Støttemeny
Hovedmeny
Søk
Lokalmeny
Hovedinnhold
Bunntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut siden Skriv ut   Meld feil Meld feil     

Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om endringar i statsbudsjettet 2012 under Arbeidsdepartementet

Innst. 148 S (2012–2013)
Dato: 11.12.2012
Utgiver: arbeids- og sosialkomiteen
Sidetall: 7

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

I proposisjonen blir det fremja forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 9 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2012.

Dei reviderte overslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2012 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2012.

Det blir fremja forslag om å auke løyvingane under utgiftskapitla under programområde 9 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 36,2 mill. kroner, å redusere løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 654,2 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 374 mill. kroner. Samla gjer Arbeidsdepartementet framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar vert nedsett med om lag 992 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med om lag 170,6 mill. kroner.

Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonstjeneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarlig redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Åpne data på Stortinget