Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut   Meld feil Meld feil     

Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte blir brukte innan politikk.

Vel bokstav

P

parlamentarisk leiar

leiar for partigruppe i Stortinget.

parlamentarisme

styreform som inneber at regjeringa er ansvarleg overfor nasjonalforsamlinga (Stortinget). Stortinget kan gi uttrykk for mistillit til regjeringa og dermed tvinge henne til å gå av. Parlamentarisk system: statsform som byggjer på parlamentarisme.

partigruppe

alle representantane frå same politiske parti tilhøyrer ei partigruppe i Stortinget.

partiprogram

oversikt over standpunkta til eit politisk parti innanfor ulike temaområde; ein presentasjon av politikken til partiet.

plenum

fulltalig forsamling, Stortinget i samla møte. Før 1. oktober 2009 delte Stortinget seg i odelsting og lagting når lovsaker blei behandla. No blir alle saker behandla av Stortinget i samla møte.

prerogativ

(av latin: som blir spurd først) betyr særrett og blir vanlegvis brukt om kongeleg særrett. Ordet vart tidlegare brukt om privilegium som berre kongen hadde. I takt med reduksjonen av den personlege kongemakta i dei siste 200 åra i Noreg har ordet fått avgrensa betydning og er no uttrykk for noko som berre regjeringa (Kongen i statsråd) har rett til å bestemme, ikkje Stortinget. For eksempel gjeld dette innafor kyrkjeforvaltninga.

Presidentskapet

når Stortinget konstituerer (organiserer) seg, vel Stortinget ein president og fem visepresidentar. Til saman utgjer desse seks personane presidentskapet på Stortinget. Presidentskapet er ansvarleg for å planleggje og leggje til rette for Stortingets arbeid i samsvar med føresetnadene i Grunnlova og forretningsordenen i Stortinget. Stortingspresidenten har det høgste offentlege vervet i Noreg etter Kongen.

presselosjen

presseorganisasjonen i Stortinget, Stortingets presselosje.

proposisjon til Stortinget (lovvedtak og stortingsvedtak) (prop. LS)

forslag frå regjeringa til vedtak i lovsaker (lovvedtak), alminnelege saker og budsjettsaker (stortingsvedtak) som Stortinget skal ta stilling til.

proposisjon til Stortinget (lovvedtak) (prop. L)

lovforslag som kjem frå regjeringa og blir sende over til Stortinget til behandling. Før 1. oktober 2009 var nemninga odelstingsproposisjon. Då delte Stortinget seg i odelsting og lagting når lovsaker blei behandla. No blir alle saker behandla i eitt samla storting.

proposisjon til Stortinget (stortingsvedtak) (prop. S)

forslag frå regjeringa til vedtak om alminnelege saker og budsjettsaker (stortingsvedtak) som Stortinget skal ta stilling til. Før 1. oktober 2009 var nemninga stortingsproposisjon.

R

regjering

i Grunnlova står det at regjeringa skal vere samansett av statsministeren og minst sju andre medlemmer (statsrådar). Talet har variert noko; i den regjeringa vi har i dag, sit det 19 statsrådar i tillegg til statsministeren. Regjeringa har den utøvande makta, ho set i verk vedtaka Stortinget har gjort.

regjeringskrise

situasjon etter at ei regjering har søkt avskjed, og før det har lykkast å danne ei ny regjering . Krisa oppstår når regjeringa ikkje lenger kan støtte seg til eit stortingsfleirtal og etter parlamentarisk praksis må gå. Slike situasjonar oppstår når eit mistillitsforslag blir vedteke, når eit kabinettsspørsmål er tapt, ved negativt fleirtal og etter eit valnederlag.

regjeringsutnemning

I § 12 i Grunnlova står det at kongen «vælger selv et Raad af stemmeberettigede norske Borgere», men kongen kan ikkje sjølv avgjere kven som skal sitje i regjeringa. Hans rolle er å «utnemne» ei regjering som Stortinget vil akseptere. I forkant av dette er det som regel drøftingar mellom dei politiske partia på Stortinget. Når resultatet er klart, får kongen råd frå den statsministeren som går av, eller frå stortingspresidenten, om kven han bør la statsministeroppdraget gå til, eller korleis han skal gå fram vidare. Statsministerkandidaten legg deretter fram ei liste over kven som bør peikast ut til dei ulike ministerpostane . Til slutt må kongen signere den kongelege resolusjonen som konstituerer regjeringa, og dermed er utnemningane gyldige.

replikk

i ein debatt kan det vere replikkordskifte etter eit hovudinnlegg. Det gir representantane høve til å kommentere innlegg, og hovudtalaren kan svare på replikkane etter tur.

representantforslag (dokument nr. 8)

forslag frå stortingsrepresentantane. Alle representantane kan skrive representantforslag som blir behandla i Stortinget. Forslag frå representantane til vedtak i samband med alminnelege saker og budsjettsaker har nemninga representantforslag S, og forslaga i samband med lovsaker har nemninga representantforslag L.

revidert budsjett

samling av alle endringar og tilleggsløyvingar til statsbudsjettet som er vedtekne undervegs i budsjettåret, og forslag til nye endringar. Det reviderte budsjettet blir handsama kvart år på slutten av vårsesjonen.

riksrett

domstol som dømer i saker reist mot medlemmer av regjering, storting eller Høgsterett for straffbare forhold i embetet. Riksretten består av 11 medlemmer: 5 dommarar frå Høgsterett og 6 medlemmer valde av Stortinget. Høgsterettsjustitiarius er president i Riksretten. Stortinget i plenum er påtalemakt, og kontroll- og konstitusjonskomiteen er førebuande organ. Stortingets ansvarskommisjon innleier undersøkingar med sikte på å avklare om det er grunnlag for å gjere konstitusjonelt ansvar gjeldande mot nokon. Riksretten er omtalt i Grunnloven §§ 86–87.

Riksrevisjonen

Stortingets viktigaste kontrollorgan, som bl.a. granskar statens rekneskapar. Den øvste leiinga i Riksrevisjonen (fem riksrevisorar) blir valde av Stortinget for fire år om gongen.

røysteplikt

den einskilde representanten har plikt til å røyste når det er votering over ei sak i Stortinget, dersom vedkommande er til stades og ikkje er bytt ut.

røysterett

retten til å delta i val. I Noreg har alle statsborgarar som er eldre enn 18 år eller fyller 18 år i valåret, rett til å delta ved valet.

røystesetel

på valdagen er det partilistene i valkrinsen som blir nytta som røystesetel. Røystesetelen blir stempla av ein valfunksjonær før veljaren legg han i valurna.

røysting (votering)

Stortinget tek eit formelt standpunkt i alle saker det handsamar . Vanlegvis skjer det ved at det i slutten av eit møte blir votert over forslaga i komitéinnstillinga. Voteringsresultatet viser som oftast at det er eit fleirtal for eller imot forslaget , men i ein del saker kan det også vere samrøystes tilslutning til at forslaget blir vedteke (støtta) eller ikkje vedteke.

Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget