Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Kari Henriksen (A) og Ulf Leirstein (FrP). Foto: Stortinget.

Stortinget vil delta i granskingskomité for Europol

Europaparlamentets borgarretts-, justis- og innanrikskomité hadde 28. november invitert nasjonale parlamentet til eit fellesmøte i Brussel for å drøfte Europol og EUs indre sikkerheit. Frå Stortinget deltok Kari Henriksen (A) og Ulf Leirstein (FrP).

Kommissær for EUs sikkerheitsunion Julian King og direktør i Europol Rob Wainwright innleia på møtet om utfordringane EU står overfor. Terror, organisert kriminalitet og nettkriminalitet  er identifisert i Kommisjonens plan for ein såkalla sikkerheitsunion i EU. Wainwright orienterte nye tiltak for å kjempe mot slike brot. Han nemnde at Europol har eit nært samarbeid med mange land utanfor EU, og sa dette ikkje minst var tilfelle med Noreg.

Europol viktig

Lisboa-traktaten slår fast at Europaparlamentet i samarbeid med nasjonale parlament skal ha ansvar for parlamentarisk gransking av verksemda til Europol. Etter at ei ny forordning for verksemda til Europol vart vedteke tidlegare i år, blir nå formatet på den nye granskingskomiteen drøfta.

Kari Henriksen sa i sitt innlegg at parlamentarisk kontroll er viktig. Noreg hatt ei samarbeidsavtale med Europol sidan 2001. På grunn av denne avtalen, norsk deltaking i Schengen-samarbeidet og den geografiske plasseringa til Noreg, har Stortinget  fleire gonger indikert interesse for å kunne delta i den nye granskingskomiteen.

– Europol er viktig for Noreg i kampen mot grenseoverskridande kriminalitet. Vi har dei sama utfordringane som EU knytt til terror, organisert kriminalitet og nettkriminalitet. Derfor vonar eg Noreg kan bli assosiert til den nye granskingskomiteen, seier Henriksen.

Mange av dei som hadde ordet understreka at Europol er viktig. Dette omfatta britiske parlamentarikarar som sa Storbritannia er opptatt av eit fortsatt samarbeid med Europol også etter brexit.  Fleire var opptatt av at rolla til Europol må styrkast i lys av dei utfordringane EU står overfor, men at også at medlemslanda må bli flinkare til å samarbeide seg i mellom.

Konkret format

På møtet vart også det konkrete formatet av den nye granskingskomiteen drøfta, inkludert møtefrekvens og talet på medlemmar. Dersom komiteen skal bli effektiv, bør den ikkje bli for stor, sa mange. Det vart også sagt at andre deltakarar og ekspertar eventuelt kan inviterast avhengig av tema. Det er lagt opp til endeleg vedtak om dette på den årlege konferansen for EU-parlamentspresidentane i Bratislava i april i 2017.

Sist oppdatert: 29.11.2016 09:30
: