Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut   Meld feil Meld feil     

Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte blir brukte innan politikk.

Vel bokstav

V

V

vanleg forkorting for Venstre (1884).

valliste

liste over kandidatane til eit politisk parti i ein valkrins (fylke) ved stortingsvalet .

valnederlag

valresultatet fører til ei endring av det politiske styrkeforholdet i Stortinget, og dette gir grunnlag for ei ny regjering. Dette er ei vanleg årsak til regjeringsskifte.

valordning

reglar for val av personar som skal representere veljarane, for eksempel i Stortinget.

vararepresentant

person som er vald til å møte for ein stortingsrepresentant når denne har lovleg fråvær.

varsla saker

ei liste over saker som regjeringa varslar at ho skal sende til Stortinget

vedtak

Stortinget avsluttar alltid sakshandsaminga med å gjere eit vedtak. Vedtaka går fram av referatet frå debatten og voteringane i salen.

votering (røysting)

Stortinget tek eit formelt standpunkt til alle saker det handsamar. Vanlegvis skjer det ved at stortingsrepresentantane i slutten av eit møte voterer over forslaga i innstillinga frå komiteen. Voteringsresultatet viser som oftast at det er fleirtal for eller imot forslaget, men i visse saker kan det òg vere samrøystes tilslutning til å godkjenne (støtte) eller ikkje godkjenne forslaget.

Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget