Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut   Meld feil Meld feil     

Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte blir brukte innan politikk.

Vel bokstav

M

maktfordeling

makta blir fordelt mellom fleire for å hindre maktmisbruk, slik dømmande, lovgivande og utøvande makt er delt mellom domstolane, Stortinget og regjeringa. Maktfordelingsprinsipp inneber at dei tre statsmaktene skal vere separate institusjonar som ikkje grip inn i arbeidet til kvarandre.

mandat

retten til ein plass i Stortinget; stortingsplass. Det er 169 mandat.

manntal

liste i kvar kommune over kven som har rett til å røyste ved valet.

melding til Stortinget

ei orientering frå regjeringa til Stortinget om ulike saker som regjeringa ønskjer å få drøfta i Stortinget. Melding til Stortinget blir brukt når regjeringa vil presentere saker for Stortinget utan forslag til vedtak. Melding blir òg nytta når regjeringa vil trekkje tilbake eit lovforslag. Før 1. oktober 2009 blei nemninga odelstingsmelding (ot.meld.) brukt når regjeringa ville trekkje tilbake eit lovforslag, og stortingsmelding (st.meld.) blei brukt når regjeringa ville orientere Stortinget om saker.

mindretalsregjering

regjering danna av eitt eller fleire parti som ikkje har fleirtal i nasjonalforsamlinga (Stortinget).

mistillitsforslag

forslag som blir fremma for Stortinget. Dersom det blir vedteke, inneber det eit mistillitsvotum, ei fråsegn der stortingsfleirtalet uttrykkjer mistillit til regjeringa eller til ein einskild statsråd, som dermed blir nøydd til å gå av.

N

nasjonalbudsjettet (meld. St. 1)

melding frå regjeringa til Stortinget om den økonomiske politikken og utviklinga det kommande året. Etter 1. oktober 2009 er nemninga melding til Stortinget (meld. St. 1). Før dette var nemninga stortingsmelding (st.meld. nr. 1).

negativt fleirtal

fleire mistillitsforslag på forskjellig grunnlag får til saman fleirtal, men utan at det er fleirtal for nokon av dei kvar for seg. I ein slik situasjon må regjeringa sjølv vurdere om ho skal gå av.

nominasjon

ein prosess i dei politiske partia der det blir avgjort kven som skal vere kandidatar ved eit val. Det er dei politiske partia som peikar ut dei personane som skal stå på vallistene.

Noregs offentlege utgreiingar (NOU)

ei grundig utgreiing av ei sak eller eit saksområde skrive av eit utval som regjeringa har sett ned. Dannar ofte grunnlag for ei melding eller ein proposisjon frå regjeringa til Stortinget.

O

Odelstinget (historisk omgrep)

ordninga med lagting og odelsting blei avvikla 1. oktober 2009. Før det var tre fjerdedelar av representantane medlemmer av Odelstinget. Odelstinget behandla først alle lovforslag og sende så over avgjerda si til Lagtinget.

odelstingsmelding (ot.meld.) (historisk omgrep)

melding frå regjeringa om tilbaketrekking av eit lovforslag. Ordninga med lagting og odelsting blei avvikla 1. oktober 2009. Odelstingsmelding er no erstatta av melding til Stortinget (meld. St.)

odelstingsproposisjon (ot.prp.) (historisk omgrep)

lovforslag som kom frå regjeringa og blei sendt over til Odelstinget til behandling. Ordninga med lagting og odelsting blei avvikla 1. oktober 2009. Odelstingsproposisjon er no erstatta av proposisjon til Stortinget (lovvedtak) (prop. L).

ombodsmann

ein eller fleire personar valde av Stortinget for å føre juridisk kontroll med forvaltninga og sikre borgarane mot overgrep frå styresmaktene, for eksempel Sivilombodsmannen.

opinion

den rådande meining hos folket.

opning (høgtideleg opning)

den høgtidelege opninga av Stortinget skjer vanlegvis dagen etter konstitueringa av Stortinget i byrjinga av oktober. Kongen les opp trontalen, som inneheld programerklæringa for regjeringa for kommande år, og ein statsråd les meldinga om tilstanden i riket.

opplysningsplikt

regjeringa pliktar å leggje frem alle relevante opplysningar i ei sak, og dei opplysningane som ho legg fram, må vere korrekte.

oppmodingsvedtak

vedtak gjort i Stortinget som blir formulert slik: Stortinget ber regjeringa.

opposisjon

dei partia (opposisjonspartia) som ikkje sit med regjeringsmakta, og som står i motsetning til regjeringa.

organisasjonskanalen

ei samlenemning for dei alternativa folk har for å påverke politiske avgjerder gjennom bruk av fagorganisasjonar og interesseorganisasjonar.

Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget