Innstilling fra næringskomiteen om fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2012 og fisket etter avtalane i 2010 og 2011

Dette dokument

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg har med andre land. Ei slik melding skal leggjast fram årleg. Meldinga vart første gong lagt fram i 1995. Vi viser i den samanheng til St.meld. nr. 49 (1994–1995) om dei årlege fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land. I denne meldinga la Fiskeridepartementet vekt på å gje ei omtale av det rammeverket som vart inngått i tilknyting til utvidinga av den norske økonomiske sona på 1970-talet, og som ligg til grunn for dei årlege kvoteforhandlingane. Desse avtalane er ikkje særskilt omtalte i denne meldinga.

Meld. St. 25 (2011–2012) omtalar kvoteavtalane for 2012, og norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar, og gjer vidare greie for bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane som Noreg deler med andre land. Meldinga omtalar òg dei kontrolltiltaka som er sette i verk for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på avtalte kvotar, i tillegg til kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Til sist gjev meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske fiskarar utnytta kvotane sine i 2010 og 2011, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.

Kvoteavtalane for 2012 finst på Fiskeri- og kystdepartementet sine heimesider: http://www.regjeringa.no/fkd.

1.2 Samandrag av kvoteavtalane for 2012, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2012 har partane bestemt ein totalkvote for nordaust-arktisk torsk på 751 000 tonn, som er ein auke frå 2011. Partane justerte i 2009 den etablerte forvaltningsstrategien ved at det er lagt inn ein mekanisme som skal sikre at kvotefastsetjinga òg tek høgd for periodar med sterk vekst og oppskriving av bestanden. Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 104 286 tonn. Med overføring av ein del av den russiske kvoten til Noreg, er den samla norske kvoten av torsk nord for 62°N på 339 857 tonn.

Hysebestanden er i god forfatning, og totalkvoten er auka frå 2011 til 318 000 tonn for 2012 Den norske kvoten er på 153 253 tonn etter overføring frå Russland.

Ei hovudsak for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2011 har, som i 2010, vore arbeidet for ein styrka kontroll med uttak og omlasting av fisk i Barentshavet. I samband med forhandlingane om ein kvoteavtale for 2012 vart partane einige om å vidareføre arbeidet for å halde overfisket i Barentshavet og Norskehavet på eit lågt nivå, og vidareføre og implementere ei rekkje av dei tiltaka partane tidlegare har vore einige om. Partane diskuterte òg utkastproblematikken. I 2009 avtalte partane felles maskevidd, og i 2010 kom partane fram til felles minstemål og prosedyrar og kriterium for stenging og opning av fiskefelt. Torskebestanden i nord er i svært god forfatning, og sidan 2009 har det ikkje vore registrert noko ulovleg overfiske av torsk og hyse i Barentshavet.

I forhandlingane om ein kvoteavtale mellom Noreg og EU for 2012, vart kvoten på torsk i Nordsjøen sett til 26 475 tonn. Dette er i tråd med den reviderte gjenoppbyggingsplanen. Kvoten må òg sjåast i samanheng med arbeidet for å betre beskatningsmønsteret og redusere det reelle uttaket av torsk. I tråd med forvaltningsplanane er totalkvoten for hyse auka til 39 165 tonn, medan seikvoten er noko redusert til 79 315 tonn. Nordsjøsildbestanden er i god forfatning. Totalkvoten vart sett på 405 000 tonn, som inneber ein auke på 50 prosent frå 2011. Noreg har for 2012 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen.

Noreg har vidare inngått ein tosidig kvoteavtale for 2012 med Grønland. Det er for 2012 òg utveksla kvotar med Island i tråd med «Smottholavtalen» og den tilhøyrande tosidige avtalen, medan òg trepartsavtalen er vidareført mellom Noreg, Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen. På same måte som i fjor vart det ikkje inngått ein bilateral avtale med Færøyane for 2012 grunna usemje om makrellspørsmålet.

Det vart òg i 2011 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland, og inngått ein avtale for 2012. Det var òg underteikna ein firepartsavtale for kolmule for 2012.

Partane vart heller ikkje i 2011 einige om ein makrellavtale for 2012. Noreg og EU har ein bilateral avtale, og har halde fram forhandlingane om ein ny kyststatsavtale som inkluderer Færøyane og Island, med Russland som observatør.

