saksordførar
fagkomiteen vel ein saksordførar for kvar sak som skal behandlast. Ordføraren skal leggje saka fram i komiteen, utforme innstillinga og gjere greie for saka i Stortinget.
sanksjon
Kongen i statsråd stadfestar (godkjenner) med si underskrift lovvedtak som Stortinget har gjort, og statsministeren kontrasignerer.
sedvane
uskrivne reglar som blir oppfatta som rettsleg forpliktande fordi dei har vore følgde over tid. Det parlamentariske systemet var konstitusjonell sedvanerett fram til det blei grunnlovsfesta 20. februar 2007.
sesjon
stortingssesjon, den tida eit storting sit samla, eventuelt delt i haustsesjon og vårsesjon.
settepresident
kan veljast for eit gitt kortare tidsrom. Han eller ho fungerer då som mellombels president og leier møta.
skriftlege spørsmål (dokument nr. 15)
stortingsrepresentantane kan sende skriftlege spørsmål til statsrådane. Dei har krav på skriftleg svar på desse spørsmåla innan seks dagar.
SP
vanleg forkorting for Senterpartiet (1920 Bondepartiet, namneskifte 1959).
sperregrense
ei fast grense for tildeling av utjamningsmandat. I Noreg er sperregrensa sett til 4 prosent. Det vil seie at eit parti må ha over 4 prosent av alle røystene ved valet for å kunne få eit utjamningsmandat.
spørjetime
møte der representantane kan stille spørsmål til statsrådane. Nesten kvar onsdag er det munnleg spørjetime der statsrådane ikkje får tid til å områ seg og må svare spontant. Vanlegvis møter to til tre statsrådar til den munnlege spørjetimen. Kvar fjortande dag er det også ein ordinær spørjetime. Då er spørsmåla innleverte av representantane seinast fredagen i veka før, og statsråden får tid til å førebu seg.
spørjetimespørsmål
spørsmål som er framført i spørjetimen. Munnlege spørsmål er framførte i den første (munnlege) delen av spørjetimen. Ordinære spørsmål er sende inn på førehand til statsråden og får svar i spørjetimen (ordinær spørjetime).
statsbudsjett (prop. 1 S)
budsjett over statens inntekter og utgifter, blir vedteke i Stortinget i slutten av kvar haustsesjon. Forslaget til statsbudsjett blir fremma av regjeringa i proposisjon til Stortinget (stortingsvedtak) (prop. 1 S). Før 1. oktober 2009 var nemninga Stortingsproposisjon nr. 1. (st.prp. nr. 1)
statsforvaltninga (statsadministrasjonen)
den sentrale forvaltninga (leiinga) av staten, departementa.
statsråd
medlem av regjeringa. Statsrådane møter i Stortinget når det handsamar saker frå deira departement.
statsråd på slottet (Kongen i statsråd)
regjeringa, under leiing av kongen, har normalt møte på Slottet kvar fredag klokka 11.00.
stortingsmelding (st.meld.) (historisk omgrep)
ei orientering frå regjeringa til Stortinget om ulike saker som regjeringa ønskjer å få drøfta i Stortinget. Frå 1. oktober 2009 er melding til Stortinget (meld. St.) den nye nemninga.
stortingsperiode
Stortinget blir valt for fire år om gongen, ein stortingsperiode er den fireårige funksjonstida for eit storting.
stortingsproposisjon (st.prp.) (historisk omgrep)
forslag frå regjeringa om saker Stortinget skal ta stilling til. Proposisjonen inneheld alltid eit ferdig formulert vedtak som Stortinget kan votere (stemme) over. Frå 1. oktober 2009 er proposisjon til Stortinget (stortingsvedtak) (prop. S) den nye nemninga.
SV
vanleg forkorting for Sosialistisk Venstreparti – 1975. (Vidareføring av Sosialistisk Valforbund frå 1973 mellom Sosialistisk Folkeparti (SF), Noregs Kommunistiske Parti (NKP) og Arbeidarpartiets Informasjonskomité mot EEC (AIK).)