Finansdepartementet har ansvaret for forvaltninga
av statens gjeld og kontantbehaldning. Det er inngått avtalar
med Noregs Bank om forvaltning av statens gjeld og likviditet, og
om konsernkontoordninga. I samsvar med desse avtalane skal Noregs
Bank mellom anna gi råd om opplåninga til staten,
ta seg av den operative forvaltninga av innanlandske låneopptak
og pleie andrehandsmarknaden for statspapir. Noregs Bank mottek
betaling for den operative forvaltninga, for marknadspleia og for
drifta av statens kontosystem.
Staten har ut frå forslaget i St.prp.
nr. 1 (2007-2008) eit brutto finansieringsbehov på 14,9
mrd. kroner i 2008. Planen er å dekkje finansieringsbehovet
ved langsiktige låneopptak innanlands.
I tråd med tidligare praksis legg ein
opp til å jamne ut opptaka av langsiktige lån.
Ein ber derfor om fullmakt til å ta opp langsiktige innanlandske
lån som er mindre enn finansieringsbehovet i 2008. Fullmakta
for opptak av nye langsiktige lån, dvs. lån som
bind staten for ein periode på meir enn eitt år,
blir foreslått sett til 40 mrd. kroner. Lån som
inngår i staten si eigenbehaldning av statspapir for marknadspleieformål
er omfatta av desse fullmaktene. Ein ber om romslege fullmakter
for samla uteståande i kortsiktige lån i 2008.
For kortsiktige marknadslån, dvs. lån
som har løpetid opp til eitt år, og som blir omsette
i marknaden, foreslår ein ei ramme på 80 mrd.
kroner. For andre kortsiktige lån som ikkje blir omsette
i marknaden foreslår ein ei ramme på 100 mrd. kroner.
Ein ber i tillegg om at den generelle fullmakta til å inngå rentebyteavtalar
og tilsvarande derivatavtalar blir vidareført. For nærare
omtale viser ein til kapittel 2.2 i proposisjonen. Forslaga er samanfatta
i tabell 2.2 i proposisjonen.
Komiteen slutter seg til Regjeringens
forslag og viser til forslag til vedtak I-IV under pkt. E. Statslånefullmakter.