Partane i NEAFC er einige om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet og Norskehavet i 2012.

Noreg har i 2011 vore representert i ulike møte i globale og regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar som CCAMLR (Konvensjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis), ICCAT (Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk tunfisk) og SEAFO (Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjon).

Noreg har i 2011 vore aktiv i ulike møte i både IWC (Den internasjonale kvalfangstkommisjonen), og NAMMCO (Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen).

1.3 Bestandsutstrekning, rådgjeving, kontrolltiltak mv.

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES. Rådgjevinga frå ICES vert utarbeidd av ICES sin rådgjevande komité for fiskeriforvaltning, ACOM. ACOM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og arbeidsgrupper i ICES, og gjev årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

For alle dei viktigaste fellesbestandane har vi etablert langsiktige forvaltningsplanar.

Noreg har i ei årrekkje hatt særskilte kontrollavtalar med dei viktigaste samarbeidspartane i fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa.

Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønskt aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i ulovleg, urapportert og uregulert fiske i internasjonalt farvatn nektast lisens i Noreg si økonomiske sone. Ein kan både nekte desse fartøya å føre norsk flagg under visse vilkår, og nekte dei å lande fangst i norske hamner.

1.4 Fisket etter avtalane i 2012 og 2011

1.4.1 Norsk hausting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestandane torsk, hyse, blåkveite og lodde nord om 62ºN godt i 2010 og 2011.

I Nordsjøen vart heile den norske kvoten av fellesbestanden sild hausta i 2010 og 2011, medan ubrukt norsk kvote av fellesbestanden makrell i 2009 vart overført til 2010. Frå og med 2011 er det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell. Seikvoten vart godt utnytta i 2010 og 2011.

I EU sitt farvatn vart den norske kolmulekvoten nytta godt begge åra, medan norske linefartøy utnytta store delar av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme både i 2010 og 2011.

I færøyske farvatn fiska norske fartøy 40 prosent av botnfiskkvoten i 2010. På grunn av usemje i makrellforvaltninga vart det ikkje inngått bilaterale avtaler mellom Noreg og Færøyane i 2011. Difor har norske fartøy ikkje fiska i færøyske farvatn i 2011.

I 2010 vart loddefisket igjen opna ved Island. I sesongen 2010/2011 vart det berre fiska lodde i islandsk sone om vinteren i 2011. Den norske kvoten vart nytta godt. I sesongen 2011/2012 vart fisket starta i grønlandsk sone i juli 2011, for så å halde fram i islandsk sone vinteren 2012. Kvoten vart òg her godt utnytta.

I Barentshavet vart kvotane godt nytta i både 2010 og 2011.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2010, og reker i 2011.

1.4.2 Utanlandsk hausting av kvotar

Når det gjeld forvaltninga av norsk vårgytande sild vart kyststatane i 2008 einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet frå og med 2008. Det vart opna for å føre over inntil 10 prosent av ubrukt kvote til neste år. Det vart òg gjeve høve til å forskottere inntil 10 prosent på neste års kvote. Alt fiske utover kvote skal trekkjast frå kvoten neste år. Færøyane og Noreg var dei einaste landa som i 2010 og 2011 fiska på forskot på 2011- og 2012-kvoten. Noreg fiska 42 213 tonn på forskot i 2010 og 28 658 tonn på forskot i 2011. EU, Island og Russland overførte unytta kvantum til 2011 og 2012.

Russland utnytta 46 prosent av torskekvoten i norsk økonomisk sone (NØS) i 2010, i 2011 utnytta dei 64 prosent. Russland fiska 69 prosent av hysekvoten sin i NØS i 2010, medan dei i 2011 hadde ei utnytting på 88 prosent. Dei fiska 117 428 tonn og 78 528 tonn norsk vårgytande sild i NØS i 2010 og 2011.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell, kviting, raudspette og tobis. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske- og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har òg vore gjennomgåande høg for EU.

Grunna usemje om makrell vart det ikkje inngått ein kvoteavtale mellom Færøyane og Noreg for 2011. Færøyane fekk like fullt tilgjenge til å fiske kolmule og sild gjennom høvesvis fempartsavtalen og kolmuleavtalen. Færøyane utnytta kvotane for torsk, hyse, sei og sild i NØS nord om 62°N fullt ut i 2010. I Nordsjøen vart òg kvotane for sei og sild godt utnytta i 2010. I 2011 fiska færøyske fartøy 50 prosent av sildekvoten nord om 62°N.

Grønland utnytta torskekvotane godt i 2010 og 2011. Grønlandske fartøy fiska 956 tonn sei i 2010, og 440 tonn sei i 2011.

Island overfiska torskekvoten i NØS nord for 62°N med 6 prosent i 2010. I 2011 utnytta Island 99 prosent av denne kvoten. Fisket etter sild nord for 62°N har falle frå 65 prosent kvoteutnytting i 2010 til 36 prosent i 2011. Island har dei siste åra fiska ein større del av silda i si eiga sone.

I hovudsak utnyttar Sverige dei bilaterale kvotane sine godt i norsk del av Nordsjøen. Fisket deira er i stor grad retta mot kvotane av torsk, sei, makrell, sild og reker.

1.5 Overordna hovudlinjer i fiskerisamarbeidet med omverda

1.5.1 Noreg som havnasjon

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltningsfora.

  • Å fremje norske prinsipp for forvalting av levande marine ressursar, i første rekkje prinsippet om berekraftig forvaltning basert på best tilgjengeleg vitskapleg kunnskap og prinsippet om økosystembasert forvaltning.

  • Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar, i første rekkje basert på sonetilhøyrselprinsippet.

  • Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregime som Noreg deltek i.

Det er fleire saksfelt som har fått mykje merksemd dei seinare åra. For det første vil regjeringa i denne meldinga gjere greie for kampen mot ulovleg, urapportert og uregistrert fiske. Dette er ei sak regjeringa har arbeidd med i fleire år, og arbeidet vil halde fram. For det andre har Noreg dei seinare åra særleg sett utkast av fisk på dagsordenen. Eit tredje område det er naturleg å omtale særskilt er internasjonale havmiljøprosessar der Noreg etter kvart har fått ei sentral rolle.

1.5.2 Det havrettslege rammeverket

Utvidinga av nasjonal fiskerijurisdiksjon til 200 nautiske mil på slutten av 1970-talet førte til ein overgang frå fleirsidige forhandlingar innan ramma av NEAFC til forhandlingar mellom dei kyststatane som saman har suverene rettar til fiskebestandane. Dette inneber at såkalla tredjeland, som ikkje har kyststatsrettar i det aktuelle området, ikkje tek del i avgjerder om forvaltninga av bestandane slik dei gjorde tidlegare. Kyststatane har ei plikt til å fremje ei forsvarleg ressursforvalting som samstundes skal ta omsyn til dei økonomiske behova til kystbefolkninga. Norske styresmakter legg vekt på dette når den norske fiskeripolitikken vert utforma. I tråd med dette fører Noreg årleg tosidige og fleirsidige forhandlingar med ei rekkje land om forvaltning og vern av fiskebestandar, om gjensidig fangstløyve og fiskekvotar, og om einsidig løyve for fiskarar i nokre land til å fiske i dei norske 200 nautiske mil-sonene.

Stortinget ga 11. juni 1996 samtykke til ratifikasjon av FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982 og FN-konvensjonen av 4. desember 1995 om fiske på det opne hav, som supplerer FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982. FN-avtalen om fiske på det opne hav forpliktar òg til samarbeid om forsvarleg forvaltning av vandrande og langt migrerande bestandar. Noreg har difor i aukande grad teke del i samarbeidet i ulike relevante internasjonale organisasjonar.

Noreg og Russland skreiv den 15. september 2010 under ein avtale om maritim avgrensing og samarbeid i Barentshavet og Polhavet. Avtalen regulerer òg samarbeid om utnytting av moglege grenseoverskridande petroleumsførekomstar i desse havområda. Avtalen tok til å gjelde den 7. juli 2011, sjå fig. 2.1 i meldinga.

