Komiteen sine tilrådingar I, III, IV
og V vert fremja av ein samla komité.
Komiteen si tilråding II vert fremja
av medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet,
Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet.
Komiteen har elles
ingen merknader, syner til meldinga og rår Stortinget til å gjere
følgjande
vedtak:
I
Stortinget ber Regjeringa vurdere om Den nordatlantiske
sjøpattedyrkommisjonen kan gjevast ei aktiv oppgåve
i fastsetjinga av totale fangstkvotar og fordelinga av fangstkvotar
mellom Noreg og andre land.
II
Stortinget ber Regjeringa snarast råd
auke det årlege uttaket av vågekval vesentleg
i høve til dagens nivå, og i tråd med
tilrådingar frå norske forskarar.
III
Stortinget ber Regjeringa vurdere å opne
for forskingsfangst på andre kvalartar, for slik å leggje
tilhøva til rette for ein større forskingsinnsats
og såleis akkumulering av ønskeleg og naudsynt
kunnskap.
IV
Stortinget ber Regjeringa leggje fram ei ny
stortingsmelding om norsk sjøpattedyrpolitikk seinast hausten 2008,
eller når det ligg føre eit nytt bestandsestimat
for vågekval i norske farvatn.
V
St.meld. nr. 27 (2003-2004) om norsk sjøpattedyrpolitikk
- vert å leggje ved møteboka.