Formålet med denne meldinga er å leggja grunnlaget
for ein ny, strategisk språkpolitikk med eit heilskapleg perspektiv
på språk og samfunn.
Meldinga legg opp til å definera ein språkpolitikk
med klarare innhald og rammer enn i dag og å etablera språkpolitikk
som eit sektorovergripande politikkområde med kulturpolitisk forankring.
Det inneber ei klar presisering av at Kultur-
og kyrkjedepartementet skal ha eit overordna ansvar for å forma,
tolka og fremja språkpolitiske mål. I tillegg må også dei andre
departementa ta språkpolitiske omsyn med i vurderinga når dei utformar
og gjennomfører relevante delar av sin eigen sektorpolitikk.
Å gjera det tydeleg at Kultur- og kyrkjedepartementet
har eit overordna språkpolitisk ansvar og eit samordningsansvar,
er nødvendig for å sikra ein språkpolitikk med heilskap og samanheng.
For at dette skal kunna følgjast opp i praksis,
er det nødvendig at Språkrådet – statens fagorgan i språkspørsmål
– får ei meir sentral rolle å spela på det utøvande og operative
nivået. Meldinga legg også opp til å gje Språkrådet eit utvida og dermed
eit meir heilskapleg språkpolitisk ansvars- og arbeidsområde.
Meldinga må sjåast i samanheng med den nyleg framlagde
meldinga frå Kunnskapsdepartementet om språkstimulering og språkopplæring,
jf. St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer. Den språkopplæringspolitikken
som der er skissert, og som Kunnskapsdepartementet har ansvaret
for, inngår som ein del av den heilskaplege språkpolitikken som
elles blir skissert i meldinga her.
Som det er gjort greie for nedanfor, er det
vilkåra og utfordringane for norsk språk som er gjennomgangstemaet,
og som dermed utgjer tyngdepunktet av framstillinga i denne meldinga. Det
er samstundes streka under at den nye språkpolitikken som denne
meldinga skal leggja grunnlaget for, må omfatta den totale språksituasjonen
i landet.
Det finst likevel inga utgreiing som gjev ein samla,
oppdatert dokumentasjon og analyse av dagens språksituasjon, og
heller ingen større delutgreiingar verken om norsk språk, om samisk eller
om ulike minoritetsspråklege spørsmål. I arbeidet med meldinga har
det difor vore nødvendig å gå gjennom eit stort kjeldetilfang og
å konsultera ein omfattande bakgrunnslitteratur.
Det har i denne prosessen ikkje vore råd å gå
like djupt inn i alle relevante spørsmål. Difor er det behov for
å arbeida vidare med å samanstilla dokumentasjon og analyse om ulike
sider ved den norske språksituasjonen. Dette gjeld for norsk språk
generelt og nynorsk spesielt.
Det gjeld også situasjonen for samisk språk
og ulike minoritetsspråklege spørsmål i brei meining. Når det gjeld
samisk spesielt, viser vi til den nyleg framlagde meldinga frå Arbeids-
og inkluderingsdepartementet om samepolitikken. Der er det mellom
anna varsla at det skal utarbeidast ein eigen handlingsplan for
samisk språk, jf. St.meld. nr. 28 (2007–2008) Samepolitikken.
Behovet for å skaffa fram vidare kunnskap og dokumentasjon
om ulike sider av språksituasjonen vil elles bli vurdert som ledd
i det komande språkpolitiske oppfølgingsarbeidet.
Det overordna målet for språkpolitikken må vera å
sikra det norske språkets posisjon som eit fullverdig, samfunnsberande
språk i Noreg. Dette perspektivet er det grunnleggjande gjennomgangstemaet
i denne meldinga.
Med omgrepet samfunnsberande språk er meint eit
overordna fellesspråk som i eit moderne, fleirkulturelt samfunn
blir brukt til administrasjon og samfunnsdebatt, som held storsamfunnet saman
og gjev det identitet, samstundes som det også gjev gode leve- og
utviklingsvilkår for alle dei språklege delkulturane som finst i
samfunnet.
At språket er komplett eller fullverdig, betyr
at det i tillegg har slik status at det kan brukast i alle samanhengar,
og at det har utvikla eit spesialisert ordforråd som gjer at det
er i levande bruk i alle delar av samfunnslivet, på alle språklege
bruksområde og i alle språklege bruksfunksjonar.
I dette perspektivet er det ei særleg utfordring
å sørgja for at språket held tritt med den raske kunnskapsutviklinga
som skjer innanfor eit stadig meir spesialisert samfunn. At det
heile tida blir utvikla ein oppdatert norsk terminologi som grunnlag
for fagleg kommunikasjon, er på mange måtar ein føresetnad både
for å vitalisera allmennspråket og for å effektivisera og demokratisera
den alminnelege informasjons- og kunnskapsformidlinga i samfunnet.
Det overordna målet for språkpolitikken fordrar eit
kontinuerleg arbeid over eit breitt felt med sikte på å styrkja
og utvikla norsk språk som eit rikt og funksjonelt bruks- og kulturspråk
og som uomstridt nasjonalspråk og hovudspråk i Noreg.
Det overordna målet for språkpolitikken byggjer på
den erkjenninga at norsk er kløyvd i to skriftspråk. Desse er formelt
likestilte, men har i røynda svært ulike rammevilkår.
Det er behov for eit meir heilhjarta og systematisk
arbeid for å styrkja nynorsk språk og den nynorske skriftkulturen
på brei basis. Dette er eit særskilt språkpolitisk mål og utgjer
det andre gjennomgangstemaet i meldinga.
I den nye språkpolitikken vil det vera eit underforstått
prinsipp at tiltak til styrking av norsk språk generelt også må
omfatta tiltak for å fremja nynorsk språk spesielt, når dette er
relevant.
Ein heilskapleg språkpolitikk må også ha som mål
å verna og styrkja samisk språk og dermed det språklege grunnlaget
for det samiske urfolket i Noreg.
Vidare må språkpolitikken leggja til rette for
å verna og fremja språka til nasjonale minoritetar, slik at dei
kan bevara og utvikla sin eigen språklege identitet.
Elles må norsk teiknspråk få høgare offisiell
status, og arbeidet med å byggja ut dei språklege rettane for norske
teiknspråkbrukarar må halda fram.
Språkpolitikken må dessutan ta omsyn til alle grupper
av nordmenn med nyare innvandrarbakgrunn, i det heile alle dei som
er to- eller fleirspråklege med eit anna morsmål enn norsk. Desse
gruppene har gjort at Noreg i dag i endå større grad enn i tidlegare
tider er eit mangespråkleg samfunn, og at ein større del av språkbrukarane
no har fleirspråkleg bakgrunn og kompetanse.
Til saman representerer samisk språk, språka
til nasjonale minoritetar, norsk teiknspråk og alle dei nyare innvandrarspråka
eit språkleg mangfald som i dag er med på å utfylla biletet av den totale
språksituasjonen i landet. Dette språklege mangfaldet må utgjera
eit tredje element i den nye språkpolitikken.
Samanlikna med mange andre nasjonar og skriftkulturar
både i Europa og verda elles utgjer Noreg åleine eit heller lite
språkområde.
Med eit slikt utgangspunkt blir det desto viktigare
å utvida det språkpolitiske perspektivet til også å omfatta våre
språklege grannar i Norden. Det at dei tre skandinaviske språka
ligg så nær kvarandre at dei er gjensidig forståelege, inneber at
vi i Noreg får direkte tilgang til eit mykje større språk- og kulturområde
enn vårt eige norske. Den nordiske språkfellesskapen representerer
såleis eit verdifullt supplement til norsk språkkultur.
At vi i Noreg gjer det vi kan for å halda ved
like og utvikla den gjensidige språkforståinga i Norden, er ikkje
berre med på å utvida den direkte språklege og kulturelle horisonten
vår og stimulera all mellommenneskeleg kontakt internt i Norden.
Dette gjer det også lettare på nordisk plan, ved å byggja vidare
på eit allereie veletablert språksamarbeid, å møta dei språkpolitiske utfordringane
som vi i stor grad deler med dei nordiske naboane våre.
Jamvel om det nordiske samkvemmet generelt og
det nordiske språksamarbeidet spesielt har lang tradisjon, må det
heile tida haldast ved like og fornyast. Difor må det nordiske perspektivet utgjera
eit fjerde element i den nye språkpolitikken.
I ei verd der internasjonalt samkvem får stadig meir
å seia, må det også stillast auka krav til den framandspråklege
kompetansen hos nordmenn flest. Særleg er det behov for å heva kunnskapane
og dugleiken i engelsk.
Dette står ikkje i motsetnad til behovet for
å styrkja konkurranseevna til norsk språk i høve til engelsk på
den heimlege arenaen.
Derimot er det viktig å streka under verdien
av å søkja kunnskap og internasjonale kontaktar også gjennom andre
framandspråk enn engelsk. Difor er det om å gjera at det på ulike
nivå i det norske samfunnet finst eit breitt tilbod om framandspråkleg
opplæring.
Dette framandspråklege perspektivet vil utgjera eit
femte element innanfor ein heilskapleg språkpolitikk.
Alle dei fem perspektiva som er nemnde ovanfor,
høyrer med i ein heilskapleg språkpolitikk og er med på å gje innhald
til eit slikt uttrykk.
Men også hovudmålet for den nye språkpolitikken
– å sikra det norske språkets posisjon som komplett og samfunnsberande
språk i Noreg – fordrar i seg sjølv ei heilskapleg tilnærming.
Ein slik politikk kan ikkje definerast og utformast
åleine innanfor ei sektorpolitisk ramme. Den må i prinsippet handla
om språk og språkbruk innanfor alle samfunnssektorar. Det er grunnen
til at den nye språkpolitikken må ha ein klart uttalt sektorovergripande
eller tverrgåande karakter.
Eit sentralt utviklingstrekk i mange land er
ein aukande tendens til bruk av engelsk også i situasjonar der sjølve
kommunikasjonen ikkje krev det. Engelsk har i dag vunne seg ein
unik posisjon som vår tids internasjonale hjelpespråk. Det knyter
seg difor så sterk prestisje til bruk av engelsk at både små og
store nasjonalspråk verda over møter stadig sterkare tevling frå
engelsk også på sin eigen språklege heimemarknad.
Når engelsk vinn stadig sterkare innpass til
fortrengsel for norsk, står vi overfor faren for såkalla domenetap,
dvs. at norsk språk blir trengt til sides og ikkje lenger er i bruk
innanfor eit bestemt samfunnsområde. I den grad denne tilstanden
smittar frå eitt samfunnsdomene til eit anna, kan eit fullverdig
norsk språk vera truga.
Eit hovudsynspunkt i ei rekkje land i dag er
at ein framtidsretta språkpolitikk må byggja på den erkjenninga
at nasjonalspråka våre vil stå seg stadig dårlegare dersom vi ikkje
har ei medviten haldning til verdien av vårt eige språk og utviklar ein
strategi for aktiv språkstyrking.
Eit språkpolitisk heilskapsperspektiv tilseier elles
at språkspørsmål blir behandla ut frå ulike innfallsvinklar.
Eit naturleg utgangspunkt er å behandla språket som
instrument for kvar enkelt språkbrukar. Dette reiser spørsmål om
korleis menneske med ulike føresetnader kan tileigna seg språket
og læra seg å meistra det best mogleg. Det handlar om språkkompetanse
som nøkkel til suksess og framgang i samfunns- og yrkesliv, om språket som
kulturell døropnar og om den identitetsskapande og danningsmessige
funksjonen som språket har.
Det som er grunnleggjande i så måte, er den språkopplæring
kvar enkelt språkbrukar får. Denne delen av språkpolitikken er behandla
i ei eiga melding som Kunnskapsdepartementet har lagt fram om språkstimulering
og språkopplæring, jf. St.meld. nr. 23 (2007–2008). I meldinga her
blir difor språkbrukarperspektivet berre behandla relativt kort,
med vekt på temaet språklege rettar sett i utvida og overordna perspektiv.
Det følgjer av det som er sagt i innleiinga
om det overordna perspektivet for den nye språkpolitikken, at den
innfallsvinkelen som er grunnleggjande i meldinga her, er spørsmålet
om kva status og posisjon språket har i samfunnet. Dette dreier
seg om kor utbreitt språket er som morsmål og skriftleg bruksspråk,
kva offisiell stilling det har, men først og fremst i kva grad det faktisk
er i levande bruk på alle område av samfunnslivet.
I denne meldinga nyttar vi uttrykket språkstyrking
som samlenemning på den delen av språkpolitikken som rettar seg
direkte mot å fremja språkets status og bruk.
Ein tredje innfallsvinkel er språket sjølv,
kva tilstand språksystemet er i, kor godt språket er dokumentert,
tilhøvet mellom talespråk og skriftspråk, mellom standardspråk og
dialekt, korleis språket utviklar seg, språkleg variasjon, tilhøvet
mellom tradisjon og fornying og i det heile korleis språket fungerer
både som kulturuttrykk og som reiskap for effektiv kommunikasjon.
I denne meldinga nyttar vi uttrykket språkdyrking
som samlenemning på den delen av språkpolitikken som har å gjera
med slike spørsmål.
Som dei fleste andre nasjonalspråk er også norsk språk
i ein pressa situasjon. Globalisering og internasjonalisering krev
at det i stadig fleire samanhengar er nødvendig å kommunisera på engelsk,
og det moderne mediesamfunnet gjer at vi i stadig sterkare grad
blir eksponerte for engelskspråklege kulturimpulsar.
Norsk språk har ikkje lenger ein like sjølvsagt posisjon
og status i det norske samfunnet som tidlegare. For alle folk er
språket det viktigaste kulturuttrykket. Som kulturnasjon har vi
difor ei plikt både overfor oss sjølve og verda elles til å ta vare
på vårt eige språk.
Det overordna målet for språkpolitikken må difor
vera å sikra det norske språkets posisjon som eit fullverdig, samfunnsberande
språk i Noreg. Dette perspektivet er det grunnleggjande gjennomgangstemaet
i denne meldinga.
Dei langsiktige konsekvensane av ei utvikling med
statustap og minkande bruksområde for norsk språk er det vanskeleg
å spå om. Eit hovudsynspunkt i mange land er likevel at det er nødvendig
med ein framtidsretta språkpolitikk som byggjer på den erkjenninga
at både språk og nasjon vil stå seg stadig dårlegare dersom vi ikkje
har ei medviten haldning til verdien av dei eigne nasjonalspråka
og utviklar ein strategi for aktiv språkstyrking.
Med bakgrunn i den situasjonen som er skissert ovanfor,
er formålet med denne meldinga å leggja grunnlaget for ein ny og
meir offensiv språkpolitikk med det overordna målet å sikra det norske
språkets status og bruk på alle samfunnsområde, slik at norsk kan
bestå som eit fullverdig, samfunnsberande språk.
Arbeidet for styrking av norsk språk må skje
innanfor ramma av ein heilskapleg språkpolitikk som også femner
om den totale språksituasjonen i landet, både likestillinga mellom
bokmål og nynorsk, det gamle og nye fleirspråklege mangfaldet, det
framandspråklege kompetansebehovet og den nordiske språkfellesskapen.
Hovudgrepet i meldinga er framlegget om å etablera
språkpolitikk som eit heilskapleg, sektorovergripande politikkområde
med kulturpolitisk forankring. Det inneber ei klargjering av at eitt
departement, Kultur- og kyrkjedepartementet, skal ha eit overordna
språkpolitisk ansvar, men at også andre departement tek språkpolitiske
omsyn med i vurderinga ved utforming og gjennomføring av eigen sektorpolitikk.
I tråd med dette legg meldinga opp til å gje Språkrådet
eit breiare ansvar som operativt fagorgan for ein sektorovergripande
språkpolitikk, å gje Språkrådet funksjonen som nasjonalt samordningsorgan
for utvikling og tilgjengeleggjering av fagterminologi, dessutan
at Språkrådet skal få eit utvida ansvar også for andre språk enn
norsk, og i samband med dette eit eige fagråd for språklege mindretal,
framandspråk og språkopplæring. Det blir foreslått at mandatet til Språkrådet
skal forankrast i lov.
Meldinga formulerer nokre overordna språkpolitiske
mål: at norsk skal vera hovudspråk og nasjonalspråk i Noreg, at
norsk skal vera eit samfunnsberande og fullverdig språk, at det
skal leggjast til rette for at nynorsk blir meir reelt likestilt
med bokmål, at det offentlege skal leggja vinn på å føra eit korrekt
og forståeleg språk, og at alle skal ha rett til språk, rett til
nasjonalspråk, rett til morsmål og rett til å kunna læra seg framande
språk.
Meldinga skisserer eit system for permanent språkpolitisk
oppfølging: utvikling av språkpolitiske høyrings- og konsultasjonsrutinar,
utvikling av det språkpolitiske kunnskapsgrunnlaget, ein årleg språkpolitisk
tilstandsrapport, og at den lovpålagde målbruksmeldinga skal utvidast
til ei heilskapleg språkpolitisk rapporteringsmelding til Stortinget kvart
fjerde år.
Meldinga legg opp til at det skal utarbeidast
ei allmenn språklov som slår fast det norske språkets status som
hovudspråk, og definerer den status og rolle som tilkjem også andre
språk enn norsk. Meldinga anerkjenner norsk teiknspråk som eit fullverdig
språk og foreslår at det overordna offentlege ansvaret for teiknspråk skal
forankrast i den nemnde språklova.
Det blir lagt opp til å avklara verkeområdet
for gjeldande lov om målbruk i offentleg teneste etter same modellen
som den nye offentleglova. Samstundes blir det varsla at gjeldande
målbruksreglar skal gjennomgåast, og at det skal utgreiast om det
bør vera eigne reglar for målbruk også i kommunane.
Meldinga gjer greie for arbeidet med å førebu etablering
og oppbygging av ein norsk språkbank, eit viktig nasjonalt infrastrukturtiltak
som skal sikra at det blir utvikla språkteknologiske produkt tufta
på norsk språk, og dermed hindra tap av bruksområde for norsk språk
på teknologiavhengige område.
Tiltaket vil også fremja næringsutvikling og
nye former for språkforsking, bidra til at det kan utviklast norskspråklege
hjelpemiddel for personar med nedsette funksjonsevner, og vil også kunna
føra til språkteknologiske løysingar som kan bidra til effektivisering
av offentleg forvaltning. Arbeidet med å byggja opp språkbanken vil
skje over fleire år.
Det blir elles foreslått å setja ned eit permanent interdepartementalt
utval for språk og teknologi, og eit vidare samarbeid med Fornyings-
og administrasjonsdepartementet for å sikra at viktig programvare
til bruk i det offentlege skal finnast tilgjengeleg også i nynorskversjonar.
Som eit overordna språkpolitisk tiltak innanfor forsking
og høgare utdanning vil Regjeringa fremja forslag om å lovfesta
at universitet og høgskular har ansvar for vedlikehald og vidare utvikling
av norsk fagspråk. Eit slikt forslag vil bli sendt på høyring til
dei institusjonane det vedkjem.
Den generelle hovudstrategien for å motverka domenetap
for norsk språk innanfor delar av samfunnet som er sterkt prega
av internasjonalisering, er elles å etablera slike språkdomene som
parallellspråklege. Det inneber at norsk og engelsk må kunna brukast
side om side, men slik at norsk blir verande det føretrekte språket.
Norsk skal då brukast dersom det ikkje er nødvendig eller formålstenleg
å bruka engelsk i staden. Dette må nyanserast etter dei behov som
gjer seg gjeldande på kvart område. Målet er at dette skal sikra
norsk fagspråk og kunnskapsformidling og samstundes leggja til rette
for at vi kan delta for fullt i alle former for internasjonalt samkvem.
Det blir lagt opp til at Språkrådet skal intensivera rådgjevingsarbeidet
sitt overfor arbeids- og næringslivet, og at det i samarbeid med
partane i arbeidslivet skal arbeidast vidare med å utvikla næringslivets
samfunnsansvar til også å omfatta omsynet til norsk språk.
Det blir reist spørsmål om det kan gjennomførast eit
forskingsprogram om forholdet mellom språk og produktivitet, og
det blir varsla ei utgreiing om teknologibasert språkbruk i arbeidslivet.
Vidare blir det lagt opp til eit samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet
for å få omsett fleire internasjonale standardar til norsk, og om
Standard Norge si rolle i terminologiarbeidet.
Meldinga drøftar ulike språkdyrkingstiltak,
mellom anna støtte til leksikalsk dokumentasjon av norsk språk,
sikring, forvaltning og digitalisering av papirbaserte språksamlingar
og innsamling av norske, samiske og kvenske stadnamn.
Eit spesielt tiltaksområde er arbeidet for eit
betre og meir forståeleg offentleg språk, viktig også i eit velferds-
og demokratiperspektiv. For staten blir det foreslått å etablera
ein standard for språkleg kvalitet, eit system for språkleg internkontroll,
eit nettverk av interne språkkontaktar og eksterne språkkonsulentar
og eit vidare arbeid med språkleg kvalitet i lover og forskrifter.
Det blir foreslått som eit språkpolitisk prinsipp
at omsynet til nynorsk alltid skal vurderast eksplisitt når det
dreier seg om tiltak som involverer norsk språk, eit prosjekt for
å fremja dei positive verdiane i den språkdelte norske kulturen,
ein systematisk gjennomgang av kultur- og medieområdet for å vurdera
sterkare synleggjering av nynorsk, sterkare profilering av nynorsk
språk og kultur blant barn og unge, mellom anna i Den kulturelle
skulesekken, kartlegging av nynorskbruk i kommunane.
Det blir lagt opp til at statlege organ skal
ha ein språkleg kompetanseplan som sikrar at dei kan oppfylla lovpålagde
krav om bruk av nynorsk og bokmål, kombinert med ei opning for å
kunna frita medarbeidarar med minoritetsspråkleg bakgrunn frå plikta
til å bruka begge målformer. Regjeringa tek sikte på å oppretta
eit fond, Vinjefondet, der avkastninga skal gå til å fremja nynorsk
i media.
Når det gjeld tiltak for samisk språk, viser
meldinga her til den nyleg framlagde samemeldinga frå Arbeids- og
inkluderingsdepartementet. Det overordna tiltaket som er varsla
der, er at Regjeringa vil setja i gang arbeidet med ein handlingsplan
for samisk språk.
Meldinga foreslår fleire ulike tiltak for revitalisering
av kvensk språk og varslar ei nærare vurdering av kva som kan gjerast
for å tryggja minoritetsspråka romani og romanes.
På kultur- og medieområdet blir det foreslått fleire
tiltak for å styrkja den nordiske språkfellesskapen.
Mange av dei innarbeidde og veletablerte støtte- og
tiltaksordningane innanfor kultur- og mediesektoren har også klare
språkpolitiske funksjonar. Meldinga drøftar korleis ei vidare utvikling
av utvalde ordningar og tiltak kan bidra til å styrkja norsk språk
generelt og nynorsk spesielt. Mellom anna blir det lagt opp til
ein meir systematisk strategi for å fremja lesing blant barn og
unge.
Det overordna strategiske målet for den språkpolitikken
som er skissert i denne meldinga, er å motverka domenetap for norsk
språk og sikra det norske språket ein fullverdig status og bruk
innanfor alle delar av norsk samfunnsliv.
Dette overordna målet må realiserast innanfor ramma
av ein heilskapleg språkpolitikk som tek omsyn til den totale språksituasjonen
i landet, både likestillinga mellom bokmål og nynorsk, det gamle
og nye fleirspråklege mangfaldet, det framandspråklege kompetansebehovet
og den nordiske språkfellesskapen.
Ved utforming og gjennomføring av all offentleg
politikk i Noreg skal det i den grad det er relevant, takast omsyn
til følgjande overordna språkpolitiske mål:
1. Norsk skal vera hovudspråket
og felles nasjonalspråk i Noreg
2. Norsk skal vera eit samfunnsberande
og fullverdig språk
3. Det skal leggjast spesielt til rette
for at nynorsk blir meir reelt likestilt med bokmål
4. Det offentlege skal leggja vekt på å
føra eit korrekt og forståeleg språk
5. Alle skal ha rett til språk, å få utvikla
og tileigna seg det norske språket, bokmål og nynorsk, å få utvikla
og bruka sitt eige morsmål eller førstespråk, inkludert teiknspråk,
sitt eige urfolksspråk eller nasjonale minoritetsspråk, og alle
skal få høve til å læra seg framande språk.
Desse måla skal det takast omsyn til ved utforming
og gjennomføring av all offentleg politikk. Dei vil bli nærare utdjupa
og spesifiserte i det språkpolitiske oppfølgingsarbeidet.
Særleg for å kunne forfølgja det overordna,
strategiske målet å motverka domenetap for norsk språk og sikra
det norske språket ein fullverdig status og bruk på alle samfunnsområde,
legg denne meldinga opp til å få etablert språkpolitikk som eit
sektorovergripande eller tverrgåande politikkområde med kulturpolitisk
forankring.
Ein føresetnad for dette er at alle departement har
eit språkpolitisk ansvar og tek språkpolitiske omsyn når dei utformar
og gjennomfører relevante delar av sin eigen sektorpolitikk, men
samstundes slik at det overordna språkpolitiske ansvaret er klart
og eintydig plassert i Kultur- og kyrkjedepartementet, og at Språkrådet
som fagorgan har ein operativ og strategisk samordnings- og pådrivarfunksjon.
Det språkpolitiske hovudmålet om å styrkja norsk
som samfunnsberande og fullverdig nasjonalspråk inneber at det må
skapast positive haldningar til og leggjast praktisk til rette for bruk
av norsk språk generelt og nynorsk spesielt i alle sektorar av norsk
samfunnsliv og i alle aktuelle språkbruksfunksjonar.
Ein føresetnad for på denne måten å fremja det norske
språkets status og bruk er at også sjølve språket blir dyrka og
røkta, slik at det kan haldast i god hevd og danna grunnlag for
god språkbruk og effektiv kommunikasjon.
Når det overordna målet for språkpolitikken
har å gjera med språkets status og bruk i samfunnet, blir det også
ekstra tydeleg at denne politikken ikkje kan reduserast til rein
sektorpolitikk. Dei språkpolitiske måla handlar i stor grad om språk og
språkbruk innanfor alle sektorar av samfunnet.
Svært mange samfunnsspørsmål vil dermed ha ei
språkpolitisk side, og språkpolitikk blir dermed ein dimensjon som
det må takast omsyn til i mange ulike samanhengar. Ein moderne språkpolitikk
vil med andre ord vera ein typisk sektorovergripande politikk.
Alle fagdepartement må ta eit språkpolitisk
ansvar, på liknande vis som dei har eit miljøansvar og eit ansvar
for likestilling mellom kjønna.
Alle departement skal ha eit ansvar for å fremja det
norske språkets status og bruk innanfor sine respektive sektorar,
å fremja nynorsk språkbruk spesielt, å fremja eit korrekt og velfungerande språk,
å vareta språkbrukarane sine rettar osv.
Språkpolitiske mål og tiltak må i større grad
enn i dag integrerast innanfor all politikkutforming der dette er
relevant.
Jamvel om språkpolitisk ansvar på denne måten vil
vera vidt fordelt, kan vi ikkje ha ein språkpolitikk som sprikjer
i ulike retningar. Vi skal ha ein einskapleg og konsistent språkpolitikk.
Dette krev at det overordna språkpolitiske ansvaret
blir plassert klart og tydeleg i eitt departement, og at dette overordna
ansvaret blir utøvd i nær dialog med eit underliggjande fagleg-administrativt
organ som arbeider meir detaljert og konkret med språkpolitisk oppfølging.
Både det departementet som har det overordna språkpolitiske
ansvaret, og det underliggjande fagorganet må innanfor staten ha
ein språkpolitisk koordinerings- og pådrivarfunksjon overfor dei
andre departementa og deira underliggjande organ.
Det departementet som på denne måten har hovudansvaret
for språkpolitikken, må innanfor ramma av retningslinjer frå Stortinget
og regjeringa utforma og tolka språkpolitiske mål og verkemiddel,
medan det underliggjande organet tilsvarande har eit meir konkret
og operativt fagleg-administrativt ansvar.
Jamvel om språkpolitisk innhald, ansvar og prosedyrar
til no ikkje har vore klart og tydeleg definerte, er likevel forvaltning
av ulike språkspørsmål tradisjonelt ein del av det kulturpolitiske
ansvarsområdet og ligg difor etter gjeldande departementsinndeling
i Kultur- og kyrkjedepartementet. Statens fagorgan i språkspørsmål,
Språkrådet, er også administrativt underlagt Kultur- og kyrkjedepartementet.
Det at språkpolitisk ansvar i dag må vera mykje breiare
enn før, gjev difor ikkje mindre grunn til å slå fast at all språkpolitikk
må ha ei klar kulturpolitisk forankring. Det er dermed naturleg
at det overordna språkpolitiske ansvaret følgjer det kulturpolitiske
sektoransvaret. Etter gjeldande departementsinndeling inneber det
at det overordna språkpolitiske ansvaret skal liggja i Kultur- og
kyrkjedepartementet.
Innanfor ulike delsektorar av kultursektoren
må ein leggja til rette for at relevante språkpolitiske mål og tiltak
blir tekne omsyn til når den spesifikke sektorpolitikken skal utformast
og gjennomførast.
I tillegg til å vareta eit eige språkpolitisk
sektoransvar skal altså Kultur- og kyrkjedepartementet ha eit ansvar
for å integrera språkpolitiske omsyn innanfor andre delar av kultursektoren,
og ikkje minst ha eit overordna ansvar for å sjå til at slike omsyn
også kjem med i vurderinga innanfor politikkområde som dei andre
fagdepartementa har sektoransvaret for.
Det er grunn til å streka under at Kultur- og kyrkjedepartementet
må ha eit særleg ansvar for å vareta og fremja dei spesifikt språkpolitiske omsyna
også i dei tilfelle der dei viktigaste verkemidla høyrer inn under
ansvarsområdet til andre departement. Det gjeld sjølvsagt også når det
er tale om ulike minoritetsspråklege spørsmål. Også omsynet til
norsk teiknspråk og norske teiknspråkbrukarar høyrer med innanfor den
språkpolitikken som Kultur- og kyrkjedepartementet skal ha eit overordna
ansvar for å fremja.
For over tid å kunna følgja opp det språkpolitiske ansvaret
som er skissert i meldinga, legg departementet opp til fastare prosedyrar
og ordningar som i større grad vil setja språkpolitikken i system.
Dette oppfølgingssystemet har fire hovudelement, og Språkrådet som
fagorgan vil her vera det viktigaste instrumentet og den viktigaste
aktøren.
Departementet vil vurdera korleis ein betre
enn i dag kan sikra at Språkrådet i større grad blir drege inn i
sektorpolitiske avgjerdsprosessar og i breiare politikkutforming
med språkpolitisk relevans. Dette er dels eit informasjonsspørsmål, men
det kan også vera aktuelt å vurdera om ein kan formalisera ulike
former for språkpolitiske kontakt- og konsultasjonsprosedyrar.
Departementet vil også vurdera korleis føresetnader
om språkpolitisk konsultasjon og medverknad frå Språkrådet og Kultur-
og kyrkjedepartementet i relevante sektorpolitiske avgjerdsprosessar
kan forankrast i det språkpolitiske lov- og regelverket.
Når det overordna målet for språkpolitikken
har å gjera med språkets status og bruk i samfunnet, og når Språkrådet
i tråd med dette i større grad enn før skal involvera seg over eit
breitt spekter av sektorspesifikke saksfelt, stiller det også nye krav
til kompetanseprofil og arbeidsmåtar i Språkrådet sjølv. Det viktigaste
formålet med den omdanninga institusjonen har gjennomgått, var nettopp
å leggja til rette for meir utoverretta aktivitetar og eit breiare
samfunnsengasjement.
Departementet vil drøfta nærare med Språkrådet på
kva måte vi her i landet kan utvikla ein mal for ein årleg tilstandsrapport
som gjer det mogleg å følgja utviklinga i det norske språkets status
og bruk på ein meir systematisk måte. Føresetnaden i første omgang
må vera at dette blir ein rapport på eit meir overordna nivå, som
så eventuelt kan utviklast meir i detalj etter kvart.
I kjølvatnet av arbeidet med eit slikt språkbarometer
vil departementet i samråd med Språkrådet vurdera om det også lèt
seg gjera å utvikla meir nyanserte metodar for å måla effekten av
språkpolitiske tiltak.
Departementet legg stor vekt på at det framleis skal
vera fastsett i lov at det minst kvart fjerde år skal leggjast fram
ei stortingsmelding som rapporterer om oppfølging av målbruksreglar
og bruk av nynorsk i statleg og statstilknytt verksemd.
Departementet ønskjer likevel å utvida dette
periodiske meldingssystemet til ein rapport som kan gje Stortinget
grunnlag for eit breiare språkpolitisk ordskifte. Det betyr først
og fremst at meldinga også må omfatta ei vurdering av situasjonen
både for norsk språk generelt og nynorsk spesielt innanfor heile
det norske språksamfunnet, altså ikkje berre for nynorsk i staten.
Departementet tek sikte på å innarbeida kravet om
ei slik språkpolitisk melding til Stortinget kvart fjerde år i det
språkpolitiske lovverket.
Departementet si vurdering er at det nye arrangementet
med eit departementsstyrt forvaltningsorgan med basis i vedtekter
fastsette av departementet kan bli for laust og sårbart til å driva
eit kraftfullt, utoverretta og tverrgåande språkpolitisk pådrivar-
og koordineringsarbeid.
Ei lov med forskrifter vil representera ein
mykje fastare basis, gjera institusjonen meir robust og gje større
autoritet og legitimitet til arbeidet.
Det er likevel eit behov for å sjå ei ny lov
om Språkrådet i ein større samanheng. Dette vil vera med og avgjera
om det skal lagast ei stutt lov som berre regulerer korleis institusjonen
skal organiserast, og kva oppgåver han skal ha, eller om det kan
vera aktuelt med ei meir omfattande lov.
Departementet meiner at det er behov for at
det norske språkets posisjon og verdi blir langt sterkare markert
og synleggjort i samfunnsdebatten enn det som er tilfellet i dag.
Departementet meiner at ei klar lovforankring vil
vera med på å leggja grunnlaget for ei sterkare språkpolitisk bevisstgjering
og ein meir offensiv språkpolitikk til beste for både norsk språk
generelt og nynorsk spesielt.
Ei lovforankring vil kunna gje grunnlag for
eit meir aktivt og effektivt språkstyrkingsarbeid og innebera ei
legal sperre mot at norsk blir erstatta med engelsk i konkrete brukssituasjonar
der dette ikkje er nødvendig for å kunna kommunisera på ein tenleg
måte.
Ei lovforankring vil vera eit godt utgangspunkt for
eit meir planfast og konkret språkstyrkingsarbeid over tid.
Eit viktig utgangspunkt er at ei lov kan verka normdannande
og gje uttrykk for eit ideal å strekkja seg etter. Ei generell språklov
vil framheva den grunnleggjande funksjonen norsk språk skal ha som
eit felles språk for alle i Noreg, noko som likevel ikkje føreset
at alle innbyggjarane heile tida berre bruker norsk.
Lovutforminga må også sjåast i samanheng med om
det kan bli aktuelt å gå vidare med tanken om grunnlovfesting av
omsynet til norsk språk eller av norsk språk og kultur.
Departementet tek sikte på å arbeida vidare
med m.a. desse spørsmåla etter at språkmeldinga er behandla i Stortinget.
Etter at Stortinget no har vedteke den nye lova om
rett til innsyn i offentleg verksemd, har Kultur- og kyrkjedepartementet
kome til at avgrensinga av verkeområdet for denne lova også vil vera
eit tenleg utgangspunkt for å definera kva verksemder som bør omfattast
av lovreglar om målbruk.
Det trengst ei nærare avklaring av korleis ein skal
dra grensa mellom reint offentlege eller offentleg dominerte verksemder
og verksemder med eit sterkt privat innslag eller ei sterkt uavhengig
stilling. Dessutan er det rimeleg å ta omsyn til at det for visse
verksemder kan vera ei større ulempe enn for andre å vera bundne
av den type lovreglar som det er tale om, både etter offentleglova
og mållova, og dette krev også ei nærare avgrensing.
Etter den nye offentleglova er den første avgrensinga
basert på offentleg eigardel, eventuelt offentleg styrerepresentasjon,
medan den andre avgrensinga er basert på om rettssubjektet driv næring
i direkte konkurranse med og på same vilkår som private.
Departementet vil byggja på desse to avgrensingane
også når det gjeld ei nærare avgrensing av verkeområdet for mållova.
Det er også aktuelt å vurdera om mållova bør
innehalda ein hovudregel om lova i utgangspunktet skal gjelda for
institusjonar som får meir enn 50 prosent av inntektene sine frå
staten. Departementet vil koma tilbake til desse spørsmåla etter at
saka har vore på høyring.
Oppsummert må det seiast at Språkrådet alt i
dag har eit relativt vidt ansvarsfelt med mange ulike oppgåver,
og at ein meir offensiv politikk for styrking av norsk språk dessutan
vil krevja auka innsats på mange av desse felta. Dette er det nødvendig
å ha i tankane når ein skal vurdera å gje Språkrådet eit utvida
ansvar også for andre språk enn norsk.
I arbeidet med å følgja opp denne meldinga vil departementet
prioritera framlegget om å tilleggja Språkrådet funksjonen som nasjonalt samordningsorgan
for utvikling og spreiing av norsk terminologi.
Dinest kjem behovet for å leggja til rette for
at Språkrådet kan følgja opp det generelle språkstyrkingsarbeidet
og det sektorovergripande engasjementet som følgjer i kjølvatnet
av dette.
I tredje omgang vil departementet prioritera
arbeidet med å leggja til rette for eit utvida ansvar for Språkrådet
i tråd med det som blir drøfta i meldinga.
Departementet meiner tida no er inne til å gå
i gang med å førebu ei utviding av ansvarsområdet til Språkrådet,
slik at institusjonen får eit definert språkpolitisk ansvar også
for andre språk i Noreg enn norsk, jamvel om dette nødvendigvis må
vera det største og fremste arbeidsområdet også i framtida.
Språkrådet sitt ansvar for spørsmål som gjeld kvensk,
må avgrensast mot det ansvaret som etter føresetnaden skal liggja
til det nye kvenske språkrådet som er under oppbygging.
Spørsmålet om kva rolle Språkrådet kan spela med
tanke på å støtta opp under norsk romani og romanes, må drøftast
nærare med relevante språkbrukarrepresentantar.
Det er i meldinga lagt til grunn at også spørsmål som
gjeld norsk teiknspråk og norske teiknspråkbrukarar har ein språkpolitisk
dimensjon, til liks med spørsmål som gjeld alle verbalspråk. Difor
må også omsynet til norsk teiknspråk heretter bli ein integrert
del av ein heilskapleg og overordna språkpolitikk, men det må arbeidast
vidare med kva praktiske konsekvensar eit slikt prinsippstandpunkt
bør få.
Det må elles vurderast nærare kva oppgåver Språkrådet
kan vareta når det gjeld alle dei nyare innvandrarspråka i landet.
Departementet vil setja ned ei hurtigarbeidande ekspertgruppe
med mandat å leggja fram eit konkret forslag til korleis Språkrådet
sitt ansvar for andre språk i Noreg enn norsk kan konkretiserast
og avgrensast. Samansetjinga av gruppa vil mellom anna bli vurdert
i samråd med Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Ei utviding av ansvarsområdet for Språkrådet
til å gjelda andre språk enn norsk vil i prinsippet også kunna omfatta
samisk. Det er likevel for tidleg å ta stilling til om Språkrådet
skal ha ei nærare definert rolle også når det gjeld samisk språk,
og det blir difor ikkje teke stilling til det i denne meldinga.
Dette spørsmålet må drøftast nærare med relevante
instansar og avklarast i samsvar med gjeldande prosedyrar for konsultasjonar
med Sametinget. Det vil difor inngå som ein del av det etterfølgjande
oppfølgingsarbeidet.
1. Regjeringa vil etablera
språkpolitikk som eit heilskapleg, sektorovergripande politikkområde med
kulturpolitisk forankring.
2. Departementet foreslår fem overordna
mål for den nye språkpolitikken.
3. Departementet vil styrkja Språkrådet
som operativt fagorgan for ein sektorovergripande språkpolitikk.
4. Departementet vil saman med Språkrådet gjennomgå
den nye organisasjons- og styringsmodellen for Språkrådet for å
vurdera om det er behov for justeringar.
5. Ansvarsområdet til Språkrådet vil bli
utvida til å omfatta også andre språk enn norsk.
6. Språkrådet får eit nytt, femte fagråd
med ansvar for minoritetsspråk, språklege mindretal og framandspråk
og med språkopplæring som hovudperspektiv.
7. Departementet vil utarbeida eit framlegg
til lovforankring av Språkrådet.
8. Departementet vil setja i gang arbeidet
med ei overordna språklov som skal slå fast den status og funksjon
det norske språket må ha som hovudspråk i Noreg, og kva status og
rolle andre språk enn norsk skal ha.
9. Departementet vil etablera eit permanent språkpolitisk
oppfølgingsregime, jf. dei påfølgjande punkta 10–13.
10. Departementet vil etablera eit system
for språkpolitiske høyrings- og konsultasjonsordningar.
11. Departementet vil styrkja det språkpolitiske kunnskapsgrunnlaget
i Språkrådet slik at språkpolitiske tiltak blir godt forankra i
dokumentasjon og analyse.
12. Departementet vil gje Språkrådet i
oppgåve å utarbeida ein årleg språkpolitisk tilstandsrapport, eit
såkalla språkbarometer.
13. Departementet vil gjera framlegg om
å lovfesta at det skal leggjast fram ei periodisk stortingsmelding
om språkpolitikk i kvar stortingsperiode.
14. Departementet vil gjennomgå gjeldande
målbruksreglar og greia ut behovet for eit oppdatert og tilpassa
regelverk om bruk av bokmål og nynorsk i staten, og om det bør vera
nærare målbruksreglar også for kommunesektoren.
15. Departementet vil senda på høyring
eit framlegg til avklaring av verkeområdet for den noverande mållova
tufta på dei same avgrensingskriteria som i den nye offentleglova.
Ein ny språkpolitikk må sikra språkleg og kulturelt
mangfald saman med dei best moglege vilkåra for demokrati og deltaking
for alle innbyggjarar.
Sett ut frå enkeltpersonar sin rett til demokratisk deltaking
er det viktig at:
alle får høve til
å bevara og utvikla morsmålet sitt, slik at dei kan delta som fullverdige medlemmer
i den språkgruppa dei høyrer til,
alle får læra å skriva og snakka flytande
norsk godt nok til å delta på like vilkår i samfunnet både når det
gjeld utdanning, arbeid, politikk og kultur, og at
alle lærer seg så godt engelsk og eventuelt
andre framande språk at dei kan delta i det globaliserte samfunnet.
For at norsk skal ha den nødvendige språklege berekrafta,
må begge målformene og dermed den samla språkdelte norske kulturen
bli ein kulturell allmenning, eit felleseige. Utan at variasjonane
i norsk blir opplevde og aksepterte som eit felles eige, vil det
vera vanskeleg å syta for at begge målformene har eit minimum av
språkleg makt. Denne språkdelte norske kulturen må også opnast for
dei nye innvandrarmiljøa.
Reell valfridom, mangfald og jamstilling bør vera
berebjelkane i offentleg språkpolitikk. Dei politiske tiltaka må
ta omsyn til at språkbrukarane er ulike, men likeverdige.
I dag må nynorsk og bokmål oppfattast som integrerte
delar i ein språkdelt nasjonal felleskultur, og som uttrykk for
eit kulturelt mangfald som det ville vera eit stort tap for Noreg
som kulturnasjon å gje avkall på. Skal eit språk haldast i hevd,
må det brukast. Både praktisk og økonomisk må det leggjast til rette
for at nynorsk kan tryggja og styrkja posisjonen sin som eit levande bruksspråk
så vel som eit likeverdig offisielt skriftspråk ved sida av bokmål.
Grunnlaget for ein demokratisk språkpolitikk
i Noreg bør difor vere ei erkjenning av at Noreg er eit fleirkulturelt
og mangespråkleg samfunn der dei to norske målformene utgjer det
fellesspråket som norske statsborgarar i utgangspunktet må kunna
godt, og som innbyggjarar skal kunna bruka i alle samanhengar. Nødvendige
unntak eller tilpassingar må utformast slik at dei ikkje rokkar ved
dette utgangspunktet.
Nynorsk høyrer i utgangspunktet alltid med der norsk
språk blir tematisert eller brukt. I dei tilfella der nynorsk likevel
ikkje er ein relevant faktor, må dette legitimerast aktivt og behova
til nynorskbrukarane bli dekte. Det normale vil då vera at nynorsken
blir rekna med. Dette er kalla prinsippet nynorsk.
I Noreg har nynorsk vore ein nødvendig føresetnad
for at mange nok skal bry seg om den språklege sida av livet. Det
gjer prinsippet nynorsk til ein nødvendig føresetnad i moderne kulturpolitikk.
Den svært skeive fordelinga av uformell språkleg
makt kan endrast og regulerast gjennom ei aktiv lovgjeving på dei
områda der lover og reglar er formålstenlege verkemiddel.
Mellom anna må verkeområdet for mållova avklarast.
Det må følgjast opp meir aktivt at lova blir etterlevd, og nye verkemiddel
må vurderast.
Anna relevant lovverk bør vurderast i lys av
behovet for tydelege reglar og funksjonelle ordningar som styrkjer
språklege rettar og fremjar bruken av norsk, både nynorsk og bokmål.
Di sterkare redigert offentlegheita blir, og
di større mediemakta over kvardagen blir, di viktigare er det at
det språklege dominansforholdet i det norske mediesamfunnet blir
endra.
Ein ny språkpolitikk må ta med seg vidare dei velprøvde
verkemidla som pressestøtta og sterke allmennkringkastarar representerer.
Det trengst økonomiske støttetiltak til språkprodusentar som er
med og fremjar mindre brukte språk i ulike samanhengar, særleg på
Internett. Dette inkluderer støtte til parallellutvikling av syntetisk
tale på nynorsk og bokmål.
Lokale folkerøystingar er vortne ein viktig
del av det norske demokratiet. Ein ny språkpolitikk vil føra vidare
denne verdifulle tradisjonen og framheva dei samfunnsverdiane han
representerer.
Møtet mellom norsk identitet og kulturarv og
det nye kulturelle mangfaldet er ein svært verdifull del av den
norske kvardagen. Den nye språkpolitikken må sikra gjensidig respekt
mellom desse kulturtradisjonane.
Samstundes som vi held oppe og styrkjer det
kulturelle mangfaldet i Noreg, er det nødvendig at flest mogleg
innbyggjarar meistrar best mogleg det dominerande språket i samfunnet.
Difor må også alle innvandrarar få læra norsk og læra det godt.
Skal eit språk haldast i hevd, må det brukast.
Dei fleste lærer og uttrykkjer seg best på sitt eige morsmål.
Så langt denne delen av språkutviklinga kan styrast
frå folkevalde organ, må ein ny språkpolitikk leggja til grunn eit
prinsipp som litt forenkla kan uttrykkjast gjennom slagordet "norsk
når du kan, engelsk når du må". Med dette er meint at engelsk kan
brukast når det er nødvendig eller formålstenleg, men at norsk elles
er det naturlege språkvalet. Dette er i samsvar med det som er slått
fast i Soria Moria-erklæringa, at norsk må bli verande det føretrekte
språket i alle delar av norsk samfunnsliv.
Uavhengig av den faglege diskusjonen om sjølve
livslagnaden for språket vårt kan vi konstatera at også norsk språk
er i ein pressa situasjon. Det er utan vidare klart at dei utviklingstendensane
som alt i dag kan observerast, er tilstrekkeleg illevarslande til
å motivera ein langt meir offensiv og målretta politikk til styrking
av norsk språk.
Også norsk språkpolitikk må ta utgangspunkt
i den debatten som går føre seg om dei språklege konsekvensane av
den engelskbaserte globaliseringsprosessen. Den dominerande stillinga
for engelsk språk i dag utfordrar jamvel relativt veletablerte nasjonalspråk
over store delar av verda.
Presset frå engelsk kan ta ulike former. Den
forma for påverknad vi i dag er mest uroa over, er det som det no
er vanleg å kalla domenetap. Dette er den mest vidtgåande påverknaden.
Den inneber at ein heilt går over til å bruka engelsk som arbeidsspråk
i visse samanhengar, altså eit totalt språkskifte frå norsk til
engelsk innanfor det som blir kalla eit språkleg domene, dvs. eit avgrensa
bruks- eller funksjonsområde for språket.
Når engelsk ei tid har dominert som bruksspråk innanfor
eit domene, vil det føra til at det ikkje lenger blir produsert
norske omgrep og norske termar. Då betyr det at vi ikkje lenger
kan tenkja eller tala om dette aktivitetsområdet på vårt eige morsmål.
Det er målet om såkalla parallellspråksbruk
som står fram som svaret på det som i dag kan sjå ut til å vera
ei tiltakande utvikling i retning av domenetap for norsk språk.
Slik parallellspråksbruk er nytta her, inneber
det ikkje ei prinsipiell sidestilling av norsk og engelsk, men at
bruk av norsk også skal føretrekkjast.
Dette prinsippet, som vi kunne kalla parallellspråksbruk
med preferanse for norsk, er også reflektert i den politiske plattforma
for Regjeringa.
At norsk skal vera det føretrekte språket i
Noreg, det naturlege språklege førstevalet, må vera eit grunnleggjande
språkpolitisk prinsipp. Men det at norsk skal føretrekkjast, betyr
på den andre sida ikkje at norsk alltid kan veljast. Engelsk eller
eit anna framandspråk skal kunna nyttast i staden for norsk. Det
kan skje i større eller mindre omfang avhengig av situasjonen og
dei behov som er til stades på ulike område.
I tråd med prinsippet om parallellspråksbruk
må det vera eit sentralt strategisk mål å leggja til rette for at
det på alle område av samfunnslivet blir utvikla eit funksjonelt
norsk fagspråk for framtida.
For at dette skal kunna skje, må det først og fremst
utviklast norsk terminologi raskt og effektivt i takt med den faglege,
teknologiske og økonomiske utviklinga i samfunnet.
For det andre må målet vera at denne terminologien
skal stillast til rådvelde for alle aktuelle brukarar gjennom digitale
terminologibasar som er allment tilgjengelege over Internett.
I ein politikk for styrking av norsk terminologi og
fagspråk må full jamstilling mellom nynorsk og bokmål vera eit sjølvsagt
prinsipp. Språkfagleg sett er det fullt mogleg å utvikla terminologi på
nynorsk og bokmål under eitt og i nær samanheng, slik at ein unngår
unødige avvik.
Samla sett er det i dag ein kritisk situasjon
for norsk fagterminologi. Omsetjing av internasjonale standardar
ligg sterkt på etterskot, og det organiserte terminologiarbeidet
ligg nede. Den aktiviteten som går føre seg, er spreidd og ukoordinert,
og den terminologiske produksjonen blir i liten grad gjort tilgjengeleg
eksternt.
Det trengst nye initiativ og nye grep for å
koma i gang med eit offensivt og framtidsretta terminologiarbeid.
Departementet meiner det mest naturlege er å
gje Språkrådet funksjonen som eit overordna, nasjonalt samordningsorgan
for utvikling og tilgjengeleggjering av norsk terminologi. Dette
er i dag meir formålstenleg enn å byggja opp eit nytt organ frå
grunnen av.
Etter gjeldande vedtekter kan departementet tilleggja
Språkrådet spesifikke oppgåver og eventuelle fullmakter innanfor
definerte saksfelt, om nødvendig med nærare reglar om saksførebuing
og avgjerdprosedyre. Med utgangspunkt i denne føresegna vil departementet
nærare konkretisera dei oppgåvene og fullmaktene Språkrådet skal
ha på dette feltet.
Den rolla Språkrådet skal ha, er først og fremst
å ta initiativ, leggja til rette, samordna og ikkje minst vera aktiv
pådrivar for det forskings- og utviklingsarbeidet som skjer i desentraliserte
institutt- og fagmiljø.
Føresetnaden for at Språkrådet skal bli eit
operativt og slagkraftig samordningsorgan på terminologiområdet,
er at institusjonen får tilført auka kompetanse og kapasitet gjennom
nye stillingar i sekretariatet.
Departementet legg difor opp til å tilføra Språkrådet
auka ressursar i samsvar med dette, slik at institusjonen også i
praksis kan ta på seg rolla som eit nasjonalt fagspråk- og terminologisekretariat
og vil koma tilbake til dette i budsjettsamanheng.
Det ligg på området terminologi og standardisering
føre interessante framlegg, mellom anna om ei utvida rolle for Standard
Norge i terminologiarbeidet. Ei viktig utfordring er det også å
få til ein monaleg auke i kapasiteten for omsetjing av standardar
til norsk.
Departementet tek sikte på å innleia eit nærare samarbeid
med Nærings- og handelsdepartementet om desse spørsmåla.
I første omgang vil departementet vurdera kva som
kan gjerast for å leggja til rette for nødvendig oppdatering og
tilgjengeleggjering av dei to terminologidatabasane som Standard
Norge har bygd opp som ledd i tidlegare standardiseringsarbeid.
Ut over dette vil departementet gje Språkrådet
i oppgåve å vurdera og prioritera andre aktuelle tiltak på terminologiområdet,
mellom anna dei forslaga som er lagde fram i Norsk i hundre!
1. Departementet vil
leggja funksjonen som nasjonalt samordningsorgan for utvikling og
tilgjengeleggjering av terminologi til Språkrådet.
2. Departementet vil i samarbeid med Nærings- og
handelsdepartementet vurdera Standard Norge sin funksjon i nasjonalt
terminologiarbeid.
3. Departementet vil ta initiativ til eit
samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet for å vurdera korleis
ein kan leggja til rette for auka kapasitet i arbeidet med omsetjing
av internasjonale standardar til norsk.
4. Som eit eingongstiltak vil departementet
bidra til at Standard Norge kan oppdatera og gjera tilgjengelege
to terminologidatabasar som er bygde opp som ein sideverknad av
standardiseringsarbeidet.
5. Departementet vil gje Språkrådet i oppgåve, saman
med andre aktørar som saka vedkjem, å vurdera andre aktuelle tiltak
på terminologiområdet, mellom anna forslag som er lagde fram i Norsk
i hundre!
At engelsk blir brukt og må brukast i vid utstrekning
innanfor forsking og høgare utdanning, er ein sjølvsagd ting. Problemet
er ikkje at det blir brukt mykje engelsk, heller ikkje at det blir
brukt meir engelsk enn før. Derimot kan det vera ein fare for at
den dominerande stillinga som engelsk språk har fått i det internasjonale
samfunnet, og den særlege prestisje- og symbolverdien som knyter
seg til dette språket, kan føra til at engelsk blir brukt i større
grad enn nødvendig, dvs. også i tilfelle norsk eller eit anna språk
med fordel kunne vore nytta i staden. Dette kan også føra til at
institusjonane undervurderer verdien av å søkja kunnskap og internasjonale
kontaktar gjennom andre framandspråk enn engelsk. I tillegg er det
ein fare for at engelsk blir brukt utan at det blir lagt stor nok
vekt på å utvikla gode engelskkunnskapar og praktisk språkmeistring.
Først og fremst representerer det engelske språkets
dominerande posisjon som internasjonalt vitskapsspråk ei utfordring
for norsk fagspråk. Hovudperspektivet i denne meldinga inneber at
det er arbeidet med å utvikla og halda levande eit fullverdig vitskapleg
fagspråk på norsk som peiker seg ut som ei språkpolitisk hovudutfordring
i åra framover. I dette perspektivet er forsking og høgare utdanning
den strategisk viktigaste samfunnssektoren.
Dersom vi skal realisera det språkpolitiske
hovudmålet om å sikra at norsk skal bestå som eit fullverdig og
samfunnsberande språk i Noreg, må difor arbeidet for å motverka
domenetap for norsk språk i den akademiske verda stå i framgrunnen
i den nasjonale språkpolitikken.
Arbeidet for å hindra norsk domenetap betyr ikkje
at det berre er tale om å fremja mest mogleg bruk av norsk i alle
samanhengar. Det er også svært viktig å utvikla den framandspråklege
kompetansen, særleg i engelsk, og elles leggja til rette for språkstøtte
i ulike former, slik at norske akademikarar blir best mogleg i stand
til å delta både i den internasjonale kunnskapsutviklinga og den
nasjonale kunnskapsformidlinga.
Difor synest det i dag å vera allment erkjent
at nærare retningslinjer for språkbruken også innanfor forsking
og høgare utdanning må byggja på prinsippet om parallellspråksbruk.
Det må strekast under at ein parallellspråkleg strategi
ikkje inneber ei formell sidestilling av norsk og engelsk som akademisk
bruksspråk. Jamvel om den konkrete bruksfordelinga vil måtta variera
mellom anna etter kommunikasjonsform, formål og fagområde, vil det
generelle utgangspunktet vera at nasjonalspråket norsk har forrang
og skal føretrekkjast dersom det ikkje er bestemte grunnar til at
engelsk eller eit anna framandspråk bør brukast i staden.
For å kunna utvikla ein tenleg parallellspråkleg praksis
som sikrar både internasjonalisering og norsk fagspråk, legg Regjeringa
til grunn at alle institusjonane utformar eigne individuelt tilpassa
språkstrategiar med utgangspunkt i den språkpolitiske plattforma
med tilrådde retningslinjer som styret i Universitets- og høgskolerådet
no har gjort vedtak om.
I denne plattforma går det fram at Universitets- og
høgskolerådet vil arbeida for større medvit når det gjeld val av
både undervisnings- og publiseringsspråk.
Som eit overordna språkpolitisk verkemiddel
innanfor forsking og høgare utdanning vil Regjeringa fremja forslag
om å lovfesta at universitet og høgskular har ansvar for vedlikehald
og vidareutvikling av norsk fagspråk. Eit slikt forslag vil bli
sendt på høyring til dei institusjonane det vedkjem.
Ei lovfesting av at universitet og høgskular
har ansvar for norsk fagspråk, vil leggja til rette for undervisnings
på norsk og samstundes sikra utvikling av norsk terminologi i alle
disiplinar.
I forarbeida til ein ny lovregel må det gjerast
nærare greie for kva ansvaret for norsk fagspråk meir konkret skal
innebera, og kva plikter dette vil leggja på universitets- og høgskuleinstitusjonane.
Eit viktig moment vil elles vera å streka under det
ansvaret universitet og høgskular har for at det blir utvikla nye
termar på norsk i takt med import av ny, ofte engelskspråkleg terminologi som
skjer som ledd i den kontinuerlege kunnskapsutviklinga på dei internasjonale vitskapsarenaene.
I tråd med framlegg frå språkutvala i sektoren bør
det også leggjast opp til at institusjonane stiller krav om at doktoravhandlingar
som blir skrivne på engelsk eller eit anna framandspråk, skal ha
eit fyldig samandrag på norsk, og motsett at avhandlingar på norsk
skal ha eit fyldig samandrag på eit internasjonalt språk, som regel engelsk.
Språkpolitisk er det viktig å passa på at finansieringssystemet
for universitet og høgskular ikkje får utilsikta verknader i retning
av å oppmuntra til publisering på engelsk i større grad enn det som
er naturleg ut frå faginterne normer og vitskaplege kommunikasjonsomsyn.
Dei analysane som kan gjerast på bakgrunn av dei taloppgåvene som
hittil ligg føre, tyder ikkje på at systemet til no har fremja publisering
på engelsk til fortrengsel for norsk.
Kunnskapsdepartementet skal evaluera finansieringssystemet
for universitet og høgskular. Dette vil vera ei brei evaluering
som skal ta føre seg mange ulike aspekt, også ein analyse av kva språkpolitiske
verknader ordninga eventuelt kan påvisast å ha. Evalueringa skal
leggjast fram innan utgangen av 2009.
Både av omsyn til generell læringseffekt, innlæring
av grunnleggjande fagterminologi og utvikling og bruk av norsk fagspråk
er det viktig at det innanfor alle fag finst tilgang på norskspråkleg
studielitteratur av god kvalitet. Som eit minimum bør det finnast
norskspråklege innføringsbøker i alle fag.
Det er i hovudsak to verkemiddel som kan vera med
på å stimulera tilgangen på norskspråkleg studielitteratur. Det
eine er å halda fast ved det etablerte fastprissamarbeidet, det
andre er å utvida ordninga med direkte statstilskot.
Fastprisordninga synest å fungera som eit stabiliserande
element i ein sårbar bokmarknad. Dette er bakgrunnen for at Regjeringa
vil halda fast ved det etablerte fastprissamarbeidet for produksjon
av fag- og lærebøker til høgare utdanning.
Fastprissamarbeidet krev unntak frå det generelle
forbodet mot slikt samarbeid i konkurranselova og er tufta på den
noverande bransjeavtalen for bokomsetning som gjeld til 31. desember
2010. Ved kongeleg resolusjon er det no fastsett at også høvet til
å samarbeida om faste prisar for lærebøker til universitet og høgskular
og fagbøker til profesjonsmarknaden skal gjelda ut heile avtaleperioden.
1. Regjeringa vil fremja
forslag om å lovfesta at universitet og høgskular har ansvar for
vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk.
2. Regjeringa legg til grunn at norsk skal
vera hovudspråket ved norske universitet og høgskular, med unntak
av Samisk høgskole, der samisk skal vera hovudspråket.
3. Det blir lagt til grunn at universitet
og høgskular utformar individuelt tilpassa språkstrategiar.
4. Universitet og høgskular bør vurdera
behovet for å organisera særskilde språktenester, mellom anna med
tilbod om språkvask av manuskript på engelsk og andre internasjonale
språk.
5. I doktoravhandlingar som er skrivne
på engelsk eller eit anna framandspråk, skal det stillast krav om
eit fyldig samandrag på norsk, og tilsvarande skal det vera krav
om samandrag på engelsk for avhandlingar på norsk.
6. Som ledd i ei brei evaluering av finansieringssystemet
for universitet og høgskular i regi av Kunnskapsdepartementet vil
det også bli gjennomført ein analyse av kva for språkpolitiske verknader
systemet eventuelt kan påvisast å ha.
7. Regjeringa vil vidareføra fastprissamarbeidet for
lærebøker og fagbøker til høgare utdanning ut den noverande avtaleperioden.
Det er i denne meldinga lagt til grunn at læring skjer
best på morsmålet.
Dersom også evna til refleksjon, resonnement
og kreativ tenking framleis er betre på morsmålet enn på engelsk,
vil også produkta av denne aktiviteten kunna bli betre dersom arbeidet
skjer på morsmålet. Dermed vil bedriftene få meir ut av arbeidskrafta
si dersom arbeidstakarane så langt råd er, får høve til å bruka
morsmålet.
At morsmålet i større grad bør brukast der det
lèt seg gjera, inneber likevel ikkje at det blir overflødig å bruka
engelsk i framtidig nærings- og arbeidsliv. Poenget må vera å finna
ein optimal balanse mellom framandspråk og norsk.
Dette inneber også at norsk fagspråk må haldast ved
like og utviklast der fagekspertane opererer, og det er mellom anna
innanfor nærings- og arbeidslivet. Det er bruken av det norske fagspråket
i arbeidslivet i vid meining som rettferdiggjer å nytta ressursar
på vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk og norsk terminologi.
Når det gjeld situasjonen i næringslivet, legg
departementet til grunn om den delen av næringslivet som arbeider
internasjonalt, at det førebels ikkje er grunn til å tru at særleg
mange selskap bruker engelsk i situasjonar der sjølve kommunikasjonen
ikkje krev det.
Det biletet som teiknar seg, er at norsk framleis står
sterkt, men at engelsk er på frammarsj som eit resultat av internasjonaliseringa.
Difor er utan tvil næringslivet eit domene der norsk er særleg utsett,
og det må setjast høgt på lista over prioriterte domene i språkpolitikken
i åra som kjem.
Departementet legg til grunn at ein ny språkpolitikk
må søkja å utvikla ei medviten haldning til språk og språkbruk i
nærings- og arbeidslivet. Det å vera med på å halda det norske fagspråket i
hevd må bli ein del av eit gjennomtenkt samfunnsansvar også innanfor
næringslivet.
Det er mellom anna nødvendig at representantar for
partane i arbeidslivet på varig basis blir trekte aktivt med i arbeidet
i Språkrådet.
Departementet vil også for sin del som ledd
i arbeidet med å følgja opp denne meldinga invitera partane i arbeidslivet
til å delta i ein vidare prosess for å drøfta og konkretisera korleis
vi i samarbeid kan utvikla ein aktiv språkpolitisk strategi for
nærings- og arbeidslivet.
Departementet vil elles – i samråd med Språkrådet
og partane i arbeidslivet – vurdera kva for arbeidsformer som vil
vera mest formålstenlege i det vidare arbeidet. Konferansar og liknande
arrangement vil kunna inngå i dette. Det avgjerande er at det kjem
i gang ein vedvarande prosess, slik at det blir kontinuitet og systematikk
i arbeidet.
Blant meir spesifikke tiltak i oppfølgingsarbeidet
tek elles departementet sikte på å få gjennomført anten ei utgreiing
eller eit forskingsoppdrag om kva ulike former for teknologibasert
språkbruk i arbeidslivet har å seia som innfallsport for engelskspråkleg påverknad.
Det er også behov for å analysera korleis alle
dei nye teknologibaserte kommunikasjonsformene verkar inn på arbeidsvilkår
og krav til kompetanse hos arbeidstakarane.
1. Departementet vil
invitera partane i arbeidslivet til ein vidare prosess for å utvikla
ein språkpolitisk strategi for arbeids- og næringslivet.
2. I samråd med partane vil departementet
utvikla eit språkpolitisk samfunnsansvar i arbeids- og næringslivet
etter modell av prinsippet om næringslivets miljøansvar og etiske
ansvar.
3. Språkrådet skal vidareutvikla det språkfaglege rådgjevingsarbeidet
sitt overfor næringslivet, og representantar for næringslivet vil
bli trekte direkte med i Språkrådet, mellom anna gjennom fagrådssystemet.
4. Språkrådet skal vurdera å få gjennomført
forskingsaktivitetar som kan kasta lys over tilhøvet mellom språk
og produktivitet.
5. Departementet vil ta initiativ til ei
utgreiing eller eit forskingsprosjekt om kva funksjon teknologibasert
språkbruk i arbeidslivet har som innfallsport for engelskspråkleg
påverknad og for arbeidsvilkåra for dei tilsette.
6. Departementet vil vurdera lov eller
anna regelverk for å sikra norskspråkleg produktinformasjon, helse-,
miljø- og tryggleiksdokumentasjon og avtaledokumentasjon, og for
å sikra at språkbarrierar ikkje skal svekkja grunnlaget for medråderett
og demokrati i arbeidslivet.
7. Departementet vil ta initiativ til ei
kartlegging av dei skrivne og uskrivne krav til språkkunnskapar
som gjeld i ulike delar av arbeidslivet, og vurdera om desse er
godt nok tilpassa omsynet til helse, miljø og tryggleik og arbeidstakarane
sine rettar.
Språkpolitisk er det eit viktig mål å leggja
til rette for eit rikt utval av norskspråkleg kvalitetsinnhald på
Internett, slik at eit norsk publikum har eit tilbod på sitt eige
språk som kan hevda seg i konkurransen med det kvantitativt dominerande
engelskspråklege innhaldet. Ikkje minst er det på Internett nødvendig
å leggja meir arbeid og ressursar i å sikra eit godt tilbod av relevant
nynorsk stoff.
På den språkteknologiske marknaden går det føre
seg ei rivande utvikling når det gjeld engelsk-baserte produkt og
tenester. Dersom også norsk språk skal hevda stillinga si i det
høgteknologiske framtidssamfunnet, må det difor byggjast opp ein
språkteknologisk infrastruktur som kan skapa økonomisk grunnlag
for utvikling av norskbaserte produkt og tenester.
Det har i mange år vore eit krav at staten må
bruka marknadsmakta si til å stilla krav om at programvare som det
offentlege kjøper inn, skal liggja føre i både nynorsk- og bokmålsversjon. Eit
slikt verkemiddel kunne også tenkjast brukt for å sikra norskspråkleg
programvare uavhengig av målform og å krevja eit visst minimum av språkleg
kvalitet i programvaren.
Departementet vil vurdera å styrkja eller byggja ut
relevante føresegner i språklovgjevinga, til dømes slik at krav
til målform i programvare til bruk i det offentlege kan forankrast
i målbruksreglane. Departementet vil vurdera dette i samband med
gjennomgangen av målbruksreglane.
Ved offentlege innkjøp er det elles slik at
ein offentleg oppdragsgjevar som skal kjøpa inn programvare, kan
presisera i kravspesifikasjonen at programvara skal liggja føre
på både bokmål og nynorsk, til dømes slik at ein krev ordlister
i begge målformer. Departementet vil oppmoda alle offentlege innkjøparar
av programvare til å nytta det handlingsrommet dei på denne måten har
til å stilla språklege krav til leverandøren.
Ei mogleg tolking av universell utforming av IKT
er å krevja at grensesnitta overfor brukarane skal vera på norsk.
Departementet vil i det vidare arbeidet vurdera korleis ein på sikt
kan få innarbeidt standardar for tilhøvet mellom språk og tilgjengelegheit.
I spesielle tilfelle kan det også vera aktuelt
å vurdera kva som eventuelt kan gjerast for å leggja betre til rette
for omsetjing av fri programvare til nynorsk.
Departementet vil ta initiativ til å få laga
ein oppdatert plan for eit meir systematisk og samordna arbeid med
språk og teknologi. For dette formålet vil det mellom anna bli sett
ned eit permanent interdepartementalt utval til å koordinera dette
saksfeltet. Føresetnaden er at dette utvalet skal arbeida i nær
kontakt med det fagrådet i Språkrådet som har språk og teknologi
som ein del av ansvars- og arbeidsområdet sitt.
Bakgrunnen for arbeidet med ein norsk språkbank
er dei teknologiske framtidsutsiktene som opnar seg, og dei språkpolitiske
utfordringane som reiser seg gjennom moderne språkteknologi.
Dersom vi i Noreg skal få full nytte av alle
slags språkteknologiske hjelperåder, må dei teknologiske løysingane
tuftast på norskspråklege versjonar. Då kan språkteknologien vera
med å styrkja det norske språket og den norske kulturen.
Utan norskspråklege versjonar vil mange av dei nye
teknologisk avanserte løysingane bli mindre tilgjengelege for nordmenn
enn for dei som har engelsk som morsmål.
Det er også ein fare for at produkt og tenester som
vil koma i norsk språkdrakt, vil ha dårlegare språkleg kvalitet
enn dei tilsvarande engelske utgåvene.
Men i stor grad må vi rekna med at nordmenn flest
vil ta i bruk engelskbaserte produkt, og i den grad det skjer, er
vi på god veg mot eit alvorleg domenetap for norsk språk. Sett i
eit språkpolitisk perspektiv er det dette siste som er den mest alvorlege
konsekvensen.
Sjølve ideen med ein norsk språkbank er å etablera
ei felles nasjonal ressurssamling av elektronisk lagra språkmateriale
til bruk i ulike språkteknologiske løysingar. I ei slik ressurssamling
vil det vera behov for millionar av ord i form av tekst og tale.
Det vil vera behov for tale på ulike dialektar og av menneske i
ulike aldrar og av begge kjønn. Han må også innehalda leksikalsk
materiale og elektroniske ordbøker. Ulike brukargrupper skal kunna
henta ut og gjera seg nytte av det dei måtte trenga av digitalisert språkmateriale.
Ein språkbank utgjer grunnlaget for å kunna utvikla
programvare og språkteknologiske produkt på norsk både for dagen
i dag og for framtida.
I tillegg til dette vil ein norsk språkbank
også utgjera sjølve hjørnesteinen i språkteknologisk forsking. Å
få på plass ein norsk språkbank er dermed også føresetnaden for
å kunna gjennomføra avansert forsking i norsk språk.
Noreg har som ambisjon å vera eit kunnskapssamfunn
som utviklar og bruker avansert teknologi der vi kan. Vi ønskjer
å vera verdsleiande og satsa på innovasjon og utvikling. Men det
står meir på spel enn ein berekraftig kunnskapsindustri. Det gjeld
også å slå vakt om den norske språk- og kulturarven.
Regjeringa har som mål i dei næraste åra å få bygd
opp ein norsk språkbank. Dette er det største enkeltståande tiltaket
som blir varsla i denne meldinga.
Departementet har bedt Språkrådet gå i gang med
å førebu den formelle etableringa av språkbanken frå 1. januar 2009.
Språkbanken vil bli bygd opp over ein periode
på fem–seks år, før han går inn i ein drifts- og vedlikehaldsfase.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil i nært samarbeid
med Kunnskapsdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet
og Nærings- og handelsdepartementet avklara organisering og finansiering
av språkbanken.
Konklusjonen i rapporten frå 2002 var at det ville
kosta om lag 100 mill. kroner fordelt over fem år å få på plass
det minimum av språkressursar som skal til for å få ein fullverdig
norsk språkbank.
Sidan 2002 har teknologien gått framover, og
det har skjedd ei viss internasjonal standardisering. Dette gjer
at utgiftene til nyinnsamling og tilrettelegging truleg kan reduserast
noko.
1. Departementet vil
byggja opp ein norsk språkbank, og Språkrådet har oppdraget å leia
arbeidet med å førebu organiseringa og den vidare oppbygginga av
språkressursar.
2. Departementet vil gje Språkrådet i oppdrag
å revidera og oppdatera handlingsplanen for Norsk språk og IKT frå
2001.
3. Departementet vil ta initiativ til å
setja ned eit permanent interdepartementalt utval for språk og teknologi.
4. Departementet vil i samråd med Fornyings-
og administrasjonsdepartementet leggja til rette for at viktig programvare
til bruk i det offentlege i størst mogleg grad skal finnast tilgjengeleg
i begge målformer.
5. Departementet vil ta initiativ til å
få utvikla nødvendige programmodular for parallellsøk mellom bokmål
og nynorsk til bruk i interne arkiv- og saksbehandlingssystem og
ved Internett-søk.
Eit breitt og differensiert kultur- og medietilbod tufta
på norsk språk er grunnleggjande for å sikra stillinga og i siste
instans sjølve overlevingsevna for det norske nasjonalspråket.
I tillegg er norske kultur- og medieinstitusjonar
i høg grad med på å halda oppe og utvikla eit kulturelt medvit om
det norske. Eit slikt medvit har mykje å seia både for nasjonen
og for nasjonalspråket.
Det må likevel strekast under at i eit moderne multikulturelt
og mangespråkleg samfunn vil innhaldet i omgrepet om det norske
stadig vera i endring og utvikling under påverknad av impulsar utanfrå.
Formålet med UNESCO-konvensjonen er å gje medlemsstatane
reelt høve til å gjennomføra ein kulturpolitikk som kan fremja eit
mangfald av kulturuttrykk. Konvensjonen legitimerer at statane har
ein suveren rett til å treffa kultur- og mediepolitiske tiltak som
dei ser formålstenlege for å verna og fremja kulturelt mangfald.
Konvensjonen er gjort gjeldande frå 18. mars 2007.
Departementet legg til grunn at UNESCO-konvensjonen,
som sikrar alle statar rett til å verna det kulturelle mangfaldet
på sitt eige territorium, også vil danna eit godt grunnlag for språkpolitikken
på kultur- og medieområdet.
I rapporten "Norsk i hundre!" er det vist til
at det er vanleg med teksting av framandspråklege seriar i norsk
fjernsyn. Rapporten drøftar spørsmålet om ein i staden burde gå
over til dubbing, slik praksis er i fleire andre land, og peiker på
at ei slik fornorsking av fjernsynsspråket kunne vera eit bidrag
til å redusera det angloamerikanske språk- og kulturhegemoniet.
Rapporten viser samstundes til at dubbing ville vera
eit radikalt brot med innarbeidd praksis, og at det har klare ulemper,
også av språkleg art. Fordelen med teksting er mellom anna at ein
kan høyra det originale framandspråket samstundes som ein kan samanlikna
med skriven tekst på norsk, og dette kan ha positive verknader for
framandspråkopplæringa.
Alt i alt meiner departementet at dei beste
grunnar taler for at noverande praksis bør halda fram, og ser det
difor ikkje som aktuelt å gjera forsøk med dubbing i staden for
teksting.
Mellom anna av omsyn til høyrselshemma vil departementet
vurdera om det er råd å utvida tekstetilbodet i fjernsyn til også
i større grad å gjelda program med norsk tale.
Gjennom vedtekter og konsesjonsvilkår stiller staten
krav om at NRK og TV2 i programverksemda si skal bidra til å styrkja
norsk språk, identitet og kultur.
For NRK sin del er dessutan grunnleggjande krav
og forventningar til institusjonen no forankra i eit overordna styringsdokument
i form av ein allmennkringkastingsplakat kalla NRK-plakaten, jf.
St.meld. nr. 6 (2007–2008 og Innst. S. nr. 169 (2007–2008).
I vedtektene for NRK er det elles fastsett at
det skal vera daglege norskspråklege program for barn under 12 år
og jamlege norskspråklege program for unge. Tilsvarande krav finst
i konsesjonen for TV2.
Departementet meiner det er rimeleg at særleg NRK
går i bresjen for å fremja norsk musikkultur, og NRK-vedtektene
blir difor no endra slik at NRK blir pålagt å spela minimum 35 pst.
norskspråkleg og/eller norskkomponert musikk. Definisjonen av kva
som er å rekna som norsk musikk, kan ikkje gjelda språk åleine,
sidan ikkje all musikk inneheld tekst.
Norskspråkleg kunst møter i dag skjerpa konkurranse
frå nye medieprodukt og sterke internasjonale produsentar både innanfor
litteratur, film og scenekunst. Det er først og framst i kraft av
høg kvalitet at den norskspråklege kunsten likevel maktar å gjera
seg gjeldande. Men nettopp fordi vi er eit lite språkområde, er
det i særleg grad bruk for offentleg økonomisk støtte for å fremja ny
litteratur, dramatikk og film, samarbeid mellom kunstartane og presentasjon
av norskspråkleg kunst internasjonalt.
Det kunstnarlege språket utviklar seg alltid
i nær kontakt med dei teknologiske endringane i tida. Dei tradisjonelle
sjangrane og media spelar ei sentral rolle innanfor bokproduksjon, scenekunst,
film og dei mange kombinasjonane av tekst og musikk. I åra som kjem,
må det leggjast til rette for at det kunstnarlege språket får utvikla
seg og ha ein kulturberande funksjon også i dei digitale media.
Som formidlar av språklege og litterære uttrykksformer
har dei offentlege biblioteka ei nøkkelrolle. Difor er det her naturleg
å koma noko inn på ein del sentrale litteraturpolitiske verkemiddel
og ein del av dei tiltaka som har sin basis innanfor biblioteksystemet.
Det må likevel strekast under at dette ikkje er ei litteratur- eller bibliotekmelding,
og at meldinga ikkje gjev noka uttømmande behandling av slike spørsmål. Den
varsla bibliotekmeldinga vil i større grad gjera greie for litteraturpolitiske
utfordringar.
Hovudmålet for den statlege litteraturpolitikken er
å leggja til rette for kvalitet og eit breitt og variert tilbod
med omsyn til innhald og sjangrar, både av fag- og skjønnlitteratur,
og bidra til leselyst i alle lag av folket. Vidare må litteraturen distribuerast
slik at han når fram til publikum gjennom mange og vel eigna kanalar.
Biblioteka er viktige samfunnsinstitusjonar
og fysiske arenaer for kunnskaps-, litteratur- og kulturformidling
i lokalsamfunna, på skular og på universitet. Biblioteka gjev tilbod
til mange ulike grupper med ulike behov og er viktige verkemiddel
i gjennomføringa av ein nasjonal språkpolitikk.
Dei litteraturpolitiske verkemidla er i hovudsak retta
inn mot å sikra tilgangen til bøker, styrkja produksjonen og distribusjonen,
medan biblioteka og andre formidlingstiltak siktar mot å nå fram
til lesarane.
Departementet vil arbeida for å styrkja og utvikla
innkjøpsordningane for å sikra ein brei og variert produksjon av
skjønnlitteratur for både barn, ungdom og vaksne. Departementet
vil framleis verna om dei automatiske innkjøpsordningane for skjønnlitteratur
og arbeida for å styrkja begge ordningane.
Departementet ser positivt på å styrkja innkjøpsordninga
for omsett skjønnlitteratur for barn, ungdom og vaksne. Det bør
vera eit mål over ein periode på nokre år å auka talet på innkjøpte
titlar til 100.
Departementet vil vurdera om det i tilknyting
til innkjøpsordninga for ny norsk faglitteratur for barn og unge
kan leggjast til rette for ei innkjøpsordning for originaltitlar
på nynorsk for barn og unge.
Departementet vil vidareføra innkjøpsordninga for
sakprosa som ei permanent ordning og utvida talet på titlar. Departementet
vil studera evalueringa av ordninga før det blir konkludert med
omfanget av ei slik utviding. Dette bør også sjåast i samanheng
med behovet for andre verkemiddel, som til dømes stipend. Det vil
også vera viktig å vurdera kva verkemiddel som kan vera med å fremja
formidlinga av norsk sakprosa.
Departementet vil også styrkja innkjøpsordninga for
tidsskrift og ymse publikasjonar, men viser til at ordninga vil
bli evaluert i løpet av 2008. Resultatet av denne vurderinga vil
vera avgjerande for korleis ordninga skal vidareførast. Departementet
vil avventa evalueringa og vurdera saka i dei komande budsjettprosessane.
Departementet meiner det er viktig å medverka til
at teikneseriar blir betre tilgjengelege for bibliotekbrukarane.
Det må sikrast at det også blir produsert og distribuert gode teikneseriar
på norsk språk. Departementet er positiv til framlegget om å oppretta
ei innkjøpsordning for teikneseriar.
Med utgangspunkt i bibliotekutgreiinga Bibliotekreform
2014 arbeider departementet no med ei eiga stortingsmelding om bibliotek.
Meldinga vil behandla heile biblioteksektoren.
Meldinga vil gjera greie for dei ulike samfunnsfunksjonane
biblioteka har, verkemiddelapparatet, utfordringane for det nasjonale biblioteknettverket,
samspelet mellom bibliotektypane, det digitale Noregsbiblioteket
og dei særlege bibliotektenestene. Biblioteket som møteplass og
læringsarena, kunnskaps- og kulturformidlar og formidlar av leselyst
til barn vil bli synleggjort og drøfta. Det vil bli lagt vekt på den
grunnleggjande rolle og det ansvaret biblioteka har som forvaltar
og formidlar av bøker og andre medium.
Hovudproblemstillinga er korleis ein kan styrkja og
utvikla samspelet og samarbeidet i Noregsbiblioteket for å gje brukarane
betre bibliotektenester og realisera det såkalla saumlause biblioteket.
Eit sentralt mål vil vera å leggja grunnlaget for at Noregsbiblioteket
kan utvikla seg som ein arena for kunnskap, læring, informasjon
og formidlar av kultur og litteratur. I tillegg vil meldinga romma
fleire delproblemstillingar som særleg kan knytast til primæroppgåver
i dei ulike bibliotektypane.
Departementet arbeider også med ei stortingsmelding
om digitalisering av kultur- og kunnskapskjeldene. Dei to meldingane
skal utfylla kvarandre.
Departementet vil leggja fram ei stortingsmelding
om digital tilgjengeleggjering av kultur- og kunnskapskjeldene i
arkiv, bibliotek og museum.
Målet vil vera å leggja ein strategi som gjer
at så mange som råd er, får lettast mogleg tilgang til kultur- og
kunnskapskjeldene.
I St.meld. nr. 14 (2007–2008) Dataspill viser
departementet til at det er eit sterkt behov for å sikra barn og
unge tilgang til alternative dataspelprodukt med norsk språk og
innhald. Marknaden er i dag dominert av importerte spel.
Eit viktig mål for omlegginga av den norske filmpolitikken
i 2001 var større publikumsoppslutning om norske filmar. Eit av
verkemidla var å auka produksjonsvolumet og dermed oppnå høgare
kvalitet. Kinostatistikken viser at målet om auka publikumsoppslutning
er nådd. Det er likevel eit stykke att før ein har nådd målet om
25 pst. marknadsdel for norske filmar.
I 2007 la departementet fram St.meld. nr. 22 (2006–2007)
Veiviseren. For det norske filmløftet for å følgja opp ønsket om
både ei opptrapping av dei statlege tilskota til filmproduksjon
og ein gjennomgang av dei statlege verkemidla for å sikra at desse
blir nytta effektivt og målretta.
Departementet vil vidareføra pressestøtta og momsfritaket
på aviser. Også i eit språkpolitisk perspektiv er det viktig at
pressestøtte og momsfritak blir vidareført, slik at ikkje berre
norskspråklege medium blir sikra, men også språkleg breidde og mangfald
meir generelt.
1. UNESCO-konvensjonen
som sikrar alle statar rett til å verna det kulturelle mangfaldet
på sitt eige territorium, er det overordna utgangspunkt for språkpolitikken
på kultur- og medieområdet.
2. Departementet vil vidareføra pressestøtta
og momsfritaket for aviser.
3. Departementet vil arbeida med å utvikla
tiltak for norske dataspel.
4. Å styrkja norsk språk skal utgjera eit
basiselement i norsk filmpolitikk i tråd med føresetnadene i St.meld.
nr. 22 (2006–2007).
5. Prioriterte språkpolitiske omsyn om
styrking av norsk språk generelt og nynorsk spesielt skal tilleggjast
stor vekt ved forvaltning og utforming av rammevilkåra for norske
allmennkringkastingskanalar generelt og NRK spesielt.
6. Departementet vil vurdera korleis ein
kan vareta språklege omsyn innanfor medieverda, særleg i lys av
dei nye teknologiske, økonomiske, og drifts- og marknadsmessige
rammevilkåra for mediebransjen.
7. Departementet vil utforma ein meir kraftfull og
systematisk strategi for korleis aktørar innanfor kultursektoren
kan vera med på å fremja lesing blant barn og unge.
8. Innkjøpsordningane for litteratur utgjer
eit fundament i arbeidet for å sikra og fornya norsk språk som eit
rikt og levande kulturspråk, og departementet vil byggja ut og supplera
eksisterande ordningar.
9. Departementet vil leggja vekt på å fremja produksjon
og formidling av eit mangfald av språklege uttrykksformer og skjønn-
og faglitterære sjangrar som eit bidrag til å sikra at norsk språk
generelt og nynorsk spesielt utviklar seg som eit allsidig kultur-
og bruksspråk.
10. Departementet vil leggja stor vekt
på korleis biblioteka kan bidra til å fremja formidling av eit allsidig
norskspråkleg tilbod av skjønn- og faglitteratur i begge målformer.
11. Departementet vil vurdera korleis digitalisering
og ulike former for digital formidling kan bidra til å styrkja sansen
for god litteratur og kvalitetane og verdiane i norsk språk og dei
to norske skriftkulturane.
12. Departementet vil i samarbeid med Utanriksdepartementet
fremja norsk språk og norskspråklege uttrykksformer i utlandet,
mellom anna gjennom rammevilkåra for omsetjing av norsk litteratur
og ordninga med norske sendelektorar ved utanlandske universitet.
13. Departementet vil utvikla det fleirkulturelle perspektivet
innanfor etablerte tiltaks- og tilskotsordningar på kultursektoren.
Språkdyrking blir her brukt i ei tyding som
er meint å omfatta all aktivitet som rettar seg direkte inn mot
sjølve språket, det som med eit meir teknisk faguttrykk gjerne kan
kallast for språkets korpus. Det dekkjer i vår samanheng alt frå
ulike former for dokumentasjon av språket til normering og språkleg
rådgjeving av alle slag, kort sagt alt det som direkte og indirekte
kan støtta opp under målet om eit korrekt og velfungerande språk.
Språkdyrking må drivast på mange plan, og i
stor grad dreier det seg her om eit spekter av faglege aktivitetar
som i seg sjølv ikkje kan utformast og styrast gjennom språkpolitiske
vedtak og tiltak.
Viktige aktørar er dei språkfaglege forskingsmiljøa
ved universitet og høgskular og dei private bokforlaga som står
som utgjevarar av ordbøker og annan språkfagleg litteratur. Også
innanfor statens eige fagorgan i språkspørsmål, Språkrådet, vil
dei fleste av dei aktivitetane som har med språkdyrking å gjera,
i hovudsak vera baserte på eit språkfagleg grunnlag.
Overfor desse aktørane vil det frå sentralt
statleg hald vera tale om ulike former for medverknad for å leggja
til rette nødvendige rammevilkår, særleg av økonomisk og organisatorisk
art, mest direkte overfor dei statlege institusjonane, men indirekte
til dels også overfor relevante private aktørar.
Arbeidet for eit enklare og meir forståeleg
språk i offentleg forvaltning må inngå som eit sentralt element
i den nye språkpolitikken.
Det er vanskeleg å vita kva følgjer det alt
i alt vil få for språkutviklinga at ulike nettmedium har teke over
så mykje av den skriftspråklege kommunikasjonen i samfunnet.
Det lèt seg neppe gjera på same måten som før for
tradisjonelle språkautoritetar i samfunnet å leggja premissane for
korleis språket og språkbruken vil utvikla seg. Dette gjer mellom
anna at tradisjonell språknormering og språkrøkt blir stilt på nye
prøver.
Når det er snakk om nettmedium for personleg kommunikasjon
innanfor ein slutta krins, slik som e-post og prategrupper, er det
vanskeleg for det offentlege å gjera noko som direkte kan påverka
den språklege kvaliteten. Det same gjeld også for blandingsformer
mellom personlege og allment tilgjengelege kommunikasjonsmåtar som
blogging.
I rapporten "Norsk i hundre!" er det likevel
peikt på at lett tilgang til elektroniske ordbøker og andre språkressursar
vil gjera sitt til å heva den språklege standarden på mange nettsider.
Strategigruppa meiner at når det er tale om
allmenne nettmedium som nettaviser, informasjonsbankar og søkjetenester,
bør ein kunna venta av dei som har redaksjonsansvaret, at dei også legg
vekt på å sikra språkleg kvalitet i det dei publiserer. Dette er
allmenne lesemedium, og ein bør kunna stilla dei same kvalitetskrav
som for vanlege aviser, tidsskrift og bøker.
Dokumentasjon av norsk språk er ei permanent, nasjonal
oppgåve. Gode, oppdaterte samlingar er ein føresetnad for forskinga.
I meldinga vert evaluering av dei universitets-
og høgskulebaserte samlingane omtalt. Likeså vert òg situasjonen
som gjeld samlingar og digitalisering tatt opp.
Det går fram av meldinga at desse spørsmåla
ligg i utgangspunktet utanfor det som er eit direkte sektoransvar
for Kultur- og kyrkjedepartementet.
Som ledd i ein meir aktiv, sektorovergripande språkpolitikk
vil departementet likevel ta opp desse spørsmåla med involverte
aktørar med sikte på å få eit samla oversyn over situasjonen som
grunnlag for ei overordna nasjonal løysing.
Det vil mellom anna vera naturleg å sjå spørsmålet
om dokumentasjon av norsk språk og norske språksamlingar i samanheng
med den satsinga på digitalisering av dokumentasjons- og kulturarvsmateriale
som elles går føre seg med basis i institusjonar innanfor arkiv-,
bibliotek- og museumssektoren.
Regjeringa vil presentera ein strategi for digital bevaring
og tilgjengeleggjering av slikt materiale i ei eiga stortingsmelding
som etter planen skal leggjast fram hausten 2008. Strategien vil omfatta
institusjonar både i kultursektoren og i universitets- og høgskulesektoren.
Dokumentasjon av norsk språk og norske språksamlingar vil inngå
som eitt av mange faglege tema i ein slik overordna strategi og
vil kunna behandlast nærare som ledd i oppfølging av digitaliseringsmeldinga.
I kulturmeldinga frå regjeringa Bondevik II
heitte det at departementet ville ta initiativ til ei kartlegging
av kva som er samla inn av gamle stadnamn her i landet, og vurdera
behovet for eit meir systematisk innsamlingsarbeid. Det heitte også
at departementet ville vurdera om det nye kompetansesenteret for
norsk språk, dvs. Språkrådet, ville kunna ta på seg å koordinera desse
oppgåvene.
Ettersom Språkrådet har vore inne i ein langvarig
omdanningsprosess med fleire store utfordringar, har departementet
ikkje funne grunnlag for å leggja endå ei oppgåve til denne institusjonen
i denne fasen. Språkrådet har heller ikkje tilsette med namnefagleg
kompetanse og erfaring med innsamling, arkivering og formidling
av namn.
Dette inneber at det no hastar med å koma fram til
ei løysing i spørsmålet om innsamling av stadnamn, og det hastar
også med å få sentralt oversyn over materiale som er samla inn lokalt
for å hindra at det skal gå tapt.
I første omgang kan det vera aktuelt å setja
av midlar til eit prosjekt for å registrera og kvalitetsvurdera
dei stadnamnsamlingane som finst rundt om i landet, både i ulike
samlingar og arkiv og på private hender.
Departementet vil elles vurdera om det bør gjennomførast
ei større utgreiing om den vidare innsamlingspolitikken og tilgrensande
spørsmål. Det er i så fall aktuelt å sjå på om ei slik utgreiing bør
femna vidare enn berre stadnamn. Heile situasjonen for dokumentasjon
av norsk språk og for dei ulike språksamlingane som er behandla
i førre avsnitt, vil kunna vera eit naturleg utgangspunkt for ei
nærare avgrensing av mandatet for ei eventuell slik utgreiing.
Norsk Ordbok er på fleire måtar eit eksepsjonelt prosjekt
i norsk samanheng. Den uvanleg store auken i det årlege statstilskotet
dei seinare åra representerer ein sterk konsentrasjon av den statlege
innsatsen. Alternativet til ei opptrapping av ressursinnsatsen slik
det såg ut i 1999, var at verket ikkje ville vera fullført før om
lag i 2060.
Med det noverande tilskotsnivået over kulturbudsjettet
saman med medverknaden frå Universitetet i Oslo kan vi vera tilnærma
sikre på at verket er i mål i 2014. Det inneber at allereie nolevande
generasjonar kan dra full nytte av den kulturelle og vitskaplege
verdien som verket representerer.
Departementet legg til grunn at prosjektet no
er fullt ut finansiert så sant tilskotsnivået for 2008 blir vidareført
fram til og med 2014.
Departementet vil følgja opp dette i budsjettsamanheng
i dei åra som står att fram til og med 2014.
Departementet legg også til grunn at når Norsk Ordbok
er fullført i 2014, vil vi ha fått ein etter måten fullnøyande leksikalsk
dokumentasjon av den nynorske målforma og det nynorske skriftspråket
som vil stå seg i lang tid framover.
Det er likevel grunn til å streka under at Norsk Ordbok
ikkje kan karakteriserast som eit reint nynorskverk og langt mindre
som eit prosjekt berre av interesse for nynorskfolket. Det at Norsk
Ordbok i tillegg til det nynorske skriftmålet også dokumenterer
norsk talemål i form av dialektord frå heile landet, gjer dette
til ein særleg verdifull dokumentasjon av ein felles, nasjonal språkarv
som direkte vedkjem ein mykje større del av norske språkbrukarar
enn dei som nyttar nynorsk som skriftmål.
Det at Norsk Ordbok framstiller skriftspråket
og talemålet som éi eining, gjer også dette til eit sjeldant verk
i europeisk samanheng.
Det er to ulike miljø som kvar for seg arbeider målretta
med leksikografisk dokumentasjon på bokmålssida med sikte på å kunna
utarbeida ein oppdatert vitskapleg ordboksbase. Begge ønskjer økonomisk
støtte frå departementet, Akademiet gjennom auke i eksisterande
tilskot, Institutt for lingvistiske og nordiske studium gjennom
finansiell medverknad frå departementet i eit prosjekt som enno
ikkje er i gang, men som er systematisk førebudd gjennom mange år.
Departementet finn det vanskeleg å danna seg
eit fullstendig bilete av skilnadene mellom dei to prosjekta. Det
er likevel klart at tyngdepunktet og vektlegginga er ulik på mange
måtar. Det viktigaste synest å vera at berre det eine prosjektet vil
gje ein fullgod dokumentasjon av den historiske og litterære språktradisjonen,
medan berre det andre prosjektet tek sikte på ein fullgod dokumentasjon
av ordtilfang, ordformer og ordbruksmåtar i alle former for moderne
bokmål. I utgangspunktet ser det difor ut til at dette er to prosjekt
som vil komplettera kvarandre, og at det eine ikkje kan erstatta
det andre.
På den andre sida er det mykje som tyder på
at prosjekta har fleire grenseflater, og at dei kan ha fagleg nytte
av eit samarbeid. Ei fagleg samordning kan også leggja til rette
for meir effektiv utnytting av knappe økonomiske ressursar. Departementet
vonar difor at partane er innstilte på å koma saman for å avklara
kva dei eventuelt kan samarbeida om, slik at forholdet mellom prosjekta
kan bli nærare klarlagt. Departementet vil sjå med velvilje på eit
tettare samarbeid dersom partane skulle koma fram til at dette er
tenleg.
Prinsipielt ønskjer elles ikkje departementet
å favorisera det eine prosjektet framfor det andre. Men prosjekta
har ulike forhistorier og ulik framdriftsstatus. Departementet har
alt i mange år vore økonomisk engasjert i arbeidet med vidareføring
av Norsk Riksmålsordbok. Tidlegare tilsegner til dette prosjektet
krev ei oppfølging som nødvendigvis må leggja føringar for komande
prioriteringar.
Utgangspunktet vil difor vera at departementet
i første omgang konsentrerer innsatsen på bokmålssida om det prosjektet
som no har nemninga Det Norske Akademis store ordbok. Deretter bør det
nemnde dokumentasjonsprosjektet for moderne bokmål koma inn med
større tyngde. Departementet legg til grunn at eit slikt prosjekt
i regi av Universitetet i Oslo vil ha stor nytte av kompetanse og
ressursar som er bygde opp i samband med nynorskprosjektet Norsk
Ordbok 2014.
På desse premissane har departementet for 2008 funne
grunnlag for å auka tilskotet til Det Norske Akademis store ordbok
med i alt 1,5 mill. kroner, nær på ei fordobling av det som låg
inne i det opphavlege budsjettet for 2008. Målet er at prosjektet
skal vera fullført i 2014, og det er viktig at rammevilkåra gjer
det mogleg å gjennomføra arbeidet på ein fagleg tilfredsstillande
måte. Departementet er difor innstilt på å vurdera tilskotsbehovet
på nytt ved komande budsjettbehandlingar.
Departementet reknar elles med at prosjektet også
bør kunna få inn substansielt med midlar gjennom private tilskot
av ulike slag, og at eit klart signal om statleg medverknad bør
kunna vera med på å utløysa slike bidrag.
Stortinget har tidlegare slutta seg til prinsippet om
sjølvstendig normering av nynorsk og bokmål utan tilnærming, dessutan
prinsippet om stabilitet, dvs. at vi bør ha mindre hyppige og mindre
omfattande endringar i rettskrivinga enn det som tidlegare har vore
vanleg her i landet. Desse to prinsippa bør framleis liggja til
grunn og praktiserast mest mogleg konsekvent.
For bokmålet sitt vedkomande reknar departementet
med – trass i at det framleis er etter måten stor valfridom på mange
punkt i rettskrivinga – at den oppryddinga og forenklinga som vart
godkjend i 2005 har vore tilstrekkeleg til at det så langt fram
vi kan sjå, ikkje bør vera trong for større endringar. Dermed skulle
det no vera lagt grunnlag for ein relativt stabil rettskrivingssituasjon
i bokmål.
Utover desse overordna prinsippa ønskjer ikkje departementet
å leggja meir detaljerte og spesifikke føringar på ein framtidig
normeringspolitikk. Det er viktig at ein slik politikk framleis
har ei breiast mogleg språkdemokratisk forankring, og mange av dei
normeringsprinsippa som vart utvikla av Norsk språkråd, vil truleg
vera eit godt grunnlag å byggja vidare på.
Det går fram av meldinga at departementet tek sikte
på innan utgangen av 2008 å få etablert eit nytt system for nødvendig
normvedlikehald og nynormering. Dette omfattar mellom anna å finna
fram til ei tenleg arbeids- og ansvarsfordeling mellom Språkrådet
og departementet. Arbeidet med å avklara desse spørsmåla vil skje
i nær dialog med Språkrådet.
I rundskriv om språkfagleg konsultasjon ved namnelaging
i staten har departementet fastsett følgjande rutinar:
1. Fagdepartementa bør
sjå til at Språkrådet blir konsultert på eit tidleg tidspunkt i
alle saker som gjeld namn på tilknytte verksemder.
2. Dersom det oppstår usemje om namneforma, er
det naturleg at saka blir lagt fram for Kultur- og kyrkjedepartementet.
3. Når det er formålstenleg, kan saka takast
opp direkte med Kultur- og kyrkjedepartementet, som i så fall vil
konsultera Språkrådet i nødvendig grad.
4. I gjevne tilfelle kan det vera formålstenleg
at den aktuelle verksemda konsulterer Språkrådet direkte, og fagdepartementa
er difor bedne om å informera aktuelle verksemder om dei fastsette prosedyrane
ovanfor.
Det er elles slått fast i rundskrivet at offentlege namn
og særleg namn i staten bør vera føredøme med tydeleg meining og
korrekt skrivemåte. Funksjon og namn bør ha ein klar samanheng,
og skrivereglane bør følgjast.
Departementet vil følgja opp dei språkfaglege rutinane,
i første omgang i samband med utforming av eit rundskriv med ajourført
oversyn over statlege og statstilknytte institusjons- og verksemdsnamn.
Departementet vil også vurdera korleis den skisserte
konsultasjonsordninga eventuelt kan formaliserast gjennom arbeidet
med ny lovgjeving på språkområdet. Som eit minimum kan det vera aktuelt
å ta inn noko i den planlagte lova om Språkrådet.
Departementet vil også vurdera om det bør fastsetjast
meir formelle reglar og rutinar for namnelaging og utforming av
namn i staten.
Språkrådet ville gjera ein systematisk gjennomgang
av eit utval lærebøker for å finna ut av korleis det står til med
det språklege kvalitetsarbeidet.
Departementet ser initiativet frå Språkrådet
som viktig og nødvendig. Når resultatet ligg føre, vil vi få eit
betre grunnlag for å vurdera behovet for å framskaffa meir omfattande
informasjon om lærebokspråket, og om kva tiltak som det eventuelt
kan vera aktuelt å vurdera. Slike vurderingar vil skje i samråd
med Kunnskapsdepartementet.
Departementet vil også ta initiativ overfor Kunnskapsdepartementet
for meir systematisk å følgja opp det som vart signalisert i proposisjonen
som gjekk forut for oppheving av godkjenningsordninga i 2000.
Slik vilkåra har utvikla seg innanfor marknaden for
særleg fjernsynsteksting, er det ingen tvil om at det er grunn til
uro, og at noko bør gjerast for å påverka situasjonen. Det er grunn
til å peika på at kvaliteten i tekstinga i dei kommersielle kanalane
er slik at han er nøydd til å bryta ned respekten for godt språk
og korrekt norsk.
Departementet vil ta initiativ til å skaffa
til vegar meir kunnskap om kvaliteten på den tekstinga som går føre
seg, og om korleis dette språket påverkar lese- og skrivepraksis
særleg hos barn og unge.
Departementet vil også i samarbeid med Språkrådet
vurdera kva andre tiltak som kan setjast i verk for å sikra nødvendig
språkleg kvalitet i dette viktige tekstmaterialet.
Arbeidet med eit betre offentleg språk kan skjematisk
delast i to, utan at det på nokon måte går klare grenser mellom
dei. Det eine er å sjå til at språket er formelt korrekt, med omsyn
til rettskriving, teiknsetjing og andre skrivereglar. Det andre
er arbeidet med å betra sjølve språkføringa, slik at resultatet
blir tekstar av høg kvalitet, og slik at lesarane slepp å streva
unødig mykje for å skjøna kva som er meint.
Innanfor ramma av ein statleg språkpolitikk
ligg det eit særleg ansvar for å sikra den språklege kvaliteten
innanfor staten sjølv.
Innanfor staten kan det elles vera grunn til
å skilja mellom språket i regjeringsapparatet på den eine sida og
språket i typisk utoverretta informasjon i dei store publikumsretta
etatane på den andre sida.
Men også dette er berre eit skjematisk skilje. Formålet
er først og fremst å streka under at det må stillast særleg strenge
krav til godt og korrekt språk innanfor det øvste statsapparatet,
fordi dette lett vil framstå som førebilete for andre. Vi kan ikkje
forlanga at underordna statlege organ skal ta språket på alvor dersom
ikkje dei kontora som står høgast i hierarkiet, går føre med eit
godt eksempel.
Det grunnleggjande må vera å få etablert ein standard
for språkleg kvalitet i det offentlege.
Dette kan skje ved at det blir ein uttalt ambisjon for
alle offentlege organ at dei stadig skal leggja vinn på å skriva
eit godt og korrekt språk, og at offisielle rettskrivings- og skrivereglar
skal følgjast, dessutan dei lovheimla målbruksreglane.
Formuleringar om dette skal heretter takast
inn i alle mål- og tiltaksdokument av typen sørviserklæringar, verksemdsplanar
og liknande.
Også i den nye statlege kommunikasjonspolitikken
som det no blir arbeidt med å utforma i regi av Fornyings- og administrasjonsdepartementet,
vil det bli innarbeidt ein ambisjon om at det offentlege skal leggja
vinn på å nytta eit enkelt og forståeleg språk, og at språket skal
vera i samsvar med gjeldande rettskrivings- og måljamstillingsreglar.
For å følgja opp det overordna standardkravet
vil føresetnadene heretter vera at alle statlege organ minst ein
gong i året skal kontrollera den språklege standarden i viktige
delar av den skriftlege informasjonen som organet produserer.
Her må ein særleg leggja vekt på å kontrollera
at språket er formelt korrekt. Departementet vil be språktenesta
i Språkrådet hjelpa til med å utvikla tenlege testprogram for slike
formål.
Spesielt viktig vil det vera å få luka ut systematiske
feil og manglar i alle slags dokument som er tilgjengelege og i
bruk over tid. Difor må det etablerast eit system for språkleg kvalitetssikring og
oppretting av språkfeil i den informasjonen som blir lagt ut på
statlege nettsider. Slik informasjon blir som regel liggjande ute
på ubestemd tid, og då er det viktig at feil blir retta når dei
blir oppdaga.
Særleg for offisiell informasjon frå regjeringsapparatet
er det behov for å få på plass eit system for språkleg kvalitetssikring
og oppretting av tekstar som blir lagde ut på regjeringa sine informasjonssider
på Internett. Dette vil bli følgt opp i samråd med den sentrale
redaksjonen for denne nettstaden og informasjonseiningane rundt
om i departementa.
Det er også behov for å gå gjennom dei meir
eller mindre standardiserte språkmalane som blir nytta i ulike typar
trykte dokument frå departementa, og vurdera omfanget av standardiserte
tekstar på nynorsk og bokmål. Dette arbeidet vil skje i samarbeid
med Statsministerens kontor.
Departementa må også internt ha betre rutinar for
språkleg kvalitetssikring av andre typar tekstar, mellom anna stillingsutlysingar
og kunngjeringar av ulike slag. Dette er behov som først og fremst
gjer seg gjeldande på nynorsksida.
Føresetnaden er at språktenesta i regi av Språkrådet
skal vera ein sentral aktør i det språklege kvalitetsarbeidet i
staten. Departementet vil i samråd med Språkrådet vurdera om språktenesta
sjølv i større grad enn til no kan styra aktivitetane og prioriteringane
sine. Språktenesta må mellom anna fungera som eit språkleg autoritativt
organ som kan påpeika feil og gripa inn for at ting skal bli retta
opp når det er nødvendig.
Eit viktig tiltak for å få system og stabilitet
i språkarbeidet vil vera å byggja opp eit nettverk av språkkontaktar
som språktenesta kan spela på, og som kan fungera som eit eksternt
apparat for det språklege formidlings- og kvalitetsarbeidet i staten.
Somme departement og statsorgan elles har alt
i dag tilsette som arbeider med interne språkspørsmål meir eller
mindre på heiltid. Målet må vera å få utvida slike ordningar og
sett det heile meir i system.
