Til Stortinget
Undersøkingar over fleire år viser at nokre yrkesgrupper er særleg
utsette for vald og/eller trugsmål om vald i arbeidet. Til dømes
viser ein FAFO-rapport frå 2009 at 60 pst. av barnevernstilsette
og tilsette i bustader for psykisk utviklingshemma har opplevd vald
og/eller trugsmål i løpet av det siste året. Det er ikkje noko som
tyder på at desse tala har gått ned sidan 2009. Så store tal tydeleggjer
at for somme arbeidstakarar er vald på arbeidsstaden blitt daglegdags.
Dette bryt med intensjonen i arbeidsmiljølova om å sikre eit
arbeidsmiljø som er helsefremjande og gjev full tryggleik mot fysiske
og psykiske skadeverknader. Seinare års alvorlege hendingar i til
dømes Nav og barnevernet har aktualisert dette, og viser at det
er behov for ytterlegare tiltak. Å bli utsett for vald og trugsmål
kan leie til alvorlege fysiske, psykiske og sosiale konsekvensar
for arbeidstakarar. I mange tilfelle vil dette gå ut over arbeidsevna. 137 000
arbeidstakarar blir utsette for vald eller trugsmål minst éin gong
i månaden, ifølgje Arbeidstilsynet. Å bli utsett for dette er ikkje
ei privatsak, men ei arbeidsmiljøutfordring som må løysast gjennom
tett samarbeid mellom partane i arbeidslivet. Dette er i samsvar
med arbeidsmiljølova § 4-3 fjerde ledd, som seier at arbeidstakar
så langt det er mogleg skal vernast mot vald, trugsmål og uheldige
belastningar som følgje av kontakt med andre.
Mange yrke har vald og trugsmål som ei arbeidsmiljøutfordring.
Maktutøvande yrke som politi og fengselsvesen, arbeidstakarar som
handterer verdisaker, helsepersonell og andre i omsorgs- og sørvisbransjen
er mellom dei mest utsette. Dobbelt så mange kvinner som menn rapporterer
om vald og trugsmål, og nokre bransjar har negativ utvikling. Til dømes
er talet på registrerte hendingar i Nav nesten firedobla frå 2010
til 2013. Nav har sjølv presentert ei rekkje tiltak som ein bør
vurdere å innføre for å betre tryggleiken, og fleire tilsetteorganisasjonar
meiner ein må ta grep for å betre situasjonen. Det høyrer med til
bakgrunnen for at forslagsstillarane no meiner regjeringa må setje
i verk fleire tiltak.
Arbeidsmiljølova er ei av våre fremste folkehelselover, og er
fundamentet for helse, miljø og tryggleik i arbeidslivet. Ein føresetnad
for tryggleik på arbeidsplassen er eit sterkt regelverk, der fast
tilsetjing er hovudregelen. Eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø er dessutan
avhengig av arbeidstidsordningar som er føreseielege og som tek
omsyn til arbeidstakarane si helse, velferd og tryggleik.
Forslagsstillarane meiner regjeringa utfordrar denne tryggleiken
med å sende på høyring framlegg til endring av arbeidsmiljølova,
og er uroa over verknaden forslaga kan få for den einskilde arbeidstakar. Auka
høve til bruk av overtid, auka rammer for snittutrekning av arbeidstid,
lågare faktor for beredskapsvakt og ei meir generell opning for
søndagsarbeid vil endre arbeidslivet i ei negativ retning. Forslagsstillarane
meiner, til liks med mange av høyringsinstansane, at framlegga som
no er sende på høyring klårt svekkjer dei verneføremål arbeidsmiljølova
er meint å ha, jf. § 1-1.
Lange arbeidsøkter aukar risikoen for ulukker, feilhandlingar,
helseskader m.m., og omsynet til å førebyggje slike uheldige effektar
bør vege tungt. Slike verneomsyn er i liten grad ivaretekne i regjeringa
sitt framlegg. Forslagsstillarane meiner at dagens arbeidsmiljøregelverk
er ein føresetnad for tryggleiken på arbeidsplassen, og meiner at
arbeidsmiljølova må styrkjast snarare enn svekkjast.
Forslagsstillarane meiner at ein bør vurdere å styrkje tryggleiken
til tilsette i risikoyrke gjennom ei ny forskrift til arbeidsmiljølova.
Dette er det høve til etter arbeidsmiljølova § 4-3 femte ledd. Sverige
har hatt ei slik forskrift sidan 1993. Med ei slik forskrift kan
ein få på plass systematiske og heilskaplege analyser i tryggleiksarbeidet.
Det vert såleis eit systematisk verkty for arbeidsgjevar, som bidreg
til å ta på alvor dei tilsette som står i krevjande arbeidssituasjonar.