Den 28. august 2009 vart det semje om ein tekst for ein global bindande avtale om hamnestatstiltak for å førebyggje, hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Generalforsamlinga i FAO vedtok avtalen 22. november 2009, og Noreg skreiv under avtalen same dagen. Avtalen trer i kraft når 25 statar har slutta seg til. Forslag til vedtak om samtykke til ratifikasjon av avtalen vart fremma for Stortinget i Prop. 54 S (2010–2011), og vedteke 26. april 2011.

1.5.3 Norsk arbeid for å redusere utkast av fisk

I mange år har den største utfordringa i forvaltningssamarbeidet mellom Noreg og EU vore at partane til dels forvaltar nordsjøbestandane på ulik måte. Noreg har eit utkastforbod i sine fiskerireguleringar, og har innført reguleringar for å unngå uønskt bifangst. EUs fiskarar er derimot pålagde å kaste ut fisk som er under gjeldande minstemål, fiska i strid med gjeldande bifangstreglar eller er av ein art der kvoten allereie er oppfiska. Innsatsen mot utkast vil truleg prege det allereie tette forvaltningssamarbeidet mellom partane i åra framover, og EU er i gong med å revidere sin felles fiskeripolitikk. I denne samanhengen har Europakommisjonen foreslått å innføre eit utkastforbod.

Noreg har òg teke initiativ for å få denne saka på dagsordenen globalt. Generalforsamlinga til FN bad i 2008, basert på eit forslag frå Noreg, FAO sin fiskerikomité (COFI) om å vurdere ein handlingsplan mot utkast. Dette la grunnlaget for at FAO på møtet i fiskerikomiteen i februar 2011 vedtok internasjonale retningslinjer for å redusere bifangst og utkast av fiske.

Noreg har òg fremja forslag til tiltak i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar. Mellom anna har Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) vedteke eit utkastforbod i internasjonalt farvatn for dei viktigaste artane som vert regulert av NEAFC. Vedtaket var eit viktig steg mot ei berekraftig og ansvarleg forvaltning av fiskebestandar i internasjonalt farvatn.

1.5.4 Arbeid mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske og fiskerikriminalitet

Ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) er ei alvorleg utfordring for ei forsvarleg utnytting av fiskebestandane og for marine økosystem både lokalt, nasjonalt, regionalt og globalt. UUU-fiske skjer ikkje berre på bestandar som Noreg som kyststat har eit forvaltningsansvar for, men over heile verda. Omgrepet UUU-fiske famner vidt og gjeld både forvaltningsmanglar og ulovlege handlingar. Primært vert UUU-fiske handtert internasjonalt gjennom FN sin matvareorganisasjon (FAO) og i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane (RFMOar).

Den nye havressurslova tok til å gjelde 1. januar 2009. Lova gjev nye og utvida heimlar i kampen mot UUU-verksemd og opnar mellom anna for å kunne straffe eigne borgarar og juridiske personar for handlingar utførde i jurisdiksjonsområda til andre land. Vidare innfører lova tvangsmulkt og lovbrotsgebyr. Ny forskrift om bruk av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr tok til å gjelde 1. mars 2012.

Fiskeridirektoratet er i ferd med å styrkje den nasjonale inspeksjonen gjennom å utvikle eit elektronisk system for risikovurdering, ELORV. Ferdig utvikla vil systemet risikovurdere aktørane i fiskerinæringa kontinuerleg og sikre at dei rette objekta, både på hav og land, vert kontrollerte. Resultatet vil verte ein meir treffsikker ressurskontroll og dermed ein effektivisert kontrollinnsats både ved landing og i etterføljande kontrollar.

Å overvake aktiviteten i Barentshavet er høgt prioritert og det er laga ei løysing for å koordinere risikovurderingar i sann tid i området. Dette skjer i samarbeid mellom Kystvakta, Forsvaret, Fiskeridirektoratet og Russland. Arbeidet vert gjort i form av dagleg overvaking, risikoanalysar og analysar av totaluttak. Det vert òg arbeidd for å få på plass ein avtale om fullstendig utveksling av sporingsdata med Russland for å oppnå best mogleg innsyn i den samla fiskeriverksemda.

Delar av UUU-veksemda er rein kriminell verksemd og vert omtala som fiskerikriminalitet. Slik verksemd kan omfatte både økonomisk kriminalitet, miljøkriminalitet og organisert kriminalitet. Ein ser òg at fiskerikriminalitet i ein del tilfelle har bindeledd til anna kriminell verksemd, som smugling av narkotiske stoff og menneskehandel. Den globale kampen mot fiskerikriminalitet er komplisert og involverer både politiet, påtalemakta og kontrollstyresmaktene. Systematisk fiskerikriminalitet i stor skala er prega av enkelte store internasjonale kriminelle aktørar. I arbeidet mot desse nettverka må det leggjast til rette for samarbeid mellom politiet i seljar- og kjøparland for å etterforske eventuelle kriminelle tilhøve.

Fiskeriforvaltningas analysenettverk (FFA) vart etablert i 2009, og er eit konkret tiltak mot organisert kriminalitet knytt til ulovleg fiske (Meld. St. 7 (2010–2011) Kampen mot organisert kriminalitet). FFA skal sikre eit tettare samarbeid mellom ulike etatar og bidra med oppdaterte, tverrsektorielle analysar innanfor saksområdet. I tillegg til å produsere analysar om ulovleg uttak av fisk frå havet, legg prosjektet òg vekt på annan fiskerirelatert kriminalitet som til dømes ulovleg kapitalflyt som stammar frå omsetning av ulovleg fanga fisk. Prosjektgruppa er samansett av fagpersonar frå Politidirektoratet, ØKOKRIM, Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Kystverket, Toll- og avgiftsdirektoratet og Skattedirektoratet.

1.5.5 Kontroll av fiske i norske jurisdiksjonsområde

I Prop. 1 S (2011–2012) heiter det at: «Norge arbeider internasjonalt for at forvaltning av marine ressursar skjer i tråd med anerkjente prinsipper som blant annet bærekraftig bruk, føre-var-prinsippet og økosystembasert forvaltning. Dette gjelder i våre egne fiskerisoner, på det åpne hav og i andre nasjoners fiskerisoner». For å kunne nå dette målet for ressursforvaltninga, trengst det informasjon om og kontroll med alt ressursuttak i norske jurisdiksjonsområde. Fysisk kontroll med fiskeaktivitet er ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetning av fiskefangstar.

I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen saman med Kystvakta og salslaga. I internasjonale samanhengar vert det norske systemet med nært samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, Kystvakta og salslaga ofte framheva som ein vellukka modell for ressurskontroll.

Utanlandske styresmakter har kontrollansvaret når norske fartøy leverer fangst i utanlandske hamner og når norske fartøy fiskar i jurisdiksjonsområda til desse landa. Hamnestatskontrollen som vart innført i NEAFC frå 1. mai 2007 og i NAFO i 2009, gjev norske styresmakter eit kontrollansvar når det gjeld å verifisere fangst ved landingar frå norske fartøy i NEAFC- og NAFO-landa sine hamner. Noreg skal òg hente inn slik verifisering ved landingar frå utanlandske fartøy i norske hamner.

Frå 2006 har ein hatt elektronisk overvaking av kvalfangsten. Inspektørbasert kontroll vert no gjennomført på stikkprøvebasis på kvalfangstfartøya. For å få løyve til å delta på selfangst er det eit krav at fartøyet har inspektør om bord under heile fangsten. Det er ein viktig del av kontrolloppgåva å sjå til at avlivinga skjer i samsvar med regelverket. I andre fiskeri har Fiskeridirektoratet sett i verk ei ordning med inspektørar om bord på enkelte norske og utanlandske fartøy i kortare eller lengre periodar. På enkelte artar går det føre seg eit omfattande fiske i indre norske farvatn. Det er difor ei ordning der inspeksjonsfartøy frå Fiskeridirektoratet er til stades på desse fiskefelta.

Kystvakta har direkte tilgang til dei opplysningane som er lagra i databasane i Fiskeridirektoratet. Opplysningane vert under kontroll på feltet haldne opp mot opplysningane som går fram av fangstdagboka til fartøyet, eventuelle sluttsetlar og innhaldet i lasterommet eller lastetankane på fartøyet. Når desse opplysningane ikkje er i samsvar med kvarandre kan Kystvakta reagere med åtvaring, fartøyet kan haldast tilbake, eller saka kan meldast til politiet, alt etter kor grov krenkinga er.

1.5.6 Kontrollsamarbeid

Kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar krev eit nært samarbeid mellom dei landa som deler ressursane. Eit slikt samarbeid er inngått med begge dei to partane som Noreg deler viktige fiskeressursar med: Russland og EU. Noreg har òg inngått avtalar om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU og fleire andre statar.

Kontrollavtalen som vart underteikna mellom Noreg og Portugal 16. februar 2006, representerte ei oppdatering av slike avtalar, og er den første avtalen Noreg inngår som òg omfattar gjensidig rapportering av landingar av fisk frå tredjelands fartøy. Etter dette tidspunktet er eksisterande avtalar reviderte etter tur for å få med tredjelands fartøy. Dette er frå norsk side eit viktig bidrag i arbeidet med å få kontroll med det ulovlege fisket i Barentshavet og med landingar av fisk til europeiske hamner.

Satellittsporing av fiskefartøy var eit viktig framsteg i kontrollarbeidet. Det ligg no føre satellittsporingsavtalar mellom dei landa som har felles fiskeriinteresser i Nordaust-Atlanteren.

Utvida sporing og elektronisk fangstrapportering er viktige element i samband med kontroll generelt og i kampen mot ulovleg fiske. Noreg og EU signerte 23. februar 2010 ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i kvarandre sine soner. Med bakgrunn i denne avtalen vart alle fartøy over 15 meter pålagde å rapportere fangst- og aktivitetsdata elektronisk ved fiske i kvarandre sine soner frå og med 1. januar 2011.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Lillian Hansen, Arne L. Haugen, Ingrid Heggø og lederen Terje Aasland, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Harald T. Nesvik og Torgeir Trældal, fra Høyre, Frank Bakke-Jensen, Svein Flåtten og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Sosialistisk Venstreparti, Alf Egil Holmelid, fra Senterpartiet, Irene Lange Nordahl, og fra Kristelig Folkeparti, Rigmor Andersen Eide, viser til Meld. St. 25 (201 1–2012) om fiskeriavtalene Norge har inngått med andre land i 2012 og fiske etter avtalene i 2010 og 2011 m.m.

Komiteen viser til at dette er en årlig melding fra Fiskeri- og kystdepartementet som legges frem for Stortinget og som gir nyttig informasjon om fiskeripolitikken.

Komiteen er kjent med at fiskeriavtalene bygger på et langsiktig forvaltningssamarbeid som gir grunnlag for at vi i dag kan høste fra sterke fiskebestander og drive lønnsom næringsaktivitet i havområdene våre. 90 pst. av den norske fangsten kommer fra bestander som vi deler med andre. Komiteen ser på internasjonalt samarbeid som avgjørende for en vellykket og bærekraftig fiskeriforvaltning, og for nedkjemping av fiskerikriminalitet og uregulert fiske.

Komiteen viser til at meldingen omhandler kvoteavtalene for 2012, og norsk deltakelse i det flersidige fiskerisamarbeid og regionale forvaltningsorganisasjoner. Det gis videre informasjon om bestandsutregninger, rådgivning, tilstandsrapporter og langsiktige forvaltningsplaner for de viktigste bestandene som Norge deler med andre land. Meldingen omhandler også de kontrolltiltakene som er iverksatt for å kontrollere norsk og utenlandsk fiske på avtalte kvoter, i tillegg til kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot ulovlig, urapportert og uregulert fiske.

Komiteen merker seg at i tråd med de etablerte rammeavtalene gjennomfører norske myndigheter hvert år forhandlinger med andre land og i internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjoner. De viktigste bilaterale forhandlingene for 2012 er ført med Russland, EU og Grønland. Det er i tillegg ført forhandlinger med EU, på vegne av Danmark og Sverige, om fiske i Kattegat, og med EU, på vegne av Sverige, om en avtale om svensk fiske i norsk økonomisk sone.

Komiteen ser det som positivt at innenfor rammene av Den blandete norsk-russiske fiskerikommisjonen har Norge og Russland de senere årene gradvis utvidet fiskerisamarbeidet til nye områder. Gjennom dette samarbeidet er en rekke konkrete tiltak satt i verk for å bedre kontrollen med ressursene både på sjø- og landsiden. Et eksempel er at det er etablert rutiner for økt samarbeid mellom kontrollmyndighetene i de to landene, inklusiv utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata, noe komiteen ser som positivt.

Komiteen er tilfreds med at på grunn av mange effektive tiltak er UUU-fisket i Barentshavet og Norskehavet kraftig redusert de siste årene.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at kampen mot fiskerikriminalitet er komplisert og involverer både politi, påtalemyndighetene og kontrollmyndighetene. Som et resultat av regjeringens nordområdesatsing og vektlegging av evne til suverenitetshevdelse og myndighetsutøvelse er bevilgningene til Kystvakten økt betydelig de siste årene. Kystvaktens kapasitet er forbedret som følge av moderniseringen, blant annet ved at de nye fartøyene løser hele spennet av Kystvaktens oppgaver. Forslaget til bevilgningsreduksjon for 2013 skyldes innsparing og reversering av engangsbevilgning ifm. klassifisering av KV Senja. Flertallet er tilfreds med at budsjettet til Kystvakten er videreført på samme høye nivå og at det ikke legges opp til noen reduksjon i Kystvaktens aktivitet når det gjelder seilingsnivå og evne til oppdragsløsning.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at det derfor er med forbauselse at man i forbindelse med budsjettet for 2013 kan lese at regjeringen foreslår et betydelig kutt i Kystvaktens budsjetter, noe som igjen vil kunne medføre en nedgang i høyst nødvendige kontroller og overvåkning av våre havområder.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti vil påpeke viktigheten av at ressurskontrollen knyttet til fiskeriressursene håndheves på en mest mulig effektiv måte og at de ressurser som er nødvendig for å få dette til, stilles til rådighet. I Norge er det Fiskeridirektoratet som har ansvaret for denne jobben sammen med Kystvakten og salgslagene. Det er viktig i denne forbindelse å ha et sterkt fokus på den jobben Kystvakten her skal gjøre all den tid det er de som er ute og foretar den faktiske overvåking og kontroll på feltene. Her kan man avdekke fusk med fangstdagbøker, feil maskevidde, ulovlig utkast m.m. Norge har et godt utviklet kontrollsystem der man gjør mye riktig fra mange hold. Dette har også vært med på å sørge for en god ressursutnyttelse og en positiv utvikling i mange fiskebestander.

Komiteen merker seg at det ble holdt ekstraordinær 41. sesjon i Moskva 8.–10. februar i 2012. Sesjonen gjaldt i hovedsak arbeidet med å harmonisere det tekniske regelverket for fiske i Barentshavet og Norskehavet, inkludert spørsmålet om fiskevernsonen ved Svalbard. Et annet tema var utkast av fisk, hovedsakelig fordi Norge reserverte seg mot den utkastformuleringen som ble skrevet på den 40. sesjonen. Bakgrunnen for reservasjonen var at formuleringen ga store bevismessige utfordringer for kontroll med fisket. Komiteen er tilfreds med det.

Komiteen registrerer at det de senere årene har utviklet seg en situasjon der torskekvoten Norge tilbyr EU har økt mens bestandene EU gir Norge som motytelse, minker. Dette har ført til at Norge i 2012 har holdt tilbake over 14 000 tonn torsk.

Komiteen ser med bekymring på at det ikke er oppnådd enighet med Island og Færøyene på forvaltningen av makrell og registrerer at det også i 2012 er ført forhandlinger uten at partene har nærmet seg nevneverdig. I tillegg registrerer komiteen at i 2011 og 2012 fortsetter disse landene å fastsette makrellkvoter utenfor det etablerte forvaltningsregimet. Komiteen vil vektlegge betydningen av at man også innenfor dette området oppnår enighet og beklager at Island og Færøyene fastsetter makrellkvoter utenfor det etablerte forvaltningsregime, da dette kan true bestanden.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti har også merket seg at norske og danske fiskerimyndigheter har valgt å utsette ikrafttredelsen av den inngåtte avtalen med Norge om et utkastforbud i Skagerrak. Dette er meget beklagelig all den tid dette ville kunne være et gjennombrudd overfor EUs fiskerimyndigheter på sikt. Inngåelsen av denne avtalen ble også markedsført på denne måten fra den norske fiskeri- og kystministerens side. Disse medlemmer er av den oppfatning at det må legges et betydelig press på svenske og danske fiskerimyndigheter for å implementere dette utkastforbudet.