Departementet vil difor ta initiativ til at
alle statsorgan peiker ut ein eller fleire språkkontaktar. Det vil
vera opp til kvart enkelt organ sjølv kor mykje tid desse kontaktane
skal setja av til språkarbeid. Føresetnaden må likevel vera at alle som
eit minimum peiker ut ein person som eit kontaktpunkt.
I utgangspunktet treng ikkje systemet med språkkontaktar
vera tufta på noko formelt pålegg. Departementet vil likevel vurdera
om ei ordning med språkkontaktar kan og bør forankrast i eit meir
formelt regelverk. Dette kan det vera naturleg å sjå i samband med
spørsmålet om ny og revidert lovgjeving på språkområdet.
Også eksterne krefter og ressursar må trekkjast inn
dersom ein skal få gjort noko som monnar. Departementet legg såleis
til grunn at språktenesta vil vidareføra arbeidet med å utvikla
eit system for sertifisering av språkkonsulentar.
Det er her tale om eksterne konsulentar som språktenesta
kan innestå for den faglege kvaliteten på, og som dei kan tilrå
brukt når statsorgan treng språkfagleg hjelp. Det vil særleg vera
aktuelt når det er behov for hjelp til språkvask og til omsetjing
frå bokmål til nynorsk.
Eit spørsmål av særleg interesse er språket
i lover og forskrifter.
Dette er eit spørsmål som det er naturleg å
sjå i samanheng med det arbeidet Lovavdelinga i Justisdepartementet
gjer for å fremja god lovteknikk og tenleg struktur i lov- og forskriftsverket.
Som oppfølging av den såkalla forskriftsdugnaden
for nokre år sidan vart det i 2006 oppretta ei særskild forskriftseining
knytt til Lovavdelinga. Denne eininga har eit særleg ansvar for
å gje råd om utforming av forskrifter. Formålet er å fremja eit
meir einskapleg, oppdatert og lettare tilgjengeleg regelverk av
høg kvalitet.
Departementet vil i samråd med språktenesta, Lovavdelinga
og Forskriftseininga drøfta kva som kan gjerast for å få ei meir
systematisk tilrettelegging av den språklege kvaliteten i samband
med endringar i lov- og forskriftsverket og utforming av nye lover
og forskrifter.
Det vil bli lagt opp til at alle departement
skal arbeida planmessig med utforming av lover og forskrifter på
nynorsk. Målet må vera at minst 25 pst. av lovverket rekna i tekstmengd
etter kvart skal vera på nynorsk.
Målforma i forskriftene bør som hovudregel følgja
målforma i heimelslova. Auka bruk av nynorsk i lovverket vil dermed
føra til betre måljamstilling også i forskriftsverket.
1. Departementet vil
leggja tilhøva til rette for nødvendig språkdyrking og språkrøkt
for å sikra det kvalitative grunnlaget for norsk språk.
2. I samråd med Språkrådet vil departementet vurdera
tiltak for betre språkleg kvalitet i nettaviser og andre nye publikasjonsformer.
3. Departementet vil drøfta den vidare
forvaltninga av etablerte språksamlingar og vidare digitaliseringsbehov
med involverte aktørar.
4. Departementet vil ta initiativ til eit
prosjekt for registrering og kvalitetssikring av eksisterande stadnamnsamlingar.
5. Departementet vil gjennomgå den vidare innsamlingspolitikken
for stadnamn spesielt og situasjonen for ulike språksamlingar generelt.
6. Departementet tek sikte på å bidra til
at prosjektet Norsk Ordbok 2014 kan fullførast i samsvar med dei
bindande gjennomføringsplanane som ligg føre.
7. Departementet oppmodar dei ansvarlege
for dei to leksikalske dokumentasjonsprosjekta på bokmålssida til
å avklara faglege grenseflater og eit mogleg samarbeid. Departementet
vil leggja til rette for at Det Norske Akademis store ordbok kan
fullførast på ein fagleg forsvarleg måte i 2014.
8. I samråd med Språkrådet tek departementet sikte
på innan utgangen av 2008 å få etablert eit nytt behandlings- og
vedtakssystem for nødvendig normvedlikehald og nynormering.
9. Departementet vil leggja til rette eit
system for betre og meir systematisk informasjon om gjeldande rettskrivings-
og skrivereglar i det offentlege.
10. Departementet vil ta initiativ til
å få endra ei misvisande føresegn i opplæringslova om rettsgrunnlaget
for rettskrivinga.
11. Departementet vil følgja opp godkjenningsordninga
for ordlister og ordbøker til skulebruk i samråd med Språkrådet
og Kunnskapsdepartementet.
12. Departementet vil i samråd med Språkrådet følgja
opp dei språkfaglege konsultasjonsrutinane ved namnelaging i staten.
13. Departementet vil i samråd med Kunnskapsdepartementet
i nødvendig grad følgja opp resultatet av den pågåande kvalitetsgjennomgangen av
språket i lærebøker.
14. Departementet vil vurdera korleis ein
betre enn i dag kan sikra språkleg kvalitet i film- og fjernsynsteksting.
15. Departementet vil ta initiativ til
å etablera ein standard for språkleg kvalitet i staten.
16. Departementet vil ta initiativ til
å etablera eit system for språkleg internkontroll i staten.
17. Departementet vil ta initiativ til
å etablera eit nettverk av interne språkkontaktar og eksterne språkkonsulentar
i staten.
18. Departementet vil ta initiativ til
å etablera eit system for språkleg kvalitet i lover og forskrifter.
Arbeidet med å styrkja norsk språk handlar ikkje berre
om å hindra domenetap til engelsk; like viktig er det å sikra grunnlaget
for den nynorske skriftkulturen og for nynorsken sin posisjon i
det norske språksamfunnet meir allment. Difor må språkstyrkingsarbeidet
omfatta både norsk språk generelt og nynorsk spesielt. Dette er
no også slått klart fast i formålsparagrafen til Språkrådet, statens
fagorgan i språkspørsmål.
Staten må ta eit ansvar for å leggja til rette
for meir likeverdige vilkår, slik at begge målformene – også nynorsk
– skal vera sikra vekst og utvikling.
Det er språkpolitisk nødvendig å stimulera bruken
av nynorsk i samfunnet meir systematisk og aktivt enn det som har
vore tilfellet til no.
For det første må det på ulike måtar sikrast
at nynorsk ikkje blir oversedd, utegløymt og underrepresentert som
ein konsekvens av bokmålsdominansen.
For det andre må vi halda fast ved og meir aktivt følgja
opp eksisterande krav til bokmålsbrukarar om også å bidra til den
nynorske tekstproduksjonen i samfunnet. Her må det offentlege og særleg
staten gå føre med eit godt eksempel.
Departementet finn det nødvendig å sjå nærare på
praktiseringa av føresegna i lov om målbruk i offentleg teneste,
mellom anna for å sikra at ho ikkje blir misbrukt til automatisk
å stengja minoritetsspråklege søkjarar ute frå statlege stillingar
berre fordi dei manglar karakter i sidemål frå vidaregåande skule.
Personar med minoritetsspråkleg bakgrunn representerer
ein fleirspråkleg kompetanse som det er verdifullt å få inn i staten,
og det er dessutan eit prioritert mål at den statlege arbeidsstyrken
så langt råd er, skal spegla heile befolkninga.
Behovet for integrering og inkludering av den aukande
innvandrarbefolkninga tilseier at staten i større grad opnar også
for tilsetjing av personar utan norsk som morsmål.
Det er eit klart behov for meir systematisk
oppfølging på dette området. Som grunnleggjande verkemiddel i dette
oppfølgingsarbeidet legg departementet opp til at kvart statsorgan
heretter skal ha ein oppdatert språkleg kompetanseplan.
I følgjebrevet frå interimsstyret i Språkrådet
ved oversending av Norsk i hundre! i mars 2006 vart det vist til
at dei store riksavisene diskriminerer nynorsk når dei ikkje tillèt
nynorskjournalistar å bruka målforma si. Departementet blir bedt
om å vurdera om det kan setjast inn tiltak for å sikra at denne
diskrimineringa tek slutt.
Avisene er i privat eige, og i motsetnad til
det som er tilfellet for radio og fjernsyn i statleg eige eller
med statleg konsesjon, er det ikkje tradisjon for å stilla formelle
krav til avisene om å nytta begge målformer.
Etter departementet si vurdering er det positivt dersom
aviser i større grad enn i dag slepper til nynorsk på redaksjonell
plass.
I vedtektene for NRK er det fastsett at begge
dei offisielle målformene skal nyttast, og at minst 25 pst. av verbalinnslaga
skal vera på nynorsk.
Medietilsynet gav uttrykk for at NRK som statleg,
lisensfinansiert allmennkringkastar har eit særskilt ansvar for
å sjå til at krav til nynorsk blir tilfredsstillande etterlevd.
Medietilsynets konklusjon er såleis at NRK ikkje innfridde kravet
om bruk av nynorsk i kjerneverksemda si i 2006.
Av den nyleg framlagde rapporten for 2007 går det
fram at situasjonen ikkje er vesentleg endra, og Medietilsynet rettar
på nytt kritikk mot NRK for ikkje å innfri minimumskravet til nynorsk
i programtilbodet. Det blir vist til at NRK har gjort greie for
tiltak for å auka nynorskbruken, og Medietilsynet ventar at desse
tiltaka no kjem til uttrykk også i det faktiske programtilbodet.
I allmennkringskastingsrapportane for 2006 og 2007
konstaterte Medietilsynet at begge målformer blir nytta i TV 2,
og konklusjonen var at TV 2 innfridde konsesjonskravet.
Det kan verka som eit ambisiøst mål å laga ei
tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer, slik
styret i Språkrådet har vedteke.
Departementet erkjenner at spørsmålet om ein ny
gjennomgang av nynorsknorma er ei vanskeleg sak, og at det ikkje
er lett å ha ei skråsikker oppfatning av kva slags normsystem som
alt i alt vil vera mest tenleg for nynorsken og nynorskbrukarane
på kort og lang sikt.
Spørsmålet om endringar må nødvendigvis byggja
på vurderingar og vedtak som er godt førebudde i Språkrådet. Samstundes
er det grunn til å streka under at dette førearbeidet må ha best mogleg
forankring blant språkbrukarane. Departementet oppfattar det slik
at vedtaket i styret legg opp til ei slik brei forankring og ein
prosess der ulike syn kan koma til orde.
Ein ny gjennomgang av nynorskrettskrivinga med
sikte på endringar vil på nytt reisa fleire spørsmål, for det første
om ein skal avskaffa det noverande skiljet mellom hovudformer og
sideformer, kor stor valfridommen skal vera innanfor eit eventuelt
nytt system utan slikt statusskilje, og endeleg kva former som skal takast
ut av norma, og kva former som skal bli verande i den grad ein strammar
inn.
Etter ei samla vurdering har departementet kome til
at det likevel er så mykje som taler for ein ny gjennomgang at det
ikkje vil vera rett å gå imot at dette arbeidet blir sett i gang
slik styret har vedteke.
Departementet har heller ikkje merknader til
at styret har gjort vedtak om ei klar retning og ein klar ambisjon
for arbeidet. Det må likevel leggjast til grunn at nynorsken framleis
skal vera slik utforma at han kan ha appell til språkbrukarar over
heile landet, og at ein ikkje stengjer ute former som er i allmenn
bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar.
Departementet er redd for at mykje diskusjon
om nynorsk rettskriving og ordtilfang opp gjennom åra kan ha ført
til at det i mange samanhengar skjer ei for mekanisk formalopplæring
i nynorsk, utan at det blir gjeve nok akt på grunnleggjande krav
til god nynorsk ordlegging og seiemåte. Dette er eit spørsmål som
det kan vera grunn til å sjå nærare på som ledd i det vidare arbeidet med
å skaffa fram meir kunnskap om nynorskopplæringa i skulen.
I språkopplæringsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet
er det vist til at det er behov for sterkare forskingsinnsats med
sikte på å få fram meir kunnskap om nynorskopplæringa. Det er også
nemnt at Nynorsksenteret har sett i gang mange tiltak for å styrkja
nynorskopplæringa, men at mykje framleis er ugjort. Kunnskapsdepartementet
slår fast at det difor er viktig med intensivert innsats og eit
breitt engasjement for å gjera nynorskopplæringa betre.
Nynorsksenteret vart etablert frå 1. januar
2005 og skal vera eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa.
Senteret skal mellom anna utvikla metodar og arbeidsmåtar som kan
vera med på å skapa språkkompetanse og motivera for arbeid med nynorsk.
Gode røynsler skal systematiserast, prøvast ut og spreiast vidare
til skuleverket.
Kunnskapsdepartementet har i språkopplæringsmeldinga
varsla at departementet vil styrkja nynorsk i opplæringa gjennom
ein tiltaksplan knytt til Nynorsksenteret. Kultur- og kyrkjedepartementet
vil bidra med innspel til Kunnskapsdepartementet i arbeidet med
denne tiltaksplanen.
At det er ulike vurderingar og til dels intern
strid om spørsmål som gjeld ordtilfang og normsystem, er elles like
mykje som noko anna eit uttrykk for livskraft og livsvilje innanfor
nynorskverda. Departementet vil difor åtvara mot å bruka slik usemje
som eit argument mot nynorsken. Ein skal heller ikkje sjå bort frå
at dei vedtaka som er gjorde oppigjennom, både når det gjeld normering
og ordtilfang, representerer etter måten fornuftige kompromiss i
vanskelege spørsmål.
I den politiske plattforma si har Regjeringa
peikt på det verdifulle mangfaldet som ligg i det å ha to norske
skriftkulturar. Det er vist til at nynorsk og bokmål er formelt
likestilte, men at nynorsk likevel reelt sett har vanskelegare vilkår.
Konklusjonen er at det difor er særleg viktig å sikra grunnlaget
for ei god utvikling for nynorsken.
Også i Kulturløftet, som dei tre noverande regjeringspartia
vart samde om vinteren 2004, er det vist til at norsk språk er under
konstant press, at nynorsk er særleg pressa, at det er viktig å sikra
skuleelevar god opplæring i begge målformer, og at sidemålsundervisninga
må utviklast og utbetrast, ikkje reduserast.
I dei politiske premissane ligg det ei erkjenning av
at tiltak som i nokon mon kan jamna ut dei ulike konkurransevilkåra
mellom målformene, er nødvendige for å sikra ei god utvikling også
for nynorsk som den minst brukte målforma.
Dette inneber mellom anna økonomisk støtte til institusjonar,
organisasjonar og ordningar som har som ein uttrykt del av formålet
sitt å byggja opp under nynorsk språk og kultur.
Økonomisk støtte til ein del særlege nynorsktiltak
vil ikkje vera nok til å hindra ei utvikling der den minst brukte
målforma kan koma til å bli meir og meir marginalisert.
Vel så viktig er det difor at det i den offentlege språkpolitikken
blir bygd inn som eit prinsipp at nynorsk i utgangspunktet høyrer
med der norsk språk blir tematisert eller brukt.
Prinsippet må forankrast som ein del av ein
sektorovergripande språkpolitikk slik at ikkje vurderinga av nynorskperspektivet
blir oversett og utegløymt. Eit slik prinsipp inneber at det normale
vil vera at nynorsk alltid blir rekna med, og at det må grunngjevast
særskilt når den nynorske sida av saka ikkje er relevant.
Departementet har innarbeidt dette prinsippet som
ein del av dei språkpolitiske måla som Stortinget gjennom denne
meldinga blir invitert til å slutta seg til.
Eit bidrag til å byggja opp under den språklege sjølvkjensla
hos nynorskbrukarane er å sikra at dei i større grad enn i dag får
oppfylt dei språklege rettane sine.
Det som kanskje har mest å seia for den språklege
sjølvkjensla hos dei som bruker nynorsk, er truleg den allmenne
haldninga som språket deira blir møtt med av storsamfunnet. Det
må difor leggjast vekt på å utforma politikken og tiltaka slik at
det kan byggjast opp eit meir positivt omdømme for nynorsk språk
og kultur – som ein innebygd del av den norske fellesskulturen.
Det må leggjast til grunn at dette er eit nasjonalt fellesprosjekt,
og at vi har eit ansvar for å motverka negative haldningar til nynorsk og
ubevisst neglisjering av nynorskbrukarane sine rettkomne interesser.
Departementet vil på ulike måtar medverka til
å fremja dei positive verdiane ved den språkdelte norske kulturen
og motverka negative haldningar til nynorsk.
I tillegg til dette vil departementet innanfor
kulturpolitikken leggja særleg vekt på nynorsktiltak som spesielt
rettar seg mot barn og unge, og søkja å styrkja desse i ulike samanhengar.
Departementet vil også leggja stor vekt på å
gje eksisterande tiltak og ordningar ein profil som kan vera med
på å styrkja den språklege identiteten hos barn og unge med nynorskbakgrunn, og
for reint allment å gjera nynorsk språk og kultur meir synleg for
barn og unge frå heile landet.
I denne samanhengen er ikkje minst Den kulturelle
skulesekken eit aktuelt utgangspunkt for sterkare profilering av
nynorsk språk og kultur blant barn og unge.
I delar av den norske populærkulturen er det
eit etter måten sterkt innslag både av dialektar og av nynorsk.
Men innanfor store delar av kulturlivet elles er det ønskeleg at
den nynorske målforma, og gjerne også dialektar, blir meir synleg
enn det som er tilfellet i dag.
Det er i det seinare sett søkjelys på det problemet at
nesten ingen utanlandske filmar for kino- eller DVD-marknaden blir
teksta på nynorsk. Teksting av film er eit døme på ei mogleg domeneerobring
for nynorsk.
I nær framtid vil kinofilmen bli digitalisert. Dette
vil gjera det enkelt å teksta alle filmar på både bokmål og nynorsk.
Departementet vil elles gjera ein eigen gjennomgang
av heile kultur- og mediesektoren for å vurdera kva som på ulike
felt kan gjerast for å stimulera til at nynorsk målbruk skal bli
meir synleg i det samla norskspråklege kultur- og medietilbodet
i landet.
Når det spesielt gjeld medietilbodet, vil departementet
ta opp det framlegget som vart lansert av dei noverande regjeringspartia
i Kulturløftet frå 2004 om å etablera eit fond, kalla Vinjefondet
– som kan forvaltast og brukast uavhengig av dei prioriteringane
som blir gjort i dei årlege statsbudsjetta. I tråd med føresetnadene
skal eit slikt fond ha som hovudformål å styrkja nynorsk journalistikk
og anna publisistisk verksemd på nynorsk.
Departementet vil elles leggja vekt på den funksjonen
som ordninga med statleg pressestøtte har ikkje berre som eit mediepolitisk,
men også som språkpolitisk verkemiddel. Alle dei små nynorskavisene
som nyt godt av pressestøtte, gjer at dette kanskje er den viktigaste
enkeltståande støtteordninga for nynorsk skriftkultur i det heile,
jamvel om dette i utgangspunktet ikkje er ein del av grunngjevinga
for ordninga. Dette språkpolitiske perspektivet må i høg grad takast med
i vurderinga ved framtidige vurderingar av pressestøtteordninga.
Innanfor ramma av dei midlane som til kvar tid står
til rådvelde over det statlege kulturbudsjettet, vil departementet
leggja vekt på å gje dei nynorske institusjonane gode rammevilkår.
Det er særs om å gjera at det blir utvikla mykje meir
allmenn, publikumstilpassa og tilgjengeleg informasjon på nynorsk
på Internett.
Departementet legg til grunn at Det Norske Samlaget,
eventuelt i samarbeid med andre aktørar, arbeider vidare med å produsera
og leggja ut nynorsk kvalitetsinnhald på Internett. Departementet
vil også vurdera å gje Det Norske Samlaget økonomisk grunnlag for
å utvida denne aktiviteten.
I St.meld. nr. 7 (2005–2006) har departementet gjort
greie for situasjonen og dei føresetnadene som gjeld for bruk av
nynorsk i alt det stoffet som statlege organ legg ut på heimesidene
sine på Internett.
Departementet konstaterer at det framleis manglar
mykje på at nynorsk blir nytta i det omfanget og på den måten som
følgjer av reglane i lova om målbruk i offentleg teneste. Det er
difor nødvendig å intensivera innsatsen på dette området.
1. Regjeringa legg opp
til at omsynet til nynorsk alltid skal vurderast eksplisitt når
spørsmål som vedkjem norsk språk, blir tematisert.
2. Departementet vil fremja dei positive
verdiane ved den språkdelte norske kulturen og motverka negative
haldningar til nynorsk.
3. Departementet vil identifisera og gjennomføra tiltak
som kan vera med og synleggjera og fremja nynorsk språk og kultur.
4. Departementet vil profilera nynorsk
språk og kultur blant barn og unge, og vil byggja inn ein særskild
nynorskprofil innanfor generelle tiltak og ordningar retta mot barn
og unge, ikkje minst innanfor Den kulturelle skulesekken.
5. Departementet vil i dei årlege statsbudsjetta leggja
vinn på å gje dei særskilde nynorskinstitusjonane gode rammevilkår.
6. I tråd med lovnaden frå Kulturløftet
vil departementet oppretta eit eige fond, Vinjefondet, med hovudformål
å styrkja nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd.
7. Departementet vil sikra det økonomiske grunnlaget
for produksjon og publisering av nynorsk kvalitetsinnhald på Internett.
8. Departementet ventar at riksdekkjande
aviser i større grad gjev høve til å nytta nynorsk på redaksjonell
plass.
9. Departementet vil intensivera innsatsen
for at statsorgan oppfyller kvotekravet om minst 25 pst. nynorsk,
også i alle statlege heimesider på Internett.
10. Alle organ som kjem inn under mållova,
skal halda seg med ein oppdatert språkleg kompetanseplan som sikrar
fullgod nynorskkompetanse, og som også kan gje opning for å frita
enkeltmedarbeidarar med minoritetsbakgrunn frå plikta til å nytta
begge målformer.
11. Departementet vil i samråd med Språkrådet bidra
til tiltaksplanen for nynorsk i opplæringa som er varsla i språkopplæringsmeldinga
frå Kunnskapsdepartementet.
12. Departementet vil gje Språkrådet klarsignal til
å setja i gang arbeidet med å førebu ein revisjon av rettskrivingssystemet
i nynorsk.
13. Departementet vil vurdera korleis spørsmål som
gjeld ordtilfanget i nynorsk, bør handterast innanfor ramma av eit
nytt behandlings- og vedtakssystem for nynormering og normvedlikehald.
14. Departementet vil i samråd med Kommunal- og
regionaldepartementet kartleggja nynorskbruken i kommunesektoren.
Med uttrykket "det mangespråklege Noreg" vil departementet
i denne meldinga streka under at ein ny norsk språkpolitikk må ta
omsyn til at det her i landet blir brukt mange andre språk enn norsk.
Framstillinga konsentrerer seg om dei språka som
har eit meir tradisjonelt fotfeste i landet her, og som også har
ein meir formalisert status i det norske samfunnet. For det første
gjeld dette samisk, dinest dei tre språka til nasjonale minoritetar,
dessutan det norske teiknspråket.
Departementet vil gje Språkrådet i oppdrag å byggja
opp eit oversyn over nordiske eller europeiske fagmiljø som kan
gje nordmenn med minoritetsspråkleg bakgrunn informasjon om språket
deira.
Det er i dag eit uttalt mål for den politikken Regjeringa
fører overfor nasjonale minoritetar, at personar som tilhøyrer desse
gruppene, skal kunna uttrykkja, halda oppe og vidareutvikla sin identitet,
sitt språk og sin kultur. Regjeringa vil også sjå til at personar
som høyrer til nasjonale minoritetar, får høve til effektiv deltaking
i saker som vedkjem dei.
Samisk språk er ein av berebjelkane i samisk kultur
og er svært viktig for å halda oppe det samiske samfunnet. Språket
er kulturberar og meiningsberar og er difor eit kjernepunkt i arbeidet
med å vidareføra samiske verdiar og samisk samfunnsforståing.
Samisk språk er framleis i ei utsett stilling.
Regjeringa vil leggja til rette for ein sterkare innsats
for samisk språk.
Det må bli lettare å få opplæring i samisk for
alle aldersgrupper.
For at samisk språk skal vera eit levande språk, er
det også heilt avgjerande at det finst eit godt barnehage- og skuletilbod.
Vi viser her til nærare omtale i språkopplæringsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet
og i meldinga om samepolitikken frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
I enkelte nordsamiske område, spesielt i Indre Finnmark,
står det samiske språket sterkare. I andre nordsamiske område, som
sjøsamiske bygder, blir det lagt ned mykje arbeid for å styrkja
det samiske språket. Også innanfor forvaltningsområdet for samisk
språk er det mange utfordringar i arbeidet med å styrkja samisk
både som kommunikasjonsspråk og forvaltningsspråk.
Dei små samiske språka, austsamisk, lulesamisk og
sørsamisk, er i ein kritisk situasjon og treng snarlege tiltak.
Dei enkelte tiltaka for samisk språk er utforma innanfor
ulike sektorar og er i liten grad vortne sett i samanheng. For at
det samiske språket skal få ei trygg framtid i Noreg, er det nødvendig
å sjå innsatsen for samisk språk i samanheng.
Ei meir heilskapleg tilnærming til samisk språk vil
kunna avdekkja veike punkt. Det er mellom anna nødvendig å sjå nærare
på i kva grad ulike tiltak har nådd fram til dei målgruppene dei
har vore retta mot. Det er i denne samanhengen behov for å skaffa
fram meir kunnskap og dokumentasjon om stillinga for samisk språk
i det samiske samfunnet.
Regjeringa vil arbeida for å leggja grunnlaget
for ein ny samisk språkpolitikk med eit strategisk og heilskapleg
perspektiv på samisk språk og samfunn.
Eit sentralt utgangspunkt for det vidare arbeidet med
en slik samisk språkpolitikk vil vera å arbeida fram ein handlingsplan
for samisk språk. Regjeringa vil raskt setja i gang arbeidet med
ein slik plan. Handlingsplanen vil bli utvikla i samarbeid med Sametinget,
samiske miljø og aktuelle departement.
Regjeringa vil følgja opp evalueringa av språkreglane
i samelova i samarbeid med Sametinget. Den evalueringsrapporten
som ligg føre, vil vera eit viktig grunnlag for arbeidet med ein
handlingsplan for samisk språk.
Departementet legg til grunn at kvensk er eit svært
utsett språk, men at det blant kvenane sjølve finst så mange språkberarar
og ressurspersonar og så stort medvit om verdien av å sikra språket
og kulturen at grunnlaget for nødvendig revitalisering er til stades.
Gjennom godkjenninga av kvensk som eige språk
er det slått fast at det skal leggjast til rette for å utvikla eit
eige kvensk skriftspråk, til skilnad frå riksfinsk.
Departementet legg samstundes til grunn at ein aktiv
statleg medverknad er ein nødvendig føresetnad for at arbeidet skal
føra fram.
Skal kvensk sikrast som eit levande språk på lengre
sikt, må det setjast inn adekvate tiltak. Systematisk styrking av
kvensk språk må inngå som ein integrert del av ein heilskapleg norsk språkpolitikk.
I tillegg til samordningsarbeid overfor dei
andre aktuelle departementa vil Kultur- og kyrkjedepartementet innanfor
eige sektoransvar i første omgang prioritera to konkrete tiltak.
For det første vil departementet ved vurdering av rammevilkåra til
Kvensk institutt leggja vekt på behovet for å få fortgang i arbeidet
med å standardisera kvensk språk. For det andre vil departementet
vurdera kva som kan gjerast for å leggja til rette for innsamling
og registrering av kvenske stadnamn.
