnlova (nedskrivne konstitusjonelle reglar) er ein viktig del av forfatninga vår, men det er også rettsreglar som er blitt til gjennom politisk praksis over lengre tid (konstitusjonell sedvanerett).

konsultasjon

møte der ein søkjer råd eller rettleiing.

kontrasignatur

medunderskrift. Statsrettsleg er kontrasignaturen den underskrifta som ein minister (statsråd) set på lover, forskrifter, utnemningar og anna, i tillegg til underskrifta til statsoverhovudet. Kontrasignaturen er vanlegvis ein føresetnad for at det aktuelle dokumentet skal vere gyldig.

KrF

vanleg forkorting for Kristeleg Folkeparti (1933).

L

Lagtinget (historisk omgrep)

ordninga med lagting og odelsting blei avvikla 1. oktober 2009. Før dette blei ein fjerdedel av stortingsrepresentantane valde til Lagtinget. I Lagtinget blei alle lovsaker behandla for andre gong. Minst tre dagar etter at eit lovforslag var behandla i Odelstinget, blei det behandla i Lagtinget.

lobbyisme

politisk aktivitet for å påverke representantane ved direkte samtalar. Det er ofte organisasjonar og større bedrifter som nyttar slik lobbyverksemd. Ein lobbyist er ein som driv lobbyisme.

lovbehandling

etter 1. oktober 2009 må lovforslag behandlast to gonger av Stortinget i plenum for at lova skal bli vedteken. Det skal gå minst tre dagar mellom dei to behandlingane. Lovforslag fell vekk dersom dei blir forkasta ved første gongs behandling. Tredje gongs behandling er nødvendig dersom lovforslag ikkje blir aksepterte ved andre gongs behandling. Ved ei eventuell tredje gongs lovbehandling kjem vedtaket fram av referat frå møtet.

lovmerknad

Stortingets eventuelle merknad ved andre gongs behandling av lovsaka i Stortinget.

lovvedtak

vedtaket etter første gongs behandling av lovsaka i Stortinget.

løyvingsreglementet

reglar om korleis statsbudsjettet skal skrivast og handsamast.

Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget