I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet
fram forslag om regulering av primærgodtgjering for utskrivne vernepliktige
mannskap frå 1. juli 2012. Reguleringa vart godkjent ved kongeleg
resolusjon 22. juni 2012, rett etter at årets lønnsoppgjer var avslutta.
Forslaget til regulering er basert på resultatet
av lønsoppgjeret mellom staten og LO Stat, Yrkesorganisasjonenes
Sentralforbund Stat, Akademikerne og Unio. Med grunnlag i lønsoppgjeret
for statstilsette blir primærgodtgjering til vernepliktige mannskap tilrådd
auka med 4,6 prosent frå 1. juli 2012.
Meirutgiftene for 2012 er utrekna til 22 163 000 kroner.
I mange år er økonomiske ytingar til soldatar
regulert med grunnlag i lønsoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet
har, i tråd med synet til Stortinget, dei seinare åra lagt til grunn
reguleringa i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.
Lønsoppgjeret for tilsette i staten i lønsramme 02,
lønstrinn 19 gav eit kronetillegg på A-tabellen som utgjer ei regulering
på 4,6 prosent.
Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at
det òg i år blir gitt ei regulering som for lågaste begynnarløn
for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Etter ei samla vurdering
er Forsvarsdepartementet kome fram til at utskrivne vernepliktige
bør få ei regulering på avrunda 4,6 prosent med verknad frå 1. juli
2012.
Sivil verneplikt vart avvikla 1. juni 2012.
Regulering av godtgjering vil difor berre omfatta vernepliktig personell
i Forsvaret.
Forslaget inneber følgjande regulering av satsane frå
1. juli 2012:
Tenestetillegg frå kr 154,- | til kr 161,- per dag |
| |
Tillegg for visekorporal/tilsvarande
frå kr 19,50 | til kr 20,40 per dag |
Kompensasjonstillegg frå kr 430,- | til kr 450,- per dag |
Ektefelletillegg frå kr 4 140,- | til kr 4 329,- per månad1) |
Barnetillegg, første barn, frå kr 4
707,- | til kr 4 923,- per månad1) |
Barnetillegg for barn, utanom det første,
frå kr 1 938,- | til kr 2 028,- per månad1) |
Dimisjonsgodtgjering 12 månaders teneste
frå kr 29 638,- | til kr 31 025,-1) |
Utdanningsbonus, dagsats frå kr 57,50 | til kr 60,- per dag |
Operativt tillegg (§13-oppdrag) frå
kr 1 185,50 | til kr 1 240,- per dag |
Tenestetillegg Heimevernets innsatsstyrke
frå kr 830,- | til kr 868,- per dag |
1) Summen er avrunda av omsyn til dagsatsar
på heil tiøre.
Meirutgiftene av forslaget er utrekna til 22 163 000
kroner for 2012 etter følgjande fordeling:
Auke i tenestetillegg og tillegg for
visekorporal/tilsvarande | kr 11 359 920,- |
| |
Auke i kompensasjonstillegg | kr 799 588,- |
Auke i forsørgjartillegg | kr 410 635,- |
Auke i dimisjonsgodtgjering | kr 8 676 811,- |
Auke i utdanningsbonus, dagsats | kr 257 895,- |
Auke i tenestetillegg Heimevernets innsatsstyrke
og operativt tillegg (§13-oppdrag) | kr 658 597,- |