Utover dette vil departementet innanfor eige ansvarsfelt
vurdera kva som kan gjerast i samarbeid med NRK for å få til eit
monaleg betre radiotilbod på kvensk enn det som er tilfellet i dag.
Departementet vil også drøfta med dei ansvarlege
kva som skal til for å vidareutvikla og styrkja den kvenske avisa
Ruijan Kaiku.
Det langsiktige målet for arbeidet med å styrkja kvensk
språk må elles vera at ein etter kvart kan skapa grunnlag for å
gje kvensk vern på det høgaste og mest forpliktande nivået i den
europeiske minoritetsspråkpakta. Føresetnaden er at det skjer ei
utvikling der kvensk språk får ei stadig sterkare stilling. Då vil
det kunna vera grunnlag for vern på høgaste nivå utan at ei slik formell
statusheving i seg sjølv vil innebera nye plikter for norske styresmakter.
Innanfor ramma av denne meldinga har det ikkje vore
råd å koma langt nok i arbeidet med å analysera grunnlaget for ein
framtidig språkpolitisk strategi for romani og romanes.
Departementet vil difor i dialog med språkbrukarane
ta initiativet til ein dialog med sikte på å utforma tiltak for
å sikra vern og utvikling av desse språka, mellom anna med utgangspunkt
i merknadene frå Europarådet.
Gradvis har det vakse fram større innsikt i
at teiknspråk er eit fullverdig språk på linje med andre språk.
Teiknspråk må ikkje sjåast på som ein kommunikasjonsmetode for menneske
med nedsette funksjonsevner, men som eitt av fleire språk som blir
nytta i eit mangespråkleg samfunn.
I denne meldinga – som skal leggja grunnlaget for
ein heilskapleg og sektorovergripande språkpolitikk – er det naturleg
nok dette språkpolitiske perspektivet på teiknspråk som står i framgrunnen.
Med utgangspunktet i eit slikt perspektiv må
vi slå fast at teiknspråk har ein grunnleggjande verdi i seg sjølv,
mellom anna som identitetsmerke og ekte kulturuttrykk for ein språkleg
minoritet i det norske samfunnet. Det norske teiknspråket er også
eit genuint norsk språk, ein del av den norske kulturarven og ikkje
minst ein del av det språklege mangfaldet i landet som vi alle har
ei særleg plikt til å ta vare på.
Utgangspunktet er at norsk teiknspråk frå før
kan seiast å ha ei form for offisiell status, primært gjennom føresegnene
i opplæringslova. Departementet ser likevel eit klart behov for
å gje språket høgare offisiell status. Ein slik status må byggja
på eit meir generelt språkpolitisk grunnlag.
Departementet finn ikkje at det vil vera formålstenleg
å ta som utgangspunkt at det bør utarbeidast ei eiga lov om teiknspråk,
og i alle fall ikkje ei lov som meir i detalj skal regulera kva
rettar teiknspråkbrukarar har eller skal ha i ulike samanhengar.
Dette bør regulerast i særlovgjevinga. Desse rettane bør også sjåast
i samanheng med rettar for menneske med andre kommunikasjonshandikapp.
Departementet vil likevel gå inn for ei løysing som
inneber at norsk teiknspråk får høgare offisiell status gjennom
ei generell lovforankring. Det kan best skje ved at norsk teiknspråk
blir omfatta av ei allmenn språklov.
Grunngjevinga for ei allmenn språklov er først og
fremst behovet for å gje eit sterkare fundament for arbeidet med
styrking av norsk språk.
Men departementet legg til grunn at ei slik
lov også bør innehalda tilpassa og oppdaterte føresegner om samisk,
gamle og nye minoritetsspråk og om norsk teiknspråk. Målet vil vera
å koma fram til ei lov som gjev eit samla uttrykk for den norske
språksituasjonen, og som nærare definerer kva status og rolle også
andre språk enn norsk skal ha innanfor denne totaliteten.
For norsk teiknspråk vil ei slik løysing i seg
sjølv innebera ei klar statusheving gjennom overordna lovforankring,
og dessutan ei tydeleg markering av at omsynet til norsk teiknspråk
og norske teiknspråkbrukarar for framtida skal inngå som ein integrert
del av ein samla språkpolitikk i Noreg.
Departementet tek også sikte på at Språkrådet, som
statens fagorgan i språkspørsmål, skal få eit utvida ansvar for
andre språk enn norsk, og at dette også skal omfatta norsk teiknspråk.
Departementet vil arbeida vidare med spørsmålet
om utforming av ei norsk språklov.
Regjeringa vil ta initiativ til å få utgreidd
vidare kva rettar teiknspråkbrukarar skal ha, og kva plikter offentlege
styresmakter og andre instansar skal ha overfor teiknspråkbrukarane
og utviklinga av teiknspråket og teiknspråkkulturen.
Utgreiinga må også vurdera i kva grad og på
kva måte dette treng forankring i lovverket.
Noko av det som må vurderast, er kva plikter som
kan følgja av ratifikasjon av FN-konvensjonen om rettar for menneske
med nedsett funksjonsevne.
Stortinget har nyleg vedteke ny diskriminerings- og
tilgjengelegheitslov for menneske med nedsett funksjonsevne, jf.
Ot.prp. nr. 44 (2007–2008) og Innst. O. nr. 68 (2007–2008). Mellom anna
vil kravet i lova om universell utforming kunna føra til betre tilhøve
også for teiknspråkbrukarar. Som nemnt i proposisjonen vil Regjeringa
arbeida vidare med å greia ut spørsmålet om rettskrav på tilgang
til informasjon, varer og tenester.
Kyrkje- og kulturdepartementet skal greia ut
om det bør innførast generelle krav til teksting og teiknspråktolking
for digitale medium på fjernsynsområdet.
1. Kultur- og kyrkjedepartementet
har eit overordna språkpolitisk ansvar også overfor samisk, språka
til nasjonale minoritetar, norsk teiknspråk og elles andre minoritetsspråklege
grupper i Noreg.
2. Regjeringa vil følgja opp merknader
og tilrådingar frå ekspertkomiteen og ministerkomiteen i Europarådet
om korleis Noreg etterlever konvensjonen om regions- og minoritetsspråk.
3. Regjeringa vil setja i gang eit arbeid
med sikte på å utvikla ein handlingsplan for samisk språk.
4. Regjeringa vil følgja opp rapporten
frå 2007 om evaluering av språkreglane i samelova i samarbeid med
Sametinget, også som eit viktig grunnlag for handlingsplanen for
samisk språk.
5. Regjeringa legg til grunn at det er
viktig å skipa tospråklege samfunn der dette lèt seg gjera, og er
positiv til ei ytterlegare utviding av forvaltningsområdet for samisk
språk.
6. Departementet vil halda fram arbeidet
med å verna og styrkja kvensk språk.
7. Departementet vil vurdera å invitera
representantar frå kvenene, alle dei aktuelle departementa og representantar
for relevante fagmiljø til ein større konferanse om revitalisering
av kvensk språk.
8. Departementet vil drøfta med dei ansvarlege kva
som skal til for å vidareutvikla og styrkja den kvenske avisa Ruijan
Kaiku.
9. Departementet vil leggja til rette for
å intensivera arbeidet med innsamling og registrering av samiske
og kvenske stadnamn.
10. Departementet vil ved vurdering av
rammevilkåra til Kvensk institutt leggja vekt på behovet for å få
fortgang i arbeidet med å standardisera kvensk språk.
11. Relevante departement vil vurdera kva
som kan gjerast for å tryggja minoritetsspråka romani og romanes.
12. Departementet tek sikte på å forankra
det overordna ansvaret det offentlege har for norsk teiknspråk,
i den generelle språklova som er nærare drøfta i kapittel 3 i denne
meldinga.
13. Det vil bli vurdert å oppretta ei stilling
som teiknspråkkonsulent i sekretariatet i Språkrådet.
14. Departementet vil også i internasjonal
samanheng arbeida for å gje teiknspråk ei sterkare stilling.
15. Regjeringa vil vurdera situasjonen
for teiknspråkbrukarane med omsyn til praktisk tilrettelegging for
bruk av teiknspråk på ulike samfunnsområde og dei formelle rettar
og plikter som er knytte til dette.
16. Departementet vil gje Språkrådet i
oppdrag å byggja opp ei oversikt over nordiske eller europeiske
fagmiljø som kan gje nordmenn med minoritetsspråkleg bakgrunn informasjon
om språket deira.
17. Departementet vil vurdera kva konkrete
oppgåver Språkrådet kan vareta når det gjeld dei nyare innvandrarspråka
i Noreg.
I Nordisk ministerråds strategi for utdannings- og
forskingsområdet 2008–2010 er det lagt til grunn at Ministerrådet
skal arbeida for å oppfylla måla i den nordiske språkdeklarasjonen.
For å nå desse måla må ein styrkja nabospråkundervisninga, undervisninga
i skandinaviske språk og i framandspråk. Ein skal prioritera språkteknologi fordi
dei enkelte nasjonale forskingsmiljøa er små, og fordi det er nødvendig
med ein felles nordisk innsats for å styrkja den språkteknologiske
utviklinga.
Departementet vil følgja opp den nordiske språkdeklarasjonen
både gjennom samarbeidet i Nordisk ministerråd og gjennom prioriteringar og
satsingar i utdannings- og forskingspolitikken og i kulturpolitikken.
Nasjonalt vil arbeidet med å følgja opp deklarasjonen inngå som
ledd i den nye og heilskaplege språkpolitikken som denne meldinga
legg grunnlaget for. Ved koordinert innsats på nasjonalt plan i
dei nordiske landa og ei vidare utvikling av det nordiske språksamarbeidet
kan Norden styrkja sin posisjon som ein språkleg føregangsregion
i verda.
Nasjonal oppfølging av nabospråkundervising blir
grundigare omtalt i stortingsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet
om språkopplæring. I meldinga blir det gjort framlegg om å kartleggja status
for undervisning i og om nabospråk i grunnopplæringa og allmennlærarutdanninga.
På nasjonalt plan vil departementet informera
og oppfordra aktørar på kulturområdet til å delta aktivt i det nordiske
samarbeidet. Nettverksarbeid og samarbeidsprosjekt på tvers av dei
nordiske landa vil gje verdifull fagleg inspirasjon og styrkja samanhengen
mellom det nordiske samarbeidet og utviklinga av nasjonal kultur-
og språkpolitikk.
Departementet vil vurdera å etablera eit fleirårig formidlingsprogram
i folkebiblioteka og gjennom dette mellom anna leggja til rette
for auka formidling av nabolandslitteratur både for barn og vaksne.
Formidlingsprogrammet vil bli nærare omtalt i den komande bibliotekmeldinga.
Departementet ønskjer å oppmuntra til at Den kulturelle
skulesekken også kan vera open for formidling av kunst og kultur
på nordiske nabospråk.
Departementet vil arbeida for å styrkja norsk film-
og tv-produksjon og formidlinga av denne i Norden. Det vil vera
viktig å leggja tilhøva til rette for fleire nordiske samproduksjonar
for film og tv.
Departementet meiner at det er behov for å utvikla
fleire dataspel med eit norsk og nordisk innhald. Dette er viktig
for å skapa gode alternativ til dei mange dataspela som kjem på
engelsk språk. Både den nasjonale og den nordiske støtteordninga
for dataspel gjev betre høve til å utvikla spel med norsk og nordisk
innhald. Departementet vil arbeida for å vidareføra begge ordningane.
For å auka tilgangen til norske dataspel vil Regjeringa også vurdera
ei utlåns- og innkjøpsordning gjennom folkebiblioteka.
Frå eit kulturpolitisk og språkpolitisk synspunkt vil
det vera positivt om nabolandsfjernsyn kan vera ein del av tilbodet
i det norske digitale bakkenettet.
Departementet vil oppretta ein norsk språkbank. Språkbanken
vil også få i oppgåve å leggja tilhøva til rette for eit utvida
nordisk samarbeid om språkressursar.
1. Departementet vil
oppmoda og stimulera aktørar på heile kulturområdet til å delta
aktivt i nordisk samarbeid og nordiske samarbeidsprosjekt.
2. Departementet vil vurdera å etablera
eit fleirårig formidlingsprogram i folkebiblioteka som skal leggja
til rette for formidling av nabolandslitteratur for barn og vaksne.
3. Departementet vil leggja til rette for
at Den kulturelle skulesekken formidlar kunst og kultur også på
nordiske nabospråk.
4. Departementet vil leggja til rette for
å styrkja formidlinga av norske film- og tv-produksjonar i Norden
og for fleire nordiske samproduksjonar for film og fjernsyn.
5. Departementet vil leggja til rette for
at aktuelle støtteordningar for dataspel også kan bidra til å utvikla
og formidla dataspel på andre nordiske språk enn norsk.
6. Departementet vil halda fram arbeidet
for å finna løysingar som kan bidra til betre gjensidig tilgang
på nabolandsfjernsyn i Norden.
7. Som ledd i arbeidet med å byggja opp
ein norsk språkbank vil det bli lagt til rette for eit utvida nordisk
samarbeid om språkressursar.
8. Regjeringa vil aktivt bidra til å fremja
og følgja opp mål og tiltak i den nordiske språkdeklarasjonen, mellom
anna alle tiltak som kan styrkja den nordiske språkfellesskapen.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Gunn Karin Gjul, Knut Werner Hansen, Britt Hildeng og Espen Johnsen,
frå Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, frå Høgre,
Olemic Thommessen, frå Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, frå Kristeleg
Folkeparti, leiaren May-Helen Molvær Grimstad, frå Senterpartiet, Magnhild
Eia, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser til meldinga.
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg
Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, viser til at det er brei
politisk semje med tanke på det grunnleggjande omsynet til å styrkje
norsk språk. Fleirtalet meiner det er viktig å etablere
ein heilskapleg og sektorovergripande språkpolitikk. Fleirtalet meiner
meldinga utgjer eit godt grunnlagsdokument for utarbeidinga av ein
slik politikk.
Medlemene i komiteen frå Høgre,
Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner dette gjeld hovudsakleg
på analyseområdet.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, meiner det er naudsynt
å tydeleggjere at Kultur- og kyrkjedepartementet skal ha det overordna
språkpolitiske ansvaret i Noreg, og legg i likheit med departementet
til grunn at alle fagdepartementa tar eit språkpolitisk ansvar,
slik dei på liknande vis t.d. har eit miljøansvar og eit ansvar
for likestilling mellom kjønna. Fleirtalet merkar
seg i denne samanhengen at departementet legg opp til at Språkrådet
skal få eit breiare ansvar og ei meir sentral rolle i språkpolitikken,
jf. m.a. kapittel 2.2.2 i innstillinga. Fleirtalet er
positivt til dette og legg til grunn at Språkrådet ikkje blir den
einaste aktøren i språkpolitikken.
Fleirtalet stør at det overordna
målet for språkpolitikken skal vere å sikra det norske språket,
bokmål og nynorsk, sin posisjon som eit fullverdig, samfunnsberande
språk i Noreg. Fleirtalet merkar seg vidare at meldinga
legg vekt på det norskspråklege mangfalds- og jamstillingsperspektivet;
det mangespråklege og fleirspråklege perspektivet; det nordiske
perspektivet; samt det framandspråklege perspektivet som delar av
ein heilskapleg språkpolitikk. Fleirtalet stør dei
overordna prinsippa som meldinga legg til grunn for språkpolitikken
i Noreg.
Fleirtalet viser til at meldinga
som ligg føre, må sjåast i samanheng med den nyleg handsama meldinga
frå Kunnskapsdepartementet om språkstimulering og språkopplæring,
St.meld. nr. 23 (2008–2009), og viser til dei respektive partia
sine merknadar i Innst. S. nr. 10 (2008–2009).
Eit anna fleirtal,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet og Høgre, viser til
at rammevilkåra og utsiktene for norsk språk i ei stadig meir globalisert
verd er sjølve gjennomgangstemaet i meldinga. Meldinga drøftar dei
utfordringane det norske nasjonalspråket møter på grunn av den dominerande
stillinga engelsk har fått som internasjonalt fellesspråk i den
globale konkurransen. Dette er eit hovudperspektiv som kjem tydeleg
til uttrykk i meldinga. Ho bør difor representere eit godt utgangspunkt
for ein språkpolitikk med brei oppslutning, ein politikk som kan
leggja grunnlaget for ei god utvikling for norsk språk totalt sett.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, meiner ein slik
politikk for norsk språk sjølvsagt må omfatta begge dei norske målformene.
Då kan vi ikkje lukke auga for at nynorsk som eit mindre brukt språk
har særlege vanskar å stri med. Fleirtalet vil difor
streke under det departementet seier på s. 196 i meldinga om behovet
for ei viss utjamning av konkurransevilkåra mellom bokmål og nynorsk.
Det er dei som eventuelt går imot ein slik ansvarleg politikk, som
held liv i ein gammal språkstrid som ein i dag burde få slutt på.
Komiteens medlem fra Høyre mener
det viktigste språkpolitiske tema som bør holdes frem i forbindelse
med stortingsmeldingen "Mål og meining – ein heilskapleg norsk språkpolitikk",
er norsk språks rammebetingelser og utviklingsmuligheter i et samfunn
som stadig mer omfattes av globaliseringens virkninger. I denne debatten
er norsk språks stilling i forhold til engelsk det sentrale spørsmålet,
ikke den tradisjonelle debatten om de to norske språkformers forhold
til hverandre. Dette medlem mener meldingen i større
grad kunne tydeliggjort dette. Dette medlem mener
dette også er en del av bakgrunnen for den manglende offentlige
debatt som har vært. For å nå de målsettinger meldingen skisserer
er det av stor betydning at vi i vårt land har en levende debatt
og interesse for språk i befolkningen. Da er det viktig at alle
grupper har et rimelig godt utgangspunkt for deltagelse. Som følge
av en mangeårig politikk der kun den ene norske språkformen, nynorsk,
har vært tilgodesett med hensyn til støtteordninger, ser vi at de
miljøene som har sitt utspring i riksmåls‑/bokmålsmiljøene er små
og har få ressurser til rådighet for å drive sin virksomhet. Det
vil være i alles interesse at også disse blir gitt rimelig økonomisk
rom for sin virksomhet. De rammer for en helhetlig politikk meldingen
ellers skisserer, burde være et godt utgangspunkt for at den norske
språkstriden kan bilegges, og at vi i fremtiden heller søker å holde
oppmerksomheten på hvordan vi kan bidra til en god språkutvikling
totalt sett.
Komiteen merker seg
at Regjeringen, med språkmeldingen, ønsker å legge grunnlaget for en
ny, strategisk språkpolitikk. Meldingen definerer en språkpolitikk
med klarere innhold og rammer enn i dag og søker å etablere språkpolitikk
som et sektorovergripende politikkområde med kulturpolitisk forankring. Komiteen ser meldingen
i sammenheng med den nylig behandlede St.meld. nr. 23 (2007–2008)
Språk bygger broer (om språkopplæringen i skolen).
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre konstaterer at meldingen
i stor grad er beskrivende, og at alle tiltak som foreslås, er forutsatt
gjennomført innenfor gjeldende budsjettrammer.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener
språket kanskje er den viktigste delen av vår felles kulturarv og
bør bevares som en levende ressurs. Språkkampen er i stor grad historie,
og i dag er det en voksende enighet om at enkeltmennesker selv skal
få velge sin språkform. Sentrale kulturinstitusjoner som riksdekkende
medier og bibliotek er til for folk, ikke omvendt, og bør derfor
velge språk som treffer flest.
Disse medlemmer er overbevist
om at den beste strategi for et sterkt og levende norsk språk er den
daglige, frivillige bruken av språket. Ekte språkglede og -kunnskap
kan ikke skapes ved kvotering og offentlige pålegg.
I tidligere saker Stortinget har behandlet om språkpolitikk,
har disse medlemmer tatt til orde for en politikk
fundamentert på valgfrihet for enkeltmennesket, fravær av kvoter
og pålegg, samt at offentlig eide medier skal sende på en målform
som treffer flest mulig. Dette syn ligger fast.
Disse medlemmer mener målet for
en nasjonal språkpolitikk må være å bevare og utvikle den eksisterende
skriftspråktradisjonen og å utvikle nordmenns skriftlige og muntlige
kompetanse i norsk. Språket er en bærebjelke i vår kultur og portalen
til vår felles kulturarv. Samtidig er det norske språket limet i
samfunnet i kraft av at det er gjennom språket det aller meste av vår
kommunikasjon foregår.
Disse medlemmers øvrige merknader
vil fremgå i de øvrige kapitler.
Disse medlemmer fremmer følgende
forslag:
"Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget
om avvikling av forfordelingen av en målform på bekostning av en
annen."
"Stortinget ber Regjeringen stille i bero de innskjerpinger
som har til hensikt å ytterligere styre valg av målform i statlige
organ. Stortinget legger til grunn at man ikke setter i verk tiltak som
har til hensikt å øke omfanget av en målform ved hjelp av lovreguleringer,
og som søker å øke omfanget og virkeområdet til gjeldende mållov."
"Stortinget ber Regjeringen legge til rette
for at tjenestemenn i statlige organ skal kunne benytte den målform
som faller dem naturlig. Henvendelse til en etat på bokmål kan besvares
på nynorsk hvis det er tjenestemannens målform og vice versa."
"Stortinget ber Regjeringen legge til grunn
at statlige selskap som har skiftet driftsform, fortrinnsvis til
aksjeselskap – men også andre foretak slik som helseforetak – skal
være unntatt reguleringer og forskrifter som omfatter statlige organer
i målloven."
"Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget
om en revisjon av målloven slik at den er i samsvar med realistiske
språklige forutsetninger, og at den faktiske anvendelse av målform i
den norske befolkningen legges til grunn for lovens formål og gjennomføring."
Disse medlemmer vil for øvrig
vise til innstilling fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen
om Språk bygger broer, Innst. S. nr. 10 (2008–2009) der komiteens
medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at nynorsk og bokmål skal
være to sidestilte norske målformer. I denne heter det:
"Disse medlemmer har merket seg at læreplanen i norsk
har fjernet begrepene "hovedmål" og "sidemål" i kompetansemålene
og at det skal undervises parallelt i begge målformene. Disse medlemmer
er skeptisk til en slik utvikling. Disse medlemmer viser til at
norsk grunnskole er preget av stadig større grad av reduserte norskkunnskaper.
Disse medlemmer mener den tvungne sidemålsopplæringen bidrar til
å redusere elevenes motivasjon i norskfaget og å forstyrre elevenes
språkoppfatning. Disse medlemmer vil derfor fjerne den skriftlige
sidemålsundervisningen, og i stedet tilby faget som valgfag. Disse
medlemmer mener at muntlig sidemål bør inngå som en naturlig del
av den ordinære norskundervisningen, men uten at kunnskap i sidemål
skal måles med prøver eller eksamen. Disse medlemmer vil også vise
til de språkforståelsesproblemene mange minoritetsspråklige får
som må forholde seg til to norske språk samtidig."
I behandlingen av ovennevnte innstilling fremmet
Fremskrittspartiet og Høyre forslag om å avskaffe obligatorisk skriftlig
sidemålsopplæring og tilby dette som valgfag. Muntlig sidemålsundervisning,
dialektlære og litteratur- og kulturkunnskap forblir en del av den
obligatoriske norskundervisningen.
Fleirtalet i komiteen,
alle unntateke medlemene frå Fremskrittspartiet, vil streke under
kor viktig språk er for den einskilde sin identitet, jf. omtale
under kap. 2.1 i innstillinga, og viser til at alt tyder på at språkbruk
i tida som kjem vil bere preg av at dei fleste nyttar stadig fleire
språk. I ei stadig meir globalisert verd er fleirspråklegheit regelen
snarare enn unnataket. Det har til dømes aldri vore fleire som lærer
seg norsk som andrespråk enn kva det er no. Dei fleste undersøkingar
tyder òg på at det er ein fordel for den einskilde sitt språkmedvit
å lære seg fleire språk. Det synest som om læring av fleire språk
aukar den generelle språkkompetansen, også med hensyn til "eige"
språk. Fleirtalet meiner dette er viktige perspektiv
å ta med seg, særleg i høve til korleis ein kan bidra til ei god
utvikling for norsk språk i ei globalisert verd.
Komiteen merkar seg
den breie omtalen i meldinga av tilhøvet mellom språk og makt, språk
og identitet, samt dei individuelle og kollektive språklege rettane
som finst.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser
til sine innledende merknader.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, merkjer seg analysen
i meldinga om språk og makt, både i eit noverande og i eit historisk
perspektiv. Det er, etter fleirtalet si meining,
særleg naudsynt å merkje seg den sentrale bodskapen frå den siste maktutgreiinga,
der det mellom anna blir slått fast at språket er ein sentral del
av kulturen, og at det dermed formidlar og avspeglar dominansforholdet
i samfunnet. Maktutgreiinga viser mellom anna at dette kjem til
uttrykk i fleire språklege relasjonar, t.d. i at norsken dominerer over
samisk, at bokmålet dominerer over nynorsken, og at engelsken i
dag langt på veg dominerer over norsken. I eit slikt perspektiv
er det klart at språkspørsmål er særleg politisk relevant, og at
det er ei oppgåve for offentlege styresmakter å legge til rette
for ein heilskapleg språkpolitikk.
Fleirtalet merkar seg omtalen
av tilhøvet mellom språk og identitet og vil streke under kor viktig
språk er for identiteten til den einskilde. I denne samanhengen
vil fleirtalet særleg trekkje fram verdien av dialektane
i norsk talemålskultur. Det same gjeld sjølvsagt for skriftspråket.
Fleirtalet meiner det er naudsynt
med ekstra merksemd retta mot det offentlege maktspråket. Fleirtalet deler
den oppfatninga som går fram i meldinga om at uklart språk i offentleg
forvaltning både er eit velferds- og demokratiproblem. Det ser heller
ikkje ut til å vere samfunnsøkonomisk rekningssvarande. Fleirtalet legg
til grunn at dette er eit av områda som skal følgjast nøye opp i
tida som kjem.
Fleirtalet merkar seg at fleire
moment er løfta fram i meldinga som ein del av ein strategi for omfordeling
av språkleg makt. Fleirtalet stør at reell valfridom,
mangfald og jamstilling bør vere berebjelkane i den offentlege språkpolitikken,
og at dei politiske tiltaka som skal fremjast må ta omsyn til at
språkbrukarane er ulike, men likeverdige.
Komiteen vil streke
under at alle har rett til språk, og at ingen må diskriminerast
på grunn av språket. I den samanhengen er det klart at det finst
ei rekkje språklege rettar for både individ og grupper. Særleg er
dette relevant med tanke på språkopplæringa i skule- og utdanningssamanheng,
m.a. med tanke på krav til språkmeistring, lesekompetanse, sosiale
skilnader i språkmeistring, norskmeistring for fleirspråklege, samt
utfordringar knytt til opplæring i framandspråk.
Komiteen viser i denne samanhengen
til dei respektive partia sine merknadar i Innst. S. nr. 10 (2008–2009).
Komiteen er særs nøgd med at
meldinga anerkjenner teiknspråk som fullverdig språk, og at det
overordna offentlege ansvaret for teiknspråk skal bli forankra i
lovverket.
