Hopp til støttemeny
Hopp til hovedmeny
Hopp til søk
Hopp til lokalmeny
Hopp til hovedinnhold
Hopp til bunntekst

Innstilling frå sosialkomiteen om verdiar for den norske helsetenesta

Innst. S. nr. 172 (2000-2001)
Dato: 13.03.2001
Utgiver: Sosialkomiteen
Sidetall: 20

11. Administrative og økonomiske følgjer

11.1 Samandrag

Tiltaka som er føreslegne i meldinga pålegg ikkje staten, kommunane eller fylkeskommunane oppgåver eller plikter ut over det som alt ligg i gjeldande lovgjeving eller som likevel må gjennomførast som oppfølging av den nye helsetenestelovgjevinga.

Fleire av tiltaka som blir drøfta som oppfølging av NOU 1999:2 Livshjelp, er av ein slik art at det er naturleg å følgje dei opp ved seinare budsjettframlegg overfor Stortinget.

Framlegget om oppretting av kliniske etikk-komitear ved dei større sjukehusa, er så marginalt ressurskrevjande at departementet reknar med at dei sjukehusa det gjeld over ei viss tid vil kunne finne rom for dette som del av den vanlege organisasjonsutviklinga. Framlegget om oppretting av eit sentralt samordningsorgan for dei kliniske etikk-komiteane vil krevje noko ekstra utlegg for departementet.

Framlegget om eit nasjonalt prioriteringssystem vil føre til visse endringar i rådsorganiseringa kring Sosial- og helsedepartementet og Statens helsetilsyn. Desse endringane kan gjennomførast ved omdisponering av ressursane som er tilgjengelege. Det blir uttala at ei nærare kopling mellom prioriterings- og kvalitetsarbeidet vil vere kostnadssparande og effektivitetsaukande for helsetenesta samla sett.

Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets informasjonshjørne
Telefon 23 31 35 96
Kontakt informasjonshjørnet

 

Ansvarlig redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no