Innstilling fra finanskomiteen om lån frå den norske staten til den latviske staten

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

23. desember 2008 inngjekk Latvia ein avtale om eit stabiliseringsprogram med Det internasjonale valutafondet (IMF) for å handtere ei akutt finans- og betalingsbalansekrise. Krisa kom etter fleire år med til dels kraftig økonomisk vekst, med lett tilgang på internasjonal finansiering og kredittdrive privat forbruk. Store ubalansar hadde bygd seg opp og gjorde den latviske økonomien sårbar då den internasjonale finanskrisa kom hausten 2008 og tilgangen på kapital tørka ut. Målsetjinga med IMF-programmet er å stabilisere den makroøkonomiske situasjonen i landet mellom anna ved å støtte Latvias valutakurspolitikk gjennom auka valutareservar, stabilisere banksektoren ved mellom anna å nasjonalisere og refinansiere den største latviskeigde banken i landet, samt sikre statsfinansane.

Lånebehovet under Latvias stabiliseringsprogram er sett til 7,5 mrd. euro over programperioden fram til utgangen av 2011. IMF dekkjer sjølv om lag 1,7 mrd. euro av dette. EU på fellesskapsnivå er den største bidragsytaren med 3,1 mrd. euro i lån, og det er inngått ein eigen avtale mellom EU og Latvia om stabiliseringsprogrammet. I samband med at IMF-styret behandla programmet, gav Danmark, Finland, Noreg og Sverige i fellesskap lovnad om lån til Latvia på til saman 1,8 mrd. euro, med første utbetaling i 2010. Det vart teke atterhald om godkjenning i dei respektive nasjonalforsamlingane. I tillegg gav Verdsbanken, EBRD, Estland, Tsjekkia og Polen lovnader om lån på til saman 0,9 mrd. euro, slik at det samla finansieringsbehovet vart dekt.

På same måte som i arbeidet med støtte til Island, har regjeringa lagt stor vekt på eit tett nordisk samarbeid om støtte til Latvia. I juli 2009 inngjekk Danmark, Finland, Noreg og Sverige låneavtalar med Island på til saman 1,775 mrd. euro knytte til Islands IMF-program. Fordelinga mellom dei fire nordiske långivarlanda av låna til Latvia og Island er sett i samanheng, og samla reflekterer denne fordelinga dei relative kvotane landa har i IMF. Noregs del er fastsett til 378 mill. euro for Latvia og 480 mill. euro for Island. Dei nordiske långivarlanda samarbeider om lånevilkår og vil inngå ein avtale som sikrar byrdefordelinga ved eit eventuelt misleghald. I tillegg deltek Estland i dette samarbeidet. Frå nordisk side legg ein opp til at Latvia i all hovudsak får same lånevilkår som Island.

Det administrative arbeidet knytt til det foreslåtte statslånet til Latvia blir gjort i Finansdepartementet. Det er venta at arbeidsbyrda blir avgrensa og kan dekkjast innanfor eksisterande budsjettrammer. Lånet blir finansiert gjennom lån i marknaden eller ved trekk på statens kontantbehaldning.

Det er lagt opp til at finansieringskostnader, administrative kostnader og kompensasjon for kredittrisiko blir dekt gjennom den avtala renta. Finansdepartementet reknar ikkje med at det er behov for å be om løyving til tapsavsetning. Statens fordringar på den latviske staten har truleg prioritet etter IMFs fordringar, sidan IMF i tråd med hevdvunnen praksis har ein særleg status ved ei eventuell reforhandling av Latvias gjeld, og likt med andre fordringar på den latviske staten.

Regjeringa ber i denne proposisjonen om fullmakt til å inngå ein avtale om lån på 378 mill. euro frå den norske staten til den latviske staten knytt til Latvias IMF-program. Med utgangspunkt i valutakursen 8. april tilsvarer det om lag 3,0 mrd. norske kroner. I inneverande budsjettår blir utbetalingar under låneavtalen anslått til 231 mill. euro, tilsvarande 1 837 mill. kroner basert på valutakursen den 8. april. I tråd med dette foreslår Regjeringa ei løyving på 1 837 mill. kroner i statsbudsjettet for 2010 på kap. 1646 Lån til utlandet, post 90 Lån til Republikken Latvia.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, lederen Torgeir Micaelsen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Lars Egeland, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, viser til at Latvia 23. desember 2008 inngikk en avtale om et stabiliseringsprogram med Det internasjonale valutafondet (IMF) for å håndtere en akutt finans- og betalingsbalansekrise. Komiteen viser også til at målsettingen med IMF-programmet er å stabilisere den makroøkonomiske situasjonen i landet blant annet ved å støtte Latvias valutakurspolitikk gjennom økte valutareserver, stabilisering av banksektoren og sikre statsfinansene.

Komiteen viser til at lånebehovet under Latvias stabiliseringsprogram er satt til 7,5 mrd. euro over programperioden fram til utgangen av 2011 og at IMF selv dekker ca. 1,7 mrd. euro av dette, og at EU på fellesskapsnivå er den største bidragsyteren med 3,1 mrd. euro i lån. Det er inngått en egen avtale mellom EU og Latvia om stabiliseringsprogrammet. Komiteen viser videre til at i forbindelse med at IMF-styret behandlet programmet, ga Danmark, Finland, Norge og Sverige i fellesskap garanti om lån til Latvia på til sammen 1,8 mrd. euro, med første utbetaling i 2010. Komiteen viser til at det ble tatt forbehold om godkjennelse i de respektive nasjonalforsamlingene.

Komiteen legger på samme måte som i arbeidet med støtte til Island, stor vekt på et tett nordisk samarbeid om støtte til Latvia, og komiteen merker seg at man fra nordisk side legger opp til at Latvia i all hovedsak får samme lånevilkår som Island.

Komiteen støtter regjeringens forslag om fullmakt til å inngå en avtale om lån på 378 mill. euro fra den norske staten til den latviske staten.

Komiteens tilråding

Komiteen har forøvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2010 blir det gjort følgjande endring:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1646

(Nytt)

Lån til utlandet

90

Lån til Republikken Latvia, blir løyvd med

1 837 000 000

II

Stortinget samtykkjer i at den norske staten i 2010 kan inngå ein avtale om lån til den latviske staten innanfor ei ramme på 378 mill. euro, i samsvar med dei vilkåra som det er gjort greie for i Prop. 112 S (2009–2010).

Oslo, i finanskomiteen, den 6. mai 2010

Torgeir Micaelsen

Christian Tybring-Gjedde

leder

ordfører