Komiteen vil streke under kor
viktig det er at alle barn får tidleg og god språkstimulering, og at
alle barn har god språkdugleik når dei tar til på skulen. Barnehagar
er særs viktige i denne samanhengen. Komiteen viser
til at kommunane har eit viktig ansvar med tanke på å drive førebyggjande
arbeid med språk for barn og unge. Komiteen vil presisere
at barnehagen er eit frivillig tilbod. Komiteen vil
i denne samanhengen peike på at dersom kommunane òg skal nå dei
barna som ikkje går i barnehage, må dei ha eit system som gjer at
ein oppdagar barn som har behov for særskilt språkstimulering og
som legg til rette for gode og lett tilgjengelege tilbod.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet,
viser til at forebyggende arbeid med språk først og fremst er et kommunalt
ansvar, og at helsestasjonene helt siden 1970-tallet har hatt som
oppgave å følge med på barnas språkutvikling. Flertallet viser til
at kommunenes arbeid med dette varierer både med hensyn til kvalitet
og kvantitet. Flertallet har imidlertid merket seg
at flere departement har bidratt til å styrke kommunenes arbeid med
dette, noe som synes å ha gitt resultater. Flertallet har
i den forbindelse merket seg Rambøls undersøkelse fra 2008 (Rambøll
Management 2008 referert i St.meld. nr. 23 s. 21) som sier at 76
prosent av kommunene har språkkartlegging på helsestasjonene. Dersom kartlegging
gir grunn til bekymring, skjer rutinemessig rapportering bl.a. til
PPT og barnehage.
Flertallet viser til at det er
utviklet et kartleggingsmateriell – SATS (screening av toåringers språk)
og Språk 4 (kartlegging av fireåringers språk) som helsestasjonene
kan ta i bruk i språkvurderingen. Dette språkkartleggingsverktøyet er
nå under utprøving ved fireårskontrollen i flere kommuner. Flertallet viser
til at disse erfaringene blir lagt til grunn for å stimulere kommunene
til ytterligere innsats, og vil i den forbindelse peke på at tiltak
for å utvikle og prøve ut observasjons- og kartleggingsmateriell til
utredning av minoritetsspråklige barn inngår i Strategiplanen Likeverdig
opplæring i praksis! Strategi for bedre læring og større deltakelse
av språklige minoriteter i barnehage, skole og utdanning (2007–2009).
Flertallet understreker at barnehagene
er en viktig arena for språkstimulering og vil i den forbindelse
peke på at språkmiljø og språkstimulering er trukket frem som ett
av fire prioriterte områder for kompetanseutvikling i barnehagesektoren
2007–2010.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til betydningen
av at barn i førskolealder med særlige språkvansker og barn med
annet morsmål gis tilbud om tiltak som kan forebygge lærevansker
knyttet til dårlige språkferdigheter, og viser til disse partienes
støtte til forslag om at det innen 2009 innføres kartlegging av
språkferdigheter på helsestasjonens fireårskontroll som et grunnlag
for viderehenvisning og vurdering av iverksettelse av tilpassede tiltak
(Dokument nr. 8:103 (2005–2006)). Opphold i barnehage med god språkstimulering
og pedagogisk oppfølging er i mange tilfeller et egnet tiltak for
å styrke språkutviklingen. Likevel skal man ta hensyn til at barnehage
er et frivillig tilbud. Disse medlemmer vil derfor
understreke at det må foreligge tiltak også utenfor barnehagen for
dem som ikke velger dette som omsorgsform. Mangfold og kvalitet
må sikres. Retten til å få hjelp til barn med særskilte språkutfordringer
må ikke begrenses av at man velger andre omsorgsformer enn barnehage.
Disse medlemmer er bekymret over
at det ennå ikke foreligger et tilbud om språkkartlegging for alle,
og fremmer følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen iverksette nødvendige
tiltak slik at det snarest etableres et tilbud om språkkartlegging
ved fireårskontrollen ved alle landets helsestasjoner, og tilbud
om oppfølging og tiltak der det påvises avvikende språkutvikling."
Komiteen viser til
at det i dag finst tre lovverk som primært handlar om språk og språkbruk
i Noreg: Mållova, kapittel III i samelova og stadnamnlova. Komiteen merkar
seg diskusjonen om innføring av ei allmenn språklov og diskusjonen
knytt til om denne skal lov- eller grunnlovfestast. Komiteen meiner
det er behov for ei klar lovforankring for språk i Noreg, og ser fram
til resultatet av departementet sitt arbeid med ei overordna språklov.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet merker
seg at det i meldingen vises til at det i dag finnes tre lover som
primært omhandler språk og språkbruk (målloven, kapittel III i sameloven
og stedsnavnsloven). Det foreslås å innføre en allmenn språklov,
og det drøftes grunnlovsfesting.
Disse medlemmer har lenge støttet
retten til valg av målform, men er imot enhver form for tvang og
lovregulering som har til hensikt å påtvinge den enkelte å anvende
en målform som ikke er frivillig. Språk og målform bør være resultatet
av en naturlig prosess hvor individ, kultur og samfunn inngår. Enhver
må kunne velge sitt hovedmål, men også respektere den andre målformens
likeverd og berettigelse.
Disse medlemmer mener friheten
til å velge språkform selv bør styrkes på alle plan, i skolen, i
mediene, i fristilte offentlige bedrifter og i offentlig tjeneste.
Den redaksjonelle frihet i mediene i valg av målform må ikke krenkes
eller innskrenkes ved bruk av økonomiske sanksjoner fra det offentlige.
Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti
og Venstre vil i denne samanhengen leggje til at dei fleste
landa i Europa som det er naturleg å samanlikna Noreg med, har lovreglar
som skal sikra at minoritetsspråk eller mindre brukte språk skal
kunna brukast i praksis. Siktemålet med reguleringa er å oppnå reell likestilling
for desse språka. Dei fleste vesteuropeiske landa har òg ratifisert
Den europeiske pakta for regions- og minoritetsspråk. Desse
medlemene er opptekne av at mindre brukte språk i Noreg
også skal ha lovvern i samsvar med etablerte europeiske standardar,
slik det mellom anna kjem til uttrykk i Den europeiske språkpakta.
Komiteen viser til
at Norsk språkråd vart omdanna til den noverande institusjonen Språkrådet gjennom
Ot.prp. nr. 83 (2003–2004) og Innst. O. nr. 6 (2004–2005). Den nye
institusjonen vart oppretta som ein vanleg direktoratsliknande statsinstitusjon
utan heimel i lov. Formål, rammer mv. vert regulert av vedtekter
fastsett av departementet. Komiteen merkar seg at departementet
vil utarbeide eit framlegg til lovforankring av Språkrådet. Komiteen meiner det
vil være formålstenleg å sjå dette arbeidet i samanheng med arbeidet
med ei overordna språklov, jf. pkt. 2.2.1.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, viser til at departementet
ved fleire høve på 1990-talet har tillagt nye oppgåver til Språkrådet
i form av meir spesielle funksjonar. Fleirtalet merkar
seg òg at meldinga tar til orde for at Språkrådet skal få enda fleire
og utvida oppgåver, og at departementet grunngjev dette med at "ein
meir offensiv politikk for styrking av norsk språk vil krevje auka
innsats på mange av felta" som Språkrådet har ansvaret for. Språkrådet
skal såleis vere "eit operativt fagorgan for ein sektorovergripande språkpolitikk".
I denne samanhengen merkar fleirtalet seg
at departementet tek til orde for at ansvarsområdet til Språkrådet
skal bli utvida til å omfatte andre språk enn norsk, samt at Språkrådet
skal få eit nytt, femte fagråd med ansvar for minoritetsspråk, språklege
mindretal og framandspråk og med språkopplæring som hovudperspektiv.
Fleirtalet stør dette og legg
til grunn at ei omorganisering av rådet skjer i nær kontakt med rådet
sjølv.
Fleirtalet er positiv til dette
og er einig i at ein meir offensiv og heilskapleg språkpolitikk
gjer det nødvendig å ha eit sterkt og kompetent fagorgan som kan
formulera og fremja språkpolitiske omsyn og på den måten vareta
ein språkpolitisk koordinerings- og pådrivarfunksjon. Dette føreset
samstundes at Språkrådet handlar innanfor overordna språkpolitiske
rammer, og elles legg vekt på å opparbeide seg brei legitimitet
ved å samarbeide med og henta impulsar frå både private og offentlege
aktørar innanfor ulike samfunnssektorar. På den måten vil det også
bli mange andre aktørar i språkpolitikken.
Særleg vil fleirtalet leggje
vekt på den viktige språkpolitiske rolla som universitet og høgskular har,
både innan forsking og utdanning.
Medlemene i komiteen frå Høgre,
Kristeleg Folkeparti og Venstre legg vidare til grunn at
Språkrådet ikkje blir den einaste aktøren i språkpolitikken.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet merker
seg at meldingen legger opp til en moderat økning i Språkrådets
virksomhetsområde. Det foreslås å legge også minoritetsspråk til
ansvarslisten, også en omorganisering.
Disse medlemmer er i utgangspunktet
kritisk til utvidelser av offentlig virksomhet. Samtidig er det
viktig at språket som historie og kulturbærer forvaltes på en hensiktsmessig
måte. Språk er en av de viktigste bærebjelkene i den norske kulturen,
og Språkrådet er det eneste offentlige organ som har til hovedhensikt
å styrke det norske språks stilling.
Disse medlemmer mener en utvidelse
av Språkrådets virksomhetsområde ut over det norske språk vil trekke
fokus vekk fra den nasjonale oppgaven og forvaltningen av språket
som bærebjelke i norsk kultur. Derfor bør andre språk forvaltes
av andre organ og ikke finansieres over offentlige budsjett.
Disse medlemmer mener for øvrig
at det bør være selvsagt at enhver omorganisering av Språkrådet
skal ha som mål høyere effektivitet, større gjennomslagskraft og
lavere kostnader.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet,
viser til departementes forslag til språkpolitisk oppfølgingsregime
og legger til grunn at også Språkrådets virksomhet vil bli vurdert
i disse sammenhengene.
Medlemene i komiteen frå Høgre,
Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner omorganiseringa og
utvidinga av Språkrådet sine oppgåver må evaluerast etter ei tid,
m.a. ut frå omsynet til maktkonsentrasjon og -spreiing.
På denne bakgrunnen fremjar desse medlemene følgjande
framlegg:
"Stortinget ber Regjeringa om å stadfeste at omorganiseringa
og utvidinga av Språkrådet sine oppgåver skal evaluerast."
Komiteen merkar seg
at departementet tek til orde for å etablere eit permanent språkpolitisk oppfølgingsregime.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet og Høgre, er einig
i at fastare prosedyrar og ordningar i større grad vil kunne setje
språkpolitikken i system. Fleirtalet merkar seg at
departementet skisserar fire hovudelement i systemet, og at Språkrådet som
fagorgan er tenkt som ein viktig aktør.
Fleirtalet stør at det skal utarbeidast
ein årleg språkpolitisk tilstandsrapport – eit språkbarometer –
og at denne kan danna ein del av grunnlaget for dei periodevise
språkmeldingane til Stortinget.
Komiteen vil særleg
streka under at det er naudsynt å styrkje det språkpolitiske kunnskapsgrunnlaget,
ikkje berre i Språkrådet, men òg i departement og andre einingar,
for å sikre at språkpolitiske tiltak blir godt forankra i dokumentasjon
og analyse.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Høyre mener utarbeidelsen av en årlig språkpolitisk tilstandsrapport
vil være et godt bidrag til en levende språkdebatt i vårt land. Disse
medlemmer støtter derfor meldingen på dette punkt. Disse
medlemmer mener imidlertid det i lys av dette ikke kan være
hensiktmessig også å fortsette med periodevise språkmeldinger til
Stortinget. Den enkelte regjering, og partiene på Stortinget, vil
uansett arbeide med språkpolitikken og løfte denne frem der det
er konkrete behov for det.
Komiteen meiner det
er viktig å styrkje utviklinga av norsk terminologi og fagspråk
og ser på dette som ein grunnleggjande føresetnad for at norsk skal
vere eit fullverdig, samfunnsberande språk. Det er på det reine
at Noreg har sakka akterut på desse områda og at det er naudsynt
å styrkje norsk fagterminologi – både på bokmål og nynorsk – ut
ifrå ei rekkje grunngjevingar, m.a. det faglege argumentet, folkeopplysningsargumentet,
demokratiargumentet, identitetsargumentet, konkurranseargumentet mv.
Komiteen merkar seg at departementet
vil leggja funksjonen som nasjonalt samordningsorgan for utvikling
og tilgjengeleggjering av terminologi til Språkrådet, og meiner
dette er naturleg ut frå intensjonen om at Språkrådet skal få eit breiare
ansvar og ei meir sentral rolle i språkpolitikken.
Komiteen er einig i at det er
viktig å følgje opp fleire av tiltaka frå "Norsk i hundre!", og
at ein vurderer Standard Norge sin funksjon i det nasjonale terminologiarbeidet.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, vil i denne samanhengen
streke under at på område der det ikkje finst terminologi på norsk
– det vil seie nynorsk og bokmål – så bør slik terminologi utviklast,
og staten bør stø produksjon og utgjeving av ordbøker, også digitale,
jf. pkt. 2.4.1.
Komiteen vil peke
på det nære slektskapet som er mellom de skandinaviske språkene. Komiteen mener
det er viktig å søke å bygge broer mellom disse språkene. Komiteen mener
det er viktig at man i arbeidet med terminologi best mulig finner
felles, eller beslektede, former de skandinaviske språkene imellom. Komiteen mener
dette betinger et sterkere initiativ når det gjelder nordisk samarbeid
på terminologiområdet.
Komiteen vil streke
under at ein medviten språkpolitikk innanfor utdannings- og forskingssektoren
er særs avgjerande når det gjeld å styrkje norsk språk. Komiteen vil
peike på at mykje av undervisninga og forskinga skjer på andre språk
enn norsk, og då i særleg grad engelsk, men vil samstundes streke
under kor viktig det er med ei heilskapleg tilnærming til korleis ein
kan motvirke eit domenetap for norsk språk. Komiteen legg
til grunn at prinsippet om parallellspråkbruk framleis vil vere
førande, men vil streke under at dette ikkje inneber ei formell likestilling
av norsk og engelsk som akademisk bruksspråk, men at norsk framleis
skal vere hovudspråket innanfor akademia – med unntak for Samisk
høgskole, der samisk skal vere hovudspråket.
Komiteen har merka seg at fleire
av dei relevante institusjonane innanfor sektoren, samt Universitets-
og høgskolerådet, har utarbeidd eigne språkpolitiske dokument, og
vil gjerne rose desse initiativa som gjev eit godt grunnlag for
den vidare styrkinga av norsk språk på den einskilde institusjonen.
Komiteen merkar seg at departementet
tek til orde for å lovfeste universitet og høgskolar sitt ansvar
for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk. Komiteen viser
til omtalen i meldinga og vil streke under at det i så tilfelle
er avgjerande å styrke institusjonane sin økonomi. Komiteen ser
fram til at finansieringssystemet for institusjonane blir evaluert,
og at man i den samanhengen vil sjå på korleis dette kan vere med
på å bidra til ei styrking av norsk språk.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, vil særleg streke
under at ein i tillegg til å fremje den smale, vitskaplege publiseringa,
må leggje gode rammevilkår for vitskapleg formidling og samfunnskontakt,
ikkje minst publisering av norske fag- og lærebøker.
Fleirtalet meiner det er naudsynt
at utdanningsinstitusjonane gis høve til å opprette språksentra
som kan utføre språkvask og oversettingar for både tilsette og studentar.
Fleirtalet vil òg streke under
kor viktig det er å sikre tilgang på norskspråkleg studie- og forskingslitteratur
og merkar seg at departementet løftar fram både fastprissamarbeid
og direkte statstilskot som to hovudverkemiddel i denne samanhengen.
Fleirtalet vil peike på at sistnemnte
tilskot er redusert dei siste åra samstundes som produksjonen av
slik litteratur, ikkje minst på nynorsk, syner tilbakegang.
Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti
og Venstre vil streke under at dette tilskotet er avgjerande
dersom ein ynskjer eit levande norsk fagspråk og lærebøker på norsk.
Komiteen registrerer
at bruken av engelsk aukar i nærings- og arbeidslivet, og ser på
dette både som ein styrke og ei utfordring. Komiteen meiner
det er viktig å sikre at ein framleis har norskspråkleg produktinformasjon,
helse-, miljø- og tryggleiksdokumentasjon og avtaledokumentasjon.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, meiner at det er
naudsynt at næringslivet også er medvite sitt språkpolitiske samfunnsansvar,
og meiner det er særs positivt at departementet vil invitere partane
i arbeidslivet til ein vidare prosess for å utvikle ein språkpolitisk
strategi for arbeids- og næringslivet.
Fleirtalet anser at dersom en
språkpolitisk strategi for arbeidslivet skal kunne virke etter intensjonen
i denne meldinga, må en gjennom drøftinger med arbeidslivets parter
finne frem til egnede virkemidler.
Medlemene i komiteen frå Høgre,
Kristeleg Folkeparti og Venstre ser det som viktig at departementet
lanserer stimuleringstiltak for nærings- og arbeidslivet i denne
samanhengen.
Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti
og Venstre meiner vidare at der norske selskap ser det som
naudsynt å ha styredokument på andre språk enn norsk, så bør selskapa
legge til rette for at styremedlemer som ikkje i tilstrekkeleg grad
beherskar slike andre språk, får ein reell muligheit til å delta
i styrearbeidet.
Desse medlemene vil òg peike
på at meldinga slår fast at uformelle maktmekanismar mange stader
gjer at bokmål blir føretrekt i arbeidslivet. Desse medlemene meiner
det må på plass meir forskingsbasert kunnskap om bruk av og haldningar
til nynorsk og bokmål i arbeidslivet, og konsekvensane av dette.
Desse medlemene meiner at det
er naudsynt å påleggje aksjeselskap som har vedtektsfesta tilhald
i Noreg, å leggje fram årsmeldingane sine på norsk.
På denne bakgrunnen fremjar desse medlemene følgjande
forslag:
"Stortinget ber Regjeringa om å fremje ei sak
om at aksjeselskap som har vedtektsfesta tilhald i Noreg, skal påleggjast
å leggje fram årsmeldingane sine på norsk."
Komiteen viser til
at IKT i stor grad pregar kvardagen vår og er ein stadig meir sentral
del av liva våre. Også i ein språksamanheng er teknologi relevant,
m.a. med omsyn til dataprogram, Internett-innhald mv. Komiteen merkar
seg oppsummeringa i meldinga av tidlegare ambisjonar og tiltak,
og meiner det er naudsynt å revidere og oppdatere Handlingsplanen
for norsk språk og IKT frå 2001.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, stør også planane
om å setja ned eit interdepartementalt utval for språk og teknologi. Fleirtalet meiner det
bør vere eit krav at programvare som vert brukt i det offentlege,
skal finnast tilgjengeleg i begge målformer til same tid og til
same pris.
Fleirtalet merkar seg at det
største enkelttiltaket i meldinga er forslaget om å byggja opp ein norsk
språkbank, og at Språkrådet har fått oppdraget å leia arbeidet med
å førebu organiseringa og den vidare oppbygginga av språkressursar. Fleirtalet merkar
seg at kostnaden knytt til oppbygginga av ein språkbank blei estimert
til om lag 100 mill. kroner fordelt over fem år i ein rapport frå
2001.
Medlemene i komiteen frå Høgre,
Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner det er naudsynt at
utviklinga av ein språkbank byggjer vidare på – og skjer parallelt
med – dei ulike initiativa i det private næringslivet knytt til
utviklinga av slike tenester. Målet må vere at det offentlege skal
spele på lag med næringslivet, og på den måten skape ein best mulig
og mest ressurseffektiv språkbank.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser
til at meldingen beskriver hvordan teknologi i stadig større grad
påvirker livene våre. Utstrakt bruk av IKT medfører spesielle utfordringer
og store muligheter for språkutvikling og bruk. Regjeringen foreslår
å pålegge at programvare som skal brukes av det offentlige, skal finnes
på begge målformer samtidig. Disse medlemmer ser
dette som et lite hensiktsmessig krav.
Disse medlemmer har dog merket
seg at man samtidig har fokus på bruk av teknologi på nye og innovative
måter. For eksempel vil en norsk språkbank kunne brukes i eksisterende
programmer, men også for å utvikle nye og spennende tjenester, slik
som talegjenkjenning for bruk av de som ikke kan eller har anledning
til å benytte tradisjonelle IKT-verktøy. Disse medlemmer ser
imidlertid liten grunn til å hevde at en norsk språkbank bør eller
må bygges opp av det offentlige, eller for offentlige midler. Da
det norske språkområdet både er av en god størrelse, befolkningen
tunge brukere av IKT og landet har høy BNP, vil det være attraktivt
for private aktører å investere i en slik språkbank. Det offentliges
ansvar bør begrense seg til å legge til rette for arbeidet, og motvirke
konkurransevridning.
Medlemene i komiteen frå Høgre,
Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner at staten bør nytte
sin posisjon som stor innkjøpar ved å stille krav i innkjøpssituasjonar,
som t.d. ved innkjøp av datamaskinar, om at maskinane blir levert
med installerte program valfritt på bokmål eller nynorsk. Desse
medlemene meiner dessutan at staten bør vurdere å stille
krav til språktenester både på bokmål og nynorsk t.d. i avtale med
bankar når det i banktenestene inngår publikumsretta tenester som
t.d. nettbank. Også med omsyn til andre liknande tenester og innkjøp
bør det så langt det er mogleg stillast krav til språk i anbod og
avtalar.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, meiner det er viktig
å sikre eit godt norskspråkleg tilbod i kultur- og mediesektoren.
Dei offentlege støtteordningane – innkjøps-, produksjons- og tilskotsordningane
– må ta omsyn til dette, og allmennkringkastarane må framleis ha
krav om ein viss del norskspråkleg innhald. Fleirtalet meiner
dessutan at det vil vere føremålstenleg å utvida tekstetilbodet
i fjernsynet, m.a. med omsyn til dei som er hørselshemma. Fleirtalet vil også
streke under kor viktige biblioteka er i høve til en heilskapleg
språkpolitikk.
Fleirtalet merkar seg elles at
meldinga omtalar ei rekkje tiltak knytt til språkbruk i kultur-
og mediesektoren.
Fleirtalet vil i denne samanhengen
vise til at Det Norske Teatret har vore og fortsatt er ein av dei
viktigaste aktørane når det gjeld å endre språklege haldningar og
fordommar knytt til nynorsk og dialektbruk. Den kompetansen teatret
har på dette området bør, etter fleirtalet si meining,
på ein betre måte utnyttast pedagogisk i eit møte mellom teatret,
språket og skulane, der elevar kan lære å kjenne ulike språklege
nivå både gjennom tekst og framføring.
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og
Venstre, merkar seg formuleringa i meldinga om at departementet
"ventar at riksdekkjande aviser i større grad gjev høve til å nytta
nynorsk på redaksjonell plass".
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Høyre mener det er en naturlig konsekvens av prinsippet
om full ytringsfrihet at redaktørene i det enkelte medium fastlegger
mediets språklige profil. Disse medlemmer mener således
at krav til målform ikke kan kobles til støtteordningen for avisene.
Medlemen i komiteen frå Kristeleg
Folkeparti meiner det er uheldig at enkelte norske aviser
nektar journalistane sine å skrive nynorsk. Denne medlemen peiker
på at ordninga med momsfritak for aviser, og pressestøtta, nettopp har
til føremål å sikre ytringsfridom og mediemangfald. Denne
medlemen meiner dei nasjonale mediehusa bør tillate papir-
og nettjournalistane sine å skrive nynorsk, i tillegg til å arbeide
for ein generelt høgare nynorskandel. Dette handlar både om ytringsfridom
i det norske språksamfunnet, og om språkleg og kulturelt mangfald.
Denne medlemen fremjar på denne
bakgrunnen følgjande forslag:
"Stortinget ber Regjeringa vurdere tiltak for auka
bruk av nynorsk i dei riksdekkjande papir- og nettavisene."
Medlemen i komiteen frå Venstre viser
til den seinare tidas debatt knytt til spørsmålet om statleg støtte
til aviser gjennom momsfritak og målbruk i redaksjonane. Denne
medlemen merkar seg at eventuelle språklege krav knytt til pressestøttetiltak
vil kunne innebere ei krenking av den redaksjonelle fridomen. Denne
medlemen meiner denne problemstillinga bør utredast ytterlegare,
og at det er naturleg å vurdere dette i samband med ein heilskapleg
debatt vedrørande pressestøtta si framtidige innretning.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, vil særleg trekkje
fram kor viktig både skjønnlitteratur og sakprosa er i samband med
ein aktiv og heilskapleg språkpolitikk. I meldinga stilles det krav
til at bokbransjen skal ta kulturpolitiske omsyn i verksemda si.
Men Noreg er eit lite språkområde, og vil difor ikkje kunne ha ein
stor nok bokmarknad til at marknaden åleine kan oppretthalde ein
mangfaldig litteratur. Fleirtalet vil derfor streke
under kor viktig det er at staten stimulerer bransjen og forfattarane
til å ta kulturpolitiske omsyn, til dømes gjennom de språkpolitiske
relevante verkemidlane som allereie eksisterer.
Biblioteka er også særs viktige som språkpolitisk
verkemiddel, og fleirtalet ser fram til den varsla
stortingsmeldinga om bibliotek. Biblioteka har ein nøkkelrolle i
å formidle litteratur og samstundes vere eit opplevingssenter og
samlingspunkt for kunnskap og informasjon.
Medlemene i komiteen frå Høgre,
Kristeleg Folkeparti og Venstre registrerer at den noverande
regjeringa så langt i denne perioden ikkje har prioritert ei biblioteksatsing
i sine forslag til budsjett, men utsett dette i påvente av bibliotekmeldinga.
Medlemen i komiteen frå Venstre viser
til at Venstre i samband med handsaminga av statsbudsjettet for
2009 foreslo ei auke på 80 mill. kroner til litteratur- og språkfeltet.
Denne satsinga innebar mellom anna ei utviding av innkjøpsordninga
for litteratur til å gjelde alle skolebibliotek, ei styrking av
dei fleirkulturelle bibliotektilboda og kompetanseutvikling for
dei tilsette i biblioteka. I sum er det naudsynt med ei kraftig
opprusting av biblioteksektoren, og denne medlemen legg
til grunn at den kommande bibliotekmeldinga vil innebere ein konkret
finansiell opptrappingsplan for sektoren.
Komiteen vil streke
under at språk ikkje er ein statisk storleik, men at språket heile
tida er i endring. Språkendringar – i tale og skrift – skjer rett
nok ofte som generasjonssprang, men det er svært viktig at ein sikrar
språkleg dokumentasjon og setter inn tiltak som på ulike vis kan styrkje
språket. Komiteen vil streke under at språk frå alle
tider og i alle variantar er ein viktig del av vår kulturarv og
må bevarast for ettertida.
Komiteen vil særleg trekkje fram
stadnamn som ein del av vår kulturarv, og peike på kor viktig det
er at ein sikrar ein balanse mellom kulturminnevernet og grunneigar
sine interesser.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, merkar seg at ein
har som mål at språkdyrking i språkpolitikken – dvs. alt det som
direkte og indirekte støttar opp under målet om eit korrekt og velfungerande
språk – skal drivast på fleire plan og vil streke under at det er
det offentlege som har hovudansvaret i denne samanhengen.