Ei slik forskrift vil plassere ansvaret for tryggleikstiltak
og utgreiing av slike hjå arbeidsgjevar, og må omfatte alt arbeid
der det finst risiko for vald eller trugsmål. I forskrifta må det
ligge krav om at arbeidsgjevar skal utgreie tilhøve som har noko
å seie for vald eller trugsmål om vald, og setje i verk dei tiltak som
er naudsynte, til dømes kor mange tilsette arbeidsplassen må ha
for å løyse oppgåvene, kva slags kompetanse, og korleis arbeidet
må organiserast. Vidare korleis dei fysiske rammevilkåra må vere,
i tillegg til ei vurdering av om arbeidsplassen har kompetanse og
moglegheit til trygt å løyse oppgåvene, eller om risikoen er så
stor at andre verksemder må involverast. Tryggleiksutstyr for raskt
å kunne tilkalle hjelp i farlege situasjonar, strengare krav til
risikovurdering ved aleinearbeid, og ansvar for god oppfølging av
vald- og trugsmålutsette arbeidstakarar er òg sentralt innhald i
ei eventuell ny forskrift. Truleg finst det mange tilfelle der sjukefråvere
og uførheit kunne vore unngått dersom oppfølginga hadde vore betre
og meir systematisk.
På denne bakgrunn vil forslagsstillarane difor be Stortinget
oppmode regjeringa om å vurdere å utarbeide ei forskrift til arbeidsmiljølova
om vald og trugsmål.
Etter det tragiske drapet på Nav Grorud hausten 2013 blei det
sett ned ei arbeidsgruppe som utarbeidde rapporten «Sikkerhet i
arbeids- og velferdsforvaltningen.» Opplæring og trening i handtering
av tryggleik, sikring av Nav-kontora og rutinar for informasjonsdeling
var mellom dei viktigaste tiltaka i rapporten for å tryggje dei
tilsette i Nav. For forslagsstillarane er det viktig at denne rapporten
dannar grunnlag for å skape ein tryggare kvardag for dei tilsette.
Difor vil forslagsstillarane be Stortinget om å oppmode regjeringa
om å følgje opp denne rapporten, og vurdere iverksetjing av dei
konkrete tiltaka.
For forslagsstillarane er det viktig at ein tryggare kvardag
for dei tilsette i risikoutsette yrke ikkje vert synonymt med meir
kontroll, overvaking og bruk av vektartenester. Likevel er det viktig
med gode system og rutinar for rapportering, og at tilsynet med
verksemder særleg innafor helse og omsorg er sterkt. Forslagsstillarane
ber difor Stortinget om å oppmode regjeringa om å styrkje fylkesmannsembetet
sin tilsynsfunksjon, og vurdere om arbeidstilsynet har tilstrekkeleg
kompetanse på tryggleik, vald og trugsmål. Det er òg naudsynt med
ein landsomfattande gjennomgang av HMT-tilhøva i barnevernet.
Det er i dag for lite forsking og dokumentasjon kring området
vald og trugsmål i arbeidslivet generelt, og tilstanden i institusjonar
spesielt. Til dømes oppmoda Nav-arbeidsgruppa nemnd ovanfor til
å greie ut samanhengen mellom talet på tilsette og konsekvensar
for vald og trugsmål. Dette er ei utgreiing regjeringa snarast bør
setje i verk.
Forslagsstillarane meiner at helse- og omsorgstenester i utgangspunktet
er ei offentleg oppgåve. Mange institusjonar, til dømes innafor
barnevernet, er kommersielle, og må haldast på ei armlengd avstand av
det offentlege. Når innslaget av private behandlingsinstitusjonar
blir større og større, og ein ser at mange av dei går med store
overskot på å drive omsorgsoppgåver på vegner av det offentlege,
kan det vere grunn til å stille spørsmål om tryggleiken, bemanningssituasjonen
og kompetansen ved private behandlingsinstitusjonar er god nok.
Dette må bli sett i samanheng med ei heilskapleg vurdering av om
tilbodet i dag for dei personane med størst rus- eller åtferdsproblem
er godt nok og best mogleg organisert.
På denne bakgrunn fremjast følgjande
forslag:
Stortinget bed regjeringa, i samarbeid med partane i arbeidslivet,
vurdere gjennomføring av følgjande framlegg, og leggje fram for
Stortinget:
1. Vurdere om tryggleiken til arbeidstakarane
kan styrkjast gjennom ei forskrift til arbeidsmiljølova om vald
og trugsmål.
2. Følgje opp og setje i verk dei konkrete tiltaka i rapporten
«Sikkerhet i arbeids- og velferdsforvaltningen.»
3. Styrkje fylkesmannsembetet sin tilsynsfunksjon, og vurdere
om Arbeidstilsynet har god nok kompetanse innafor vald og trugsmål
i arbeidslivet.
4. Setje i verk landsomfattande tilsyn med helse, miljø
og tryggleikssituasjonen innafor barnevernet.
5. Greie ut samanhengen mellom bemanningssituasjonen og
vald/trugsmål på arbeidsplassen.
6. Gjennomføre ei heilskapleg utgreiing av om tilbodet i
dag for personar med størst rus- eller åtferdsproblem er godt nok
og best mogleg organisert. Herunder om tilbodet, kompetansen og
bemanninga i private behandlingsinstitusjonar er god nok.
5. november 2014