Eg viser til brev av 04.11.05 med vedlegg frå Transport-
og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.
Kommunelova (av 25.09.1992 nr. 107) er basert
på prinsippet om at innbyggjarane vert representert ved kommunestyret
og andre folkevalde organ. Kommunestyret kan ikkje fråskrive
seg si lovpålagde plikt til å treffe vedtak på vegne
av kommunen. Dette medfører at kommunestyret ikkje kan
vedta at ei sak skal bli bindande avgjort
i ei folkerøysting utan særskilt heimel i lov.
Sjølv om spørsmålet
om folkerøystingar ikkje er regulert verken i kommunelova
eller i valglova, har likevel bruk av lokale rådgjevandefolkerøystingar vore sett på som å liggje
innanfor kommunelova sitt system. Kommunane står i dag
i utgangspunktet fritt til å avgjere om det skal haldast
lokale folkerøystingar. Det er berre i samband med spørsmålet
om målform i skulen, jf. opplæringslova (av 17.07.1998
nr. 61) § 2 5 siste ledd første
punktum, at det ligg føre eit krav om rådgjevande
folkerøysting. Bortsett frå dette eine unntaket
er det kommunestyret i den enkelte kommune som avgjer kva for eit
tema det skal stemmast over, og som fastset spørsmålsformuleringa
for røystingane. Den enkelte kommune står fritt
til å bestemme kven som skal ha stemmerett, stemme- rettsalder
osv., slik at gjennomføringa kan tilpassast kommunen sine
behov og ønskjer.
Alle røystningar i Noreg har vore rådgjevande,
og utfallet har ikkje lagt formelle bindingar på seinare vedtak
i kommunestyret. Noko anna er at det for mange kommunestyrerepresentantar
politisk sett kan vere vanskeleg å fatte ei avgjerd i strid
med utfallet av ei folkerøysting.
Ut frå dette kan ikkje regjeringa halde
eller be Bergen kommune halde ei bindande folkerøysting
om bygging av bybane i Bergen og bruk av bompengefinansiering. Det
er opp til Bergen kommune om kommunen vil halde ei rådgjevande
folkerøysting i saka og om bystyret i Bergen ønskjer å vere
"politisk bunde" av utfallet. Samferdselsdepartementet har uansett
inga rolle i ei slik eventuell sak.
Dette svaret er utarbeidt i samarbeid med Kommunal-
og regionaldepartementet.
Det går fram av St.prp. nr. 75 (2004-2005)
Om revidert bompengeordning for Bergensprogrammet at Bergen kommune
går inn for at prosjekta Ringveg vest og Bybanen skal byggjast
ut parallelt. Dette er det lokal politisk semje om. Dette inneber
at det er naudsynt å finansiere utbygginga gjennom låneopptak
som vert nedbetalt med bompengar. Den konkrete framdrifta i prosjekta
vert vurdert nærare også ut frå ei optimal økonomisk
løysing.
I omtala av forslaget til revidert finansierings-
og investeringsplan i proposisjonen har Samferdselsdepartementet
vist til den parallelle utbygginga av prosjekta og føresett
rasjonell drift, med årlege løyvingar i statsbudsjettet.
Departementet har altså lagt til grunn parallellitet i
utbygginga av Ringveg vest og Bybanen. Det er likevel omsynet til
ei optimal økonomisk løysing, planavklaring og
rasjonell anleggsdrift som må styre framdrifta av det enkelte
anlegg, inkludert tidspunkt for anleggsstart. Den konkrete framdrifta
i prosjekta skal derfor vurderast nærare i lys av dette.