Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Godskesen leiar delegasjon til valet i Serbia

Ingebjørg A. Godskesen (FrP) skal leie valobservatørane frå Europarådets parlamentarikarforsamling til presidentvalet i Serbia 2. april.

Ingebjørg A. Godskesen (FrP) skal leie observatørane frå PACEs parlamentarikarforsamling til presidentvalet i Serbia 2. april. Foto: Stortinget.

Ingebjørg A. Godskesen (FrP) skal leie observatørane frå PACEs parlamentarikarforsamling til presidentvalet i Serbia 2. april. Foto: Stortinget.

Presidenten blir vald for fem år om gangen og valet blir gjennomført i to omgangar. Med mindre ein av kandidatane får meir enn 50 % av stemmene i første runde 2. april ,  vil dei to kandidatane med flest stemmer gå vidare til valets andre runde 6. mai.

Parlamentarikarforsamlingars rolle i valobservasjon

Delegasjonen frå Europarådets Parlamentarikarforsamling (PACE), som Godskesen skal leie, består av 12 parlamentarikarar frå 9 ulike medlemsland. Godskesen  skal leie delegasjonen og føre ordet på vegne av parlamentarikarforsamlinga, både i møter med sentrale aktørar i forkant av valet og under pressekonferansen i etterkant. Observatørane frå PACE vil som kortidsobservatørar ha eit særleg fokus på den operative gjennomføringa av valet på sjølve valdagen, inkludert oppteljing av stemmene.

Sjå pressemelding frå parlamentarikarforsamlinga om valet.

Sjå pressemelding fra valgservatørdelegasjonen.

I tillegg til observatørane frå PACE sender OSSE/ODIHR ei gruppe internasjonale ekspertar for å observere valprosessen. Ekspertane vil ha særleg fokus på den overordna prosessen, juridisk rammeverk og registrering av veljarane og medias dekning av valet.

Lang erfaring som valobservatør

Ingebjørg A Godskesen er medlem av Stortingets delegasjon til PACE og har tidlegare observert ei rekke val på vegne av parlamentarikarforsamlinga, blant anna i Kviterussland, Georgia, Kasakhstan, Tyrkia og Ukraina.

PACE vil komme med ein første kommentar til gjennomføringa av valet mandag 3. april.

Sist oppdatert: 03.04.2017 16:42
: