Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:179 (2014-2015)
Innlevert: 06.11.2014
Sendt: 06.11.2014
Besvart: 13.11.2014 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): I ei ny undersøking kjem det fram at fire av ti som tar abort, brukar prevensjon. Langtidsverkande prevensjonsmetodar (LARC) er sikrare, men dyrare i bruk enn vanlege p-piller fordi ein unngår brukarfeil.
Vil statsråden vurdere ei økonomisk ordning som subsidierer langtidsverkande prevensjonsmidlar slik at desse ikkje blir særleg dyrare i bruk enn "vanlege" p-piller, og kva vil ei slik ordning koste årleg dersom ein innfører dette for unge vaksne i aldersgruppa 20-24 år?

Begrunnelse

Det er i aldersgruppa 20-24 år ein finn dei fleste abortane. Sikker prevensjon er eit viktig abortførebyggande tiltak, og LARC er sikrare enn ordinære p-piller fordi ein unngår brukarfeil. Problemet er at det er stor prisforskjell, og for mange - for eksempel for studentar - kan økonomi spele inn. Spørsmålsstillar vil understreke at dette ikkje er eit spørsmål om å gjere prevensjon gratis for dei mellom 20-24 år, men eit spørsmål om å subsidiere dei dyrare , men sikrare prevensjonsmetodane for ei utvalt gruppe.

Bent Høie (H)

Svar

Bent Høie: I Prop. 1 S (2014-15) er det foreslått å utvide bidragsordninga for p-piller til jenter i alderen 16-19 år med langtidsverkande prevensjonsmiddel (LARC) frå 2016. Meirkostnaden er anslått til 1 mill. kroner.
Langtidsverkande prevensjonsmiddel (LARC) omfattar hormonspiral og p-stav, som har ei verketid på 3-5 år. Prisen på LARC er om lag 1100-1200 kroner per pakning; tilsvarande 59-95 kroner for tre månaders bruk. Dei mest brukte p-pillene blant kvinner i aldersgruppa 20-24 år kostar frå 90 til 300 kroner for tre månaders bruk. Sjølv om LARC er dyrare enn ”vanlege” p-piller per pakning, er dei altså billigare i bruk når ein ser heile verketida under eit.
Eg kan derfor ikkje sjå at det er naudsynt med ei særskild økonomisk ordning for LARC til unge vaksne kvinner.