Fleirtalet vil særleg trekkje
fram omgrepet "klarspråk" og kor viktig det er at ein arbeidar for eit
enklare og meir forståeleg språk i offentleg forvaltning, jf. omtale
under kapittel 2.1.1. Både etablering av ein standard for språkleg
kvalitet, etablering av språkleg internkontroll og etablering av
eit nettverk av språkkontaktar og språkkonsulentar i offentleg forvaltning
kan vere nyttig i denne samanhengen.
Det er også viktig at ein frå det offentlege
bidreg til å utvikle og vedlikehalde korpusar, digitale basar og
ordbokprosjekt.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet merker
seg at meldingen beskriver hvor tungt og omstendelig språk i offentlig
bruk er. Det er med en viss ironi at disse medlemmer merker
seg at deler av språkmeldingen også er plaget av dette – og at man
ikke makter å være klarere i språket. Disse medlemmer vil
gi varm støtte til at det tas til orde for at offentlig språk må
bli enklere og mer forståelig og korrekt. Uten et godt språk i offentlig
sektor vil enkeltborgere ha vanskeligheter med å ta fullverdig del
i samfunnet og demokratiet.
Disse medlemmer mener enhver
diskusjon om målform og kvotering av slike i offentlig bruk er avsporinger.
Det kan ikke være slik at målsettinger om en viss prosentandel av "svakeste"
målform skal benyttes i offentlig tjeneste, da dette virker rigid,
begrensende og byråkratisk. Det synes klart at dette påfører det offentlige
et unødvendig og byråkratisk forsinkende ledd – som reduserer effektiviteten
og evnen til å oppfylle målsettingene til de respektive etater.
I lys av behovet for modernisering og effektivisering av det offentlige
bør slike bestemmelser fjernes.
Enhver nordmann har evnen til å forstå begge målformer.
Dette er språkets kjerne: kommunikasjon. En levende språkkultur
vokser ikke frem gjennom tvang, kontroll og reguleringer.
Disse medlemmer vil presisere
at man er varme tilhengere av nynorsk – men man tror dagens politikk
gjør nynorsken en bjørnetjeneste.
Komiteen viser til
drøftinga av norsk normeringspolitikk – dei tradisjonelle rettskrivingsspørsmåla
– og språkrøkt i meldinga. Komiteen merkar seg departementet
sitt ønske om at dei overordna prinsippa om sjølvstendig normering
av nynorsk og bokmål utan tilnærming, samt stabilitet, skal leggjast
til grunn for den framtidige normeringspolitikken. Komiteen merkjer
seg óg Språkrådets rolle i arbeidet med både normering og språkrøkt.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet merker
seg med stor glede at meldingen fastslår at tilnærmingspolitikken
(at bokmål og nynorsk skal normeres på en slik måte at de over tid
nærmer seg hverandre) ikke lenger er aktuell. Disse medlemmer konstaterer
at tilnærmingspolitikken er "død og begravet". Dette er en riktig
beslutning av hensyn til målformenes identitet, til tradisjon og
kontinuitet i kulturlivet, til målformenes lærbarhet og til den
tekniske utvikling med stavekontroller, oversettelsesprogrammer
og talegjenkjenning. Dessuten er ikke tilnærmingstanken død fordi
om den ikke lenger er myndighetenes politikk.
Disse medlemmer mener normeringen
ikke bør være "ledende". Nye former trenger tid før de bør innføres,
og da gjerne normeres som valgfrie sideformer. Lite brukte former
bør tas ut etter moden overveielse, eller gis en mindre fremtredende
plass.
Disse medlemmer mener språknormering
i størst mulig grad bør være verdinøytral og ikke la seg bruke i
politisk hensikt. Normeringen bør preges av ro og stabilitet, mer
enn mote og verdibaserte vurderinger.
Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti
og Venstre meiner at sjølv om tilnærmingspolitikken no ikkje
lenger er aktuell, så må ikkje dette ha som konsekvens at "folkelege"
former ikkje vil kunne bli brukt i tillegg til dei meir konservative
formene i språket, også i bokmålet.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Høyre viser til det omfattende arbeidet som gjøres i
forbindelse med revideringen av Det Norske Akademis store ordbok. Disse medlemmer vil
undersreke betydningen av at dette prosjektet kan gjennomføres på
en faglig tilfredsstillende måte. Disse medlemmer vil påpeke
at dette er den sentrale ordboken for majoritetsspråket i vårt land,
og at prosjektet har vært drevet frem med meget beskjedne midler. Disse
medlemmer mener dette ordbokprosjektet må gjennomføres på
en god måte og at eventuelle ytterligere arbeider med hensyn til dokumentasjon
av riksmål/bokmål bør skje med utgangspunkt i dette verket.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, deler oppfatninga
i meldinga om at nynorsk er formelt likestilt, men reelt diskriminert,
og meiner det er avgjerande å sikre grunnlaget for nynorsk skriftkultur
og nynorsken sin posisjon i det norske språksamfunnet meir allment. Fleirtalet viser til
at det er brei politisk semje om at det er naudsamt med ei aktiv
støtte for nynorsken.
Fleirtalet merkjer seg dei prioriterte
tiltaka som er presenterte i meldinga.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener
språkvern i Norge er tosidig. Det ene er den positive diskrimineringen
som foregår på vegne av nynorsk. Det andre er vern mot uønsket utenlandsk
innflytelse, lik den man legger opp til i andre land. Disse
medlemmer mener faren for innflytelse fra engelsk er betydelig
overdrevet. Derfor er behovet for vern av norsk språk mot uønsket
fremmed innflytelse og mot domenetap knapt nødvendig.
Disse medlemmer mener holdningsarbeid
og stimulering blant unge både i og utenfor skolen er viktig, både
på kort og lang sikt, likeledes stimuleringstiltak for bruk av god
norsk i næringslivet og akademia. I arbeidet for norskhet bør man
prøve å holde begrepene språksystem og ordforråd fra hverandre.
Innlån av enkeltord nytter det lite å kjempe mot, samtidig som det
kan være en nyttig berikelse.
Disse medlemmer merker seg at
når det gjelder stillingen til nynorsk og en rekke minoritetsspråk,
skisserer meldingen en rekke offentlige støttetiltak. Det har i
mange år blitt drevet en bevisst forfordelingspolitikk på vegne av
nynorsk, blant annet med kvotering og tilskudd til Mållaget og nynorsk
ordbok.
Det er problematisk at arbeidet for å sikre
nynorsk nå skjer ved hjelp av lovgiving for språkbruk i offentlig
tjeneste, med utfyllende forskrifter, instrukser, regler og påbud
etter denne lovgivingens ånd og bokstav samt med økonomiske midler.
Disse medlemmer konstaterer at
forfordelingen av nynorsk i hovedsak har gått utover bokmål, noe
som er urimelig. Derfor bør tilskudd til de to målformene bli fordelt
mer rettferdig (enten ved likt tilskudd, eller ved tilskudd basert
på antall med den målformen som hovedmål). Som en del av dette bør
tilskudd til arbeidet med Det Norske Akademis store ordbok prioriteres
høyere enn det gjøres i dag.
Komiteens medlem fra Høyre mener
det må være et mål at de to norske språkformene gjensidig opplever
hverandres nærvær som en berikelse og ikke som en trussel eller
et irritasjonsmoment. Ikke minst er dette av stor betydning når
det gjelder vår faktiske evne til å drive en god språkpolitikk relatert
til problemstillingen "norsk i en internasjonalisert hverdag". Dette medlem mener
dette tilsier at bruk av tvang ikke er et hensiktsmessig utgangspunkt. Dette medlem mener
det er mer hensiktsmessig å bruke positive virkemidler som gode
tilskuddsordninger og språkstimulerende tiltak, for å sikre den
kritiske masse av nynorskbruk som må til for å videreføre denne
språkformen.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, meiner at det er
behov for meir forskingsbasert kunnskap om språk og språkbruk i
norsk samanheng. Til dømes strekar meldinga under at målbyte frå nynorsk
til bokmål ikkje er grundig analyserte.
Eit anna fleirtal,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet og Høgre, meiner
det trengst ein grundig analyse av årsakene til målbyte frå nynorsk
til bokmål.
Dette fleirtalet meiner at ein
òg treng ressursar til forsking på dette området.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, peikar på at sjølv
om bokmål og nynorsk formelt er likeverdige målformer og skal vere
jamstilte, har nynorsk reelt vanskelegare kår. Fleirtalet meiner
det offentlege har eit særskilt ansvar for å leggje til rette for
at nynorsk kan utvikle seg på ein god måte, og at det er særleg
viktig å leggje til rette for at barn og unge får høyre og nytte
begge målformene.
Praktisk og økonomisk må det leggjast til rette for
at nynorsk kan styrkje posisjonen sin, som eit levande bruksspråk
òg hos nye generasjonar. Aktiv bruk av nynorsk i det offentlege
rom er svært viktig for utvikling av eigen identitet og sjølvtillit
til det språket mange snakkar. Fleirtalet viser til
at bokmålsbarn får mykje gratis fordi dei møter sitt eige språk
mange stader, noko som ikkje er tilfellet for barn som snakker nynorsk. Fleirtalet meiner
det er viktig at nynorskbarn får møte sitt eige språk fleire stader enn
i skulebøkene, som til dømes i barne- og ungdomsbøker, og i lettare
underhaldningsstoff som teikneseriar og annan populærkultur. For
utvikling av identitet og sjølvtillit er det viktig at barn og unge
får erfare at språket deira er i aktiv bruk.
Fleirtalet vil streke under det
ansvaret NRK har for å styrkje det norske språket, og at begge dei
offisielle målformene skal nyttast. Særleg viktig er det at barn
får høyre begge målformer, òg i program som er retta inn mot barn
og unge. Norske barn får i det TV-tilbodet vi har i dag, ikkje eit
realistisk bilete av korleis deira jamaldrande snakkar.
Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti
og Venstre viser her til følgjande merknad frå Kristeleg
Folkeparti og Venstre i samband med handsaminga av St.prp. nr. 30 (2006–2007),
jf. Innst. S. nr. 24 (2007–2008):
"Medlemene i komiteen frå Kristelig Folkeparti og
Venstre viser til at minst 25 pst. av verbalinnslaga til NRK skal
vere på nynorsk. Desse medlemene meiner at dette òg må gjelde barne- og
ungdomsprogram. NRK skal medverke til å styrke norsk språk, identitet
og kultur. Difor er det viktig at barn får høyre begge målformer,
òg i program som er retta inn mot barn og unge. I dag blir det sendt
svært lite nynorsk i barne- og ungdomsprogram på NRK. Desse medlemene meiner
at innsatsen med å få meir nynorsk i program retta mot barn og unge
i NRK må aukast."
Komiteen vil streke
under kor viktig det er at staten gjennom ein heilskapleg språkpolitikk ikkje
berre skal styrkja hovudspråket, men også verna og fremja dei andre
språka som Noreg har et særleg ansvar for, m.a. i høve til internasjonale konvensjonar.
Desse må følgjast opp. Dei språka det gjeld for Noregs vedkommande,
er urfolksspråket samisk og dei tre språka knytte til nasjonale
minoritetar, kvensk, romani og romanes. Komiteen merkar
seg at skogfinnane og jødane ikkje lenger kan seiast å ha "eit særskilt
språk i aktiv bruk".
Når det gjelder samisk, kvensk, romani,
andre minoritetsspråk og fremmedspråk, så mener komiteens
medlemmer fra Fremskrittspartiet at det er en soleklar rett
for alle å kunne bruke sitt eget språk i de sammenhenger og steder
hvor det er naturlig å bruke det. Enhver motstand mot at folk i
private sammenhenger får bruke det språk de ønsker, også hvor den
private sammenheng er innenfor det offentlige rom (for eksempel
ved å utgi en avis i Norge på et annet språk enn norsk), er en krenkelse
av fundamentale rettigheter. Derfor bør det praktiseres en stor toleranse
overfor folks bruk av språk.
Samtidig er det, etter disse medlemmers syn, viktig
å presisere at andre språk enn det offisielle norske ikke kan forvente
spesielle rammebetingelser, offentlig drahjelp eller offentlige
subsidier.
Komiteen har merka
seg at situasjonen for samiske språk er gjort nærare greie for i
St.meld. nr. 28 (2007–2008) Samepolitikken.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, konstaterer at samiske
språk framleis er i ei utsett stilling og vil streke under at levande
samiske språk er ein sentral føresetnad for den samiske kulturen. Fleirtalet meiner
det er særs viktig at Handlingsplanen for samiske språk vert følgt opp
med tilfredsstillande ressursar.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, viser også til at
kvensk er eit svært utsett språk og legg til grunn at departementet
vil halde fram med ei systematisk styrking av språket. Fleirtalet merkjer
seg at departementet vil prioritera å betre rammevilkåra for Kvensk
institutt for å få fortgang i arbeidet med å standardisere kvensk språk,
samt leggje til rette for innsamling og registrering av kvenske
stadnamn. Det er viktig at det blir gjort tydeleg at det er departementet
som har det overordna ansvaret for kvensk språk og kultur. Fleirtalet er
også opptatt av at NRK betrar sitt radiotilbod på kvensk, og at
man på eigna måte styrkjar skriftlige publikasjonar på kvensk.
Medlemene i komiteen frå Høgre,
Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner det er naudsynt med
ein eigen handlingsplan for vitalisering av kvensk språk på alle
nivå, og legg til grunn at departementet vil setje i gang med eit slikt
arbeid.
På denne bakgrunnen fremjar desse medlemene følgjande
forslag:
"Stortinget ber Regjeringa om å utarbeide ein eigen
handlingsplan for vitalisering av kvensk språk på alle nivå."
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, merkar seg at departementet
vil gå i dialog med brukarane av romani og romanes med sikte på
å utarbeide tiltak for å sikra vern og utvikling av desse språka, og
legg til grunn at Stortinget vil bli orientert på eigna måte.
Komiteen er særs nøgd
med at meldinga anerkjenner teiknspråk som fullverdig språk, og at
det overordna offentlege ansvaret for teiknspråk skal bli forankra
i lovverket.
Komiteen viser til at når man
er avhengig av teiknspråk, er det vesentleg vanskelegare å få tilstrekkeleg
informasjon frå samfunnet rundt seg på eit like godt nivå som det
andre får. Både for deltaking i samfunnet og demokratiet er det
viktig at det vert stimulert til bruk av teiknspråk for dei som
er avhengig av dette.
Komiteen meiner at ein bør styrkje
støttefunksjonane i dei relevante departementa, direktorat og i
Språkrådet, og har m.a. merka seg at det vil bli vurdert å opprette
ei stilling som konsulent i teiknspråk i sekretariatet i Språkrådet. Komiteen stør
dette.
Komiteen viser til at departementet
vil greie ut om det bør innførast generelle krav til teksting og
teiknspråktolking for digitale medium på fjernsynsområdet, og vil
peike på at NRK har eit særskilt ansvar for å ivareta teiknspråk
som minoritetsspråk.
Etter komiteen si meining bør
offentleg informasjon via web, TV og andre informasjonskanalar leggje
vekt på universell utforming – m.a. bruk av teiknspråk – og i noen
tilfelle bør offentleg støtte vere avhengig av at slik utforming
er på plass. Det same gjeld relevante offentleg støtta medium.
Komiteen vil i denne samanhengen
streke under kor viktig det er å sikre døve sine interesser i samfunnet,
og at det særleg er viktig når det gjeld språk og kommunikasjon. Komiteen vil
òg streke under at det er viktig at døve har moglegheit til å gjennomføre
sine verv som folkevalde. Det er derfor særs viktig at tilrettelegginga
med tolketeneste fungerer godt. Komiteen meiner det
er ei grunnleggjande oppgåve for samfunnet å sikre døve sine demokratiske
rettar, mellom anna ved å sikre at døve kan ha verv som folkevalde.
Medlemene i komiteen frå Høgre,
Kristeleg Folkeparti og Venstre er kjent med tilfelle der
døve ikkje har fått muligheit til å utøve sine verv som folkevalde
på grunn av manglande tilrettelegging i tilknyting til tolketenester,
jf. Dokument nr. 15:118 (2008–2009). Etter desse medlemene si
meining er det ei grunnleggjande oppgåve for samfunnet å sikre døve
sine demokratiske rettar, mellom anna ved å sikre at døve kan ha
verv som folkevalde.
Komiteen meiner det
er grunn til å sette søkjelyset på andre måtar å kommunisere på
enn teiknspråk for dei som har språklege funksjonshemningar som
kan vere medfødde eller som har tilkome gjennom sjukdom eller skade.
For nærare 500 born og unge under 20 år er korkje tale- eller teiknspråk
ei aktuell kommunikasjonsform. Ein halv prosent av Noregs befolkning manglar
talespråk grunna medfødt eller tidleg erverva skade, som for eksempel
slagpasientar eller ofre for trafikkulykker. Mange med sjukdomen
cerebral parese, muskelsjukdomar, autisme og andre utviklingsmessige
vanskar, har korkje tale eller motorikk til å meistre tale- eller teiknspråk,
men har ofte normal språkforståing og same behov – om ikkje større
behov enn andre – for å kunne kommunisere. For mange av desse er
alternativ eller supplerande kommunikasjon (ASK) det einaste alternativet.
Komiteen viser til at ny teknologi
og fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid gjer det mogleg å gje desse
menneska verktøy til å kommunisere, ein grunnleggjande dugleik som
igjen gjev høve til deltaking i samfunnet, sjølvrealisering, sjølvstende
og livskvalitet. For å kunne gje eit heilskapleg og likeverdig tilbod
til denne gruppa, er det no behov for å samle kompetanse rundt det
å stille diagnosar, utvikling av pedagogiske og tekniske hjelpemiddel
og program, samt skolering av støtteapparat rundt den enkelte. Det
er behov for meir utviklingsarbeid og større utveksling av røynsler
og kompetanse med andre land som er komne mykje lenger enn Noreg
i arbeidet med denne gruppa. Komiteen vil difor streke
under tydinga av at språkpolitikken omfattar meir enn tale- og teiknspråk.
Komiteen viser til at kyrkje-,
utdannings- og forskingskomiteen i Innst. S. nr. 10 (2008–2009) om
Språk bygger broer omtalar denne gruppa spesielt i opplæringssamanheng. Komiteen merker
seg at Regjeringa har varsla at dei vil kome attende med tiltak
for menneske som treng utvikling i talespråk, teiknspråk, alternativ
kommunikasjon, supplerande kommunikasjon, eller ein kombinasjon
av desse i samband med tiltaka som er omtala i meldingas kapittel
10.5.4.2.
Komiteen viser til dei respektive
partia sine merknadar vedrørande ASK i Innst. S. nr. 10 (2008–2009).
Komiteen viser til
at eit viktig element i det norsk-språklege mangfaldet er dialektane
våre, som har høg status og som er svært nærverande i det offentlege
rommet. Saman med våre to norske skriftspråk gir dei ein språkleg
grunnkompetanse som er god å ha i ei stadig meir globalisert verd.
Derfor er også nordmenn dei skandinavane som skjønar grannelandsspråka best.
Vi finn den same allmenne aksepten av dialektar i andre land med
fleire nasjonalspråk.
Komiteen viser til
at Noreg er eit mangespråkleg og fleirspråkleg samfunn. Det er
naudsynt at norsk språkpolitikk tek omsyn til alle grupper av nordmenn
med nyare innvandrarbakgrunn, og komiteen er nøgd
med at meldinga strekar under at språkpolitikken skal ta omsyn til
alle dei som er to- eller fleirspråklege med eit anna morsmål enn
norsk.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, meiner det er viktig
at nordmenn med minoritetsspråkleg bakgrunn kan få informasjon om
språket deira, og fleirtalet meiner det er viktig
at ein ser på kva for oppgåver Språkrådet kan vareta når det gjeld
dei nyare innvandrarspråka i Noreg.
Komiteen viser til
at Noreg i eit historisk perspektiv har ein lang tradisjon for kulturelt
og språkleg fellesskap med våre granneland i Norden. Dette er også
nedfelt i deklarasjonen om nordisk språkpolitikk som vart vedteken
av Nordisk Råd hausten 2006. Komiteen merkar seg korleis
ein har følgt opp denne deklarasjonen og dei prioriterte tiltaka
på området i meldinga.
Komiteen vil i denne samanhengen
streke under at det språklege mangfaldet i Noreg ikkje er spesielt
i ein europeisk samanheng. I fleire land er det offisielt stadfesta
at språk som er meir like kvarandre enn bokmål og nynorsk, er eigne språk.
Komiteens flertall,
alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, mener det nordiske
språkfellesskapet, basert på de skandinaviske språk, representerer
en stor verdi i arbeidet med å opprettholde norsk som språk i alle domener
i fremtiden. Flertallet vil peke på at anslagsvis
25 millioner mennesker snakker et skandinavisk språk, og at dette
samlet sett gir betydelig større bærekraft enn det hvert av de nordiske
landene alene kan mobilisere. Slik bærekraft ligger i hvilket økonomisk
marked man representerer, i hvilken grad man makter å ha en stor
hjemmeproduksjon av alle former for språklige uttrykk, og i hvilken
grad språket evner å fornye seg selv og opparbeide egne uttrykk
på nye områder. Flertallet mener derfor at skandinavisk
språksamarbeid må være en sentral del av den norske språkstrategien.
Målsettingene for et bedret samarbeid må dreie seg om større faktisk
forståelse på tvers av de skandinaviske språk, bedre kunnskap og
en bevisst tilnærming med hensyn til normeringsarbeidet. Dette betyr bedret
samarbeid mellom faglige miljøer, styrking av skandinaviske språk
i skolen og bruk av skandinaviske språk på flest mulig felles arenaer. Flertallet vil
her særlig peke på medieområdet, der publikum har de beste mulighetene
for å venne seg til å lytte til andre skandinaviske språk. Utviklingen
på medieområdet går også i retning av flere og mer spesialiserte
kanaler for radio og TV. Ved denne oppdelingen av markedet vil det
økede antall brukere som et nordisk marked ville tilsi, være en
betydelig styrke. I tillegg kommer at terskelen for brukerne språklig
sett ville bli lavere fordi mer spesialiserte interesser vil bli
motiverende for bruken. En styrket satsing på dette feltet fordrer
målrettet innsats.
Komiteens medlemmer fra Høyre,
Kristelig Folkeparti og Venstre mener at en tilpasning av
forskjellige støtteordninger på kulturområdet er nødvendig. Film
er her særlig aktuelt. I et mediesamarbeid mellom Frankrike og Tyskland
har det lyktes å etablere en egen TV-kanal med særlig kulturprofil,
"Artes". Disse medlemmer mener det er interessant
om det også i skandinavisk/nordisk sammenheng ville være mulig å
etablere noe tilsvarende.
Disse medlemmer fremmer således
følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen utrede spørsmålet om
etableringen av en felles nordisk/skandinavisk TV-kanal på kulturområdet."
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet,
merkjer seg at meldinga inneheld meir enn 100 prioriterte tiltakspunkt
og vil streke under at departementet må setja av tilstrekkelege
administrative og økonomiske ressursar til effektiv oppfølging. Fleirtalet viser
til at det er lagt inn over 10 mill. kroner til strategiske oppfølgingstiltak
alt i budsjettet for 2009, og føreset at departementet vil prioritere
vidare oppfølging av språkmeldinga også i komande budsjett.
Medlemene i komiteen frå Fremskrittspartiet,
Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre merkar seg at meldinga
inneheld meir enn 100 prioriterte tiltakspunkt, men at det ikkje er
knytt nokre forpliktande økonomiske rammer til desse. Desse
medlemene merkjer seg at departementet strekar under at
det er ein føresetnad at "alle tiltak som er varsla i denne meldinga, skal
kunne dekkjast innanfor dei til kvar tid gjeldande budsjettrammene".
Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti
og Venstre meiner det er naudsynt med ei prioritering og
tidfesting av tiltaka i meldinga, og fremjar på denne bakgrunnen følgjande
forslag:
"Stortinget ber Regjeringa om å utarbeide ein prioritert
handlingsplan for gjennomføring av tiltaka som er presenterte i
St.meld. nr. 35 (2007–2008) snarast, og seinast i høve med Revidert
nasjonalbudsjett for 2009."
Forslag frå Fremskrittspartiet:
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget
om avvikling av forfordelingen av en målform på bekostning av en
annen.
Forslag 2
Stortinget ber Regjeringen stille i bero de innskjerpinger
som har til hensikt å ytterligere styre valg av målform i statlige
organ. Stortinget legger til grunn at man ikke setter i verk tiltak som
har til hensikt å øke omfanget av en målform ved hjelp av lovreguleringer,
og som søker å øke omfanget og virkeområdet til gjeldende mållov.
Forslag 3
Stortinget ber Regjeringen legge til rette for
at tjenestemenn i statlige organ skal kunne benytte den målform
som faller dem naturlig. Henvendelse til en etat på bokmål kan besvares
på nynorsk hvis det er tjenestemannens målform og vice versa.
Forslag 4
Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at statlige
selskap som har skiftet driftsform, fortrinnsvis til aksjeselskap
– men også andre foretak slik som helseforetak – skal være unntatt reguleringer
og forskrifter som omfatter statlige organer i målloven.
Forslag 5
Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget
om en revisjon av målloven slik at den er i samsvar med realistiske
språklige forutsetninger, og at den faktiske anvendelse av målform i
den norske befolkningen legges til grunn for lovens formål og gjennomføring.
Forslag fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti
og Venstre:
Forslag 6
Stortinget ber Regjeringen iverksette nødvendige
tiltak slik at det snarest etableres et tilbud om språkkartlegging
ved fireårskontrollen ved alle landets helsestasjoner, og tilbud
om oppfølging og tiltak der det påvises avvikende språkutvikling.
Forslag fra Høyre, Kristeleg Folkeparti og
Venstre:
Forslag 7
Stortinget ber Regjeringen utrede spørsmålet
om etableringen av en felles nordisk/skandinavisk TV-kanal på kulturområdet.
Forslag 8
Stortinget ber Regjeringa om å stadfeste at omorganiseringa
og utvidinga av Språkrådet sine oppgåver skal evaluerast.
Forslag 9
Stortinget ber Regjeringa om å utarbeide ein eigen
handlingsplan for vitalisering av kvensk språk på alle nivå.
Forslag fra Kristelig Folkeparti og Venstre:
Forslag 10
Stortinget ber Regjeringa om å utarbeide ein prioritert
handlingsplan for gjennomføring av tiltaka som er presenterte i
St.meld. nr. 35 (2007–2008) snarast, og seinast i høve med Revidert
nasjonalbudsjett for 2009.
Forslag 11
Stortinget ber Regjeringa om å fremje ei sak
om at aksjeselskap som har vedtektsfesta tilhald i Noreg, skal påleggjast
å leggje fram årsmeldingane sine på norsk.
Forslag fra Kristelig Folkeparti:
Forslag 12
Stortinget ber Regjeringa vurdere tiltak for
auka bruk av nynorsk i dei riksdekkjande papir- og nettavisene.
Komiteen viser til
meldinga og til merknadene, og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
St.meld. nr. 35 (2007–2008) – Om mål og meining
– ein heilskapleg norsk språkpolitikk – vert å leggje ved protokollen.
Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 25. mars 2009
May-Helen Molvær Grimstad |
Trine Skei Grande |
leiar |
ordførar |