Disse medlemmer mener at innen dette er kommet på plass, bør hele avtalen settes på vent slik at man har et press på seg for å komme til enighet.

Disse medlemmer mener det er svært beklagelig at man ennå ikke har klart å komme frem til en enighet mellom Norge og EU på den ene siden og Island og Færøyene på den andre hva gjelder det totale uttaket av biomasse knyttet til makrell. Den situasjon som her er oppstått som følge av at Island og Færøyene nå krever en rett til å fiske betydelige mengder makrell som de historisk sett ikke har krav på, gjør at situasjonen blir svært uoversiktlig all den tid disse nå bare setter egne kvoter som det ikke er tatt høyde for i fiskeriforvaltningen. Det er grunn til å frykte at det betydelige overfisket som nå skjer på makrellbestanden som følge av manglende avtaler, vil kunne medføre at det fremtidige uttaket av biomasse vil bli redusert. Disse medlemmer er kjent med at norske myndigheter har forsøkt å få til en enighet med EU om et landingsforbud slik Norge har innført, uten å lykkes så langt. Disse medlemmer vil be om at regjeringen intensiverer sitt arbeid i så henseende og at man samtidig varsler om at det ikke er aktuelt for Norge å gi etter i denne striden.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre vil understreke betydningen av internasjonal markedsadgang for den eksportrettede norske sjømatnæringen. Disse medlemmer mener Norge bør prioritere arbeidet med et avtaleverk med EU og andre nasjoner, da norske fiskeriinteresser er avhengig av avtaler som gir langsiktighet både av hensyn til bærekraftig forvaltning og økonomi. Disse medlemmer er bekymret over de signaler som kommer fra ledende personer i den rød-grønne regjeringen, knyttet til bruk av reservasjonsretten i flere EØS-saker og tydelige signaler om økt proteksjonisme. Disse medlemmer mener selvfølgelig ikke at den såkalte vetoretten ikke skal benyttes, men mener det er uheldig at det trues med vetorett i så mange saker. Disse medlemmer er bekymret for at dette på sikt kan undergrave EØS-avtalen og forholdet til EU. Det vil kunne ha konsekvenser når vi skal fremme våre interesser overfor andre land, selv om vi handelsteknisk opererer innenfor et regelbasert handelssystem.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti mener det ikke bør være slik at markedsadgangen for en så stor næring, både nasjonalt og internasjonalt, blir redusert til et tema for spesialister i Fiskeri- og kystdepartementet. Vi trenger politisk lederskap og vilje til å være offensive i fiskeriforhandlinger. Sjømat er, ved siden av olje, den næringen hvor Norge faktisk har internasjonal gjennomslagskraft. Dette må utnyttes, blant annet ved å komme tidlig inn og arbeide aktivt i prosesser i EU og i andre internasjonale fora. Det må settes fokus også på bilaterale avtaler.

Disse medlemmer er bekymret for utøvelsen av vår ressursforvaltning, fordi Kystvakten ofte har flere skip på verksted enn i seiling. Regjeringens noe likegyldige innstilling til hvor mange seilingsdøgn kystvakten bør ha, kan sende feil signaler til andre nasjonaliteter med tanke på hvor høyt vi prioriterer ressurskontroll. God ressurskontroll er en forutsetning for en forsvarlig forvaltning, og dermed også for den langsiktige lønnsomheten i næringen. Derfor er det viktig å styrke Kystvakten og signalisere viktigheten av deres arbeid.

Disse medlemmer ønsker å få utredet en endring i startdato for kvoteåret, dette fordi man slik oppnår større fleksibilitet og tilpasning til markedets ønske om fersk fisk året rundt. Et ønske om endringer i kvoteåret må vektlegges i fiskeripolitiske forhandlinger med Norges internasjonale motparter.

3. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Meld. St. 25 (2011–2012) – om fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2012 og fisket etter avtalane i 2010 og 2011 – legges ved protokollen.

Oslo, i næringskomiteen, den 22. november 2012

Terje Aasland

Lillian Hansen

leder

ordfører