Støttemeny
Hovedmeny
Søk
Lokalmeny
Hovedinnhold
Bunntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut siden Skriv ut   Meld feil Meld feil     

Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i kommunelova m.m. (eigenkontroll mv.)

Innst. 128 L (2012–2013)
Dato: 04.12.2012
Utgiver: kommunal- og forvaltningskomiteen
Sidetall: 24

3. Framlegg frå mindretal

Framlegg frå Framstegspartiet:

Framlegg 1

I kommunelova skal § 77 nr. 2 lyde:

Utelukket fra valg er ordfører, fylkesordfører, varaordfører, medlem og varamedlem av formannskap og fylkesutvalg, medlem og varamedlem av kommunal eller fylkeskommunal nemnd med beslutningsmyndighet, medlem av kommuneråd eller fylkesråd, medlem og varamedlem av kommunestyrekomité og fylkestingskomité etter § 10 a, ansatte i kommunen eller fylkeskommunen, og ledere og styremedlemmer i kommunale selskap.

Framlegg 2

Stortinget ber regjeringa fremme dei nødvendige framlegg som avgrensar prinsippet om opne møte til bare å gjelde interkommunale selskap og kommunale føretak si handsaming av næringssaker.

Framlegg 3

Stortinget ber regjeringa sjå til at krav om rapportering av forvaltningsrevisjon vert gjort årleg til kommunestyre eller fylkesting om kva forvaltningsrevisjonar som er gjennomførde og om resultata av desse.

Framlegg 4

Stortinget ber regjeringa leggja frem dei nødvendige framlegga som justerer revisor si teieplikt i kommunelova slik at denne er meir i harmoni med dei prinsipp som gjeld for Riksrevisjonen.

Framlegg 5

Stortinget ber regjeringa fremje dei nødvendige framlegg om å innføre utsatt offentlegheit for høyringsutkast.

Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonstjeneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarlig redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Åpne data på Stortinget